27.12.04
Suveren på hjemmebane
Les
meir i Haugesunds Avis
24.12.04
Callsenter i bankbygget
Leif Arne Løvereide: Stord
Dialog AS si avdeling i Skånevik startar opp 3. januar i bankbygget i
sentrum. Leiar for telemarketingselskapet Stord Dialog si avdeling i Skånevik,
Raymond Trondsen, opplyser at oppstarten går etter planen, og at rundt
16 tilsette er på plass i andre etasje i bankbygget 3. januar.
Alt veka etter reknar han med at dei har starta produksjonen.
Sjølv har han vore på jakt etter hus for å busetje seg i Skånevik.
Dette har han lukkast med, og flytter til bygda 1. februar. Då
blir eg skåneviksbu, noko eg gler meg til, seier han.
23.12.04
Nytt år og lokale arbeidsplassar
Leif Arne Løvereide, Skånevikprosjektet: Eit
vanleg spørsmål til Skånevikprosjektet er: blir det fleire
arbeidsplassar snart? Heldigvis er svaret ja. Og spørsmålet er forståeleg
og godt, men har me kanskje for mykje fokus på det me ikkje har, og for
lite fokus på det me har?
Ei hyggjeleg oppleving er å treffa smilande folk som seier at dei er så
glade for at dei har arbeid, og let vel om arbeidsplassen sin. Ein
glytt på nettsidene www.etne.kommune.no og www.skaanevik.no viser bl.a.
at fritidstilbod er det og mange av.
Når det gjeld Skånevik, Åkrafjorden og Etne, som eg kjenner best til,
er min påstand at med breitt, godt samarbeid om utvikling i alle næringar,
kultur og organissasjonsliv med meir, har me potensiale for fleire
arbeidsplassar og innflytting til kommunen.
Her spelar kvar og ein innbyggjar sitt positive engasjement ei viktig
rolle.
Når våre etablerte arbeidsgivarar tilset ein eller to nye, ser og høyrer
me ikkje så mykje om det, men dei arbeidsplassane er like viktige som
nyetableringar. Kanskje 2005 og blir eit spennande og godt reiselivsår
i kommunen, for med E134 og båtsambanda som me har, ligg alt til rette
for god utvikling også her.
Mi oppfordring for det nye året blir; fokuser på muligheitene og stå
på!
Leif Arne Løvereide,
Skånevikprosjektet
15.12.04
Sagnkjerring set fart på bygda
Les
meir i Haugesunds Avis
15.12.04 Erfaring avgjorde valet
Grannar: Fungerande
rådmann Elling Hetland si lange erfaring som solid administrator er ein
av hovudårsakene til at han blir ny rådmann i Etne.
Lang erfaring som leiar og administrator, var også
det konkurrenten i finaleomgangen hadde for lite av. I tillegg til
Hetland var det lærar og politikar Terje Hermansen (med fortid i Etne
og Ølen) som vart vurdert av administrasjonsutvalet i møtet på
torsdag.
Landbruksøkonomen Hetland og lærarrealisten Hermansen har erfaring frå
litt forskjellige sider av bordet når det gjeld erfaring med kommunar.
Hetland starta også med eit forsprang med gode skussmål som stabssjef,
assisterande rådmann og fungerande rådmann i Etne gjennom ni år.
Godt inntrykk
Det var eit samstemt administrasjonsutval som gjekk inn for Hetland i rådmannsstolen
i Etne. Hovudjeger Jan Tveit i Headvisor kom også til Etne med Hetland
på førsteplass. Etter ein times intervju av begge kandidatane, var
administrasjonsutvalet ikkje i tvil om kven som bør bli rådmann.
Av formelle grunnar skal tilsetjinga opp i formannskapet i morgon trass
i at dei same politikarane sit i administrasjonsutvalet.
Les
meir i Grannar
og Haugesunds
Avis.
07.12.04
Samferdselsplan for Shl. vedtatt
Leif Arne Løvereide: Planen
vart vedteken på styremøtet i Samarbeidsrådet for Sunnhordland fredag
3. des. etter at alle involverte kommunar har uttalt seg. I
planen er vegaksen Sauda – Bergen omtalt fleire stader.
Utbetring av
eksisterande veg og tunnel mellom Skånevik og Etne er difor blant dei
prioriterte prosjektene. Nå gjeld det nok å stå på for å få
framskynda oppstart på vegprosjekta til Skånevik.
06.12.04
I
Skånevik for jobbintervju
Grannar: Telemarketingselskapet
Stord Dialog AS satsar på å vere i drift i Skånevik frå 3. januar
komande år, og er nå i gang med å tilsette folk. Målet i første
omgang er å få tak i 25 personar.
Leiar av avdelinga i Skånevik, Raymond Trondsen (30), var fredag på
plass i Skånevik der han skulle ta fleire jobbintervju. På spørsmål
om dei som var inne til jobbintervju i vår er aktuelle nå, svarer
Trondsen at nokre av desse er aktuelle og har fått tilbod om jobb.
Grunnen til at avdelinga i Skånevik ikkje vart etablert i mai slik
planane var den gong er i følgje Trondsen at ein del tekniske løysingar
måtte på plass først.
— Og så måtte vi ha eit datasystem som fungerer skikkeleg, og det
har vi nå, seier han.
Elles seier Trondsen at planlegginga framover er viktig.
— Både når det gjeld arbeidstid og kva dei tilsette ønskjer, er
veldig viktig nå i startfasen.
Ser etter husvære
Sjølv vil han busetje seg i Skånevik, og er på leit etter husvære.
Trondsen fortel om ein allsidig praksis før han starta i Stord Dialog
tidlegare i år. Han kjem frå Honningsvåg. Der har han jobba både som
journalist i lokalavis, på hotell og i Posten. Han kom frå ei stilling
som finanskonsulent i Posten då han begynte i Stord Dialog.
Les
meir i Grannar
02.12.04 Jakter på 125 hoder
Haugesunds Avis:
Les
meir i Haugesunds Avis og Bergens
Tidende.
01.12.04 Målpris
til bakar
Grannar: Hildegunn
og Ragnvald Larsen kunne reise heim att med ei flott utskåren «Juraskarskjering»
i tre, då det vart klart at Målprisen 2004, gjekk til Larsen Bakeri og
Konditori.
Skånevik Mållag inviterte fredag til ”Vinjekveld” på MA-
senteret. Mange møtte fram for å høyre Olav Vesaas fortelje om
Aasmund Olavsson Vinje sitt liv og dikting. På klingande Vinjemål, tok
Olav Vesaas publikum med på ei reise gjennom Vinje sitt liv. Vesaas
fortalde om både personen Vinje, og om dei mange dikta, songane og
andre litterære verka han har skrive. Noko Vesaas la spesielt mykje
vekt på, var kor enormt mykje Aasmund Olavsson Vinje har hatt å seie
for nynorsken, både som diktar, journalist og korrespondent.
Eit lunt møte
At Vinje var ein person med mange sider vart óg fortald om. Han var
lynande intelligent, kritisk, kjenslevar og ikkje minst humoristisk.
Vesaas kunne fortelje at det var ironien som var Vinje sitt varemerke,
og av den grunn hadde folk vanskeleg for å ta han seriøst.
Humoristiske gullkorn vart spreidd over publikum under heile foredraget,
og det gjorde at foredraget vart eit lunt møte med ein stor diktar.
Les
meir i Grannar
29.11.04 Meir om Skånevik Fjordhotel
Leif Arne
Løvereide: Det lokale alternativet
for hotelldrift er ikkje lenger aktuelt. Dei lokale kvinnene som har
arbeida med planar for å driva hotellet har beslutta å trekkja seg som
aktuelle drivarar. Dei har vore med i
ein aktiv prosess om hotelldrift i lag med prosjektleiar for Skånevikprosjektet
og ein fagperson innan hotell, reiseliv og næring. Dei
lokale kvinnene måtte ta ei avgjerd nå, og det er like modig å sei
nei som det er å sei ja. Me takkar dei for den store innsatsen og
engasjementet dei har vist for å få drift i hotellet.
Nå håpar dei på
at andre vil driva, og at dei kanskje får seg jobb, for dei brenn
fortsatt for aktivitet i bygdas hotell. Hovda
Eiendom vil nå annonsere etter nokon som vil leige og drive det populære
hotellet i Skånevik
27.11.04
Lengtar etter hotellet
Haugesunds
Avis:
Les
meir i Haugesunds Avis
24.11.04
Målpris og Vinje på Kveldsete
Skånevik Målllag: Med litt ujamne mellomrom hyllar Skånevik
Mållag gode nynorsk- eller dialektbrukarar med Målprisen.
Stundom er det verksemder som får prisen, andre gonger er det
einskildpersonar som blir heidra. Blant dei som har fått
prisen før, kan nemnast Sparebanken Vest, SØK,
Grannar og Sigmund Hage. I år står ein ny verdig målprismottakar
klar, men det er ein løyndom like til vinnaren blir oppropt på
Kveldseta som har Vinje på programmet fredag 26. november kl.
19.30.
Samlinga blir på MA-senteret Toflebrekko, og hovudinnslaget
blir ved radiomann og forfattar Olav Vesaas, som var her for 2 år
sidan og gjorde stor lukke då han fortalde om foreldra sine
Haldis og Tarjei. Han har skrive eit flott verk om
diktaren og stridsmannen Aasmund Olavsson Vinje, og han har litt
av kvart også av nytt å melda om denne forunderlege kulturarbeidaren
som har sett så djupe spor etter seg.
Eli Garvik vil syngja og lesa Vinje-songar, Lars Christophersen
vil spela, og me skal også syngja velkjende Vinje-songar i lag.
Me ét kveldsmat saman, det blir utlodding, bokutstilling og
boksal.
Kvelden er open for alt folket, og me vonar mange vil møta
fram. Helsing Skånevik Mållag
23.11.04 Populær
vri på julemesse
Grannar:
Frå fredag til sundag vart det julemessedagar
i Skånevik. Nytt for året var ei stor salsmesse som i idrettshallen.
Alt frå heimelaga nissar til julepølse vart seld til dei mange oppmøtte.
Og dei aller fleste såg seg godt fornøgde med både oppmøte og sal.
Det var fyrste gongen Skånevik idrettslag arrangerte julemesse
med salsmesse i idrettshallen. Tidlegare i år har dei arrangert
villmarksmesse med mange utstillarar, og dei ville nå prøva å gjere
det same til jul.
— Dette året ville me prøva noko nytt med salsmesse i tillegg til
alt det andre som stod på programmet, og det ser ut som at folk likar
ideen vår, seier leiar for julemessa, Turid Straumsøy. Ho er godt nøgd
med oppmøtet og sal på laurdagen og er sikker på at det kjem til å
bli ein tradisjon i åra framover.
Dei fleste stader har dei vanlege julemesser som ikkje skil seg så
mykje ut frå andre. Denne julemessa har allereie vorte populær, og
folk kom eit stykke for å komma til Skånevik på julemessa. Fredag
kveld var det også kyrkjekonsert i Skånevik kyrkje i samband med jul-
og nissedagane. Der leverte Dagny Christophersen, Anne Grethe Rullestad,
Karoline Taraldsøy og innslag frå skulen ein flott konsert.
— Det var omtrent heilt fullt i kyrkja, og me fekk alle ein god smak
av jul, seier Straumsøy om konserten.
Les
meir i Grannar
18.11.04
Næringsutvikling
i Etne Kommune
Leif Arne Løvereide: Skånevikprosjektet
held fram ut januar og kanskje februar. Dette medan det blir arbeida
aktivt med å få på plass ei permanent ordning med ein næringsutviklingsstilling
for heile Etne Kommune etter at Skånevikprosjektet er ferdig.
Det er og eit ynskje frå
Hordaland Fylkeskommune, Innovasjon Norge og Samarbeidsrådet for
Sunnhordland som har støtta Skånevikprosjektet økonomisk.
På eit møte i Skånevik 2.november, der næringsaktørar og
politikarar i kommunen var invitert, vart det valgt eit interrimstyre
for å arbeida vidare med å få dette på plass.
I denne gruppa er desse med: Ordførar Amund Enge, Rådmann
Elling Hetland, John Karsten Hustveit, Ingvor Gundegjerde, Alf W.
Christophersen, Leif Jonny Johansen og Asbjørn Moe.
Sekretær er Leif Arne Løvereide.
Har du synspunkt om næringsutvikling
i Etne Kommune framover, har du nå høve til å ta kontakt med ein av
dei som er med i gruppa, og sei di meining.
På møtet var det stor interesse og vilje blant politikarar og næringsaktørar
for at nå er tida inne for å satsa meir på utvikling i kommunen.
Interrimstyret hadde første
arbeidsmøte på Åkrafjordtunet tysdag 16.nov, og vil invitere næringsaktørane
og politikerane til orienteringsmøte onsdag 8. desember.
Dette møtet vert nærare
annonser i Grannar, på Skånevik Nett og Etne Kommune sine heimesider.
17.11.04 Fant
sin fjord
Les
meir i Haugesunds Avis
15.11.04
- Godt for selvtilliten
Haugesunds
Avis:
Les
meir i Haugesunds Avis og Grannar.
12.11.04
Chris uten press
Haugesunds Avis:
Les
meir i Haugesunds Avis og Grannar.
11.11.04
- Er
berre interessert i pengane våre
Grannar: To-tre
ekstra skuletimar per dag i bussreise er det Etne kommune tilbyr elevar
ned til fem år på Fjæra og Rullestad. Det vil ikkje foreldra gå med
på. Den første konsekvensen av å leggje ned Fjæra skule
og overføre dei til Enge skule i sentrum av kommunen, er ni-ti mil
reise kvar dag for elevar som bur frå Fjæra og inn til Odda grense.
For langt
— Det er alt for lang reise. Det går ikkje å utsetje ungane for
dette, seier Ellen Rullestad, mor til barn som går på skulen og som
skal byrje om nokre år.
Grannar møtte i går føremiddag foreldre og elevar ved Fjæra skule
som skulle på Tripp Trapp Treff på Kyrping. Dei har kjent til at Fjæra
skule har vore diskutert i rådmannen si jakt etter kroner å spare. No
er forslaget kome på bordet gjennom rådmannen sitt budsjett som vart
lagt fram på tysdag. Fjæra skule er også eit tema som har vore
diskutert i formannskapet.
Etne kommune vil spare maksimalt 1,6 millionar kroner i året ved å
leggje ned Fjæra skule.
Spikaren i kista
— Dette betyr spikaren i kista for Fjæra og Rullestad. Ingen vil slå
seg ned her når skuleelevar må reise så langt. Bygda vil dø ut på
sikt dersom forslaget går gjennom, seier Inger Mari Melkeraaen som har
ein elev på åtte år på skulen.
