23.12.01
Kulturhistorisk vegvisar for Etne kommune
Boka tar deg med på tur i åtte einskilde områder og gir
detaljerte skildringar av kultur - og naturhistorie undervegs. I
Skånevik kan du kjøpa boka til kr 298,- i Sparebank 1 Vest. Les
artikkel 1 og artikkel
2 i Grannar og omtale
laga av forlaget.
20.12.01 Vil bli med til
VM
Trenaren for juniorlandslaget Morten A. Djupvik har stor
tru på Chris Jespersen og at han klarer å kvalifisera seg til VM i
langrenn for juniorar. Vår landslagsløpar har eit stort talent,
og kan bli ein kommande storløpar. Les
intervju med trenaren i Haugesunds Avis.
18.12.10 Godt nøgd med
nr. 1890
I går fikk EasyConnect
tildelt 1890 som sitt nummer når dei skal starta opplysningsteneste den
15. februar neste år. Skånevik er saman med 3 andre stader som
kjent plukka ut som lokalisering for denne tenesta. Manpower har
ansvaret for rekrutteringa av medarbeidarar og vil om kort tid starta
denne. Les meir i Grannar
og Bergens
Tidende.
13.12.01
Idrettsstipend til Chris Jespersen
Hordaland Fylkeskommune har tildelt Chris Jespersen frå
Skånevik og 3 andre store idrettstalent eit utviklingsstipend på kr.
25.000,-. Skånevik nett vil ønskja Chris lukka til med
sesongen og gratulera med stipendet. Les meir i Bergens
Tidende og lokalavisa Grannar.
11.12.01
Nytt brev frå Arild i Burundi
I sitt siste brev før juleferien fortel Arild
Stenberg om kva folk i Burundi forbind med Noreg. Han sender også
sine varme julehelsingar til folk som les breva han sender.
Skånevik nett vil takka for breva så langt og ønskja Arlid ei riktig
god jul og eit godt nyttår. Les
brev nr. 5 og dei andre breva frå Arild.
10.12.01 Fantastisk
flotte konsertar
Krohnengen Brass Band haldt to fantastisk flotte
konsertar i Skånevik i helga. Gallakonserten på laurdag i
Idrettshallen og kyrkjekonserten på søndag var begge to høgdepunkt
som blir hugsa lenge. Stor takk til bandet frå Bergen og alle i
Skånevik som har gjort konsertane mogeleg. Reidar Leknes var ein dyktig
konferansier ved begge konsertane. Heile Skåneviksamfunnet står
bak dette ønsket: Kom snart tilbake - vi vil møta fram i enno
større tal neste gong de spelar i Skånevik! Les
den flotte reportasjen i Grannar.
05.12.01 Tilsett som
prosjektleiar
Etne kommune har tilsett Alf Opdal, Espevær i 50
% stilling som prosjektleiar for Skånevikprosjektet.
Skåneviksamfunnet vil ønskja han velkommen og lukka til i denne
viktige jobben for bygda vår. Ein kjem tilbake med nærare presentasjon
prosjektleiaren og rammene for prosjektet om kort tid.
01.12.01 Skapar stor optimisme i
bygda
Nyheten om at selskapet EasyConnect
AS vil etablere seg med minst 30 arbeidsplasser i Skånevik skaper
stor optimisme. Selskapet tilbyr brukarvennlege og
kostnadseffektive teleteneseter til næringslivet og satsar stort på
opplysningstenester tilsvarande Telenor sin 180 - teneste, når
monopolet til Telenor forsvinn den 15. februar neste år.
Skånevik Vekst, Etne kommune og Skånevik Næringsutvikling AS har
hatt har god kontakt med selskapet og sistnemnde jobbar no hardt for å få tak i passande lokalar i sentrum. 2. og 3.
etasje i bygget til Sparebank 1 Vest passar godt til føremålet og er
svært aktuelt å bruka. Skånevik nett kjem tilbake med ein
omfattande omtale av saka med det første. Les artikkel
i Grannar den 3.12.01 og artikkel
1 og artikkel
2 i Hgs. Avis 6. desember.
