28.12.00
Høyringsuttale frå Skånevik IL
Før budsjettmøtet for år 2001 til Etne kommune sende
Skånevik Idrettslag kommunen ein uttale om forslaget til
budsjett. I dette skrivet oppfordra SIL dei styrande i Etne
kommune om å auka dei minimale overføringane til idrettsarbeidet
i kommunen. Litt forsinka vert høyringsuttalen
no lagt ut på Skånevik nett
23.12.00
Lovprisar møtet med Skånevik
Dei nye eigarane av Skånevik Fjordhotel, Brita og
Andrea
Sharif seiar at alt har stått til forventnigane, både møtet med
folk i Skånevik og hotellet. Dei er svært
glade for at dei har kjøpt hotellet og dei vil det skal vera
Skånevik si storstove. Les
intervjuet i Grannar...
18.12.00
Svar til H. O. Tungesvik
Elsa E. Larsen reagerer med sinne på Hans Olav
Tungesvik sitt opne brev i Grannar. Ho seiar mellom anna (
sit. ): ...Men at du med ditt innlegg prøver å ta i frå meg
mitt engasjement - vil eller kan eg ikkje finna meg i...
Les
heile innlegget hennar i Grannar.
18.12.00
Skånevik IL vant handballkamp
Skånevik IL jenter 15 år spelte siste kampen for året i
Skånevik Idrettshall sundag 17. desember. Dei vant heile 21
- 4 over Skjold. Les
referat frå kampen...
Skånevik sitt jente 15
lag, vil nytte høvet til å ynskja tilskodarar og sponsorar,
ei riktig god jul og eit godt nyttår. Me ynskjer dykk
velkomne tilbake til Skånevik idrettshall, sundag 14.01. 2001,
kl. 13.00 til vår første heimekamp i det nye året mot Åkra 2.
15.12.00
Resultatet av Aksjon Håp
Etne
gav mest av kommunane i Hordaland. Dette
samanlikna med tidlegare innsamlingsaksjonar.
Totalt
kom det inn kr. 79616,50 i Etne kommune
på
bøssene (Kr.
20618,50 i Skånevik og
kr. 58998,00 i Etne/Åkrafjorden).
Bøsseberarane har
meldt om svært positiv mottaking. Underteikna
vil derfor retta ei stor takk til alle som støtta
aksjonen ved å vera bøsseberar og ved å gi. For
aksjonen i Etne kommune
Kjell
Ingvald Matre
15.12.00
Chris J. årets idrettsnamn?
Haugesunds Avis har nominert Chris Jespersen til Årets
idrettsnamn 2000. Det er tolv kandidatar som kjempar om
tittelen og lesarane av Haugesunds Avis skal samman med 4
journalistar kåra vinnaren. Frist for innsending av namn
på din kandidat er 23. desember. Stem
på din kandidat ved å senda ein mail til: idrettsnavn@haugesunds-avis.no
Haugesunds Avis skriv dette om
Chris som kandidat: Skånevikgutten gikk flere
imponerende langrenn tidlig på året og nå mot slutten har han
tatt fatt på en ny sesong som lover godt. Sølvmedaljen i
junior-NM var sterk, men å bli nummer sammenlagt i
norgescupen i debutsesongen, var helt rått av en 17-åring fra en
bygd som ikke er særlig snørik. Jespersen debuterte også
i senior-NM i januar, dat han gikk en av stafettetappene for
Korlevoll.
15.12.00
Ope brev til Elsa E. Larsen
Hans Olav Tungesvik er sterkt kritisk til lesarinnlegget
til Elsa E. Larsen i Grannar for nokre dagar sidan. Han
meiner ho svartmalar situasjonen i Skånevik og gir inntrykket av
at mismotet har festa seg i bygda. Han meiner m. a. at ho
bør peika på positive alternativ til det ho kritiserer. Les
innlegget i Grannar.
12.12.00
Steinulf Tungesvik på førsteplass
Den svært dyktige skånevikingen Steinulf Tungesvik ( 34
år ) er nominert på førsteplass på lista til stortingsvalet
for Senterpartiet i Oslo. Nominasjonen var
einstemmig. Steinulf har vore statssekretær i
Sosialdepartementet og arbeider i dag som advokat i Oslo-området.
12.12.00
Etne + Skånevik =?
Elsa Eikemo Larsen er svært lite nøgd med
politikarane og kommuneadministrasjonen sin innsats for Skånevik
og sender dei denne julehelsinga: Gjer ditt til at me på denna
sida av fjellet igjen kan få fram dei GODE følelsane. Les
innlegget hennar i Grannar.
11.12.00
Jentene nr. 2 serien i handball
Handballjentene til Skånevik
Idrettslag ( J-15 ) har spelt svært bra denne
sesongen. Dei ligg på 2. plass i serien etter storsiger den siste
kampen. Les
meir om dette og sjå tabellar på sida til SIL.
07.12.00
Skåneviksiger i volleyball
Skånevik Idrettshall søndag
3.12. kl 14.00.
Skånevik - KFUM Haugesund
3 - 1 (25-23, 25-21, 24-26,
25-11)
Dommar: Knut Ness Tid:
ca 1 1/2 time Tilskodarar:
ca 25
Skånevik sitt lag: Anne Elisabeth
Eide Børresen, Linda Bøthun, Kari Johansson, Silje Miljeteig,
Iren Ness, Tove Samland og Lene Svendsen.
Det var ein svært jamn og spanande
kamp i Skånevik søndag. Skånevik vann så vidt dei to første
setta og i tredje settet leia dei 24-16. Dermed trudde ein
seieren var klar. Men dessverre kan det straffa seg å tru
ein har vunne før ein gjer det og Haugesund klarte sterkt å koma
tilbake med 10 servar på rad og vann settet. I forrige
sesong var det Haugesund som vann dei to oppgjera mellom desse
laga, derfor hadde Skånevik bestemt seg for at denne kampen
skulle dei vinna og vann siste settet med klar margin, 25-11.
Ref.: Kari Johansson
02.12.00
Velkommen til fam. Sharif!
Skånveik nett vil på det varmaste ønskja familien Sharif
velkommen til Skånevik når dei no har kjøpt og skal driva Skånevik
Fjordhotel. Hotellet er eit av dei mest kjende i Sunnhordland
og det betyr mykje for bygda, kommunen og heile distriktet.
Velkommen til ei bygd som det er kjekt å bu i! Les
intervju i Hgs. Avis...
02.12.00
Mølstre trekker seg ikkje
Rådmann Marit Elise Mølstre har ingen planar om å trekkja
seg som administrativ leiar av Etne kommune. Ho føler seg
uthengt og synest kritikken er urettferdig. Les
eit åpenhjarteg intervju i Haugseund Avis.
29.11.00
Krev rådmannen i Etne fjerna
I eit brev til ordførar Amund Enge den 28. november ber styret
i Skånevik Vekst om at Rådmann Mølstre blir fjerna frå sin
stilling i Etne kommune snarast. Grunnen til dette drastiske
utspelet er at Skånevik Vekst meiner det finns mange eksempel på at
nokon i kommuneadministrasjonen "stikk kjeppar i hjula" for
tiltaksarbeidet i Skånevik. Rådmannens kommentar til det nye
vertskapet ved Skånevik Fjordhotel då dei uttrykte at dei ville slå
seg ned i Skånevik, er, i følge brevet frå Skånevik
Vekst, saka som fikk "begeret til å flyta
over". Les brevet
frå Skånevik Vekst. Artikkel
og intervju
med rådmannen i Hgs. Avis, artikkel
under NRK-Hordaland og artikkel
i Grannar.