Foreldra har liten sans for at rådmannen ikkje vil føreslå at elevane
kan gå på Skare skule i Odda, trass i at reiseavstanden er under det
halve samanlikna med kommunesenteret i Etne. I følgje rådmannen er det
for lite pengar å spare på ei slik løysing.
Les
meir i Grannar
06.11.04
- Føler
vi blir trodd
Haugesunds
Avis:
Les
meir i Haugesunds Avis og Grannar.
04.11.04
Jublieumsfest for Skånevik
Bluesklubb
Lørdag 13.
november er bluesklubben 5 år
Det
startar med "opent hus" for alle som vil sjå korleis me har fått
det,
laurdag kl. 14.00 i Blueshuset. Ca. kl. 15.00 vert den offisielle
opninga av huset,og etter det vil ungdomsgruppa i klubben opptre. det er
og mogleg der vert noko jamming frå banda som øver i lokalet, med
fleire. Denne happeningen vil vara fram til 17.00, og me håpar at flest
mogleg vil ta turen. Det vert sal av kaffe,
brus og noko å bita i.
Kl. 21.00 kjøyrer me
igong jubileumsfesten i kafeteriaen på Skånevik
idrettshall. Musikken der vert ved "Spoonfull of Blues",
som er eit av dei mest
kritikarroste norske bluesbanda i år. Den nye plata deira har fått
terningkast 5 i VG og Dagbladet.
Me håpar at flest mogleg vil ta turen til hallen denna kvelden, for her
vert det "trøkk" Billettprisen vert kr.150.- for ikkje
medlemmar og 125 for medlemmar.
Helsing Finn - Ove Solberg
29.10.04
Nytt om hotellet
Leif Arne
Løvereide: Prosessen
med å tilrettelegge for nytt driftsselskap på Skånevik Fjordhotel
held fram. Nå har prosjektleiar i Skånevikprosjektet hatt kotakt med
nesten alle som har sett seg opp på liste for å bidra med aksjekjøp
til et nytt driftsselskap. Responsen er god både på
kapitaltilgang og engasjerte meiningar om korleis hotellet bør drivast
og nyttige tips til oppstartsfasen.
Privatpersonar vil bidra med frå 1.000 til 50.000 kr, og til saman er
me nå på snaue 200.000 kr. Kanskje vil næringslivet bidra litt,
og så vil me allereie nå fria til fleire som har hytta i Skånevik. Me
er alt blitt kontakta av hyttenigerar som er blant dei som vil støtta
mest. Mange sit og på gjerdet og vil bidra når dei veit meir om
nytt driftsselskap.
Ein til er sikkert som Dovrefjell, hotelldrift vil folket ha i Skånevik.
Som ein sa: Hotellet er i same situasjon som ein hest med kjerre, der
kjerrehjulet heng fast i grøfta og treng hjelp til å komma seg ut av
grøfta og opp på vegen for å gå vidare. Det som er større
utfordring enn driftskapital, er det å få ein så strukturert
driftsform som mogeleg. Kombinasjonen økonomi-personal-kundebehandling
og salg må vere optimal, for i hotellbransjen er marginane små frå
minus til suksess.
Me får god og nyttig
hjelp frå andre aktørar i bransjen til å forberede et nytt
driftsselskap. Best Western kjeden gir oss gode råd og ynskjer et nytt
driftsselskap velkommen i kjeden. Dei lokale som er interessert i
å driva er fortsatt dei einaste som har meldt si interesse, og dei
vurderar situasjonen fortløpande.
Har du gode tips til
fordel for å få ei god drift på hotellet, eller vil vere med på
laget som hjelper til økonomisk, tek du kontakt med Leif Arne på
91169332.
25.10.04
Har fått lite ut av
fotballekteskapet
Grannar:
Målt etter resultata på fotballbanen, var det
eit heller magert utbytte av å slå saman fotballklubbane i Etne og Skånevik.
Laget går ned ein divisjon.
På papiret ser det ut som ein nedtur å slå saman laga i Etne og Skånevik.
Først trekte dei Skånevik/Etne i 6. divisjon, og sluttfasiten for
Etne/Skånevik i 5. divisjon er nedrykk etter botnplassering. Gevinstar
av ekteskapet er det vanskeleg å finne eksempel på.
Langt frå ambisjonane
Trenar Martin Moe i Etne var før sesongen starta lite i tvil om at dei
kunne heve ambisjonane som følgje av fotballekteskapet mellom Etne og
Skånevik.
— Det vi har oppnådd er svakare enn ambisjonane. Men eg vil ikkje
kalle samanslåinga mislukka etter ein sesong. Det er ikkje berre til å
knipse og så fell alt på plass. Ein må gi ei slik ordning meir tid på
seg, og byggje opp frå aldersbestemte klassar, meiner Moe.
Les
meir i Grannar
21.10.04
Trimlørdag med Heidi Anfinsen i
Skånevik
Trimgruppa i SIL: Lørdag
var det full fart på skulen nesten heile dagen. Trimgruppa i Skånevik
Idrettsalg hadde fått storfint besøk frå Haugesund, nemlig Heidi
Anfinsen, trimdronninga frå TV-Haugaland.
Dagen
starta med to Spinningtimar. Grunna få syklar måtte me ha to timar så
flest mulig fekk prøva seg på sykkelsetet inne i gymsalen med Heidi
som instruktør. Og at ho klara inspirera til å gi det mesta er ingen
tvil; Nå skal me klatra litt, kom igjen, me ser snart toppen nå damer,
tjo ho!! Endelig oppe, me roe litt ned, før me sette utfor, kom an! Gi
gass…. Og så synge ho litt til musikken, mens me svetta som me aldri
har gjordt før. Dette burde fleire prøva….
Liten
pause hadde me etterpå, då var det lunch på skulekjøkkenet. Noken
fekk og tid til å kjøpa og prøva klede som Heidi hadde med seg for
salg. Det er jo kjekt å ”snopa” litt på sånne dagar…Vidare på
programmet sto Body Pump. Trening i klasse med vektstenger. Og her gjekk
det unna. Me måtte korta tida litt i forhold til timane på senteret
hennar, så me fekk prøva masse på kort tid. Og ja, eg trur nok dei
fleste kjente den timen i musklane dagen etter…
Dette
er jo noko som burde fenga mannfolka litt og…Litt på etterskudd var
det tid for Step Denne timen samen med Body Pump var flest med på.
Her fekk me og ny inspirasjon og nye steg frå bydn.
Step er vel den form for trim me bruka både i Skånevik, Etne og Ølen.
Så dette gav meirsmak.
Avslutningsvis
var det trening med stor ball, Skanetix. Balanse og styrketrening. Dette
er blitt veldig populært, og kanskje spesilelt for nybegynnarar og litt
eldre, då ein ikkje treng noko veldig med kondisjon til dette.
Kjempekjekt og masse lått og løye, og på grunn av all balansetreninga
blir det ømt mange løgne plasser dagen etterpå…
Me
hadde ein super lørdag i Skånevik, det er sånt som inspirera oss til
å fortsetta. I denne travle kvardagen me har laga oss, ser det ut for
at trim må laggast opp til faste tider, ellers blir det ikkje med oss.
Sånn er det dessverre blitt… Men me hadde
det i alle fall veldig kjekt me 17 som var der (sakna Etne damer),
dette vil me gjera igjen! Og så hadde Heidi
Anfinsen ein kjekk dag, ha gav utrykk for at dette syns ho var topp, og
ville komma igjen. ”Kjekt for meg å se nye fjes o, ” smilte ho J
Skv.IL
Trimgruppa
17.10.04
Frir til bygdefolket
Grannar:
Leif Arne Løvereide i Skånevikprosjektet har
stor tru på at det snart er på plass eit nytt driftsselskap for
hotelldrift i Skånevik. Han frir til bygdefolket for å få tak i
driftskapital.
I underkant av 100 personar hadde funne vegen til hotellet i Skånevik
torsdag kveld då Skånevikprosjektet saman med Etne kommune inviterte
til ope møte vedkommande ny drift ved hotellet i bygda.
Prosjektleiar Leif Arne Løvereide er godt nøgd med frammøtet og
responsen frå dei frammøtte.
— Det er ikkje vanskeleg å registrere at folk er interesserte i at
drifta ved hotellet snart kjem i gang igjen, seier han.
Sjølv har han tru på at ein driftsmodell snart er på plass.
Nytt driftsselskap
— Kva skjer vidare etter dette møtet?
— Etter dei to møta som har vore halde om saka, har folk registrert
seg som bidragsytarar til ny driftskapital. Nå vil eg ta kontakt med
kvar og ein av desse, og få på plass kor mykje det dreier seg om.
Dette vil danne grunnlaget for eit nytt driftsselskap, som må ta
standpunkt til korleis eit nytt hotell skal drivast.
Les
meir i Grannar
10.10.04
Ny drift ved hotellet?
Leif Arne Løvereide, Skånevikprosjektet: Det
er stille på hotellet. Driftsselskapet har meldt oppbod, men
eigedomsselskapet er ikkje truga, og syt for at hotellet har lokale eigarar.
Skånevikprosjektet tar nå initiativet til ein
prosess for å få ny drift i Skånevik Fjordhotel. Dagen
og livet er ikkje det same i Skånevik når det er stans på hotellet.
Me vil ha ei levande bygd og må gjera det som er mogeleg for å få til
ei forsvarleg drift.
Me
må vita kva me vil, kven som skal driva og det trengs driftskapital.
Eit forslag vart presentert på eit folkemøte
torsdag 7.okt. Det må betegnast som eit godt møte der engasjementet og
iveren etter ei snarleg og god løysing stod høgt på ynskjelista.
Det
kom klare signal frå handelsstand og næringsliv om kor viktig rolle
hotellet spelar for at Skånevik skal vera ei levande bygd.
Me trur tida er inne til at bygdefolket må støtte
opp om eit nytt driftsselskap, og mange av møtedeltakarane teikna seg på
ei liste som interesserte i å bli kontakta om å gå inn med
aksjekapital.
Særleg
positivt var spørsmålet som kom opp om det var hjelp i å støtte med
mindre enn 5000 kr som var sett opp som aksjepris. Det tyder på
engasjement og sjølvsagt tek me omsyn til det. Det
er og innbyggjarar som har teke kontakt og sakt at det ikkje høver å
støtta med pengar nå, men at dei gjerne gjer ein innsats i form av
praktisk hjelp ein sjeldan gang. Det er jo og verdfullt og er med på å
halde kostnadane nede.
Etter
forslag frå salen blei det bestemt eit nytt møte for bygdefolket allereie
torsdag 14.okt kl 19oo for at fleire skulle få høve til å bli
orientert og kanskje kunne bidra til at me får i gang et driftsselskap.
Der vil me gå gjennom ein kort presentasjon som nå,
og ha klart eit enkelt driftsbudsjett og driftsprospekt.
To
damer frå Skånevik er svært interessert i å driva hotellet, og
vurderar nå situasjonen. Me håpar å
få til ny drift så snart som mogeleg, men det er eindel som skal på
plass først. Det Skånevik Fjordhotel
treng er sjel og profesjonalitet ifølge tidlegare kundar.
Klarar
me å få det til ? Ja, det trur me bestemt !
02.10.04
Begge midtstopparane frå Skånevik
Les
meir i Haugesunds Avis og les
om kampen i same avisa. ( 05.10.04 )
27.09.04
Heil sesong utan tap
Garnnar:
Halsnøy har vore Skånevik sin tøffaste
motstandar gjennom serien. På fredag gjesta dei Skånevik i seriens
siste kamp. Første halvdel av kampen var utruleg jamn, og det var
tydeleg at begge lag ville gjere sitt beste for å slå rivalen i dette
siste oppgjeret. Men til trass for at innsatsen var på topp, vart det
med sjansane før kvilen.
Viste musklar
I 2. omgang var det tydeleg at jentene frå Skånevik hadde bestemt seg.
Ingenting anna enn siger var godt nok i seriens avslutningskamp på
heimebane. Det oste av innsats og stå-på-vilje blant jentene. Berre
fem minuttar ut i omgangen fekk heimepublikummet sjå kva laget er gode
for. Margrethe Tungesvik dunka inn 1-0 scoringa til vill jubel frå både
lagvenninner og publikum.
At jentene er vane med litt tøffe tak, var ikkje vanskeleg å sjå.
Jentene frå Skånevik var det nødvendige hakket tøffare og sterkare
enn gjestene. Halsnøy gav aldri opp, og kampen var spennande. Men Halsnøy-jentene
måtte til slutt gje tapt for overmakta. Knallsterke Heidi Hus punkterte
kampen fem minuttar før slutt med 2-0 scoringa si.
Feira seriegullet med kake
Jentene hadde i realiteten vunne serien for lenge sidan. Men det var
tydeleg at jentene ikkje slappa av for det. Å avslutta med siger på
heimebane, før dei skulle feire seriegullet med kake, var viktig både
for heimepublikummet og spelarane sjølv.
Les
meir i Grannar
22.09.04
Earle Hyman snart hjem til Norge
Her
er eit hyggeleg brev som Skånevik nett har fått frå Inge Mørland:
I
likhet med mange andre eldre nordmenn i eksil ønsker Earle
Hyman (78) å flytte til Norge når han blir
gammel.
Det er en vanlig søndagsgudstjeneste i New York og sjømannskirken på
52nd Street er fullsatt.
–
Her i sjømannskirken får jeg følelsen av å være i Norge. Å komme
hit er som å komme hjem. Det er en god, norsk atmosfære her, sier en
smilende Earle ”Bestefar Huxtable”
Hyman på perfekt norsk.
Det
er mange år siden han fikk øynene opp for Sjømannskirken første
gang. Det var den gang New Yorks sjømannskirke lå i Brooklyn.
–
Jeg satt der og takket Gud for Sjømannskirken. Bare det å få
muligheten til å høre norsk… Det er fantastisk!
Earle
Hyman ble tidlig en stor beundrer av Henrik
Ibsen. Derfor bestemte han seg for å lære norsk slik at han kunne lese
Ibsens verker på originalspråket. Han kontaktet Ibsens sønnesønn og
hans kone, og i 1957 dro han til Norge for å møte dem. Slik kom Earle
Hyman til Norge første gang.
–
Jeg kom til Bergen en regnværsdag for snart 50 år siden. Det var så
vakkert! Norge er et vidunderlig vakkert land. Jeg så barn leke ute i
regnværet og kjente at her er jeg hjemme.
I
mange år har han leid en hytte i Skånevik. Fortsatt finner du
telefonnummeret hans i Lion’s
telefonkatalog for Skånevik.
–
Men jeg er dessverre blitt for gammel til å klare meg selv alene der nå.
Helsen er for skral. Jeg nærmer meg 80. Men jeg håper jeg snart kan kjøpe
en leilighet i Norge og flytte hjem for godt, sier Hyman.