Første veka i desember vert leiar for stadutviklingsprosjektet
for Skånevik tilsett i 50 % stilling. Prosjektleiaren vert tilsett i
Etne kommune med kontor i Skånevik. Målet til arbeidet er å
hjelpa bygda med å skapa netto 50 nye arbeidsplassar, auka folketalet
med 3 %, forbetra aldersamansetningen ( få fleire unge til å busetje
seg i bygda ) og auka kvinneandelen til 90 kvinner pr. 100 menn.
Alt dette i løpet av prosjektperioden på 3 år. Ta godt imot
prosjektleiaren - han skal utføra ein viktig jobb for
skåneviksamfunnet. Prosjektet vil får eiga side på
Skånevik nett. Følg med.
26.11.01
Flott innsats i Vikingskipet
Under den årvisse samlinga
for hundefolket i Vikingskipet på Hamar har dei lokale deltakarane gjort
det svært godt. Sofie Knudsen med hunden Brains Izakk fikk 2. plass i
klassen for Border Collier og Hjørdis Sævareid med Black Magic Woman 3.
plass i klassen for pudlar. Les
meir i Grannar om den flotte innsatsen.
20.11.01 Gløym ikkje
konsertane i desember
Du kan sjølvsagt gløyma å gå på konsert i Skånevik den
8. og 9. desember, men Skånevik nett er rimelig sikker på at du då går
glipp av ein av dei største musikkopplevingar som har vore i vårt
distrikt. Krohnengen Brass Band, regjerande verdsmeister kjem på
besøk saman med vår eigen tubasist Kjetil Børhaug som ein av
musikarane. Les
meir om dette storslåtte arrangementet og intervju
med Kjetil i Grannar.
20.11.01 Nytt brev frå
Arild i Burundi
Rektor Arild Stenberg held lovnaden sin og kjem med
sitt månadsbrev frå Burundi. Les
brev nr. 4 og dei andre breva frå Arild.
20.11.01
7 søkjarar til utviklingsstilling
Desse har søkt på stillinga som leiar av
Skånevikprosjeketet - eit stadutviklingsprosjekt for bygda vår: Ole
Jørgensen, Skånevik - Knut Sandsengen, Etne - Kåre Frøland, Bjoa -
Lars A. Steine, Etne - Alf Opdal, Espevær - Kjell J. Hamre, Haugesund -
Terje Soløy, Hafrsfjord. Skånevik ser med spaning fram til
tilsetjinga og vil ønskja den som byrjar i stillinga lukka til.
Skånevik nett ønskjer å vera ein informasjonskanal for
Skåneviksprosjektet.
19.11.01
Lokal yrkesmesse i Ølen
Alle 10. klassingar i Etne, Ølen og Vindafjord kommunar
var invitert til yrkesmesse med presentasjon av det lokale
næringslivet. Ingen av kommunane deltok som arbeidsgjevarar sjølv
om dei representerer dei største arbeidsplassane i distriktet.
Dette må den administrative leiinga ta ansvar for. Dei har ikkje
tatt på alvor den messa dei sjølv står som arrangør for. Korleis
vil dei unge i våre lokalmiljø tolka ei slik haldning? Kanskje at
kommunane som arbeidsgjevarar ikkje har bruk for dei.
Rådmennene må stiga ut av kontora for å bli meir synlege og
fortelja dei unge at kommunane treng kvalifisert arbeidskraft innan mange
sektorar i dag og i framtida. Les
meir om messa i Grannar...
14.11.01 Slo Randaberg 3- 0
Første heimekampen vart ein velfortent siger til Skånevik.
Randaberg er eit lag som
har gjort det godt i serien før, og som me alltid har tapt mot. I år
stilte dei med eit ungt og godt lag, men hadde berre 5 spelarar med seg.
Skånevik jobba bra, og sikra sigeren etter eit litt for spanande siste
sett. Skånevik
sitt lag: Anne E. E. Børresen, Iren Ness, Kari Johansson, Lene
Svendsen, Kristina Matre og Silje Miljeteig Les
tabellen her. Ref. Kari Johansson
12.11.01 Flotte tomter vert lagt
ut
Det nystarta eigedomsselskapet LJTR legg ut mange flotte
budstad- og hyttetomer på Skålnes med utsikt over Skåneviksfjorden.