28.11.00
Ta godt imot Aksjon Håp den 10.12
Søndag
10. desember
skal 70.000 bøsseberarar besøka 1.7 millionar husstandar som
deltakarar i innsamlingsaksjonen Aksjon Håp, norsk misjons
største felles løft sidan TV-aksjonen i 1982. Les
meir om aksjonen...
28.11.00
Grannar om Schlumbergertilbod
Lokalavisa Grannar skriv om Schlumberger sitt møte med dei
tilsette ved Norway Foodsfabrikken i forrige veke. Les
leiarartikkelen og reportasjen om dette møtet.
28.11.00
Nye eigarar av hotellet
Frå 1. desember overtar ekteparet Brita og Andrea Sharif
hotellet i Skånevik. Brita er norsk og frå Stord og Andrea
kjem frå Egypt. Dei har drive butikkar i London og
tekstilfabrikk i Kairo og no kjem dei til Skånevik for leia drifta
av Skånevik
Fjordhotel som dei har kjøpt av Eli og Ole Jørgensen.
Skånevik nett vil takka Eli og Ole for eit svært godt og positivt
samarbeid og samstundes ønskja dei nye eigarane velkommen til
bygda!
23.11.00
Møte med Schlumberger
Meir enn 50
Norway Foods-tilsette møtte fram då Schlumberger-direktør
Arne Ramstad orienterte om høve til jobb ved Cable Tech i
Etne. Selskapet er spesielt på jakt etter kvinner med
raske hender - altså slike som i dag jobbar ved
sardinfabrikken. Les
artikkel i Haugesunds Avis...
17.11.00
Kvinne - og familielaget 75 år
I november 2000 rundar
Skånevik Kvinne- og Familielag (tidlegare Skånevik Husmorlag) 75
år. Jubileet blir feira på Skånevik Fjordhotel fredag 24.
november kl. 19.00.
Les meir...
17.11.00
Tilbod om jobb i Etne
Det amerikanske multinasjonale milliardkonsernet Schlumberger
tilbyr så og sei alle dei tilsette ved Norway Foodsfabrikken jobb
når drifta i Skånevik vert stoppa den 31. mars neste år.
Ein skal produsera komponentar til seismiske kablar og produksjon
skal gå føre seg gjennom selskapet Cable Tech. All produksjon skal
skje i Etne. Les
meir om dette i Hgs. Avis...
16.11.00
Ellinor Grønfur årets spelar for Klepp
Ellinor Grønfur frå
Skånevik blei denne sesongen toppscorar og årets spelar i
toppklubben Klepp frå Jæren. Ellinor er ein svært dyktig
fotballspelar med fleire år spel i øvste divisjon. Ho er no
ein markant spiss for Klepp og har tidlegare mellom anna spelt for
Haugar. Alt tidleg i ungdomsåra var ho ein lovande
fotballspelar med god teknikk og løpsstyrke. Ellinor er
utdanna lærar og arbeider i dag på ein skule i Sandnes.
Hennar evne til stor innsats og samhandling og hennar gode humør,
er viktige eigenskapar i skulen og på fotballbanen. Les
eit intervju på toppserien.com med Ellinor...
14.11.00
Kveldsete på Gjestgjevargarden
Torsdag den 7. desember kl.
19.00 vert det Kveldsete på Gjestgjevargarden i regi av
Skånevik Mållag. Ekteparet Johanne og Arne Grimstad vil stå
for det meste av programmet denne kvelden. Les
meir om arrangementet...
09.11.00
Berre ein u-skule i kommunen?
I eit intervju med Grannar om
rådmannen sitt forslag til kommunebudsjett for år 2001
signaliserer Mølstre at ho meiner Etne kommune ikkje har råd til
meir enn ein ungdomsskule, alternativet er å la ein del elevar gå
i Skånevik for å unngå parallellklassar ved Enge skule.
Måten ho svarar på indikerer at det er skulen i Skånevik ho
meiner eventuelt bør leggjast ned. Skånevik nett ser det som
heilt uaktuelt å skjera ned på tilbodet om ungdomsskule i
Skånevik og er svært overraska over det rådmannen har uttala om
dette til Grannar. Ei slik nedskjering vil føra til
pessimisme, fråfrytting, tap av arbeidsplassar og reduksjon i
skatteinntektene. Altså ein enno dårlegare kommuneøkonomi.
Sakja om ungdomsskulestrukturen kjem opp til debatt som eiga sak
kommande vår. Les
om dette i Grannar...
03.11.00
Rune Johansson beste spelar
Skånevikspelaren Rune Johannsson blei av Grannar kåra til
beste fotballspelar i vårt distrikt denne sesongen. På
"Stjernebørsen" fikk han heile 36 poeng, 5 meir enn nr.
to. Gratulerer Rune!! Han er 32 år og har i
mange år vore Skånevik
IL sin beste midtbanespelar. Han er kjenneteikna med god
teknikk og overblikk og stor arbeidskapasitet. Svært mange av
måla sine har han scora med headingar. Rune er eit føredøme
for alle på laget og han er kjend for å ta godt vare på yngre
spelarar når dei prøver seg på A-laget. Han likar ikkje å
gå av banen uten å ha tatt seg heilt ut. Alle
Skånevikspatriotar håpar at Rune Johansson vil spela i mange år
enno for Skånevik Idrettslag. Vi vil også gratulera den unge
spelaren Kjell Larsen med 5. plassen på stjernebørsen. Kjell
fikk 17 poeng.
02.11.00
Møte med Rieber den 27.10
Den 27. oktober hadde representantar frå Etne kommune,
Skånevik Vekst og Samarbeidsrådet for Sunnhordland møte med leiinga
i Rieber & Søn. I følge Haugesunds Avis og Grannar vil eigarane av
bedriften som har nytt godt av skåneviksarbeidarane og skåneviksamfunnet ikkje søkje om
statlege midlar til marknadsføring
og produkssjonsutbetring. Desse midlane som dei tilsette,
skåneviksamfunnet og stortingsrepresentantar har kjempa så hardt
for og som næringsministeren har sagt dei vil stilla opp med. Har
verkeleg Norway Foods så lita tru på sitt eige produkt? Dette
virkar så utruleg at Skånevik nett velgjer å ikkje tru det før
Rieber sjølv har bekrefta det. Les
artikkel i Hgs. Avis... og i
Grannar...
26.10.00
Kristian Magnus Vikse: Nam - nam!
Under oppslaget For egen regning har redaktør Kristian
Magnus Vikse i Haugesunds Avis laga epistelen Nam - nam.
Det handlar om hans forhold til sardinar generelt og King Oscar
spesielt og sto i avisa den 23. oktober. Vi glade for at vi har
fått løyve av Vikse å leggja ut dette på Skånevik nett.
Takk skal du ha! Les Nam -
nam!
24.10.00
Dagblad-artikkel om fabrikken
Les kva Dagbladet
skriv den 23. oktober om Rieber & Søn si handsaming av
Skånevik-samfunnet.
23.10.00
Basar for Skånevik Idrettshall laurdag 28. oktober
Velkommen til basar til inntekt for Skånevik
Idrettshall laurdag 28. oktober kl. 16.00.
Stad: Kafeteria i Skånevik Idrettshall. Litt underhaldning av
lokale krefter. Sal av vafler, kaffi og brus. Åresal og
loddsal på bøkene.
23.10.00
Haustkonsert med musikklaget søndag den 29. oktober
Velkommen til haustkonsert med Skånevik musikklag
søndag 29. oktober kl. 17.00 i gymsalen på skulen. Sjå
plakaten...
