Nå har det kribla i fingrane på
Tanja og Linda hos Skånevik Blomster og Gaver
lenge. Endelig blir det brudeshow i Skånevik
igjen. Det er fire år sidan sist, men nå brakar
det laus til helga igjen.
Laurdag 14.mars
blir det Mote- og Brudeshow i
Skånevik Kultur - og Idrettshall kl. 17.00.
Skånevik Blomster og Gaver
vil vise minst seks forskjelling brudebuketter.
Det bli romantisk, klassisk og trendy bukettar.
Eit lite utvalg av anna blomearbeider til
bryllup vil òg bli vist. Samstundes vil eit
forslag til festbordet stå utstilt i lokalet.
For å få vist brudebukettane på best mogeleg
måte har dei fått låna flotte
brudekjolar frå Aud`s brudesalong i
Haugesund.
Med seg på laget har dei også fått to dyktige
frisørar til å ordne dei seks ”brudene”.
Duo Frisør
skal pynte tre av dei og ei sporty
Skåneviksjenta: Marita Molnes kjem heim
frå Stord for å hjelpe til med å pynte dei siste
tre. Og dei gler seg alle til å få visa
kva dei kan ”trylla” fram.
Fortvil ikkje, om du ikkje er ein av dei som
går rundt å drøymer om bryllup. Her blir bra
underhaldning for deg òg.
Perlo souvenir
vil visa fram flotte strikkemodellar. Og her
blir noko for liten og stor.
Alfee
kjem med sine spreke modellar for å visa vårens
nyheter. Så ta med heile familien og ta
ettermiddags kaffien på ”hallen”.
For å få til dette arrangementet krevs ein god
gjeng frå Skånevik Kultur og Idrettshall,
med Liv Astrid og Sara i spissen. Dei står for
alle praktiske detaljar og vil få inntektene frå
billettsal og utlodding. Så kom og støtt
”storstova vår”
J