Det er dei dynamiske bedriftseigarane Leif Jonny Johansen og Trond Rune
Tungesvik som har kjøp området av Olaug Skålnes og vil leggja alt til
rette for 16 naust, 21 hytter og seks bustadhus. Les
meir i Grannar...
07.11.01 Nedlegging av Broen?
Styret i Stiftelsen og aksjeselskapet Broen skal torsdag 15.
november diskutera om dei skal oppløse seg sjølv. Les
meir i Hgs. Avis...
06.11.01 Tap i seriestarten i
volleyball
Damelaget til Skånevik IL spelte to bortekampar i
seriestarten. Her kjem eit referat av Kari Johansson:
Damelaget til Skånevik starta
volleyballsesongen med to bortekampar og det enda dessverre med tap i
begge.
Lørdag 3.11. Kopervik - Skånevik 3-0 (
25-13, 28-26, 25-10 )
I Karmøyhallen møtte me eit sterkt lag som nok
satsar på opprykk denne sesongen. Dei hadde med spelarar som har spela
på toppnivå. Skånevik spela likevel nokså bra, og faktisk heilt jamt
i 2. settet.
Søndag 4.11 Egersund - Skånevik 3-0
(25-13, 25-21, 25-12)
Det var ei lang reise til Egersund, og enda
lengre var heimreisa med eit tap i bagasjen. Egersund var eit lag som
var meir jamngode med oss, noko ikkje resultatet viser, og derfor
var tapet ekstra surt.
Skånevik sitt lag: Anne Elisabeth Eide Børresen,
Iren Ness, Lene Svendsen, Kari Johansson, Kristina Matre, Silje
Miljeteig, Hilde Holmedal (lørdag) og Aina Jespersen (søndag)
Me håpar på å gjera det betre komande søndag.
Då spelar me i Skånevik Idrettshall kl 15.00 mot Randaberg. Møt opp
og støtt oss
Ref:: KJ
31.10.01 Ny utstilling ved Galleri
Jespersen
Galleri Jespersen
opnar ny utstilling søndag 4. november. Les meir i Haugesunds
Avis...
21.10.01
Nytt brev frå Arild i Burundi
Rektor Arild
Stenberg fortel om Flyktningerådet sitt skuletilbod for ein del av dei
unge i Burundi i dette 3.
brevet frå Afrika. Les også 1.
brevet og 2.
brevet frå Arild. Takk til Arild for at han tar seg tid til å
senda desse breva.
21.10.01
Må arbeide for breiband i Skånevik
Det er svært positivt for
Skånevik at det no vert oppretta
ei stilling for utvikling av bygda. Ein av dei tinga som den som
blir tilsett snarast må ta tak i er utvikling av tilbod om breiband i
vårt lokalsamfunn. For nye og eksisterande bedrifter vil høve til hurtig
og billig datakommunikasjon etter kvart bli ein føresetnad for rasjonell
drift innan dei fleste forretningsområda. Mange tilbod på
privatmarknaden bygger også etter kvart på bruk av breiband. I
Ølen er ein alt komen langt med dette arbeidet. Les
meir i Haugesunds Avis...
12.10.01 Opnar nye lokaler i Skånevik
Johansen
Rør AS har ekspandert sterkt dei siste åra. Den svært livskraftige
bedrifta med utgangspunkt i Skånevik har ca. 20 tilsette og virke mange
stader i Sunnhordland. I dag vert nye lokalar opna i bygget ved
idrettshallen i Skånevik. Her finn ein ny butikkutstilling, utvida
lager og nye administrasjonslokale. Gratulerer med dagen og tillukka med
framtida! Les
intervju i Grannar...
12.10.01 Motstand mot nytt
ruskollektiv
Ein ny strid om ruskollektiv på Skånevikstranda er i kjømda.
Naboane ynskjer ei anna driftsform etter at Broen-kollektivet la
ned. Les
meir i Haugesunds Avis...