18.10.00
Staten inn med pengar til marknadsføring
Næringsminister Grete Knudsen seier til
stortingsrep. Ingebrigt Sørfonn at departementet vil sjå positivt
på å medverka til finansiering av marknadsføringsframstøyt for å
nå målet om å selgja 5 mill. fleire sardinesker i året. Leiinga av
Norway Foods har tidlegare uttalt at dette salstalet er stort nok til
at ein kan driva 3 fabrikkar i Hordaland. Sørfonn har idag i
brev til Norway Foods v/dir. Åsnes med glød påpeika at lovnaden
frå næringsministeren bør føra til at ein framleis vil ha 3
fabrikkar i Hordaland og at dette kan bli det breiaste
marknadsføringsframstøyt som nokon gong har skjedd for norsk
hemetikkindustri.
Styret i Rieber & Søn beslutta i dag føremiddag at dei
berre skal ha 2 fabrikkar. I følge godt informerte kjelder har
dir. Geir-Arne Åsnes seinare idag uttalt at Rieber kan gjera om
vedtaket om nedlegging i Skånevik dersom staten vil vera med på
å satsa på eit marknadsføringsframstøyt. Alle som bryr seg om
Skåneviksamfunnet ser med stor glede på dette og ventar ei nærare
avklåring med det aller første. Representantar frå
Skåneviksamfunnet og kommunen vil med det første reisa til
Bergen for å samtala med Norway Foodsleiinga om dette.
Vi er sikker på at eit slik
maknadsføringsframstøyt for hemetiserte sardinar vil vera svært
positivt for dei 3 fabrikkane og dei samfunna som dei er ein del
av. Lukka til!!
Artiklane i Bergen
Tidende og Grannar
fangar ikkje opp at vedtaket kan omgjerast sidan staten vil vera med
på eit marknadsføringsframstøyt og må lesast på den bakgrunn.
Les Haugesunds Avis 19.10 Artikkel
1 og Artikkel
2
17.10.00
Støtte frå LO til Norway Foods-tilsette i Skånevik
LO sitt dirstriktskontor i Hordaland har sendt ut denne
støtteerklæringa til dei tilsette ved Norway Foods Skånevik:
LO's Samarbeidsorgan samlet til møte 13. og 14. oktober 2000 vil
støtte de ansattes kamp for forsatt virksomhet ved Norway Foods sin
avdeling i Skånevik.
Bedriften som er en av de største i etne kommune, er også en stor
kvinnearbeidsplass.
Virkningen av å legge ned hjørnesteinsbedriften i Skånevik vil
være at fundamentet for verferden i området smuldrer bort.
Ringvirkningene i Etne kommune vil være dramatiske og LO's
samarbeidsorgan krever at Rieber & Søn må ta et samfunnsansvar
og la bedriftens produksjon bli i Skånevik og ikke bli flyttet til et
lavkostland.
16.10.00
Skånevik vant første seriekampen i volleyball
Første seriekamp i Rogaland Volleyballkrets sin
3. divisjon nord, damer, gjekk i Skånevik Idrettshall Søndag
15.10. kl 15.30. Motstandar var Vikedal 2.
Resultat: 3-0 (25-10,25-12,25-21), Vinnar: Skånevik
Skånevik sitt lag var: Linda Bøthun,
Silje Malene Garvik, Tove Samland, Silje Miljeteig, Anne
Elisabeth Eide Børresen, Iren Ness og Kari Johansson.
Skånevik møtte eit ungt og nytt lag frå
Vikedal og hadde overtaket det meste av kampen, sjølv om spelet
til tider ikkje var på det beste. Likevel ei god serieopning for Skånevik.
Neste kamp er borte mot Ølen 1.11. og neste heimekamp er søndag
12.11. kl 14.00.
Ref. Kari Johansson
14.10.00
Ei storslått markering
Det var full mobilisering for Norway Foodsfabrikken i Skånevik i
går fredag 13. oktober. Svært mange stilte opp for å høyra
appellar av 3 stortingsrepresentantar Sørfonn ( Kr. F), Kleppa ( Sp) og
Vihovde ( V), lokale politikarar og andre. Markeringa blei
avslutta med eit stort fakkeltog med plakatar og slagord: La
fabrikken leva - La Skånevik leva - Leve King Oscar - I love sardines, var
nokre av dei.
Alle politikarane ga klår beskjed. Dei ville gjera alt som
står i deira makt for å redda fabrikken. Eit stort oppbud av
media med NRK TV/Radio - TV Haugaland - Bergens Tidende - Hgs. Avis -
Grannar i spissen, dekka denne fantastiske bekreftinga av kampvilje for
fabrikken og bygda.
- Det er tider det er vanskeleg ikkje lenger å sitja i regjeringa,
men eg vel å tolka næringsminister Grete Knudsen positivt med dei
signal ho kjem med om eit statleg engasjement. Og eg
vil appellera direkte til Rieber & Søn om å visa samfunnsansvar.
Dei 63 arbeidsplassane det står om her betyr like mykje for Skånevik
som fleire tusen arbeidsplassar i ein by. Me skal trykkja på det me kan
for å ta vare på desse arbeidsplassane i distriktet, seier tidlegare
sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).
Tidligare stortingsrepresentant Hans Olav Tungesvik heldt ein
flammande appell tilslutt med desse orda:( Sit. frå Hgs. Avis) -
I 1998 feiret fabrikken 90 års-jubileum, og
eierne proklamerte at framtiden for Skånevik var lysende. Da blir det
meningsløst å legge ned fabrikken, kun to år etterpå. De kan ikke
komme her og varsle nedleggelse. Det er så stikk i strid med enhver
logikk, at det kan vi simpelthen ikke godta.
Tungesvik er her ved eit svært viktig poeng. Marknaden
har sjølvsagt ikkje minka med produksjonsvolumet til ein fabrikk på to
år. Det er arbeidet med sal og marknadsføring som ikkje er godt
nok. Verda treng sardinar - eit sunt produkt frå
vestlandsfjordane. Det er å håpa at Norway Foodsleiinga i Bergen
snur og innser at vi i Skånevik har rett. Vi vil halda fram
med kampen - det handlar om vårt viktigaste og største
arbeidsplass - det handlar om livsgrunnlaget til Skåneviksamfunnet -
det handlar om å produsera ei vare som verda treng.
Ikkje la det gå prestisje i saka - trekk tilbake innstillinga om
nedlegging. Det vil King Oscar og Skånevik samfunnet tena
på. La oss samlast over eit sardinmåltid med litt bluesmusikk
der det vert stadfesta frå leiinga i Norway Foods og Rieber & Søn
: Fabrikken skal leva -
Skånevik skal leva - Leve King Oscar.
Les
i Hgs. Avis, Bergens
Tidende og Grannar.
12.10.00
Staten aktuell som medspelar
I følge Aksel Kloster i Samarbeidsrådet for Sunnhordland har
staten ved SND vist interesse for å delta i eit prosjekt for å utvikla
ein meir kostnadseffektiv sardinproduksjon i Skånevik. Gjennom
prosjektet skal det også leggjast ein strategi for korleis Norway Foods
og eigaren Rieber & Søn med statsstøtte i sterkare grad kan
marknadsføra norske sardinar nasjonalt og internasjonalt. Dette
blir også bekrefta av næringsministeren som har hatt møte med
konsernsjef Ulf Jespersen om fabrikken i Skånevik. Styreleiar
Kloster seier at det er framleis sardinproduksjon i Norway
Foods-regi det blir lagt opp til dersom Statens nærings- og
distriktsutviklingsfond (SND) skyt inn støttemidlar. Les
om dette i Bergens Tidene... Les også ein tidlegare artikkel i Haugesunds
Avis... som ikkje ha fanga det ovanfornemde momentet.