I
anledning 100-årsjubileet for selvstendighetsåret 1905, legges det opp
til en turné sommeren 2005, hvor Earle Hyman
deklamerer utdrag av norske forfattere. Den musikalske innrammingen står
Ytre Suløens Jazz-ensemble
for.
–
Her i sjømannskirken får jeg følelsen av å være i Norge, sier Earle
Hyman (t.v.) til
sjømannsprest Svein Helge Rødahl under
kirkekaffen i sjømannskirken i New York.
Tekst og foto:
Ragnhild
Aadland Høen
God tirsdag fra
Inge
Mørland
Sjømannskirken / Norsk kirke i utlandet
, Nedre
Slottsgate 4, N-0157 OSLO
tlf.:
22 47 86 84 (dir) mobil: 97 50 75 59
www.sjomannskirken.no
22.09.04
80000
til planarbeid
Les
meir i Haugesunds Avis..
22.09.05
Suksess med vaskekosten
Grannar:
Det
finst suksesshistorier i næringslivet. Første året for den nystarta
bedrifta til Hildegunn Åkra og Dag Anders Hornenes er ein soleklar
kandidat.
Industrivask Haugaland AS har i løpet av eitt år gitt arbeid til 16
personar, og nærmar seg ti årsverk. Det betyr også at oppdragsmengda
har hatt ein bratt kurve oppover. No er ferskingen i ferd med å skaffe
seg eit lite overskot i drifta.
Hovudet i bøtta
På eit kombinert lager og kontor i underetasjen til Etne
forbruksforening sit Hildegunn Åkra og Dag Anders Hornenes med utsikt
over Etnefjorden og unner seg ein kopp kaffi. Det er ein heller sjeldan
situasjon for paret som ville starte si eiga bedrift. Å få på beina
ei bedrift som går frå to til 16 tilsette i løpet av eitt år, har
vore eit blodslit.
— Vi har stått med hovudet i bøtta samstundes som vi skal byggje opp
verksemda. Det er ikkje rare tida vi har brukt på dette kontoret.
Administrasjonen tar vi helst i ledige stunder på heimekontoret, fortel
Dag Anders Hornenes.
Verd slitet
Hildegunn Åkra (30) og Dag Anders Hornenes (44) har lang fartstid i
tidlegare Norway Foods i Skånevik, og dei tok jobb i sjømatprodusenten
sin fabrikk i Svolvær før dei bestemte seg for å starte eiga bedrift
i heimtraktene.
Les
meir i Grannar og leiarartikkel
i Grannar.
07.09.04
Etne
og Skånevik
aktive på
”Bønder i bydn”
Ordførar
Amund Enge tok tak i planlegginga for Etne Kommune si deltaking i Bønder
i Bydn 2.- 4 september. Nokre raske møter med planlegging bl.a. med Skånevikprosjektet
førte til at vår lokale deltakelse vart iverksett. Og salgspunktet vårt
var sikkert ein av dei mest besøkte standane på arrangementet.
Produktene
var Juraskarskjerringjebrødet frå Skånevik, som vart utseld alle tre
dagane og fekk ein fantastisk respons. Spekemat frå Lundal Kjøtt selde
og så det susa, og det same med geitost frå Annlaug Myhre i Stordalen.
Europitza steikte på Øyane Asvo i Etne selde og mykje meir enn
forventa.
Det
aktive sals- og markedsføringskorpset frå Etne Kommune besto av :
Alice Tjeldflot, Roald Kristiansen, Hildegunn og Ragnvald Larsen, Lars
og Berd Hansen og Amund Enge. Alice og
Amund hadde i tillegg til salget ein glittrande imponerande innsats med
elegant og dyktig innbakt reklame om sine heimbygder alle tre dagane.
Ordføraren
tok og Etne/Skånevik sin del av forteljarstunda i galleri Dubag, der
han fortalde Juraskarskjeringsegna og meir til. Det må han ha gjordt
godt, for når forteljarstunda var ferdig, strøymde det på med folk
som skulle ha brød, seier Hildegunn Larsen.
Ho
legg også til at dei set stor pris på at Etne Kommune engasjerar seg i
slike viktige tiltak, og at dei i tillegg til å storkosa seg, fekk
mange nye impulsar som skal komma til nytte. Kreativ
og god markedsføring kan vera skikkeleg moro.
06.09.04
Jul - og nissedagane i Skånevik
Frå
arrangøren: Helga 19.-21.november
vert ny og spennande for Skånevik.
Me startar fredag kveld med konsert i Skånevik Kyrkje.
Musikalsk
underhaldning for heile familien med ein smak av jul.
Av og med musikarar
frå bygda og bygdene rundt oss.
Lørdag
og Søndag vert Julemessa open i Skånevik Idrettshall frå
kl. 11.00 – 17.00.
Utstillarar med standar innan det aller meste.
Her
blir det mulighet for å prøva
seg i juleverkstaden, stand med eigen Julekort fotografering og andre
aktivitetar. Open kafe i 2.etg. der ein kan kosa seg med ein
matbit og få utsyn over julemessa.
Begge
dagane vert det open Nisseleir i skogkanten ved barnehagen. Skyss til
den er med hest og kjerre. I Nisseleiren blir det eventyrstund, mat,
drikke, bål, faklar, riding, sang og musikk.
Vel
vert eit besøk!
For
overnatting har me Nye Skånevik Fjordhotel som legg opp til
familiejulebord.
Meir informasjon frå hotellet får du
på tlf: 53 77 07 00.
For meir informasjon om Jul og
Nissedagane tlf: 48 10 85 33
. Velkommen
til ei koselig familiehelg i Skånevik!
01.09.04
Står på for Skånevik Bluesfestival
I fjor var legendariske Johnny Winter på
besøk ved Skånevik
Bluesfestival. Han ga klårt uttrykk for at han synest det var
ein svært bra festival som blei arrangert på ein svært fin plass -
Skånevik. Johnny Winter gjorde ein strålande konsert sommaren
2003 i Skånevik. Han held fram med å reklamera for
festivalen. På websida
til trommeslagaren i bandet hans, Wayne June, finn ein bilete av
Johnny i studio i New York kledd i sitt favorittantrekk: T-skjorta
til Skånevik Bluesfestival. Svært bra dette Johnny -
du er alltid velkommen til vår store festival på vestlandet.
Festivalen med dei største artistane.
26.08.04
Ny og moderne skule
Siste
trinn på rehabiliteringa av Enge skule i Etne er avslutta.
Ungdomsskuleelevane er på plass i lokale med nye og tidsriktige løysingar.
— Endeleg er me samla til eitt rike igjen. Me har drive skule i heile
bygda ei tid, slår ein nøgd rektor, Morten Odeen, fast.
Det gjenstår ennå ein del flyttesjau og noko handverksarbeid før alle
romma er klare til å takast i bruk, men det er ikkje verre enn at dei
138 ungdomsskuleelevane ved Enge skule kunne starte i nye lokale førre
onsdag. Kring eitt år har gått med til arbeidet med ungdomsskulen, og
ein grunntanke i utforminga av skulen har vore å lage fleksible løysingar.
Av det over 2000 kvadratmeter store arealet som ungdomsskulen
disponerer, er kring ein fjerdedel nytt påbygg. Resten er
rehabilitering av eksisterande bygg.
Fleksible romløysingar
Gjennom smale vindauge på dørene frå korridorane og inn til
klasseromma, får me med oss noko av aktiviteten der. Fleire små
grupperom er laga til mellom klasseromma, og desse er åtskilt med
foldedører.
— Dei gjer det mogleg å innlemme grupperomma i klasseromma dersom det
blir behov for meir plass, forklarer Odeen.
I andre etasje er det laga til mediatek. Her er faglitteratur og
datamaskinar i ferd med å kome på plass. Det er også bygd nytt natur-
og miljørom, som er forma som eit auditorium. Les meir i Grannar
23.08.04
Skånevik
sentral i Samferdselplan for Sunnhordland
Leif
Arne Løvereide:
Leif
Arne Løvereide:
Planen
er nå til høyring i kommunane, og fristen for tilbakemelding er
1.nov.,men det er alt nå komne inn komentarar. Dei vil sansynligvis bli
diskutert i møte i Samarbeidsrådet 3. sept.
Etne
Kommune skal ifølge Ordføraren truleg diskutera planen i kommunestyremøtet
i oktober. Skånevik
er sett opp som søndre trafikknutepunkt for snøggbåttraffikken i
Sunnhordland og Bergensområdet. Det
er særdeles interessant for Skånevik, som og er
”Fjordlandsby” i Hordaland Fylke.
Prosjektleiar
i Skånevikprosjektet har representert næringslivet i Etne/Skånevik på
møte vedr. planarbeidet, og er glad for at det nå endeleg blir satt
meir fokus på behovet for betre veg mellom Skånevik og Etne. Skånevikprosjektet
vil og sende ein kommentar til Samarbeidsrådet sitt møte 3. sept. Ei
arbeidsgruppe i Skånevikprosjektet leverte og ei innstilling til Etne
Kommune og Samarbeidrådet etter ein god del samferdslearbeid i 2003.
I
planen er punkt 16.8 Vegaksen Sauda – Bergen (Midtre trase) viktig og
interessant for Skånevik. Denne
vegaksen vil gi store og nyttige muligheter og forbetringar både for næringslivet
og reiselivet. Trafikken
over Håland er til tider stor, og eindel vogntog finn det og best å
bruka denne vegen. Bl.a. fører utbygginga i Matre naturleg til auke i
trafikken i ein lang periode.
Me
må få snarast mogeleg utbedring av eksisterande vegar til Skånevik
og/eller tunell. Det
vil gjera Skånevik endå meir aktuell for næringsetablering og
busetnad, samtidig så betrar det tilhøva for utrykkingskjøretøy og
busstransport bl.a. for vidaregåande skule. Dette
kan bli spennande!
Last
ned heile planen her. ( Word-fil på 2,8 MB )
22.08.04
Aktivt år ved Frihamn-senteret
Årsmeldinga
for 2003 for Frihamn-senteret
i Skånevik er framlagd, og meldinga fortel om stor aktivitet ved
eit senter som tar i mot pasientar med psykiske problem frå heile
landet.
I alt 386 personar hadde kontakt med senteret i 2003, og dei kom
frå 14 ulike fylke i landet. Det store fleirtalet kjem frå
Hordaland og Rogaland.
Det er aldersgruppa mellom 40 og 50 år som er sterkast
representert, dette året med i alt 103 pasientar.
Under 20 år var det berre 2, og over 70 var det 31 pasientar.
Frå år til år er det gjennomgåande noko fleire kvinner enn menn som
blir søkt til Frihamn-senteret, i 2003 var 59% kvinner og
41% menn.
Omfanget av terapien er svært vekslande, frå nokre få
telefonkonsultasjonar til to eller tre
2-vekers opphald med intens gruppe- og individualterapi.
Det er dei ulike former for depresjonar som er den viktigaste
grunnen til at folk søkjer hjelp, men mange kjem også på grunn
av samlivsproblem, angst-tilstander og slitasje-tilstander
med ulik årsak.
Det er ikkje noko tilbod for personar med alvorlege sinnslidingar/psykoser
ved Frihamn-senteret. Og alle som kjem dit, er fullt ut i
stand til å ta vare på seg sjølv.
Det er i alt 10 personar som på heil- eller deltid er
knytte til staben ved Frihamn-senteret,
og psykiater Hans Olav Tungesvik er fagleg leiar og står for det meste
av terapien.
I tillegg er psykiater Andrzej Wasilewski og familieterapeut og
prest Synnøve Rydland Overweg knytte til senteret på deltid.
Til den årlege Frihamndagen er alle tidlegare og noverande pasientar særskilt
innbedne,
og dette heildagsarrangementet er elles ope for alt folket. I år
er Frihamndagen søndag
5. september, der m.a. prest og forfattar Karsten Isachsen
skal halda foredrag med emnet Livsglede
19.08.04
Populær
medielinje
For
første gong kan vidaregåande skule i Etne tilby media og
kommunikasjonslinje. Elevane har strøyma til, sjølv om dei ikkje heilt
har visst til kva.
— Vi har lyst å jobba med media. Mest
sannsynleg filmproduksjon, seier Vegard Stana (17), Inger Lise
Kringlebotten (16) og Donna Silje Skogen (16).
Dei er tre elevane som har valt den nyoppstarta media og
kommunikasjonslinja ved Etne vidaregåande skule. Donna Silje og Inger
Lise bur i Etne, men Vegard kjem i frå Odda for å gå på linja. Alle
gler seg til å ta fatt og fortel at dei ser fram til å jobba kreativt
og prøve seg fram på ulike områder.
- Vi kjem til å jobba mykje praktisk og ha ein del prosjektarbeid. Det
blir kjekkare enn å sitja ved ein skrivepult og lesa, slår dei fast.
Likevel er dei ikkje heilt sikre på kva dei forventar av linja.
- Vi kjem nok til å læra mykje forskjellig og få eit godt grunnlag
til å spesialisera oss innan alle typar media, trur Vegard. Med
maksimalt tolv elevplassar i klasser vonar dessutan elevane å få eit
tett og samansveisa miljø.
Les
meir i Grannar.
18.08.04
Ventelister
i Ølen og Etne
I
dag startar den vidaregåande skulen. Før tredje og siste opptaksrunde
fredag, stod elevar på ventelister til fleire av faga i Ølen
og Etne.
— Her har søknaden på tredje påbygging vore spesielt stor, fortel
Ingrid Søndenaa, rektor på Ølen vidaregåande skule.
Fleire står på venteliste til denne lina, men Søndenaa legg til at
truleg ventar fleire av dei som har søkt eigentleg på lærlingplass.
Nokon får gjerne denne i siste liten, og då blir ikkje søkjartala
heilt reelle. På VK I elektrofag er det så mange søkjarar at det blir
vurdert å opprette ei klasse til i siste liten.
Nytt fag populært
Nytt fag i Ølen i år er VK I tømrar, og også til denne lina er det
ventelister. Det same er det på grunnkurs i byggfag og mekaniske fag,
medan det er ledige plassar på formgivingsfag og allmennfag i Ølen.
Les
meir i Grannar.
05.08.04 Pangstart
for ny tunnel
Les
meir i Haugesunds Avis..
01.08.04
Som lyn frå klår himmel
Pang,
pang og pang! Det var alt som skulle til for at 19 år gamle Roar
Knudsen frå Skånevik truleg kan førebu seg på tv-sendt finale i
felthurtigskyting. Han brukte 8,88 sekundar på å få ned tre ulike
blinkar, og er med det førebels nummer tre. Dei 16 beste skyt finalen
fredag.