02.10.01 4 handballag med i serien
I Skånevik er handball svært populært blant jentene.
Heile 4 handballag er med i serien. Dyktige og engasjerte
trenarar er Paul Tungesvik, Finn Ove Solberg og Svein Sævareid.
Klikk på biletet for å sjå det i større format.
|
 |
02.10.01
Skånevik vant siste kampen
Skånevik IL sitt A-lag spelte siste kampen for sesongen.
Sist laurdag slo dei Vedavåg 2 heile 4-0 på Skånevik Stadion. Her
er eit referat av Bård-Henrik Hereide:
Veavåg starta kampen
med eit skudd rett frå avspark. Stort press frå begge lag men Skånevik
dominerte kampen . Det første målet var det Rune Johannsen som sto for.
Det såg ut som om ballen traff ein Vea-spelar før den for i mål. 1-0
Vea hadde eit skummelt angrep, men Leif Sævareid og Tom i mål rydda opp.
Rune blei skada og Einar kom innpå etter 25 min.
Øyvind scora etter ca. 27 min! Bra angrep og innlegg av Ørjan:
2-0 Leif Bjørnar skada og Rune innpå igjen. Kurt Bøthun
fekk gult kort etter ein unødvendig episode! Skånevik hadde ein
rekke sjansar nå. Frode
mista pusten rett før pause, men han kom seg på beina igjen.
Veavåg fekk eit frispark på overtid men Tom redda. Det sto
2-0 ved pause.
Skånevik fekk annullert mål etter ca 10 min av andre omgang for offside.
Ørjan Løhaugen heada eit
skot like over på ein god sjanse. Tom redda mange skot på mål i dag!
Frode stor sjans etter ca 30 min. Nok
eit annullert til Skånevik, Ørjan scora men dommaren sa det var offside.
35 min Einar fekk eit ”godkjent” mål etter ca 40 min 3-0.
Vedavåg mista trua på seg sjølv og spelte dårleg. Bjarte
Aastveit blei sint på ein
Vea spelar men dommaren såg ikkje ”angrepet”.
Bjarte skaut ballen i ein Vedavåg spelar og i mål etter ca 45 min
4-0
Banens beste spelar var Øyvind Eljervik og ca 30 personar såg kampen på
Skånevik Stadion
Strålende kamp av Skånevik A-lag, men også gutelaget vant over
Vindafjord på måndag heile 12-5!
I handball vann me to kampar i helga.
Ei fin idrettshelg i Skånevik. Ref. Bård-Henrik Hereide
01.010.09 Idear
for bygdeutvikling
Forrige fredag og laurdag var
personalet ved Skånevik skule på seminar på Fjelbergøy. Kåre
Frøland, busett på Bjoa , representant for ”Bjoa Hjernekraft”,
arkitekt og med brei yrkesrøynsle, var leigd inn for å setja ein på
sporet av kva ressursar skulen set inne med og kva idear ein kunne koma på
for å utvikla Skånevik på ein positiv måte. Les
ein kort omtale seminaret.
24.09.01 Nytt brev frå
Burundi
Her kjem eit nytt brev frå rektor Arild Stenberg. Han
jobbar for Norsk Flyktningeråd
i Burundi i Afrika dette skule året. Les 1.
brevet og 2.
brevet frå Arild.
19.01.01
Prosjektmidlar til skulen
SØK – Skånevik Ølen
Kraftlag har gitt økonomisk støtte til gjennomføring av prosjekt ved
ungdomsskulen i Skånevik, Ølen og Vikebygd. Kvar ungdomsskule har fått
tildelt kr. 16.000,-.
I Skånevik er midlane øremerka
eit prosjekt kalla ”Skånevik skule i framtida” som har til føremål
å profilera skulen for at den best mogleg skal kunna tena Skånevik, og
vera til nytte i den felles oppgåva det er å vidareutvikla bygda.
I Vikebygd er midlane øremerka eit prosjekt som tek for seg bygda
Vikebygd – før og no – og kva me kan tilby i framtida. I Ølen er
midlane øremerka elevbedrift som har til mål å drive produktutvikling,
produksjon og sal, og ut frå dette å lære om drifta av ein bedrift.