11.10.00
Fakkeltog med appellar fredag 13. oktober
Med slagordet "Skånevik
skal leva - fabrikken skal leva" som utgangspunkt vert det
fakkeltog, appellar av m.a. stortingsrepresentantar og Blues-musikk ved
Norway Foodsfabrikken i Skånevik fredag 13. oktober kl. 16.00.
Desse kjem: Ordførar Amund Enge og andre lokale politikarar,
Stortingsrep. Ingebrigt Sørfonn, Kr.F - stortingsrep og tidl. statsråd
Magnhild Meltveit Kleppa, Sp - stortingsrep. May Britt Vihovde, V-
Fylkestingsrep. Tordis Nysæter,Ap og tidlegare
stortingsrep. Hans Olav Tungesvik. Alle vener av Skånevik må møta fram: Stor som liten, gamal som
ung.
Velkommen!!
11.10.00
Brev
frå Kristoffer Vannes til Rieber & Søn
Kristoffer Vannes skriv i eit brev til styret i Rieber & Søn
at fabrikken
i Skånevik er referansebedrift for andre fiskeribedrifter og at
arbeidskrafta er stabil med ein relativ låg gjennomsnittsalder.
Dette meiner han er berre ein av grunnane til at fabrikken i Skånevik
må få leva vidare. Les
heile brevet ...
10.10.00
Pressemelding om Norway Foods
Dei tilsette ved Norway Foodsfabrikken i Skånevik har
sendt ut ei pressemelding der dei uttalar at dei er fortvila over at
Rieber & Søn vurderer å leggja ned fabrikken. I
pressemeldinga kjem dei med forslag om at eit utviklings- og
omstillingsprosjekt bør vera eit svært godt alternativ til å fjerna
hjørnesteinsbedriften i kommunen.
Les pressemeldinga... 10.10.00
Brev fra Inger Matre til Rieber & Søn
Inger B. Matre har sendt
eit brev til styreleiar Nergaard i Rieber & Søn der ho ber om at
fabrikken ikkje blir nedlagt. Ho uttalar at m.a. at fabrikken
i Skånevik er ein referansebedrift for andre fiskeforedlingsbedrifter i
Noreg. Les
brevet ...
09.10.00
Dette blir for lettvint, Rieber & Søn
I eit engasjert brev til Rieber & Søn, ber tidlegare
stortingsrepresentant og leiaren av Etne
Kristeleg Folkeparti Hans Olav Tungesvik om at
konsernet no gjev seg sjølv nye 2 år utan å gjera uopprettelege
nedleggingsvedtak. Les
heile brevet ...
09.10.00
Hjortafest i Idrettshallen 04.11
Velkommen til Hjortafest i kafeteria i Skånevik
Idrettshall laurdag 4. nov. kl. 20.00.
Det vert middag og servering. Musikk av Arne og Magne frå
Ølen. Billetsal i Kvinnherad Sparebank og Krambua frå 20. okt. -
2. nov. Pris kr. 160,-. Aldersgrense 18. år. Hugs
fristen pga. servering av middag. Arr. Skånevik Idrettslag.
08.10.00
Ope brev til styret i Rieber & Søn ASA
I brevet til styret i Rieber & Søn med overskrifta Sardinproduksjon
– en framtidsrettet næring i Skånevik vert det gjeve ei
oppsummering av dei viktigaste argumenta for at Norway Foodsfabrikken i
Skånevik er ein framtidsretta bedrift. Les
brevet ...
06.10.00
Skånevik Fordhotel til sals
Skånevik
Fjordhotel er til sals. Ekteparet Eli og Ole Jørgensen har
drive hotellet i 23 år. Det har 52 rom, stor kurs-og
konferanseavdeling og ligg vakkert til ved fjorden. Hardt
arbeidspress gjennom mange år er grunnen til at dei no vil selgja
hotellet. Les
intervju med Eli og Ole i Haugseunds Avis.
06.10.00
Spørsmål til Grete Knudsen
Stortingsrepresentant John Dale, Senterpariet har sendt spørsmål til
næringsminister Grete Knudsen om forslaget til Norway Foods om å
leggja ned sardinfabrikken i Skånevik. Les
spørsmålet her...
05.10.00
Reaksjon på uttale frå
ordføraren
Dei tilsette ved Norway Foodsfabrikken i Skånevik reagerer
sterkt på ein uttale som ordførar Amund Enge kom med i eit intervju med
TV-Haugaland etter møtet med Rieberleiinga i går. Les
brevet frå dei tilsette...
05.10.00
Rieber & Søn på møte i Skånevik
Konserndirektør Ulf B. Jespersen og divisjonsdir. Geir-Arne
Åsnes i Rieber & Søn ASA møtte representantar frå Etne kommune,
Skånevik Vekst og Samarbeidsrådet for Sunnhordland på Skånevik
Fjordhotel i går for å snakka om framtida til Norway Foodsfabrikken i
Skånevik. Les intervju med ordføraren
i Hgs.
Avis.. og i Grannar. 05.10.00
Brev få skulen til Rieber & Søn
Klubben til Norsk Lærarlag ved
Skånevik skule har sendt brev til styret i Rieber & Søn der ein
ber om at fabrikken i Skånevik må få leva. Lærarane peikar på
dei ressursane som fabrikken representerer ber om at konsernet må
utnytta dei betre i staden for å leggja ned fabrikken. Les
brevet ... 05.10.00
Brev frå NNN til næringsministeren
Norsk Nærings - og Nytelsesmiddelarbeiderforbund har sendt brev
til Grete Knudsen. I flg. Bergens Tidende hadde brevet
dette hovudinnhaldet: NNN si Hord. avdeling ber i eit brev til
næringsminister G. Knudsen om at stat og regjering må ta nye initiativ
for å vidareutvikla fisk som næringsmiddel. Bakgrunnen for
innspelet er Rieber & Søn sitt framlegg om å leggja ned
hermetikkfabrikken i Norway Foods i Skånevik. NNN har hatt møte
med dei tillitsvalde i Skånevik, og ber næringsministeren granska kva
offentleg verkemiddel som er tilgjengelege for å vidareutvikla Norway
Foods i eit samarbeid mellom tilsette, Riebiekonsernet, Etne kommune,
staten og fylkeskommunen. NNN uttalar at ei nedlegging av 63
arbeidsplassar i lokalsamfunnet Skånevik er "fullstendig
uakseptabelt".
03.10.00
Viktig møte om fabrikken
Det er med svært store
forventningar alle venner av Skåneviksamfunnet ser fram til møtet
mellom Etne kommune og toppleiinga i Rieberkonsernet i morgon 4. oktober
i Skånevik. Det er eit godt teikn at dette møtet kjem i stand og
at adm. i Norway Foods har bedt styret utsetja sakja om
nedlegging av sardinfabrikken. Håpet er at Rieber & Søn
m.a. vil sjå verdien av dei dyktige tilsette på fabrikken i Skånevik
og fortsetja med foredling av marine produkt på ein måte der
arbeidsplassane blir oppretthalden. Fleire stortingspolitikarar har og
vil jobba med denne sakja til beste for Skåneviksamfunnet, samstundes
som Samarbeidsrådet for Sunnhordland er ein aktiv medspelar. Lukka
til!! Les meir om vårt store håp i media: Grannar
02.10 -Hgs.
Avis 02.10 - Hgs.
Avis 03.10 - BT
03.10. 03.10.00
Handballstart - Fotballslutt
Handballjentene starta sesongen med
heimekampar. Her kjem ein rapport frå ein av trenarane Finn Ove
Solberg:
Søndag 01.10.00, var det klart for avkast i året`s første
heimekampar for dei aldersbestemte laga i Skånevik.