— Det er jo enten eller. Må du bruke fire skot så er du ute
av tetbiletet. Så enkelt er det, fortel den store overraskingsmannen frå
gårsdagens skyting under Landsskyttarstemnet (LS) i Sandnes.
— Klart det er moro når ein lukkast på eit landsstemne. Dette er
faktisk femte gongen eg er med under LS, og eg har sjølvsagt aldri vore
i nærleiken av noko liknande. Om resultatet held til finaleskyting, er
enno litt tidleg å seia. Det er litt enklare her enn det var på Oppdal
i fjor, meiner den sindige 19-åringen.
Lærekontrakt
I motsetning til tidlegare år bur Knudsen denne gongen i eit flott hus
på Austrått. Berre fem minuttar unna baneskytinga.
— Dei andre åra har det helst vore dårlege campingvogner. Denne
gongen kunne eg ikkje hatt det betre.
Les
meir i Grannar.
29.07.04
Heitt og tett i Norway Cup
Det
er heitt på Ekebergsletta. Kvikksølvet klatrar mot nye høgder, og
Norway Cup er akkurat den eventyrlege opplevinga dei 27.000 deltakarane
hadde håpa på. Basslydane dunkar taktfast, kjendisfaktoren er skyhøg
og marginane vert mindre og mindre for dei som drøymer om pokalar og
finalespel mot helga.
— Vi har det heilt fantastisk. Søv i deilige senger på Hotell
Bristol. Der har også Idol-vinnar Kjartan Salvesen budd denne veka. Han
var nemleg med på opningsshowet på Ekebergsletta sist sundag. Og veit
du kva? To av spelarane på laget vårt, Maria Vinje og Heidi Hus, møtte
han i resepsjonen på hotellet og fekk kvar sin klem. Skjønar du,
eller, seier Marita Tendal og Helene Haukland, og har stjerner i augo.
Til B
Grannar er på plass når Skånevik utklassar Korgen frå nord-Noreg.
Det sluttar ikkje før 6-0, og jubelen vil ingen ende ta. Lite visste
jentene at hadde dei laga endå eitt mål i dette oppgjeret, så ville
dei vore klare for A-sluttspelet. Den siste kampen i det innleiande
gruppespelet enda nemleg 0-0 mot Sykkulven. Laget frå Sunnmøre hadde
eitt meir plussmål enn Skånevik, og tok den viktige 2. plassen i pulja.
Rjukan var suverene, og vann alle kampane. 4-2 over Skånevik.
Les
meir i Grannar
15.07.04
Samferdselsplan for Sunnhordland
Styre i Samarbeidsrådet for
Sunnhordland (alle ordførarane og rådmennene i Sunnhordland) har den
02.07.04 lagt Samferdselsplanen for Sunnhordland ut til høyring i
kommunane. Planen tek for seg ulike typar investeringar i samferdsle,
ferjedrift, snøggbåttdrift, bussdrift og lufttransport.
Styre ønskjer ikkje å binda
opp kommunane før desse har uttala seg, og vil følgjeleg ikkje ta
endeleg stilling til samferdselsplanen før etter at høyringsfasen er
over.
Planen gjev eit resyme over
samferdselsutviklinga i Sunnhordland dei siste tjue åra og ein status
for stoda i dag. Det er også lista opp ei rekkje forslag til kva som bør
skje i høve til å betra samferdsletilhøva og kollektivtilbodet i
perioden framover mot 2015.
Innanfor vegsektoren vert det gjort framlegg om å satsa spesielt på
fem vegaksar. Det er:
- Vegaksen Haugesund-Drammen (Haukelivegen)
- Vegaksen Stavanger-Bergen (Kyststamvegen)
- Vegaksen Bømlo-Odda (Industriaksen)
- Vegaksen Sveio-Bergen (Gullvegen)
- Vegaksen Sauda-Bergen (Midtre trase)
Dei ulike vegtraseane i kvar
vegakse er skildra i planen, der investeringane innan kvar trase vert
prioritert i tid. Mest alle traseane i dei fem vegaksane skal vera
bygde/utbetra før 2015.
Også det sekundære
vegnettet i Sunnhordland er skildra og prioritert. To prosjekt i kvar
kommune er prioritert. Det er også utarbeidd mål for trafikksikring i
Sunnhordland.
Det vert lagt opp til ei effektivisering av ferjedrifta i Sunnhordland
med satsing på nye ferjer
med større fart og betre
kapasitet. Dei tre nye gassferjene på Sandvikvåg-Halhjem vil frigjera
fire 140-bilars ferjer på andre samband i Sunnhordland.
Det vert lagt opp til å
korta inn ferjesambanda Løfallstrand-Varaldsøy-Gjermundshamn,
Skjersholmane-Ranavik-Sunde
og Sandvikvåg-Halhjem. Ein rår til at dei noverande fylkeskommunale
tilskotsmidlane på ferjesambandet Fjelberg-Sydnes-Utbjoa vert nytta til
å finansiera det nye Fjelbergsambandet. Ein ønskjer også å få
vurdert om dei statlege tilskotsmidlane som i dag vert nytta på
ferjesambandet Buavåg-Langevåg vert nytta til å byggja ny veg mellom
Langevåg og Sakseid. Konsekvensen av dette kan bli at dei to
ferjesambanda vert lagt ned.
Ein vurderar det som viktig
at Flaggruta held fram som ei viktig basisrute mellom Leirvik som
knutepunkt i Sunnhordland. Med den sterke konkurranse Flaggruta har fått,
er det viktig at ruta får ei mest mogeleg bein seglingsrute også
gjennom Sunnhordland. Det bør difor etablerast ei eiga snøggbåtrute
mellom Rubbetadneset og Bergen, med stogg i Fitjar, Hufthamar og
Flesland, morgon og kveld.
Ettersom Ølen er blitt ein
del av Rogaland, og det er uvisst om Rogaland fylkeskommune vil
delta økonomisk i snøggbåtdrift
i Sunnhordland, vert det gjort framlegg om at Skånevik vert
ny hovudterminal for snøggbåtane
i indre og søre Sunnhordland, der det vert lagt opp til korrespondanse
med Haukeliekspressen og bussruter mot Odda og Haugesund. Det vert
vidare lagt opp til ei ny snøggbåtrute mellom Rosendal og
Flesland/Bergen, med korrespondanse med eksisterande snøggbåtrute
mellom Våge og Os.
Det vert gjort framlegg om
fleire gjennomgåande bussruter på kryss og tvers i Sunnhordland, og
mot byane, og ei sterkare fokusering på regionen sin flyplass på Sørstokken.
Last
ned heile planen her. ( Word-fil på 2,8 MB )
11.07.04
Fjordalangs 2004
Olav Samland, Klypetussen:
Sist laurdag sprang 44 løparar
gamlevegen mellom Skånevik og Etne. Fjordalangs som løpet heiter, går
langs vakker natur med sjø og fjell. Tilsaman er det 25.820 m å leggja
bak seg. Og når været var så perfekt som på laurdag,
- overskya, 17 grader og heilt vindstille, så er jo allting bra!
Fyrst
i mål kom Etnebu og HIL-løpar
Ingemund Askeland på tida 1.30.02. Han var 7 min bak løyperekorden til
Knut Erik Rame, men har nok
kapasitet til å springa ein del fortare enn han gjorde, etter å ha
hatt eit lengre skadeavbrekk tidlegare i år. Wiktor Berg frå Sveio følgde
på 2. plass, men var heile 10 min. bak.
Av damene, som talde 6 stk, var det Therese Sjursen
frå Haugesund som kom inn på bestetid med 1.51.36.
Etter
innkomsten i mål var det kaker å få i Etne Kulturhus. Utdeling av
diplomar og premiar vart gjort innimellom kaffislurkane.
Waldemar
Olsen frå Sauda fekk utdelt løpets gjevaste premie, som er ei klokke i
stein med løpets logo inngravert. Gunnar Vaage
frå IL Trio har saman med Gisle Sellevold i arrangørklubben
delteke 16 av dei 17 åra løpet har gått. Og det utgjer tilsaman ein
distanse på 41 mil, altså frå
Etne til Oslo. Les
resultatlista ( Excel-fil).
10.07.04
Ness blir ikkje med til Tromsø
05.07.04 Borteseier
til Scorpions
29.06.04 Sjefen
teller ned
21.06.04
Vil
skape trivsel i bygda
Å
få det trivelegare i bygda er det sentrale for dei tre kvinnene i ei
trivselgruppe i Skånevik.
I trivselsgruppa er Laila Ytrenes, Peggy Molnes Kristiansen og Julie Røgelstad.
Dei fortel at dei kom med i dette arbeidet ganske tilfeldig.
— For å kome i gang trong initiativtakarane to personar til å kome på
eit møte, og vi sa ja til det, seier Peggy Molnes Kristiansen og Julie
Røgelstad. Laila Ytrenes kom med litt seinare.
Dei starta opp i januar i år med å gjere små enkle ting som vil skape
trivsel i bygda, fortel dei.
I februar hadde dei eit møte med bygdefolket der dei bad om innspel til
kva som kunne gjerast, og her fekk dei mange nye idear.
Blomar og informasjon
Noko dei synest er viktig er at nyinnflytta blir ønskte velkomne til
bygda på ein koseleg måte. Les
meir i Grannar.
18.06.04
Italiensk besøk i Skånevik
Trio Milontan frå Milano kjem til
Hordaland i juni, og held mellom anna konsert i Skånevik laurdag 26.
juni i Doktorhagen kl. 18.00. 
Trioen består av Angelo Colletti, piano,
Andrea Ruffilli, fiolin og Roberta Ruffilli, cello. Alle dei tre
musikarane har bakgrunnen sin frå klassisk musikk, og har fyrst og
fremst framført kammermusikk. Dei gjekk saman i Trio Milontan for to år
sidan for å spela musikk av argentinaren Astor Piazzolla. Dette er
moderne musikk i klassisk stil, arrangert for fiolin, cello og piano.
Astor
Piazzolla vart fødd i Mar del Plata i Argentina i 1921 og døydde i
Buenos Aires i 1992. Han fornya den tradisjonelle musikkforma med
uttrykksfulle middel frå ymse musikalske språk, frå argentinsk
folkemusikk, jazz og europeisk musikktradisjon. Denne samansmeltinga gav
rett så originale resultat. Alle dei
tre musikarane har brei konsertrøynsle frå Italia, både saman og kvar
for seg. Andrea Ruffilli og Angelo Colletti turnert saman tidlegare med
musikk som spenner frå Bach til Schönberg, og bror og syster Ruffilli
har mellom anna turnert i Europa med Julian Lennon.
Trio
Milontan har halde konsertar mange stader i Italia, men vitjar no Noreg
for fyrste gong. Konserten i Skånevik er den siste på turneen. Før
dei kjem så langt har dei vore i Moster Amfi, Os og Austevoll. Det er
Os kulturutvikling, stiftinga som står bak det internasjonale
skulptursymposiet i Os, som har invitert trioen til Noreg, og som skipar
til konsertane saman med lokale arrangørar.
Lokale
sponsorar i Skånevik gjer det mulig å gjennomføra konserten, og
eindel av inngangspengane vil gå til sentrumspynting i Skånevik.
Sett av tid til å oppleva denne sjeldne konserten i Skånevik.
Åsmund Lien, Os Kulturutvikling og Leif
Arne Løvereide, Skånevikprosjektet
16.06.04
Segn
bak nytt brød
Juraskarskjerringo,
den kjende fjelltoppen i Skånevik, er meir enn ein populær
utfartsstad. Nå blir eit heilt nytt brød oppkalt etter segna. Etter
ein ide frå Larsen Bakeri og Skånevikprosjektet. — Vi
ville skape noko positivt for bygda, og kom på at vi kunne starte med
å bake eit heilt nytt brød. Eit brød som er særeige for Skånevik,
og som skal vere med på å gi inntekt til bygdeutvikling og næringsutvikling
her i framtida. To kroner av kvart brød skal gå til dette, fortel
Hildegunn Larsen ved Larsen Bakeri.
— Kva var meir naturleg enn å gripe fatt i noko som finst.
Potensialet rundt segna om Juraskarskjerringo er der, og berre fantasien
kan stoppe oss. Brødet ville vi skape mest mogleg saman med
bygdefolket, og vi har tatt kontakt med Skånevik skule når det gjeld
illustrasjon av Juraskarskjerringo på framsida av brødposen.
Bygdefolket har fått delta i prosessen ved prøvesmaking av
forskjellige brød den siste månaden, fortel ho. Les
meir i Grannar.
15.06.04
Kotelettar
i solsteiken på torgdag
Sommaren kom, og det var
ingenting å utsetje på appetitten i solesteiken på kaien i Skånevik
på laurdag. Grillekspertane Osvald og Geir Birkenes hadde full hyre med
å få ferdig nok kotelettar.
Torgdagane i Skånevik stoler på eigne krefter med underhaldning av
lokale aktørar. I turistbygda Skånevik er det også mange tilreisande
som samlar seg til ei hyggestund på Torgdagane.
Sildakongen Arvid Otto Mørch var i slag både på scenen og
vedsildeboda på kaien. Han filosoferte over at spekesilda kom før
rocken og ansjosen før spekesilda, og konkluderte med at ansjosen gjer
han ekstra glad i kvinner.
Primus motor i årets torgdagar, Turid Straumsøy, strålte i kapp med
sola.
— Når vi har vêrgudane med oss, går alt bra. Folk kosar seg uansett
på ein slik junidag, seier ho. Les
meir i Grannar
05.06.04
Spennande
tiltak frå Larsen`s Bakeri
Bakeriet
i Skånevik har utvikla eit nytt brød med eigenart og smak av Skånevikshistorien,
-bygdas eige brød. Og med utgangspunkt i det beste frå gamle lokale
oppskrifter og tilbakemeldingar frå dagens kunder.
Nå er oppskrifta klar, og
kundene let vel. Navnet på brødet er lånt frå den lokale segna om Juraskarskjerringjo. Denne segna vil også stå trykt på brødposen.
Elevar
frå Skånevik Skule har teikna forslag til dekor på brødposen, og det
vart eit imponerande resultat. Skikkeleg utfordring å kåre den
tegningen som vert brukt. Kart
over turen til Juraskarkjerringjo vert og trykt på den flotte brødposen,
og stien opp til fjells vert rydda og merka. Det
nye spennande brødet vert klar for salg i butikken onsdag i
”Bluesveka”.
24.05.04
Tok
sine første poeng
Onsdag møttes
Etne/Skånevik og Vats 94 til dyst på Etne stadion. Kampen utvikla seg
til ein thriller, med både tverrleggjar- og stangskot, og ikkje minst
straffe i sluttminuttane.
Det var ikkje mange sjelene som hadde møtt
fram på tribunane i Etne på onsdag, men det får det sure veret ta
mykje av skulda for. Bitande kald vind og regnbyer som slo i bakken
freista nok ikkje så veldig.