Felles
for prosjekta er at elevane i samarbeid med lærarane skal vere
hovuddrivkrafta.
18.09.01
Klart for Generalforsamling
Torsdag den 20. september kl. 20.00 er det klart for Generalforsamling
i Skånevik
Næringsutvikling AS. Møtet vert halde i kafeteria i Skånevik
Idrettshall. Alle aksjonærar er velkomne. Les intervju i Haugesunds
Avis med leiar Alf W. Christophersen.
18.09.01
Nytt vertskap og eigarar
Selskapet
Hordaland Havbruk Holding AS har kjøpt Skånevik
Fjordhotel. Ny dagleg
leiar er Erik Kvam. Skånevik nett vil på det varmaste ønskja dei
nye eigarane og den nye daglege leiaren velkommen og lukka til med
drifta. Les
intervju med Kvam i Grannar.
18.09.01
Tap for Skånevik mot Suldal
Sist helg spelte Skånevik IL sitt A-lag heime mot
Suldal. Det blei tap på 3-1. Her kjem referat frå sportsreporter
Bård-Henrik Hereide:
På ny klippet plen
skulle Skånevik I.L spela mot Suldal. Mange dårlege avslutningar førte
til tap.
Skånevik begynna med godt spel. Stor sjanse Torgeir Tungesvik åleine med
keeper. Suldals keeper var fantastisk i mål! Suldal fekk eit
mål på corner. 0-1 Leif Sævareid åleine med keeper men bomma, 15 min.
Suldal hadde nokre små sjansar, men det var Skånevik som hadde dei
store. Togeir Tungesvik kom til mange innlegg, men avslutninga var
ikkje god nok. Klar hands av Reidar Haaland då han tok imot ballen med
nevane etter utspark? Einar hadde nokre skot som gjekk rett på
keeper. Ved pause sto det 0-1.
Jan Audun Johannsen
begynna 2. omgang med eit flott mål rett i kryssen på corner etter ca
3.min: 1-1 Men like etter fekk Suldal eit mål. 1-2, og etter
11. min fekk Suldal sitt tredje mål 1-3.
Mange meinte at Jan Audun
skulle hatt straffe etter ca 20 min av andre omgang , men dommaren
meinte noko anna. Reidar
trakka stygt over og Raymond Åsheim måtte ta over for han, han kom innpå
banen med stor jubel! Nokre
sjansar mot slutten til Skånevik men det gjekk ikkje. Skånevik hadde
mange sjansar men fekk ikkje ballen i mål, til tross for at Suldal hadde
ein veldig god keeper.
Ref:
Bård- Henrik Hereide
14.09.01
Bioanlegg i Ølen
Skånevik Ølen Kraftlag har
sendt ut denne pressemeldinga:
Måndag
03.09.01 vedtok styret i SØK å gi rammegodkjenning for bygging av
biobrenselanlegg med tilhøyrande fjernvarmeanlegg i Ølen. Det er
oppretta eiga styringsgruppe for prosjektet.
Administrasjonen har
fått fullmakt til å starte detaljprosjektering og utsending av
anbudspapir. Styret gjer endeleg vedtak i saka i slutten av januar 2002 når
alle formelle godkjenningar ligg føre, og innkomne entreprisar er
gjennomgått og evaluert.
Det
er inngått samarbeid med Haugaland Enøk AS om kjøp av konsulent- og
prosjektleiing.
13.09.01
Eksport av drikkevatn
Dersom alt går etter planane, blir Åkrafjorden
og Skånevik base for eksport av vatn frå Folgefonna neste år.
Tore Sandberg og Arne Ramstad satsar på eksport av supert drikkevatn frå
Folgefonna. Prosjektet kan gi eit dusin arbeidsplassar i Skånevik.
Les meir i Grannar
og Haugesunds
Avis.
12.09.01 Tap for Skånevik
mot Skjoldar
Sist helg tapte Skånevik heile 3 - 0 mot Skjoldar som gikk til
topps på tabellen. Les
meir om kampen i Grannar.