Først ut var Jente 13, som møtte Nord 3. Dei mange som hadde tatt
turen til Idrettshallen fekk sjå ein jamnspelt og spanande kamp,
der Nord tilslutt trekte det lengste strået og vann 12-11.
Skånevik sin beste spelar i denne kampen
var Marit Birkenes
Rett etter var det klart for Jente 15, som
i sin første kamp møtte Sauda 2.
Dette vart ein kamp som ifrå start var
prega av at Skånevik ville vinne. Resultatet til pause var 11 - 0 i
Skånevik sin favør. Andre omgang starta like bra som første for Skånevik
sin del, og kampen enda tilslutt med ein overlegen 24 - 2 siger til Skånevik.
Skånevik sin beste spelar i denne kampen var det vanskeleg og plukka
ut, fordi alle spelarane jobba knallbra heile kampen. Toppscorar for
Skånevik vart Siv Helen Hus med 8 mål.
Etter at 15 års-laget var
ferdig, var det igjen kamp for 13 årsjentene. Dei møtt Ølen 2
i sin andre kamp for dagen. Kampen vart nok
litt prega av at Skånevik hadde ein kamp i kroppen frå tidlegare.
Dette gjorde utslag i mange feilpasningar og eindel rot i angrep. Ei
stund kom Ølen 2 sine jenter lett til avslutningar og berre ein
god keeper hindra Ølen i å få overtaket ei periode av kampen. Skånevik
vant tilslutt 10 - 6.
Skånevik sin beste spelar var keeper
Malin Haukland
A-laget til
Skånevik tapte 3-0 mot Vats 94 i siste seriekampen.
Her kjem eit referat frå Bård Henrik Hereide: I
reine ”indian summer” temperatur på Skånevik stadion var dette
sesongens siste kamp for begge lag. Vann Vats i dag rykka dei opp i 5.
divisjon
1.omgang
Det var ope og fint spel frå start, frå
begge lag. Men etter ca 10 min fekk Vats ein
klar straffe. 0-1. Det
var ikkje den store guffen i Skånevik i dag, dei virka lite inspirert .
Vats hadde stor vilje til å vinna kampen. Helge
Hus hadde sjansen til og
redusera då Skånevik fekk frispark like utanfor 16 m. Rune
Johanson skaut over mål frå 5 meters hald, stor sjanse. Til
pause var stillinga 0-1.
2.omgang
Bytte i andre omgang:
Christian Nilsen inn Steinar Ness ut. Vats
gjekk rett igjennom Lars Jarle&co etter avspark. Resultatet
var no 0-2
Bytte: Torgeir Tungesvik inn Gerhard Nerheim
Einar Arefjord kom til eit fint skudd like over etter ca 16 min.
Bytte:
Ørjan Løhaugen inn Stian Nedreskår ut
Christian
Nilsen åleine med keeper, men han fekk ikkje skikkeleg avslutta.
Skånevik kjem seg litt mot slutten.
Bytte: Tom inn Einar
Arefjord ut. Det vart nok eit mål til Vats i det siste minuttet
og dei vann 3-0.
Vats var det beste laget og hadde tydeleg mest og kjempa for i denne
kampen. Skånevik har eit forholdsvis ungt å friskt lag, og vi ser fram
til neste sesong. Stå på ! og takk for mykje god underhaldning! Ca 60
såg kampen.
Ref: Bård-Henrik Hereide
rudherei@hotmail.com
30.09.00
Skånevik Ungdom er danna
Organisasjonen Skånevik Ungdom
er blitt danna og Evely Bøthun er vald til leiar. Les
meir om dette positive tiltaket...
27.09.00
Rieber & Søn og Skåneviksfolk må ta
utfordringa
Vi som bur her har sagt vår meining og argumentert for at
fabrikken skal bestå. Vi trur at mange har fått med seg kva vi
meiner. I det vidare arbeidet vil vi også peika på den store,
positive ressursen som eit stort konsern og ein engasjert og dugande
lokalbefolkning representerer saman. Hvis
Rieber & Søn satsar videre på Skånevik kan vårt engasjement og
vår arbeidslyst gi enno større uttelling for båe partar.
Vi vil satsa på framtida! Utprøving av nye produsjonsformer og
nye produkt må vera ein naturleg del av dette. Kanskje kan vi
saman skapa fleire arbeidsplassar enn i dag!
26.09.00
Fabrikken skal leva! Vi treng eit levande distrikt!
Skåneviksamfunnet vil kjempa for at kommunen sin
hjørnesteinsbedrift skal leva. Norway Foodsadministrasjonen sitt
forslag om nedlegging av fabrikken i Skånevik fører ikkje til at Skåneviksfolk gir opp.
Ein kan heller sei at det inspirerer til kamp. Når
sentraladministrasjonen m. a. bruker som argument at Skånevik ligg
for langt frå Bergen trur ein nesten at ein har lest feil. Bergensarane ønskjer å behalda fabrikkane på Davanger
og i Eikelandsosen, men ikkje den i Skånevik.
I 93 år har ein på ein framifrå måte lagt sardiner i boks og produsert
ei vare som er sunn, god på smak og som fleire og fleire vil ha.
Svært mange i Skånevik vil gjera sitt til at styret i vestlandets
største industriselskap Rieber & Søn seier nei til
nedlegging av fabrikken. Fabrikken i Skånevik har svært dyktige
tilsette og gode fabrikklokaler. Naturressursene med høg kvalitet finn ein i
vestlandsfjordane.

Skånevik nett vil på vegne av
alle bygdafolk komma med følgjande appell
til styret i Rieber & Søn ASA:
Vi trudde på Dykk då
fabrikken blei kjøpt av Rieber & Søn ASA i
1996.
La Norway Foodsfabrikken i Skånevik få leva! Vi har
stor tru på den norskproduserte King Oscar! Dette er den
viktigaste saka for Skånevik og Etne kommune på mange 10 år.
Les artikkelen Norway
Foodsfabrikken i Skånevik skal leva!
3 brev frå dei tilsette - Hgs.
Avis den 23.09... - Hgs.
Avis den 25.09 - Bergens
Tidende 25.09 - Grannar 25.09 -
Hgs.
Avis 26.09 - Hgs.
Avis 26.09 - Hgs.
Avis 26.09 - Bergens
Tidende 26.09 - Hgs.
Avis 27.09 - Bergens
Tidende 27.09 - Grannar
27.09.
21.09.00
Fleire turistar på hotellet
Skånevik Fjordhotell har auka talet på turistar i
sommar i høve til i fjor. Amland sin hage er blitt ein stor
turistattraksjon samstundes som turer i fjellet er særleg populært
blant tyske turistar. Les
meir i Grannar...
20.09.00
Huset blei flytta
Tysdag den 19. september blei det gamle huset i Katinkasvingen
flytta til ein ny grunnmur på den andre sida av vegen. Dette for
at svingen skal bli meir oversiktleg og ikkje så traffikkfarleg. Les
i Haugsunds Avis om flyttinga...
18.09.00
Blueshelg i Etne
I helga var det Blues-helg i Etne. Bluesklubben Perleblues
sto bak arrangementet som hadde ca. 300 besøkjande i Old River Saloon
og Fugl Fønix. Les
meir i Grannar...