I byrjinga på kampen var laga jamgode. Både
Vats 94 og Etne hadde få sjansar. Etter eit kvarters spel får Vats 94
beina fram eit skot mot mål, men ballen går over. Midtvegs i 1. omgang
tek Etne meir og meir over, og etter 25. minuttar kom scoringa publikum
venta på. Ove Straumsøy kom aleine mot keeper og lurte han trill
rundt, eit nydeleg skot frå 20-åringen som førte Etne opp i leiinga.
Etter målet var det stort sett Etne som pressa, og laget kunne fortent
gå av banen med 1-0 leiing. Les
meir i Grannar.
13.05.04 Lang
fartstid i Kollen
Geir Egil Dyrdal
er ein av de lokale løparane som har lengst fartstid i
Holmenkollstafetten. Han debuterte så tidleg som i 1985. I år var han
på nytt i aksjon for Klypetussen i massemønstringa. —
Eg løp for Skånevik dei to første gongene. Moderklubben fekk etter
kvart problem med å stille lag. Sidan har eg vore med Klypetussen. Olav
Samland og Gisle Sellevold har dei siste åra trekt i trådane. Dei to
gjer ein kjempejobb. Det er ein del brikker som må på plass når ein
skal mønstre lag i Holmenkolstafetten. Spesielt når dei fleste må
reise langt og overnatte både ein og to gonger, seier 40-åringen til
Grannar. Geir Egil Dyrdal var i år sett opp på den 1100 meter lange
startetappen. Den er tøff ettersom det er 500 meter med stigning i
starten. Dyrdal viste på sin etappe at han framleis har fart og styrke
i beina. Det var berre tre av konkurrentane som veksla før Klypetussens
startmann. Les
meir i Grannar...
06.05.04
3 Busserulls til Torgdagane
Torgdagsnemda:
Torgdagane
er under full planlegging, og
me har vore så heldige og klart
å få 3 busserulls til Skånevik. Dei består
no av Gunnar Andersen, Tore Handeland og Geir
Halleland. Dei vert å finna lørdag kveld i Idrettshallen med show først,
pause med salg av spekemat, vidare fortsette dei kvelden med dans.
Dette
kjem til å bli ein uforglemmelig kveld!
Men
Torgdagane er meir enn lørdagkveld…
Me startar som tidlegare
med Familiekveld fredag kl 19.00 i Idrettshallen. Her vert det
underholdnindg av diverse slag. Ungdomsskulen deltar bl.a med nokre av
sangane til bluesprosjektet. Det vert og høve til ein liten matbit.
Lørdag opnar torget kl 10.00. Me har i år auka
premien på utkledningen til 1000 kr, og vil oppmoda alle om å leita
fram gamle klede og hjelpa oss med å få Torgdagane i den rette
stemningen.
Det
er ikkje alltid så masse som skal til, og kanskje er der små tips
eller klede på Fretex…?
Berre å
setta seg i tenkeboksen ei lita stund.
Frå scenen blir det litt underholdning:
Stjerner i Sikte - Konkurranse
- Step oppvisning
- Aspirantane håpa me
og på.
Søndag vert det Utegudsteneste også som tidlegare i Eikhaugen kl 11.00
Alt ligg i allefall til rette for flotte Torgdagar
også i år. Nærare klokkeslett i programmet kjem me attende til.
23.04.04
Vil reise kjerringa i
Skarverennet
Laurdag
set Chris Jespersen sluttstrek for sin første sesong på seniornivå.
Det gjer han i Skarverennet kor det er god internasjonal deltaking. Det
populære turrennet markerer også starten på ein ny sesong. —
Eg var langt frå fornøgd med det eg presterte i NM-avslutninga før påske.
Det gjekk tungt på 50-kilometeren i NM, seier Chris Jespersen.
Førre sesongs juniorverdsmeister hadde
ambisjonar om å vise seg fram frå ei anna side på sin første
femmilsstart i NM-samanheng. 20-åringen kunne konstatere at det har gått
tyngre enn forventa i vinter. Jespersen går for øvrig nokre spennande
dagar i møte. Før helga vil han få beskjed om det blir landslagsplass
kommande sesong. Det han har prestert i vinter er i grenseland til at
Chris får fornya tillit på rekrutteringslandslaget. Det talar til
Korlevoll-løparen sin fordel at dei fleste førsteårsseniorane får to
år på å bevise at dei bør satsast på. Fjorårets resultat er heilt
klart eit pluss for han. Les
meir i Grannar
14.05.04
Stord Dialog startar opp i
Skånevik
Leif
Arne Løvereide: Det
var Svært bra
frammøte på infomøtet på Skånevik Fjordhotel tysdag kveld.
Daglig
leder i Stord Dialog, Elin Haukanes hadde ein fin og oversiktlig
informasjon, og svara på spørsmål vedr. bedrifta på Stord, og
etableringa i Skånevik.
Styreleiar
i Stord Dialog, Jan Kåre Pedersen orienterte om planane og veien
vidare. Han legg ikkje skjul på at Tele Marketing er eit spanande og
framtidsretta yrke, og at Stord Dialog arbeidar bevisst for å vere
blant dei seriøse i bransjen.
Dei
har også solide eigarar som bl.a. har ca. 400 tilsette i
telemarketingselskap på østlandet.
Dei
frammøtte var nøgde med informasjonen, og mange skreiv seg på lista
for å vere med på opplæringsfasen. Fleire hadde navn på personar som
ikkje hadde høve til å vera med på infomøtet i kveld, men som er
interessert i å bli kontakta om jobb. Her er og plass til fleire, så
er du interessert, kan du ta kontakt med Leif Arne i Skånevikprosjektet.
Det
arbeidast nå frå Stord Dialog med å komma snart igang med opplæring,
og at produksjonen i Skånevik er igang i løpet av ein månads tid.
Etne
Kommune og Skånevikprosjektet har og nokre oppgaver i denne samanheng,
og synest det er triveleg arbeid å få vere med på etablering av
fleire arbeidsplasser.
Samtidig
som ei 120 år gammal tradisjonell bedrift i Oslo måtte gi opp, og 85
arbeidsplasser forsvann, kan me tilby 40 nye arbeidsplasser i Skånevik.
Kanskje er straumen snudd, og folk på veg tilbake til bygdene.
Les
også leiarartikkel i Grannar.
03.04.04
Vil etablera seg i
Skånevik
Leif Arne Løvereide:
Telemarketing er ei
vekstnæring i Noreg. I dag er det mellom 15.000 og 20.000 personar som
arbeidar i denne næringa her i landet, i ein totalmarknad opp mot
500mill. Eit telemarketingfirma på Røyken
har ca.500 tilsette.
Stord
Dialog, som vart stifta i 2002, har nå 65 tilsette, og ynskjer å
etablera ein avdeling i Skånevik i løpet av kort tid.
Ein av føresetnadane er at det
er tilgang på nok arbeidskraft. Det bør vere minst 16 personar som er
villige til å vere med på opplæring på Stord i to veker rett etter påske,
for så å arbeide i Skånevik med ein gang etterpå. Det
er arbeid nok til over 30personar, fordelt på dagskift og kveldsskift.
Det er ikkje lagt opp til administrasjon i Skånevik,
men med coach som er tilstede for dei tilsette på bedriften i Skånevik.
Me hadde et
infomøte på Skånevik Fjordhotel fredag 2. april, og vil ha et til på
Skånevik Fjordhotel Tysdag
13.april kl.18.00.
Der er
du hjerteleg velkommen til å høyra om den nye jobbmuligheten. Ta
gjerne med nokon som du kjenner. Og du kan vera frå heile Etne Kommune
med omland.
Du kan også
ta kontakt med Leif Arne i Skånevikprosjektet når som helst i helga
for å få meir info, og eller for å melda di interesse for å vere med
på opplæringa og søkje jobb i Skånevik. Velkommen til
orienteringsmøte tysdag 13. april kl. 18.00 på Skånevik Fjordhotell.
Les
også i Grannar...
01.04.03 Lyktes ikke med driften
Forsøket på
å videreføre driften etter konkursen i EasyConnect Skånevik as lyktes
ikke, - Skånevik Teletjenester as har begjært oppbud.
Et brått og
uventet bortfall av den manuelle nummeropplysningen for 1890 i vinter,
har resultert i at selskapet Skånevik Teletjenester as aldri maktet å
komme i gang med normal
drift. Omstillingsprosessen fra å drive nummeropplysning til å bli et
callsenter ble ikke slik som planlagt.
Selskapet
ble etablert basert på at det skulle drive manuell nummer-opplysning
for EasyConnect as (opplysningen 1890), og at man gradvis skulle bygge
opp en salgsorganisasjon som på sikt skulle bli selskapets
hovedforretningsområde. Allerede etter en måneds drift ble imidlertid
Opplysning 1890 sentralisert, og all virksomhet ble lagt til Ulvik og
Vaksdal. Det nyetablerte selskapet i Skånevik ble stående tilbake nærmest
på bar bakke, uten faste inntekter og med arbeidsgiveransvar for
personell som var uten selgererfaring. Omstillingsprosessen kom på et
langt tidligere tidspunkt enn planlagt, og omfattet både teknisk utstyr
og opplæring /rekruttering av selgere. Selv om investeringene på ingen
måte kan sies å være store, bidro også disse til at selskapet kom i
en vanskelig likviditetssituasjon. Det viste seg også vanskelig å
rekruttere et nødvendig antall kvalifiserte selgere.
Resultatet
ble en solid omsetningssvikt, og selv om det ble iverksatt tiltak for å
holde kostnadene nede, lot det seg ikke gjøre å få balanse i driften.
Regnskapet for 2003 viste et underskudd. Heller ikke i 2004 har
selskapet maktet å få balanse i driften, og selskapet kom i den
situasjonen at det ikke lenger var i stand til å møte sine
forpliktelser.
Selskapets
hovedaksjonær, Skånevik Næringsutvikling as, har i tillegg til å
tilføre selskapet kapital, i den siste tiden arbeidet aktivt for å få
i stand en refinansiering av selskapet. Tirsdag måtte man imidlertid slå
fast at det ikke var mulig å få i stand en slik løsning, og styret i
Skånevik Teletjenester as besluttet derfor å stanse driften og begjære
oppbud.
Leder
i Skånevik Næringsutvikling as, Alf Warloe Christophersen, sier i en
kommentar at det er beklagelig at Skånevik Teletjenester as nå opphører.
Arbeidet med å refinansiere selskapet, har imidlertid resultert i at
nye investorer er interessert i å etablere seg i Skånevik og videreføre
tilsvarende virksomhet Han derfor har godt håp om at de ansatte hos Skånevik
Teletjenester as skal kunne sikres fortsatt arbeid gjennom dette
selskapet. For Skånevik Næringsutvikling as er det tross alt et
overordnet mål å skape og sikre arbeidsplasser i lokalmiljøet.
30.03.04
Med tru på bygda
Dei er unge og på veg inn
i yrkeslivet. I Skånevik har Geir Ove Norheim og Vidar Lillevik fått
den gode smaken. Sunnhordland Mekaniske Verksted AS (SMV) er
den desiderte hjørnesteinsbedrifta i Skånevik etter at Norway Foods
for fire å sidan stengde anlegget. Over 60 arbeidsplassar forsvann med
eit pennestrøk.
– Ein fin og god arbeidsplass med mange kjekke folk. Kan godt tenkja
med å jobba her – dersom eg får tilbod, seier Geir Ove Norheim (19),
automasjonslærling frå Husnes.
Treng fagfolk
Saman med Vidar Lillevik (19), også han kvinnhering frå Utåker, har
han læretida si ved SMV. Båe er elevar ved Stord vidaregåande skule.
Medeigar Anders Hovda er glad for å ha slike ungdommar i rekkjene.
– Det er vanskeleg å finna lærlingar frå bygda og i kommunen.
Rekruttering er viktig, og unge, flinke fagfolk har me alltid plass til,
seier Hovda.
Ved SMV får dei to lærlingane blant anna vera med å bygga store og
avanserte køyretøy til smelteverksindustrien. For tida er den
mekaniske bedrifta med over 50 tilsette i gang med å produsera fire
spesialmaskinar; såkalla anodeskuffarar, til Sør-Norge Aluminium på
Husnes. Les
meir i Haugesunds Avis...
25.03.04
Viser gammal klasse
Komlene
er klare for servering. Kokk Peggy Kristiansen får eit godkjennande
nikk av hotellsjef Knut Torbjørnsen i Skånevik.
Hotellet har tilbakelagt ein vond periode. Smil, optimisme og
arbeidsvilje pregar igjen miljøet ved Skånevik Fjordhotel. Det er som
i gode gamle dagar.
– Det er SÅ kjekt å jobba her. Og stemninga er på topp, seier den
smilande kokken. Peggy Kristiansen og kollega Anna Eikemo er klar
med komlegryta. Ei busslast med svoltne gjester frå Vindafjord kommune
skal snart serverast. Besøkstalet er stigande.
– Godt besøk
Ein bergensar har kommandoen etter at Endre Rundhovde & Co måtte
kasta korta for vel eitt år sidan. Knut Torbjørnsen tok med seg humør
og massevis av hotellerfaring frå Ulvik, og har i dag eit godt grep om
drifta.
– Det går svært bra. Me er godt booka utover heile sesongen. I fjor
påske var hotellet stengt. Årets påske blir travel og svært bra. Det
er nesten ikkje plassar igjen, konstaterer hotellsjefen, og viser fram
det renoverte storkjøkkenet der aktiviteten er på topp. Les
meir i Haugesunds Avis...
22.03.04
Slett ingen vill ide
Jørgen Eljervik lanserte
eit luftig forslag i fjor sommar. Nå er Skånevik klar og ventar
storinnrykk frå naturelskarar av alle slag.
– Dette blir Sørvestlandets første villmarksmesse, og me er ikkje så
lite spente. Potensialet bør vera stort, seier idémakaren.
Saman med Turid Straumsøy og andre gode støttespelarar i bygda har Jørgen
Eljervik jobba på spreng denne vinteren. Rundt 40 utstillarar og eit
variert program vil syta for å skapa ei messe med mangfald.
Jakt, fiske og tur
– Det er ikkje berre dei jakt- og fiskeinteresserte me rettar oss mot.
Tur og friluftsliv blir ein viktig del av arrangementet, som går av
stabelen siste helga i mars, presiserer Turid Straumsøy. Les
meir i Haugesunds Avis... og i Grannar.
21.03.04 Egil
Bjørnestad festivalutstiller
Stavangerkunstnaren Egil Bjørnestad stiller ut grafikk, maleri
og penneteikningar under bluesfestivalen i år. Utstillinga på
Skånevik Fjordhotel blir opna fredag 2. juli. Les
meir på sida til Skånevik Bluesfestival.