10.09.01
Fjordhotellet vert selt
Skånevik
Fjordhotel vert truleg selt med det aller første. Det har ei
stund vore kjent at hotellet er til sals. Skånevik nett kjem med meir
informasjon så snart den ligg føre. Les
også frå nettutgåva av Grannar. 13.09.01: Selskapet
Hordaland Havbruk Holding AS har kjøpt Skånevik Fjordhotel. Ny dagleg
leiar er Erik Kvam.
10.09.01
Storsiger til Skånevik IL
Forrige helg vant Skånevik IL
heile 9-0 over Bokn. Les referat frå kampen:
Det er
lenge sidan Skånevik hadde hatt heimekamp nå. Siste kamp var mot Vedavåg
2, og det gjekk dårleg. Bokn som er eit bunnlag var ikkje gode i denne
kampen .Det var surt vær og store vassdammar på Skånevik Stadion i dag
,men det hindra ikkje Skånevik med ”Superspel”
Det var jevnt til og begynne med, men Skånevik
fikk et overtak etter hvert.
Tre
sjansar på under 15 .min . Først Rune med eit skudd like utanfor, så
Frode. Så kom det første målet Kjell Larsen skaut frå nærmast dø
vinkel, nydeleg mål. 1-0. Så like etter
nok eit mål frå Kjell, det såg ut som om Kjell var i form i dag. 2-0.
Bokn hadde lite og komma med på banen. Nå
rann måla inn. Rune fekk ballen og greide til slutt og få mål
etter mykje tull. 3-0. Bokns keeper hadde
dårlege utspark. Ved pause sto det 3-0 til
Skånevik.
Bokn
begynte med ein liten sjanse i 2. omgang, men Tom redda. Øyvind
Eljervik scora eit nydeleg mål etter ca 5 min av andre omgang. 4-0
Innlegg frå Kjell til Leif Bjørnar, skuddet gjekk
like utanfor. Einar Arefjord scora etter
og ha finta seg gjennom 5 spelare. 5-0 Torgeir
Tungesvik scora 6-0 målet etter 30 min. Bokn
hadde ein sjeldan sjanse med eit skudd på mål, langt over. Rune
scora 7-0 målet etter ca 40 min. Mange meinte
att Kjell burde ha straffe då keeper felte han. Frode
Sævareid scora sitt første mål. 8-0. Bjarte
Åstveit kom åleina med keeper, men skaut over mål. Bokn
kom åleina med Tom men han redda. Bra Tom! Leif
Bjørnar scora sitt første mål på A-laget, etter kilder frå Steners pølsebud.
Ref. Bård - Henrik Hereide
22.08.01
Brev frå Burundi
Rektor Arild Stenberg har dette skuleåret permisjon frå
jobben ved Skånevik skule. Han skal jobba for Norsk Flyktningeråd
i Burundi i Afrika og har lova å senda brev til Skånevik skule og
Skånevik nett kvar månad. Det er fint at han vil halda kontakten
med Skånevik også i denne perioden. Her
kjem første brevet frå Arild.
20.08.01
Ferja er livsnerva
Det er ikkje berre Skånevisfolk som fryktar for ferja si
framtid. Dei som bur på kvinnheradsida ser på ferja som ei
livsnerve og ønskjer sterkt at ferjetilbodet held fram som i dag.
Les intervju i Haugesunds
Avis med ein familie frå Sandvold.
20.08.01
Innsetjingsgudsteneste den 26. august for Kirsten Olsen
Søndag 26. august skal
kapellan Kirsten Olsen innsetjast til teneste i Etne prestegjeld og Skånevik
sokn. Innsetjingsgudstenesta vert i Skånevik kyrkje kl. 19.00. Den
nye prosten i Sunnhordland, soknepresten og fleire tek del. Vis di støtte
til den nye kapellanen ved å møta opp og ta del! Velkomne!
16.08.01 Stort
samlagsstemne
Skånevik Skyttarlag arrangerer stort samlagsstemne på skytebanen i
Skånevik søndag 19. august. Heile 150 deltakarar er
påmelde. Les meir om dette på Skånevik
Skyttarlag si webside.
16.08.01
Tre fine arrangement
Det nærmar seg Frihamndagen
den 2. september.