18.09.00
Står på for sardinfabrikken
Sist veke sto tre av dei
tilsette ved Norway Foods-fabrikken i Skånevik på stand i Obs-butikken
og selde sardiner. Responsen var svært god og salet gikk svært
godt. Les
meir i Haugesunds Avis... Ved fabrikken i Skånevik med meir enn 60
tilsette lagar dei eit produkt som er både sunt og godt. Likevel har
leiinga ved Rieber & Søn heile strukturen i denne delen av
konsernet oppe til vurdering. Dei tilsette, heile
Skånevikssamfunnet og Etne kommune venter i spenning på
resultatet.
14.09.00
Melder seg ut av Høgre
Seks av ni styremedlemmer melder seg ut av partiet i protest mot
Høgre-gruppa i kommunestyret. Tre av desse er frå Skånevik:
Lars L. Markhus, styreleiar, Bjørg Winterhun og Torbjørn
Åsheim. Protesten er retta mot at 3 av 5 kommunestyre-
representantar stemte imot partiprogrammet og gikk inn for å leggja ned
2 krinsskular i kommunen. Les
meir i Grannar...
11.09.00
Ny bok av Hans Olav Tungesvik
Psykiater Hans Olav Tungesvik har komt ut med ny bok Nytt mot
på livet. Les omtale av boka i einskilde aviser: Dagbladet
10.09.00
Seier til Skånevik IL
Skånevik vant 4-3 over Sveio laurdag den 9. september
på Skånevik Stadion. Her kjem eit referat av Bård - Henrik
Hereide:
Skånevik
har nå vunne fira kampar på rad, har 23 poeng og ligg på 5 plass. Dei
store vassdammane på banen gjorde spelet vanskelig.
1.omgang
Skånevik viser frå start at dei har
taket på Sveio. Lars Jarle Ness starta med eit fint skudd like over mål.
Sveio hadde eit ganske solid forsvar. Kjell Larsen kom igjennom etter ca.
20 min., han sklei inn ballen etter eit innlegg. 1 - 0.
Sveio kom ikkje
til dei store målsjansane, men hadde eit farlig skudd over mål i det
25 min..
Rune
Johnson hadde mange gode skudd, og fekk lønn for strevet i det 35. min.
2-0 til Skånevik.
Sveio
fekk gå lett igjennom mot slutten og dei reduserte til 2-1 etter 40 min
utter. Jan
Audun Johansen hadde eit skudd like utanfor i det siste minutt.
2-1
til Skånevik ved pause.
I
pausen koste publikum seg med Steners gode pølser.
2.omgang
Eit bytte før 2. omgang: Reidar Ness Håland
kom inn og Ørjan Løhaugen gikk ut.
Torgeir
Tungesvik fekk gult kort i byrjinga på andre omgang. Lars Jarle Nes
fekk ballen i mål etter 55 min, etter mykje klabb å babb.
3-1
til Skånevik.
Magnus
viste også i dag gode takter i mål.
Skånevik fekk nok eit mål etter
ca. 65 min. Det blei scora av Rune Johansson.
Bytte:
Rune Svendsen inn, Torgeir Tungesvik ut.
Skånevik begynte å slappa av og Sveio fikk eit mål etter ca 75
min. Resultatet var no 4-2 til heimelaget.
Etter
dette var Jan Audun Johansen åleine med keeper, men han skaut like
utanfor.
Thomas
Langhelle blei bytta inn og Stian Nedreskår gikk ut. Etter 37
min. reduserte Sveio til 3-4.
”Nå
må Skånevik byrja og jobba igjen!” høyrde ein frå tribunen.
Heilt på
slutten hadde bortelaget frispark
like utanfor 16 m, men Skånevik sin solide mur stoppa
ballen. Heilt på slutten kom Torgeir Tungesvik inn igjen
på banen og Gerhard Nærheim gikk ut.
Alt i alt var Skånevik
eit betre lag enn Sveio, men me kunne hatt mange fleire mål. Ca. 20
personar såg kampen på Skånevik Stadion.
Ref:
Bård- Henrik Hereide
rudherei@hotmail.com
09.09.00
Restaurantkveld med revy
Laurdag den 23. september er du velkommen til restaurantkveld
med lokal revy i Skånevik Idrettshall. Ta med godt humør - dette
kan bli ein svært kjekk kveld i idrettshallen. Les
meir...
07.09.00
Stor nyetablering i Etne
Det er ein stor
prestasjon som er utført av Etne kommune med ordførar Enge i spissen
når dei no har klart å få selskapet Cabeltech AS til å etablera seg
på Tongane i Etne. Selskapet skal produsera halvfabrikata til eit
veletablert selskap i Lindås, Geco AS - Fjordinstruments og reknar med
å sysselsetja ca. 20 - 30 personar innan november i år. Les meir om
etableringa i Grannar
og Hgs.
Avis art. 1 og Hgs.
Avis art. 2....
06.09.00
Kyrkjejubileum i stålande ver søndag 3. september
Jubileumsgudstenesta for Skånevik
kyrkje vart halden i strålande ver søndag den 3. september.
Biskop Hagesæter, noverande og tidlegare prestar i Skånevik og prosten
i Sunnhordland prosti var hovudgjestar ved 100 års jubileet. Les
meir i Grannar...
31.08.00
Framtida til Langfossen
Langfossens venner, Grendeutvalet for Åkrafjorden og Etne
reiselivslag inviterer til møte om framtida til Langfossen i
Åkrafjorden. Spørsmålet "Er Langfossen til sals"
skal drøftast grundig. Møtet vert halde i Etne Samfunnshus
torsdag 7. september kl. 19.30. Les
om møtet...
Les også aktuelle artiklar i Hgs. Avis: I
tøffe forhandlingar
og Tusenvis
vil redda fossen.
30.08.00
Nye treningstider i volleyball
Volleyballsesongen
er i gang igjen, me har tilbod for alle frå 8. klasse og
til godt voksen alder og har følgjande treningstider:
Mandagar kl 20.30 -
22.00 Damer/Herrar
Onsdagar kl 19.30 -
21.30 Damer/Herrar
8. - 10. klasse
Skånevik
IL
har denne sesongen eit damelag med i 3. divisjon. Heldigvis ser
det ut til at kretsen har fått til ein lokal serie i
Nord-Rogaland/Sunnhordland slik at me får mykje kortare og billegare
reiser enn me har vore van med. Kurt Reidar Jekteberg er trenar for
damelaget og Janne Larsen skal trena ungdomsskuleelevane om onsdagane.
Me ønsker både nye og gamle volleyballspelarar velkomne.
Skånevik IL, volleyballgr.
Helsing Kari Johansson
29.08.00
Handballgruppe i SIL
På eit
møte mellom trenarar, foreldre og idrettslaget vart det bestemt at
handball skal skiljast ut som eiga gruppe i Skånevik
Idrettslag.
Det er trimgruppa som tidlegare har
hatt ansvaret for handballen, men etter at antal aktive og påmelde
lag stadig aukar, fant ein det best og skilja denne delen ut frå
trimgruppa og over i eiga gruppe.
Trenarar, oppmenn
og alle jentene som er med og spelar handball, vil gje ein kjempehonør
til alle i trimgruppa og det arbeidet dei har lagt ned i handballen.
Handballgruppa består av desse: Marit Åsheim,
Anne-Lise Sævareid, Sissel Langhelle, Evy Hus og Anita H. Johansson.
Gruppa skal arbeide med tilrettelegging av
handball for dei aktive, turneringar o.l.
Eg kjem tilbake med kampoppsetta for dei
forskjellige laga når me får terminlistene frå kretsen
Ref. Finn - Ove Solberg
28.08.00
Nye treningstider og tilbod frå Trimgruppa i SIL
Tida er no inne for å starta haustsesongen. Sjå dei nye
treningstilboda og treningstidene
frå Trimgruppa i Skånevik
Idrettslag.