16.03.04
Gir ikke opp Dylan
Bob Dylan kommer ikke til bluesfestivalen.
Men det betyr ikke at legenden dropper Skånevik.
– Bob Dylan skal til Skånevik. Jeg har vært i Trondheim og sett på
teltet studentene bruker under UKA-konsertene som tar rundt 6.000
mennesker. Vi planlegger konsert med Dylan her i bygda til høsten, sier
festivalsjef Alf W. Christophersen i Skånevik Bluesfestival.
Bob Dylans konsertagenter prioriterte Danmark istedenfor Hordaland
torsdag 1. juli. Dermed må Christophersen gjøre om på
konsertprogrammet til årets tre dagers fest.
– Jeg har direkte kontakt med Dylans agent i London som setter opp
turnèrutene. Alt lå til rette for storfint gitarbesøk, før jeg møtte
visse hindringer i Oslo, sier Christophersen, som ikke vil utdype hva
disse problemene gikk ut på.
– Nei, det vil bare slå tilbake på meg selv.
Spesialkonsert
Hva som skjer med Van Morisson er ennå ikke avgjort. Trolig velger
Christophersen å droppe ham, siden han helst så for seg disse to som
en «pakke».
Les
meir i Hgs. Avis
15.03.04
Rivalar
blir medspelarar
Fotballspelarane i
Skånevik og Etne har gått frå å vere rivalar til å bli
lagkameratar. Sidan nyttår har dei stilt med felles herrelag.
Rekrutteringsvanskar blant dei eldre
fotballspelarane er litt av bakgrunnen for at dei to laga no vel å slå
seg saman. Idrettslaga i begge bygdene merkar at det med åra har blitt
vanskelegare å få med både spelarar og støttespelarar på
seniorsida.
— Me har slite ein del år i Skånevik. No prøver me eit samarbeid
med Etne som me håpar kan slå positivt ut, seier Lars Jarle Ness, som
sit i styret for Skånevik-laget. For
det var først og fremst herrelaget i Skånevik som no var byrja å
henge i ein tynn tråd.
Etne tok initiativ
Det var på eit møte i jula at Etne tok initiativet til samanslåinga
av herrelaga. Skånevik hadde då ikkje nok spelarar til å stille lag.
Sjølv om det er mange utfordringar knytte til denne omorganseringa,
meiner begge partar likevel at dei har alt å vinne.
— Me får fleire folk å ta av, og det
blir lettare for Skånevik å oppretthalde herrefotballen, seier Pål
Askvig frå styret i Etne. Les
meir i Grannar...
15.03.04
Sverre Idland vant Skånevikfelten
Skånevikfelten vart
arrangert på Vatndal søndag 14. mars. Ettersom nedbøren nesten
uteblei, var det den ujamne vinden som vart den største
utfordringa for skyttarane. Trass i dette var det mange som fekk flotte
resultat.
Sverre Idland, som skyt for arrangørlaget Skånevik, vann Skånevikfelten
med 30 treff og 17 innertreff. Han var den einaste blant seniorane som
klarte denne prestasjonen. Av dei åtte klassane som er på grovfelten,
vann Arvid Taraldsøy kl. 1, Olav Samland kl. 2, Sverre Idland kl. 4,
U.K.Stengårdsbakken kl. V55 og Arne Leknes kl. Jeger. Alle desse
representerer Skånevik Skyttarlag.
Forutan Skånevikingane, var det skyttarar frå "Grannar-distriket"
som vann ni av dei ialt 16 disiplinane det vart skote i. Dette
vitnar om ein aukande aktivitet i distriktet, samt at nivået på våre
lokale håp blir betre og betre. Me kan trekka fram Nils Fredrik
Espevold frå Vikedal og Gisle Enge frå Etne, som begge fekk 30 av 30
oppnålege treff.
- For Skånevik
Skyttarlag, Roar Knudsen
14.03.04 Pennefør
dame på 90
Med glimt i
auga, og ein krystallklår hjerne, tek nitti år gamle Karoline Taraldsøy
i Skånevik imot. Ho takkar sitt gode humør for at ho trass mykje
sjukdom, lever eit godt og aktivt liv på Skånevik Omsorgssenter.
Karoline Taraldsøy fylte nyleg 90 år. Ho bur på
eit koseleg rom på Skånevik Omsorgssenter. Klår som ein ungdom i
tankane fortel ho om eit utruleg rikt og spennande liv. Sjølv om ho,
som ho seier sjølv, berre har vore husmor og mor, har ho fått meir ut
av livet enn mange.
Skule på garden
Ho voks opp i indre Tungesvik med Vatndal som etternamn. Ho
fortel at det den gong var eigen skule i Tungesvik, noko som verkar litt
fjernt i dag. Karoline gjekk sju år på denne skulen i skulehuset på
heimegarden. Seinare gjekk ho på Nordhordland ungdomsskule, seinare
folkehøgskule. Det var ikkje alle som var så heldige å få gå på
skule etter folkeskulen den gongen.
— Det var bestefar som gav grunn til
skulehuset, som ikkje berre vart brukt til skule. Eg minnest
juletrefestane der folk kom både frå Skånevik og Åsheim, og det var
stor stemning der, minnest ho.
Glad i å skrive
Karoline Taraldsøy fortel at ho alltid har vore glad i å skrive.
Les
meir i Grannar...
08.03.04
Jakt- fiske og turdagane i medvind
!
Det haglar
med gode meldingar m.h.t. Jakt-,
fiske- og turdagane i Skånevik.
Udmund Kjell har trylla fram et hjorteløyve
som blir trekt på inngangsbilletten til villmarksmessa! Det blir
trekt blant alle bilettane som blir solgt på messa. Så ta vare på billetten.
Dersom du vinn løyvet, og ikkje er jeger kan du ev. avtale å bli med på
jaktopplevelsen i lag med ein annan jeger. Dette må avtalast med givar
etter trekning.
Lørdag blir
det og trekt ein fiskesak frå
Sølvkroken as på billettane. I
tillegg har Jerven as i Odda spandert ein Fjellduk,
som og vert trekt på biletten på søndag.
Utstillerane
er i full gang med forberedelsene, og ser fram til spennande dagar i Skånevik.
Messeleiar Turid Straumsøy melder om godt samarbeid med utstilerane, og
at deira engasjement gjer det ekstra interessant å stå på for å få
til eit godt arrangement.
Det kjem også inn signaler om at friluftsinteresserte folk kjem frå
eit vidt distrikt for å oppleva villmarksmessa i Skånevik.
Gruppa som produserer skillevegger har lagt ned masse arbeid og er nå
klare med 74 veggmodular. Det har blitt mulig p.g.a. ein glimrande
velvilje og innsats frå Tungesvik Bygg, Knudsen Dørfabrikk v.Eivind
Knudsen og SMV.
Terje
Karlsen, som frå Sølvkroken as, som hadde et vellukka kastekurs for
fluestang i Skånevik Idrettshall i febr., er for tida i Skottland på
kurs hos verdens beste fluefiskar Andy Murry.
Karlsen er
glad han slepp å betale for fiskehølen han skal fiske i, for normal døgnpris
skal vere mellom 35.ooo,-kr og 50.ooo,- kr. Me håpar han får anledning
til å vise litt skottske kastekunster på messedagane.
Utstillarstandane
inne er fullbooka, på utsida blir det 3 lavoar, ein salgsbil og et
stort turtelt. Dette blir bra !
Messegruppa
vil retta stor takk til sponsorane som er med og støttar økonomisk: Skånevik
Fjordhotel, Sunnhordland Mekaniske Verksted, Skånevik Ølen Kraftlag,
Tungesvik Bygg, Johansen Rør, Alfee klesbutikk, Sper Cristophersen, Skånevikprosjektet,
Toralf og Per Sævareid, Skånevik Blomster og Gaver, Perlo Souvenir,
Fjordkroa, Krambua, Skånevikstrand Maskinstasjon, etne Øl og
Mineralvannutsalg, Vertshuset kronstad, Ove Eriksen Transport, Olav
Tjeldflåt og Duo Frisør.
04.03.04
Folkeliv
og helsekost på ministeren
Dei blei ein snill og folkeleg
kveld på Dagfinn Høybråten i Skånevik Idrettshall tysdag. Livvaktar
var ikkje å sjå og ordet homofili var fråverande. Høybråten
heldt fokus på dei store linene og visjonane, både i samtale med
pressa og under talen i idrettshallen. Denne kvelden ville han la
striden rundt han som KrF-leiar liggje, og heller sjå framover mot nye
og ljose tider for helse-Noreg. Så var det også som helseminister han
var invitert, og ikkje som partileiar.
Til stades i idrettshallen var stolte skånevikbuar
som alle fekk ein plass å sitje etter at ekstra stolar var sette fram -
for dei strøymde til arrangementet, både tilskodarar og utøvarar. Så
måtte også Høybråten rose engasjementet og dugnadsånda i bygda,
noko som han dessutan meinte var eit særpreg ved heile den norske
folkekulturen.
— Dette er eit fantastisk lokale. Her
er det både kropp, sjel og ånd i foreining, skrytte han, og framheva
vidare det førebiletlege ved Skånevik idrettshall – nemleg at den er
bygt på dugnad og heilt gjeldfritt. Les meir i Grannar
og Hgs.
Avis.
01.03.04
Chris møtte veggen
Det gjekk veldig bra for
Chris Jespersen i 35 kilometer i Holmenkollen. Då gjekk fem-
milsdebutanten på ein skikkeleg smell. Skåneviksguten hadde ikkje noe
val då det begynte å svartna for augene.
— Eg måtte leggja meg ned. Hadde ingen
sjanse til å fortsetja. Eg møtte den berømte veggen etter godt og vel
tre mil, seier Jespersen. Han kom aldri til dei ventande journalistane i
målområdet. Først på kvelden fikk me tak i han. Då var han på besøk
hjå Øystein Pettersen. Jamgammal konkurrent som har vore hospitant på
rekrutteringslandslaget i vinter. Jespersen skulle bruka kvelden og
natta på å koma seg til hektene før han tok fatt på heimturen.
— Eg er heilt øydelagt, og lite
motivert for å setja meg bak rattet nå. Det stiller seg truleg litt
annleis i morgon, sa Jespersen som ikkje blei skræmd. Han har lyst på
fleire femmiler.
— Eg var budd på at det ville bli tøft.
Hadde høyrt mykje om femtikilometeren i Holmenkollen. Rekna med at jeg
ville få et varsel når det begynte å gå tungt. Det gjorde eg på
ingen måte. Følte meg etter måten pigg då eg runda etter godt og vel
33 kilometer. Var budd på at den tredje og siste sløyfa ville bli
tyngre. Eg hadde ikkje kome så langt inn i skogholtet før det smalt.
Eg hadde kjensla av at det blei dratt ned ei rullgardin. For meg var det
ikkje noe val. Kroppen var tom for krefter og eg hadde ingen sjanse til
å koma meg rundt. Det var litt synd ettersom jeg låg så bra an, sa
Jespersen. Les
meir i Grannar...
25.02.04
SMV aukar
på eksportmarknaden
Sunnhordland
Mekaniske Verksted (SMV) satsar stadig meir på eksportmarknaden. Nå
har Skånevik-bedrifta sikra seg ein kontrakt til 3,5 millionar kroner
med det australske konsernet Kempe. Dette er
ein heilt ny forretningskontakt for SMV.
— Me har arbeidd for denne avtalen i
eitt år. Det er ein viktig kontrakt, som opnar opp for nytt samarbeid,
seier dagleg leiar Lars Hovda.
Samla sett ligg det inne omsetnad for 30
millionar kroner i første halvår i år. For heile året er det
budsjettert med mellom 50 og 60 millionar kroner. Nokre av
arbeidskontraktane som skal fullførast i vekene framover, har endå større
prislappar enn Kempe-avtalen. Les
meir i Grannar...
25.02.03
Klokkar
i nytt land
Florence Anynago
O. Langhelle kom frå ein afrikansk storby til Skånevik for snaut tre
år sidan. No er ho mellom anna klokkar i kyrkja der.
Den unge kvinna med det uvanlege namnet kjem
rett frå jobb i Skånevik barnehage når me møter henne på
kyrkjetrappa. Det er kvardag og ingen andre i kyrkja. Sundagane er
Langhelle klokkar i samband med gudstenesta i Skånevik kyrkje, men den
moderne klokkarjobben er ikkje det den eingong var. Det er nemleg ikkje
Langhelle sin jobb å ringe folk til kyrkjetunet. Ho løyser derimot
ulike andre praktiske oppgåver, både før, under og etter gudstenesta.
Fatta mot
— Eg hadde sett stillinga utlyst ei stund,
men eg torde ikkje søke med det same, fortel ho. Les
meir i Grannar...
22.02.04 Vann
to handballkampar
Fastelavensøndag
var det duka for lokaloppgjør i Skånevik Idrettshall. Skåneviksjenter
15 møtte Ølen på heimebane. Forrige
kamp desse møttes i Ølen tapte Skånevik med to mål. Ein tett og
hard kamp prega av mange utvisningar.
Jentene var derfor skikkelig tente på
siger denne gongen, og fekk godt med publikum med seg.
Kampen starta bra for
Skånevik, eit par kjappa mål og dei var i gong.
Det var ein tett 1. omg som skånevik leia
heile tida. Maria Vinje var ein av iniativtakarane denne omgangen som
gjorde ein bra kamp.
Etter pause blei det jevnare, og heilt mot
slutten var det uavgjort. Kjempespannande for oss som sto på
sidelinja og heia!
Skånevik klarte til slutt å vinna med
eit mål 17-16. Veldig bra jobba av eit godt samansveisa lag. Og til
stor jubel frå publikum som koste seg med kaffi og fastelavenboller,
tok dei revansjen!
Godt samarbeid
Ikkje nok med at jentene spelar handball
saman, nei nøyaktig same gjengen spelar nemlig fotball og. Forrige
sesong vart desse puljevinnarar, og vart heidra med applaus og
diplomar på søndag.
- "Me har det kjmpekjekt" seier
jentene. Mange av dei trenar 4 kvedar i veka i tillegg til andre
aktivitetar.
Jenter 17
Skånevik sitt 17-års lag spala og heime,
og møtte Kopervik. Etter ein litt fomlande og treig start leia
Kopervik til pause. Men Skåneviksjentene lot seg ikkje stoppa så
enkelt og klarte ein glimrande opphenting. Kampen vann dei
til slutt 17-14. Dette er bra!
Nok ein vellykka Handballsøndag i Skånevik
Idrettshall.
Ref: - Turid Straumsøy
21.02.04
Dylan og Van Morrison til Skånevik?
Om de
siste detaljene klaffer, stiller både Bob Dylan og Van
Morrison på Skånevik Bluesfestival første helgen i juli.