Søndag 19.august er det Misjonssøndag
i Skånevik v/Misjonsalliansen med gudsteneste i Skånevik kyrkje kl
1100 v/sokneprest Magne C. Krohn. Det er også festmøte i Skånevik
bedehus kl 1900 med Magne C.Krohn som talar og Tore Kloster som skal
syngja.
Det blir Stor kulturkveld i Åkrafjordtunet
fredag 24. august kl.1930. Der vil ordførar i Bergen, Ingmar Ljones vera
talar og Anne Karin Kaasa skal syngja og spela gitar. Det er Etne Kr.F.
som er arrangør, men kvelden er for alle.
16.08.01
Drastisk nedgong i trafikken
Det er truleg ein effekt av Trekantsambandet og
Folgefonntunellen at ferjetrafikken mellom Skånevik og Utåker er
redusert med 41 % i juli månad i høve til same tid i fjor.
HSD vurderer å setja inn ei mindre ferje på strakninga med det
første. Les
meir i Grannar...
13.08.01
Gamle bilete frå Skånevik
Skånevik nett har fått lov
av eigarane av Kroghstuen å leggja ut ein
del av deira bilete på internett. Har du nye eller gamle bilete
frå Skånevik som du vil leggja ut på Skånevik nett? Ta kontakt
og send dei helst som vedlegg til e-post.
06.08.01 Resultat frå
Landsskyttarstemnet
Ørjan Løhaugen, Roar Knudsen
og Roger Tesdal kvalifiserte seg alle til finalen for junior i baneskyting
under Landsskyttarstemnet i Bodø. Ørjan fikk tilslutt 17 . plass
etter omskyting med dei som fikk 100 poeng. Roar og Roger kom litt
lenger nede på lista med 98 poeng. Ørjan var også i finalen for
feltskyting og fikk tilslutt ein heiderleg 24. plass. Desse 3
ungdommane representerer Skånevik Skyttarlag og Skånevik på ein framifrå
måte. Gratulerer med flott innsats!!
30.07.01
Glimrande skyting
Dei tre unge skyttarane
frå Skånevik Roger Tesdal, Roar Knudsen og Ørjan Løhaugen
gjer ein storarta innsats på Landsskyttarstemnet i Bodø. Høyr
berre her: Ørjan skaut 30/15 på feltskyting og er klar for finalen
på fredag. Han er også klar for finalen i baneskyting på laurdag
etter 245 poeng i kvalifiseringa. Roar Knudsen er også klar for
finalen etter at han skaut 244 poeng. Det same er også Roger Tesdal
med same poengsum som Roar i kvalifiseringa. Roger skal også delta
på samlagskytinga for Sunnhordland. Det blir verkeleg spennande å
følgja dei tre i finalerunden. Lukka til! Les
meir i Grannar...
30.07.01 Skånofestivalen
Den andre Skånofestivalen blei arranget i
helga. Arrangøren er ikkje nøgd med oppslutninga frå
publikum. Litt under 300 personar møtte opp i Idrettshallen
laurdag kveld for mellom anna å høyre det gode bandet The Betales som
vert rekna som eit av dei beste banda som spelar musikk av The
Beatles. Les
meir i Grannar...
30.07.01 For få
sjukeheimsplassar
Ekteparet Lars Steinaberg (82) og Olga Marie (79) er svært
skuffa over politikarane i kommunen. Til Grannar seier Lars m.
a.: — Det er uansvarleg å ikkje vere meir budde på eldrebølgja
som kjem. Politikarane i Etne har gjort ein dårleg jobb. Dei burde bygt
ut 12 nye plassar ved den siste utbygginga slik planen var, og ikkje seks.
Politikarane visste at behovet ville kome, men dei tok det ikkje alvorleg.-
Les
meir i Grannar...
11.07.01 God ferie!
Skånevik nett vil ønskja alle brukarar av
www.skaanevik.no ein riktig god ferie. Nettstaden vil ikkje bli
oppdatert før heilt i slutten av juli. God sommar!