Tirsdag
kl.19.00-20.00:
STEP
1
Vår
faste kondisjonstime - masse svette og topp stemning!
Onsdag
kl.19.30-20.30: STEP 2
Eit
tilbod som passar nybegynnarar i step,
og for deg som ynskjer å komma i
form med
trygg og trivelig trening. Enkel
kondisjons- og styrketrening etter frisk musikk.
Torsdag
kl.19.30-20.30:
Aerobics
/STYRKE
Timen
for alle! Enkle kombinasjoner til oppvarming og styrke-
trening for heile kroppen. Me variera med vekter,
strikk og av og til stepen. Ta
med noko å drikka og kanskje eit håndkle!
Vel møtt!
28.08.00
Skånevik slo Suldal 3 - 2
Skånevik virka ikkje direkte
skremt då serieledar Suldal var motstandar på Skånevik stadion laurdag
ettermiddag.
1.omgang
Skånevik førte kampen, og dei kom til
mange gode sjansar. Suldal gjorde sjølvmål etter 12 min. 1-0 til
Skånevik.
Magnus var god i mål sjølv
om han hadde sola mitt i augo. Stor sjanse til
Gerhard Nerheim då han var åleine med keeper. Det var
imponerande spel av Skånevik i denne perioden . Mange sjansar mot
slutten av første omgang, men keeperen til Suldal tok det meste. 1-0
til pause
2.omgang
Nå såg det ut som at Suldal hadde tatt seg saman, og dei utlikna
etter 51 min. Mål
av Helge Hus etter 60 min, etter ein hard markkrypar . Stillinga var 2-1.
Nå er me ovanpå, og vi får nok eit mål av
Torgeir Tungesvik: 3-1. Suldal
slit med å få ballen framover på banen og er ikkje
spesielt gode.
På
slutten merkast det at kondisen er dårleg på Skånevik og det blir
mange skifter. Mange hissige duellar
vert det også, og Suldal får eit ufortent mål i det 90. min.
Resultatet bli 3-2 til Skånevik.
Heimelaget var
desidert best i denne kampen og skulle fått fleire mål.
Ref. Bård-Henrik
Hereide
rudherei@hotmail.no
23.08.00
Klart for jubileumsveke
Søndag den 27. august startar feiringa av 100 årsjubileet
for Skånevik kyrkje.
Kyrkja
er pussa opp, det er laga
eit
eige skrift om kyrkja og programmet neste veke er omfattande.
Du kan også lesa ein
liten artikkel i Haugesunds Avis der dugnadsleiar Reidar Leknes,
kapellan Kirsten Olsen, soknerådsleiar Reidun Marian Bårdsen Grønfur
og kyrkjelydssekretær Gerd Kringlebotn fortel om oppussinga av og historia
til Skånevik kyrkje og om jubileet. Grannar
har også ein artikkel om same emnet.
21.08.00
Skånevik Vekst - viktig for bygda
Skånevik
Vekst skal i dag ha sitt første medlemsmøte no i haust og
næringslivet, skulen og formannskapet er invitert. Målet med
organisasjonen er å skapa utvikling og vekst i bygda. Vi kjem
tilbake med referat frå møtet. Les om stasingsområda til
Skånevik Vekst slik dei er skissert
i Haugsunds Avis...
19.08.00
Svikt i salet ved Norway Foods
Rett etter nyheten om at Rieber-konsernet sel ut alt som
ikkje har med næringsmiddelproduksjon å gjera, kjem opplysningar om at
leiinga ved Norway Foods er misnøgde med salet i første halvår.
Svikten er på heile 7 mill. kr. og det vert uttalt av divisjonsdirektør
Geir-Arne Åsnes at noko må gjerast for å få betre samsvar mellom
produksjon og sal. Dei tilsette i Skånevik blei orientert av
fabrikkleiinga fredag, men ingen konklusjonar er gjort.
Les meir om dette i Haugesunds Avis...
Skånevik nett vil peika på at Norway Foodsfabrikken er ein
hjørnesteinsbedrift i Etne kommune og at leiinga sentralt og
lokalt, tilsette ved fabrikken, Skånevikssamfunnet, politikarar
og kommunale administratorar har eit ansvar når ein skal leggja
forholda til rette for at sardinfabrikken skal halda fram å produsera
det helsebringande produktet i svært mange år frametter.
18.08.00
Rieber og Søn sel delar av selskapet
Riber og Søn ( som mellom
anna eig NorwayFoodsfabrikken i Skånevik) sel alt av selskapet som
ikkje har med mat å gjera. Dei grunngjev dette med at ein
ønskjer å konsentrera seg om eit forretningsområde -
næringsmiddelproduksjon og på den måten stå sterkare i den aukande
internasjonale konkurransen. Selskapet vil bruka pengane ved salet
til å kjøpa seg sterkare inn i Sverige og Sentral - og
Austeuropa. Aksjekursen på både A - og B aksjar steig kaftig då
styrevedtaket om slanking blei kjend. Les fleire artiklar om dette
i Bergens Tidende: Rieber
& Søn overrasker,
Halve
Rieber forsvinner, Kan
godt tenke seg Kavli, Mest
opptatt av arbeidsplassene og Børsopptur
for eierne.
18.08.00
Klart for utstilling i G. Jepersen
Alt er klart for ny utstilling i Galleri Jespersen i morgon
laurdag 19. august kl. 12.00. Les
meir om utstillinga i Grannar...
14.08.00
Skånevik IL tapte mot Vats 94
A-laget
til Skånevik IL tapte siste seriekampen mot Vats 94 sist fredag.
Tapet på 3-4 gjer at Skånevik no ligg eit godt stykke ned på tabellen.
Les
om kampen i Grannar.
13.08.00
Best frå Hordaland i juniorklassen
Roger Tesdal, Skånevik Skyttarlag kom til finalen, fikk 16.
plass og blei beste skyttar frå Hordaland i juniorklassen i
feltskyting under Landsskyttarstemnet på fredag den 11.08. Han
fikk poengsummen 39/4. Gratulerer Roger!
11.08.00
Føler seg sjikanert av rykteflom
Victor
Carlsen jr. frå Skånevik uttaler til Hgs. Avis at han føler seg
sterkt sjikanert og dolka i ryggen av rykta som går ut på at han skal
vera for nedlegging av ungdomstrinnet på skulen i Skånevik. -
Det er vondsinna sladder for å ramme meg politisk eller personleg,
hevdar Victor Carlsen jr. ovanfor Haugesunds Avis.
Han meiner einaste måten å få stoppe rykta på er å gå ut i
avisa. - Eg blir sint når
folk tillegg meg meiningar eg ikkje har, seier han og uttalar
samstundes at han trur det er politiske motstandarar som står bak
rykta. Les
meir i Hgs. Avis...
10.08.00
Roger Tesdal skyt godt på Landsskyttarstemnet
Roger Tesdal frå Skånevik Skyttarlag skyt svært godt på
Landsskyttarstemnet. Fullt hus på feltskytinga gjer at han er
klar for finalen i juniorklassen fredag 11. august. Les
meir i Grannar...
09.08.00
Programmet for Frihamn-dagen 2000 er klart
Den 10.
september vert Frihamn-dagen arrangert i kyrkja, på Frihamnsenteret
og i Skånevik Idrettshall. Dagen markerer også 15 års jubileet
for Frihamn. Frå programmet kan ein mellom anna nevna:
Tidl. justisminister Odd Einar Dørum : "I møte med angsten",
song av Øyvind Widerøe og diktlesing av lyrikaren Bente Bratlund
Mæland. Heile
programmet finn du her...