Ikke i boks: - Vær så snill og ha litt is i magen,
stønner festivalsjef Alf Warloe Christophersen. I hele går måtte han
roe ned mediefolk som ringte ham ned, etter at det ble kjent at han
jobber med å få selveste Bob Dylan og Van Morrison til Skånevik
Bluesfestival i begynnelsen av juli.
Christophersen bekrefter at han jobber med saken, men understreker igjen
at ingen kontrakt er signert ennå, og at han helst ville sluppet å
snakke om dette i mediene før ting var sikrere. - Men jeg vet
antakelig helt sikkert hva det blir til i løpet av neste uke, sier han.
Les meir i Stavanger
Aftenblad, TV2
Nettavisen og BA.
14.02.04 Helsefest med helseministeren i
Skånevik
Tirsdag 2. mars kjem
helseminister Dagfinn Høybråten til Etne kommune og Skånevik.
Ordførar Amund Enge stig om bord i statsrådens bil i Etne
sentrum på ettermiddagen, og medan ordføraren orienterer om
helsestellet i kommunen, dreg dei saman til omvising på det nye
Skånevik Omsorgsenter før den store helsefesten i
Idrettshallen om kvelden.
Ordføraren har tidlegare for Statens Seniorråd presentert Skånevik
Omsorgsenter som det med den flottaste utsikten i landet. No
kjem helseministeren for å få syn for segn.
På festen i Idretttshallen blir det helse og idrett frå først til
sist. Det blir oppvising ved Trampett-troppen frå
Etne Idrettslag. Frå Skånevik Idrettslag blir det kanskje
innslag med både step og spinning.
Alf Ove Nilsen fortel eventyret om korleis den gjeldfrie og
dugnadsbygde idrettshallen vart til, og Lions Club
orientererer om treningsavdelinga på Skånevik Omsorgsenter.
Så blir det sjølvsagt helsepolitisk foredrag ved Helseministeren, og
han får sjå kva som blir gjort på det lokale plan.
Det blir òg eit innlegg frå ordføraren
på festen.
Serveringa blir sjølvsagt reindyrka helsekost, men det skal
vera ei overrasking for publikum.
Det blir musikale innslag ved lokale krefter som ligg i trening,
og så blir det sjølvsagt rikeleg med allsong. Knut
Molnes avsluttar festen med kveldstankar. Det er Etne Kr.. som
har kapra helseministeren, og arrangementet skjer i samarbeid
med organisasjonane og Idrettshallen, som får gleda av
overskotet..
12.02.04
Ingen grunn til å gje seg
Nyleg
fylte Ingeborg Skoge 80 år. Det hindrar henne ikkje i å gå sine daglege
turar til Skånevik Idrettshall for å gjere reint, og for å treffe dei
unge. Det er ikkje store stillinga ho har i
hallen, men det går likevel mest ikkje ein dag utan at ho er der. Som
regel blir det fleire gonger for dagen. Ho har huset sitt like over gata,
så det er ikkje lange vegen ho har. Dessutan ser ho frå glaset sitt når
ho trengst.
— Ungane strålar i auga viss eg kjem og
låser opp for dei når veret er surt og dei blir ståande og vente ute,
fortel Skoge. Les
meir i Grannar...
04.02.04
Trening på toppen
Treningsrommet
som nå står ferdig på toppen av Skånevik omsorgssenter skal vera med
å førebyggja, og kanskje på sikt bli eit rehabiliteringssenter for
heile kommunen. Det var stor glede på
toppen av omsorgssenteret i Skånevik torsdag. Mange hadde møtt fram då
det var offisiell opning av treningsrommet. Dette er eit rom som mange
etterkvart har fått eit forhold til. Ikkje minst grunna den store
dugnadsinnsatsen Skåneviksbuen nok ein gong har stått for.
Dette greip ordførar Amund Enge fatt
i etter å ha klypt snora og erklært treningsrommet for offisielt opna.
— Her i Skånevik får de det til. Og er det noko de
vil så er de ikkje gode og stoppa, sa han og nemnde at dette ikkje er første
gong ein stor dugnadsinnsats ligg bak eit vellukka prosjekt. Les
meir i Grannar...
03.02.04
Etne/Skånevik
– Skånevik/Etne
Rivalene Etne og Skånevik
slår seg sammen på A-lagsnivå. Navnet på nyskapningen skjemmer ingen.
A-laget i 5. divisjon har fått navnet Etne/Skånevik. Rekrutteringslaget
i 6. divisjon heter Skånevik/Etne. Dermed er mye gjort for å få begge
parter fornøyde.
Foreløpig er prosjektet en prøveordning for én sesong.
- Vi i Etne hadde rundt 20 mann på treningene med A-laget, mens det i
Skånevik har vært problemer med å få nok folk. Ved å slå sammen
kreftene kan vi gi samtlige spillere et kamptilbud, sier trener for Etnes
A-lag, Martin Moe.
A-laget spiller hjemmekampene i Etne, B-laget i Skånevik. De fleste
øktene gjennomføres i Etne, men én ukentlig økt skal også avvikles i
Skånevik. Les
meir i Haugesunds Avis
31.01.04 Gløymer
aldri vennskapen
For Jenny Marie Bårdsen
er filmen om Moritz Rabinowitz ekstra spesiell. Ho var veninne med dottera
hans Edith Reichwall som gøymde seg i Skånevik fram til familien vart
arrestert av Gestapo.
Jenny Bårdsen (87) deltar også i
dokumentarfilmen om «Mannen som elsket Haugesund». Skånevik er eit lite
sidespor i forteljinga om jøden Moritz Rabinowitz som slo seg opp i
klesbransjen i Haugesund. Men for dottera hans Edith, mannen hennar Hans
Reichwall og den vesle sonen Harry, var Skånevik det lagnadstunge
vendepunktet då Gestapo banka på døra deira. I filmen får vi mellom
anna sjå huset der dei budde, eit steinskast frå det tidlegare
ungdomshuset.
Etne er ein av kinoane som har fått «Mannen
som elsket Haugesund» til Noregspremieren i morgon. Filmen handlar om
forretningsmannen som elska Haugesund, men som ikkje vart elska tilbake.
Den debatterer også skuldspørsmålet for deportasjonen av jødar. Les
meir i Grannar...
30.01.04
Positive damer
bak positivt tiltak i Skånevik
- Av Leif
Arne Løvereide, Skånevikprosjektet
Peggy Molnes, Julie Røgelstad og Laila Ytrenes har trekt igang
”Trivselsbygdgruppa ” i Skånevik. Dei har alt hatt et info og idemøte
på Skånevik Fjordhotel der 16 framtidsretta damer deltok. Men som ein
kjent forfattar skreiv for nokre år sidan : ” Hvor blir alle guttene av
? ” Det tek me med ro, dei kjem nok.
Som sitt første sprell vil dei
invitera innbyggjerane i Skånevik til
Bygdakveld fredag 13. februar i Idrettshallen kl.19.00. Tanken
er at folk kjem saman heilt uhøgtideleg og et kvelds ilag, og pratast
utan stress og jag og oppgaver.
Jimmy Øvredal, villmannen frå
Os, kjem og lagar litt underhaldning ei lita stund, og resten er satt av
til helsebringande drøs over bl.a. skjeva med brunost som du smør sjølv.
Vil du sjå korleis Jimmy ser ut, kan du sjå på inngangsdelen i Norge
Rundt, der han kjem tuslande ut or skogen kvar gong programmet tek til.
Han er og kjent frå NRK Hordaland sine lokalsendingar i mange år.
Trivselbygddamene har fleire planar og, og det viktigaste er å ha det
kjekt utan å slita seg ut.
Hordaland Fylkeskommune gjennomfører
nå et trivselsprosjekt i lag med kommunane i Hordaland. I Etne
Kommune deltek Skånevik, Sørstranda og Sævareid.
Prosjektet er kalla ”
Trivselsgrend ”, og byggjer på erfaringar og resultater frå ein
omfattande studie av trivsel, sosialt liv, og flyttemotiv i bygdene Oma,
Ølve/Hatlestrand og Fusa. Undersøkelsen omfatta bl.a. ein heil del
intervju, og fokuserte på kva faktorar som innbyggjerane såg på som
viktige grunnar til at dei blir buande på desse stadene. Oftast blir
slike undersøkelsar stila til dei som vel å flytta bort frå ei bygd.
Eindel tilbakemeldingar syner at
det er enkle ting omkring det sosiale som tel. Til dømes korleis
innflytterar blir mottekne i bygda, fritidsaktiviteter og sosial
inkludering o.s.v. Ein tilbakeflyttar uttalte: -Eg hadde budd såpass
lenge vekke, at eg brukte mykje meir tid enn eg hadde trudd på å komma
inn i miljøet igjen.
Det som er fint med dette
prosjektet er at det ikkje er snakk om masse arbeid og tung økonomi,
snarare det enkle og oppnåelege. Skånevik har mange frivillige
organisasjonar, fritidstilbud og muligheter i fleng, og gruppa har alt
laga oversikt over bygdas tilbud, som dei vil gi til tilbakeflytterar og
nyinnflytterar.
Så ta vel imot tiltaket, ver
sporty og kom på bygdakvelds – det kan vera trivelegare å drøsa med
ein sambygding enn å sitja å passa på fjernsynsapparatet!
- Av Leif Arne Løvereide, Skånevikprosjektet
29.01.04
Sjukeheimsplassane i Skånevik
Bygder som skal vera levedyktige i framtida, må ha tilbod til
alle aldersgrupper. Det er viktig å ha både barnehage, skule,
helseteneste, trygdebustader, sjukeheimsplassar og ymse fritidstilbod for
å få folk til å etablera seg og trivast i lokalsamfunnet. Samstundes
representerer desse tilboda mange viktige arbeidsplassar.
Dei siste åra har Skånevik møtt
mykje motgang, men flinke folk har stått på og i stor grad klart å
venda pessimisme til ny tru på framtida. Lærdommen har vore at
bedriftseigarar utan lokal forankring kjenner lite ansvar for
arbeidstakarar og småsamfunn dersom gevinsten kan vera større andre
stader. Dette er kanskje ikkje så overraskande.
Meir overraskande er det når
Etne kommune sin øvste administrative leiar, i fullt alvor, legg fram eit
forslag med ein konsekvens som vil gjera Skånevik til ein langt mindre
attraktiv plass å bu. Klubben ved Skånevik skule vil med dette ta sterk
avstand frå framlegget om å leggja ned sjukeheimsplassane ved Skånevik
omsorgssenter.
For klubben v/ Skånevik
skule
Aud
Karin Leknes, leiar
29.01.04
-
Åsheim fortener heider
- Slike karar som Kristoffer Åsheim er det grunn til å
vera stolt av. Han fortener ein blome, og litt omsorgslønn vil nok også
ordna seg.
Det seier ordføraren i Etne, Amund Enge, etter å ha lest i Haugesunds
Avis om kvardagshelten frå Skånevik som hjelper sine to eldre brør.
Omsorgslønn
Ordføraren vil personleg sørgja for at den gratisarbeidande 84-åringen
får ein stor bukett med blomar ein av dei aller første dagane.
Dei siste tala frå Statistisk Sentralbyrå (2003) synte at ingen i Etne
mottok omsorgslønn, men så ille er det ikkje. Kommunen har eit pott på
sine budsjettet, og i fjor gjekk det med 141.000 kroner.
Amund Enge meiner at Kristoffer er kvalifisert som mottakar, og føler seg
sikker på at han vil få dekka sine utgifter. Men kommunen krev ein
søknad for å gi slik ytingar:
Les
meir i Hgs. Avis
25.01.04
Krev attende
snøggbåten
Etne KrF forlanger at den seine
snøggbåten til Skånevik blir tatt inn i ruta igjen. Omlegginga, som
skjedde i november i fjor, fører til at ein reisande til Bergen må dra i
veg fleire timar tidlegare enn før.
- Dette er eit stort tilbakesteg for folk i Skånevik og indre del av
kommunen, heiter det i ei fråsegn frå årsmøtet i partilaget. Les
meir i Haugesunds Avis
16.01.04
Ny optimisme i Skånevik Teletjenester
as, -
men mangler arbeidskraft..
Pressemelding fra Skånevik Teletjenester AS den 16.01.04
Skånevik Teletjenester as er et nytt selskap i
Skånevik. Selskapet ble startet 1.november i fjor som en videreføring av
det konkursrammede selskapet EasyConnect Skånevik as for å sikre de
lokale arbeidsplassene. Allerede etter en måneds drift, besluttet
EasyConnect as i Bergen å nedlegge nummeropplysningen i Skånevik, og
dermed falt deler av grunnlaget for selskapet bort.
15.01.03 Dårleg
respons for stjernestopp
Ordførar Amund Enge og
Hans Olav Tungesvik ved Frihamnsenteret og har førebels ikkje lukkast med
å få stjernestoppet på snøggbåten til Skånevik inn att i
rutetabellen.
Samferdslesjef Magnus Vestrheim skriv i eit
svarbrev til ordførar Enge at administrasjonen i Hordaland fylkeskommune
ikkje finn det rett å gripa inn overfor HSD i denne saka. Reint
avtalemessig har HSD fullt høve til å kutta Skåneviksanløpet. Dersom
fylket skulle påleggja HSD å ha bestemte stopp, ville dei måtta gje økonomisk
kompensasjon for meirkostnadene.
Hans Olav Tungesvik har bede fylkesordførar
Torill Selsvold Nyborg (KrF) om å sjå på saka, og eventuelt ta det opp
i det politisk samansette fylkesutvalet. Nyborg har vore på ferie, og har
ikkje svara på brevet ennå, man ho signaliserer overfor Grannar at
heller ikkje ho synest det er rett å gripa inn overfor
transportselskapet, med bakgrunn i dei avtalene som ligg føre. Les
meir i Grannar...
07.01.03
Nye bilete frå
Skånevik
NRK-Hordaland
inviterer interesserte til å legga ut bilete frå heimkommunen på deira
internettside. Det ville vore fint om Skånevik kan presenterast
her. Send dine bilete til NRK-Hordaland. Sjå bileta som er
lagt ut frå
vår kommune og ein
del bilete frå Torgdagane 2003 som er tatt av Leif Arne
Løvereide. Sjå alle bileta.
04.01.04 Banken
mot straumen
Sparebanken
Vest er heime att, med ny, raud logo utan eitt-tal i.
I går var Sparebanken Vest attende som uavhengig bank for Hordaland og
Sogn og Fjordane.
Usemje om strategien vidare gjorde at banken melde seg ut av Sparebank
1-fellesskapet hausten 2002.