07.08.00
Ny utstilling i Galleri Jespersen den 19. august
Galleri
Jespersen inviterer deg og dine vener til ny utstilling og
vernissage i Skånevik lørdag 19. august 2000
kl. 12.00. Opning ved ordføraren i Etne Amund
Enge. Knut Jespersen stiller ut MALERI - GRAFIKK - SKULPTUR.
05.08.00
Erling Åsheim og Vard vant Norway Cup
Erling
Åsheim og Vard sitt juniorlag vant verdas største
fotballturnering Norway Cup i dag. Finalen blei spela på Bislett
og Erling gjode ein god figur på midtbanen. Han og resten av
familen flytta til Haugesund i fjor og han er no elev ved Fotballina ved
Holgersen Vid. skule. Det er inga tvil om han store fotballtalent;
kanskje kjem han med tida i klassen med spelarar som Dag Petter
Christophersen, Ellinor Grønfur, Geir Røgelstad, Thormod Ness og
Martin Ojeda, som alle er frå Skånevik . Det er første gong
nokon frå kommunen har vunne Norway Cup. Les i Dagbladet
og Hgs.
Avis om kampen...
03.08.00
Misjonssøndag i Skånevik den 13. august
Søndag 13. august har
Den norske misjonsallianse sin årlege misjonssøndag i Skånevik, og
det representerer på mange måtar startskotet for haustsesongen når
det gjeld et kristne arbeidet i bygda.
I år er det misjonsprest Erik Frøland frå Skjold og hans
familie som vert hovudgjestane ved tilskipinga. Frøland har vore
Japanmisjonær i om lag 20 år og han kjem til Skånevik saman med sin
japansk fødde kone Norioko og dei to døtrene Martha og Manna på 9 og
11 år. Dei to jentene er framifrå filoninspelarar og dei vil ha
innslag i programmet saman med mora. Det vert gudsteneste i
Skånevik kyrkje om føremiddagen og festmøte i bedehuset om
kvelden.
Det er oftast god oppslutning om denne misjonssøndagen, og folk
frå både Skånevik og nabobygder er velkomne til tilskipingane.
I tillegg til gjestene deltar Hans Olav Tungesvik, som har vore leiar av
representantskapet i Den norske misjonsallianse i dei siste seks
åra.
30.07.00
Avisomtale av Skånofestivalen og frukost i Doktorhagen
Skånofestivalen og frukosten i Doktorhagen vart halden i
helga. Her kjem omtalen i nokre aviser:
D.D.E.
gir alt for fansen - Bergens Tidende
Fin
frukost i Doktorhagen - Bergens Tidende
30.07.00
Skånevik IL slo Vedavåg 2
A-laget til SIL starta haustsesongen med 3-2 seier mot
Vedavåg 2 på heimebane torsdag 27. juli. Les referatet:
Dette
var Skåneviks første kamp etter ferien. Ein noko glatt bane etter alt
regnet gjorde det vanskeleg for begge laga.
1.omg.
Vedavåg 2 opnar best frå start. Og scora
det første målet etter ca 20 min. Skånevik fekk ikkje heilt til spele
sitt og det blei gult kort til Helge Hus i det 30 min. Det
kom enda eit mål til gjestene etter ca 35 min. Det såg mørkt
ut for Skånevik i denne perioden. Bytte i det 40 min, Steinar Nes ut,
Lars Christoffersen inn. 0-2
til pause
2.
omg.
Det var eit nytt Skåneviks lag som entra banen i andre omgang. Og etter
48 min scora Lars C. Like etter eit fantastisk mål av Helge Hus, skudd
frå 16 m tverrleggar inn.
2-2
. I
slutten av andre omgang scora Christian Nilsen, og seiaren på 3-2 var
sikra for Skånevik
. Skånevik
spelte ein svak første omgang og ein meget god andre omgang. (pep
talk i pausen?)
Ref: Bård-Henrik Hereide
rudhere@frisurf.no
27.07.00
Velkommen til Skånofestivalen
D.D.E. og Morten Abel er dei store trekkplastra når Skånofestivalen
blir arrangert for første gong til helga. Les
Bergens Tidende sin førehandsomtale av festivalen.
12.07.00 God
ferie!
Vi vil ønskja alle som brukar Skånevik nett ein god
ferie. Lesarinnlegg som blir sendt i ferien vert sendt som e-post
til redaksjonen og lagt ut på Skånevik nett etter ferien, i starten
på august. Innsending av e-postadresser vil virka som før.
God ferie!
10.07.00 Avisomtale av Skånevik
Bluesfestival
Skånevik
Bluesfestival hadde ein knallstart fredag med artistar som Bobby
Rush og Chuck Berry. Fab. Thunderbirds og Bluebirds var store
artistar på programmet i laurdag. Søndag heldt Marianne Antonsen
ein fin kyrkjekonsert. Les i avisene:
- Folkeleg,
fåmælt og frekk - Hgs. Avis
- Bluessardiner
startet festen - Hgs. Avis
- Kongemøte
i Skånevik - Bergens Tidende
- 17000
for feil piano - Hgs. Avis
- Da
Chuck kom til Skånevik - Bergens Tidende
- Strålende
blues-lørdag - Hgs. Avis
- Forrykande
blueshelg i Skånevik - Grannar
07.07.00
Alt klart for bluesfestivalen
Skånevik
Bluesfestival startar i dag og svært mykje arbeid er alt utført
for at det skal bli eit vellukka arrangement. Alf W.
Christophersen skriv m.a. i programmet: Dette er fjerde gongen
festivalen blir arrangert. Me vil gjerne du skal få ein
opplevelse når du er i Skånevik. Som du ser av programmet, har
me fått tak i knalltøffe artistar med "The King og Rock 'n' Roll
Chuck Berry i spissen. Ramma er lagt, opplevelsane ventar.
Velkommen til Skånevik Bluesfestival! Helsing
Alf W. Christophersen. Les
siste artikkel om bluesfestivalen i Grannar.
04.07.00
Registrering av e-postadresser
Nytt menyval på Skånevik nett: E-postadresser
som gir personar, lag og organisasjonar og bedrifter høve til å
registrera seg sjølve med navn og e-postadresse. Kanskje kan
dette vera ein måte til igjen å ta kontakt med gamle kjende?
Velkommen til å bruka tenesten.
03.07.00
Skipingsmøte-Skånevik ungdom
Søndag
9. juli vert det halde skipingsmøte for ungdomsgruppa
"Skånevik ungdom".
Etter tidlegare møter med ungdom
ifrå Skånevik, viser det seg behov og interesse for å starte ei
ungdomsgruppe. Til nå er me ca. 15 ungdommar og me er svært
interessert i fleire medlemmer. Du er derfor hjarteleg velkomen.
Det blir også val av styre denne
kvelden.
Styret skal bestå av
1 formann, 1 nestformann, 1
kasserar, 1 skrivar, 1 styremedlem, 2 varamenn.
Er du interessert i eit av verva meld
frå til Per Jarle
Sævareid eller Petter Taraldsøy.
Tid:
Søndag 9. juli kl. 16.00 – 18.00
Stad:
Skånevik skule
VEL MØTT!
Registrer deg i
e-postkatalogen!
01.07.00
Postkontoret blir nedlagd
Posten Norge legg ned 557 postkontor og seier opp ca. 2700
tilsette. To av dei kontora det gjeld ligg i Skånevik og
Etne. Posten vil forhandla med butikkar/kioskar med mål om at dei
skal utføra posttenester på dei stadene der dei tradisjonelle kotora
vert nedlagde. Ordførar Amund Enge reagerer kraftig på planane
til Posten. Les
intervju med han i Haugsunds Avis...
|