- Vi var redde for at alliansen ville bli til ein fusjon, og då melde vi
oss heller ut på eit tidleg tidspunkt. Vi vil at dei viktige avgjerdene
skal bli tekne lokalt og i Bergen, framfor i Oslo, Trondheim eller København,
seier regionbanksjef Arnt Sortland.
Leiinga seier klart og tydeleg at dei ikkje vil akseptere ei utvikling som
kan svekke distrikta. Les
meir i Haugesunds Avis...
04.01.04
Årets idrettsnamn
Skiløparen
Chris Jespersen frå Skånevik blei vald til Årets
Idrettsnavn i Haugesunds Avis for 2003. Chris fikk klart mest
stemmer og vi vil gratulere så mykje!
30.12.03
Nye arbeidsplassar i Skånevik
Haugaland Industrivask as
blei etablert i sommar, og har nå 10 medarbeiderar. Av dei er 7 frå
Skånevik.
Og i tillegg skal dei tilsetje fleire til nyttår for å ivareta nye
oppdrag.
Dag
Anders Hornenes og Hildegunn Åkra står på, og gir tydeleg uttrykk for
at dei trives med mange oppdrag og travle tider.
Det
er verdifullt og inspirerande for oss alle, når me ser at det går an å
få ting til, og me håpar det smittar over på dei som har bedrifter og
dei som vil i gang med nye prosjekter!
Med
utgangspunkt Skånevik, har dei kunder på heile Haugalandet.
Ta
kontakt på tlf. 901 65 593 dersom du er interessert i ledig stilling hos
Haugaland
Industrivask as!
Leif Arne, Skånevikprosjektet
30.12.03 Skånevik
på TV-Haugaland
Nå
er markedsføringskampanjen for Skånevik i gang på TV-Haugaland.
Det
blir 30sekund i tilknytning til programmene dei har i romjula, og så trør
me til med den egentlige prosessen i januar.
Haugesund
er svært aktive i si markedsføring av byen vår året rundt, og flinke
til å fortelje oss inne i distriktet om sine aktiviteter og sine tilbud
til oss, både på kultur og handel.
Dei
ynskjer oss velkommne til byen.
Me
ynskjer å tilby noko til Haugesund og Haugalandet og, og trur det er rett
å satsa eindel på markedsføring gjennom tv-media.
Skånevik
ligg kort vei frå Haugesund. Med ein unik natur og beliggenhet til
Sunnhordlandsbassenget. Ein naturleg overnattingsplass og et nydeleg
utgangspunkt for dagsturar med bil, båt, sykkel, og spesielt fotturar i
li og fjell på oppmerka stiar.
Skånevik
sentrum med sin lune trehusbebyggelse, trivelege butikkar og gode miljø,
bidrar til ein god opplevelse. Faktisk blir det sagt at det er mulig å kjøpe
seg klær i Skånevik og Etne, som er vanskelege å finna i kjedebutikkane
i byen.
Skånevik
Fjordhotel har i høst hatt rekordmange gjester og stor aktivitet.
Motormuseumet
er nå ein plass ein berre ”må” innom.
Me
trur 2004 vil bli eit spennande og godt år i Skånevik. Nokre vil
prioritera opplevelsen med ein tur i naturen for å oppleva bl.a. noko så
viktig som stillhet. Andre tar turen til for eksempel Jakt,-Fiske og
turdagane 26.-28.mars, Torgdagane i juni, Skånevik Bluesfestival
1.-3.juli, eller andre arrangement.
Dette
spenstige marknadsføringsprosjektet er finansiert av ; Skånevik Fjordhotel, Skålnesfeltet
JT Eiendom,
NorCopter
AS, Sparebanken Vest, Skånevik Handelstandsforrening,
Sunnhordland Kraftlag, Etne Kommune, Skånevik Bluesfestival og Skånevik
Skule.
Skånevikprosjektet
har stått for planlegging, koordinering og gjennomføring av prosjektet.
-
Leif
Arne Løvereide, Skånevikprosjektet
18.12.03
Båtstopp
blei for populær
HSD måtte tola
kritikk i Etne kommunestyre, etter at selskapet har kutta ut ein kveldsbåt
frå Bergen til Skånevik. Dette såkalla stjernestoppet, som går framom
når det er passasjerar, blei for dyrt fordi det var altfor mange som
nytta seg av det.
Knut Erik Ebne (Sp) tok opp saka. Han
forklarte at ruta, som hadde avgang frå Bergen og Flesland i 20-tida om
kvelden og var framme i Skånevik klokka 23.00, var populær for
pendlarar. Å ta båten til Ølen og bli henta der, er eit dårleg
alternativ for mange reisande i Skånevik.
— Det er litt fortærande. Når rutene
ikkje er stabile, oppnår dei berre at færre og færre brukar båten.
Etne kommunestyre bør krevja at HSD gjer noko med dette straks, meinte
Ebne. Les
meir i Grannar...
08.12.03
Barnebiskopen kom til sine eigne
Høgdepunkta
under bispevisitasen i Etne og i Skånevik denne veka, hadde eit
fellestrekk: Det var barna som stod i sentrum. Biskopen sjølv framheva
familiegudstenesta torsdag kveld i visitasforedraget sitt. Det blir eit
godt minne for både barn og vaksne frå Skånevik og frå Fjæra. For
å markera at det var landets barnebiskop som var på visitas, stilte Ole
D. Hagesæther opp til spørjetime for alle ungdomsskuleelevane i
prestegjeldet. Skulegudstenesta på Etne kulturhus var ei fin oppleving.
Elevane frå Enge og frå Rygg song og las og bad forbøner saman med
biskopen, som tok med seg ein papirengel som minne frå Etne.
Då den åndelege tilsynsmannen for ein
halv million vestlendingar starta visitasen, gav han uttrykk for at det
var ein forventningsfull biskop som kom. I dei like forventningsfulle
kyrkjelydane som tok imot han, har alle som har ønskt det, fått snakka
med biskopen. Les
meir i Grannar.
08.12.03 Lærerik
verdscupdebut i Italia
Chris
Jespersen fekk på laurdag si verdscupdebut. 20-åringen frå Skånevik
gjekk inn til ein 71. plass i sitt første internasjonale renn som senior.
Chris fekk erfare at det framleis er eit bra stykke
fram til dei beste seniorløparane.
Rekruttlandslagsløparen var ikkje fornøgd
korkje med løpet eller plasseringa. Chris la ikkje skjul på at
30-kilometeren blei ein minst like stor kraftprøve som det han hadde sett
for seg på førehand. Dei som ikkje hadde verdscuppoeng og var lågast
seeda, måtte finne seg i å starte i annan rekkje. Jespersen hang bra med
lenge. Men då vinnaren Mathias Fredrikkson og dei andre skrudde opp
farten, fekk Chris som venta fartsproblem. For Chris blei den krevjande
tremila likevel ei oppleving. Han og resten av feltet blei heia fram av
flere tusen tilskodarar i dei norditalienske alpar. Distriktets første
verdscupdeltakar i langrenn måtte sjå seg slått med godt og vel fire
minutt av sirgande Mathias Fredriksson.
Det er ikkje så mykje som det høyrest ut
til. Sportssjef Bjørnar Håkensmoen og dei andre i det norske støtteapparatet
var godt nøgde med innsatsen til debutanten. Håkensmoen la ikkje skjul på
at det var vanskeleg å vere førstereisgut i dette selskapet. Både han
og trenarane gav uttrykk for at det ville vore lettare for Chris og hevda
seg på ein 10- eller 15-kilometer. Les
meir i Grannar.
01.12.03
Stjernestopp for snøggbåt i Skvånevik
kl. 23.00
Ope brev til
Administrerande direktør Neteland,HSD,
Postboks 2005, Nordnes,
5817 BERGEN
Vedkjem stjernestopp for snøggbåt i Skånevik
på kvardagar ca.kl.2300.
Underskrivne er ein flittig trafikant med
HSD, då eg ofte har møte i Oslo, Bergen eller
på Stord på ettermiddag og kveldstid. Dette medfører
at eg ofte har kome heim med siste snøggbåt til Skånevik på sein
kveldstid.
I fleire år har det vore mogeleg å reisa frå Bergen med snøggbåt
kl.1950 (Flesland kl. 2015) og vera heime i Skånevik om lag
kl.2300. Dermed har ikkje desse reisene gått ut over neste
arbeidsdag.
Då nytt rutehefte kom til 01.05.03., var stoppen i Skånevik i
fylgje oppsettet sløyfa. Fleire av oss slo alarm, og fekk
straks melding om at sløyfinga av Skånevik som stjernestopp var
ein feil som skulle rettast straks. I praksis vart det
korrigert med ein gong, og eg har personleg hatt mange fine
kveldsturar heim til Skånevik etter den tid.
Men så skjer det syrgjelege og uforståelege:
Mot slutten av oktober melder billettøren på snøggbåten at frå
01.11.03. er det slutt på stjernestopp i Skånevik. Grunngjevinga
var ukjent for vedkomande. Eg tok straks
telefonkontakt med HSD ved rutesjef Helland for å høyra kva som
låg bak denne merkelege avgjerda. Det dreiar seg trass alt om ein
avstikkar på 10-15 minutt på vegen mellom Sunde og Ølen i dei fleste
tilfelle! (Unntak ved stjernestopp på Borgundøy) Eg skal
nedanfor gjera greie for kva konsekvensar det får for oss som skal til
Skånevik.
Rutesjefen forklarte at det – så vidt eg skjøna – hadde med
arbeidstidsreglar og overtid for mannskapet å gjera når endringa
var komen. Eg hadde telefonkontakt 3 gonger, og eg sende ein
e-post til Helland om saka, der eg oppmoda sterkt om at avgjerda måtte
omgjerast. Han melde at eg snart skulle få skriftleg
tilbakemelding om kva svaret ville bli og grunngjevinga for dette,
då avgjerda skulle takast av folk høgare oppe i systemet enn der han
sat. Dette vart meldt til meg pr.telefon i tida før og
etter 01.11.03. Til denne tid har eg ikkje sett noko skriftleg
melding, og stjernestopp kjem ikkje på tale, i fylgje
mannskapet.
Mandag 24.11.03 var eg på eit møte i eit offentleg utval i Oslo.
Som vanleg var møtet slutt ved 15-16-tida, og eg nådde fly som
gjorde det mogeleg å ta snøggbåten frå Flesland kl.2015.
Overnatting i Bergen ville tatt mykje av arbeidsdagen min neste
dag. Den var for mange veker sidan fullbooka med
pasientavtalar. Eg valde å ta snøggbåten.
Då me forlét Sunde kl.2240, visste eg at ein liten ekstrasving
kunne ført meg til Skånevik kl.2300. Denne kvelden var det
passasjerar til Borgundøy, men elles kunne eg ha ”sett heim”
då me runda søraust-sida av Halsnøy. Me kom til Ølen kl.2330,
der eg hadde avtala at kona mi skulle møta meg etter å ha køyrt 40
km. frå Skånevik. Me returnerte og var i Skånevik kl.0020,
med den ekstra tid og kostnader det medførte.
For meg er ikkje situasjonen verst, eg har trass alt både bil og
ei kone som i naudsfall kan henta meg. Men heile opplegget
fortonar seg temmeleg meiningslaust.
Mitt spørsmål til HSD er dette:
Er dette ein service i samsvar med slik HSD ynskjer å ha det? Er
budsjettmarginane så små at denne vesle svippturen er umogeleg å få
til innanfor budsjettet?
Eg trur ikkje det er så mange kveldar det trengst stopp i Skånevik på
sein kveldstid, men for dei av oss som dette gjeld, er det
eit enormt tilbakesteg at stjernestoppen er sløyfa.
Eg er klår over at det i ruteheftet er oppført stjernestopp på
Borgundøy, men det er vel ikkje slik å forstå at me i Skånevik
skal måtta ”betala” med å missa eit innarbeidd tilbod for at
dei på Borgundøy skal få del i eit tilbod som er bra for dei? Så
svært mange stjernestopp er det vel ikkje på Borgundøy heller?
Konklusjon: Det tapet som er påført
oss i Skånevik og i Etne kommune med bortfall av den omtala
stjernestoppen, blir av oss opplevd som så urimeleg at me må
be innstendig om at dette straks blir retta opp. Det er
ikkje godt nok å venta til ny ruterevisjon til våren. Då
stoppen vart teken inn etter å ha blitt sløyfa i det noverande
ruteheftet, skjedde dette over natta. Det same bør skje no.
Eg ynskjer personleg alt godt for HSD, og eg er av nedarva
årsaker lei meg for all negativ blest som har vore i seinare år.
(Far min var medlem av styret i 20 år) Eg vonar derfor at
denne saka kan bli løyst utan ny negativ omtale.
Med vennleg helsing
Hans Olav Tungesvik.
P.S. Kvar einaste arbeidsdag kjem det
pasientar til Frihamn-senteret i Skånevik som nyttar snøggbåt,
buss eller ferje, om det kan telja noko i HSD sin totalrekneskap.
D.S.
Kopi til informasjonssjef Arild Sondre Sekse personleg
Kopi til rutesjef Inge Mikal Helland personleg
Kopi til Etne kommune ved ordførar Amund Enge
01.12.03 Skåneviking til World Cup
Hgs. Avis : - Sent søndag
kveld fikk Chris Jespersen den gledelige beskjeden om at han var tatt ut
til sitt første verdenscuprenn. Skånevik-gutten skal til helgen gå
30-km fellesstart i Toblach i Italia.
- Dette var veldig overraskende, men veldig kjekt, sier en glad Chris
Jespersen på telefon til Haugesunds Avis.
- Hvordan ser du på mulighetene mot verdenseliten?
- Det passer meg fint at det er fellesstart. Da kan jeg få muligheten til
å få litt ”heng”, sier Jespersen.
Les også i Haugsunds
Avis om hans flotte renn i helga der han fikk 5.-plass i Bullsprinten.
25.11.03
Bank mot straumen
I
140 år har sparebanken vore ein viktig del av det pulserande livet i Skånevik.
Frå nyttår får banken nytt namn og ny logo. Det skjer som følgje av at
banken, saman med dei andre bankane i Sparebanken Vest, bryt med
bankgiganten Sparebank1.
Banksjef Sigve Leknes trur kundane er
positive til at den lokale banken ikkje vil vera med på kjøret om å
veksa for å bli større. Sparebanken i Skånevik har også fått bevis på
at kundane er fornøgde. Av 49 bankar innanfor Sparebanken Vest-familien,
gjekk nyleg avdelinga i Skånevik heilt til topps på barometeret over kor
tilfredse kundane er med banken sin. Leknes kan òg fortelja at sjølv om
det knapt blir bygd eitt einaste hus i Skånevik for tida, lånar banken
ut pengar til mange husbyggjarar. Forklaringa er at ungdom som flyttar ut
blir verande som kundar i banken i heimbygda. Les
meir i Grannar.
|