09.07.01
Verdsmeister for brassband
Kjetil Andre Børhaug er ein glitrande tubaist frå
Skånevik. Han starta si karriere i Skånevik skulekorps og
Skånevik Musikklag og blei no i sommar Verdsmeister for brassband saman
med Krohnengen Brass Band frå Bergen. Konkurransen gjekk føre seg
i Nederland. Kjetil har også spela i eit anna toppkorps: Manger
Musikklag og avtente verneplikta i HM Kongens Gardes Musikkorps.
Kjetil heldt no på med psykologistudiar i Bergen og her kan du lesa litt
om verdsmeisterskapet i Nederland: Bergens
Avisen og Norges
Musikkorps Forbund.
09.07.01
Ein strålande Bluesfestival
Alt klaffa for arrangøren av Skånevik Bluesfestival i
helga: Arrangementet gikk føre seg på ein framifrå måte,
artistane innfridde, tilstømminga av publikum var stor og været var
glimrande. Dette var verkeleg flott! Gratulerer til alle som har
gjort ein innsats for festivalen. Velkommen tilbake alle som var
gjester i Skånevik. På laurdag tok Haugesunds
Avis opp på leiarplass festivalane si betydning for bygdenoreg.
Les artiklar i media om arrangementet: Bergens
Tidende, Grannar1
og Grannar
2, Stavanger
Aftenblad, Haugesunds
Avis1 og Hgs.
Avis 2. Sjå også bilete
frå Blueslunchen.
05.07.01
Alt klart for Bluesfestivalen
Den storslåtte Skånevik
Bluesfestival 2001, den 5. i rekkja, er rett rundt hjørna.
Landets største bluestelt på 1800 kvm. er rigga og ferdig innreia.
Fredag den 6. juli kl. 19.00 er festivalen i gong. Festivalgeneral
Alf Warloe Christophersen kjem med denne helsinga i programheftet:
Nå står Skånevik Bluesfestival klar til å ta
imot deg og dine venner som musikkinteresserte og gjester. Dette er
femte gongen festivalen blir arrangert. Me vil gjerne du skal få
ein opplevelse når du er i Skånevik. Som du ser av programmet, har
me fått tak i knalltøffe artistar med John Mayall i spissen. Ramma
er lagt, opplevelsane ventar. Velkommen til Skånevik
Bluesfestival! Les
intervju i Haugesunds Avis, i Stavanger
Aftenblad, Dagbladet
og i Grannar.
Nytt intervju den 6. juli i Haugesunds
Avis.
30.06.01
Utviklingsprosjekt for Skånevik
Skånevik Vekst, Etne Kommune og Samarbeidsrådet for
Sunnhordland har sett i gong eit utviklingsprosjekt for Skånevik. I
forrige veke var ein del bygdafolk og dei prosjektansvarlege samla på
Skånevik Fjordhotel for å starta arbeidet med eit forprosjekt.
Anne Karin Nerheim og Etne kommune leiar dette forprosjektet som skal
munna ut i ei opplisting av satsingsområde for Skånevik. Målet
til slutt er å skapa nye arbeidsplassar i Skånevik. Les meir i Grannar
om dette og gjerne artikkelen
Slutt ved N. F. - leve Skånevik!
28.06.01
Reguleringsplan for Ferjekaien i Skånevik
Teknisk Etat i Etne
ved Plankonsulent Ivar Kalkvik har sendt følgjande melding til Skånevik
nett:
Det
er laga framlegg til reguleringsplan for Ferjekaien i Skånevik. Dette er
no lagt ut til offentleg ettersyn, og dei som har merknader til framlegget
må sende dette inn til Etne kommune innan 01.08.01. Syner elles til
annonse i Grannar og Haugesunds Avis 25.06.01.
Eit
eksemplar av planen vert lagt ut på Posten i Skånevik, slik at ein kan
sjå på dette der. Spørsmål knytt til planen kan rettast til Etne
kommune, tlf: 53 75 82 32.
28.06.01
Tapte siste kampen før ferien
Skånevik
IL sitt A-lag tapte siste fotballkampen før ferien. Skjoldar vann
2-1 på Skånevik Stadion. Her kjem eit kort referat av Bård-Henrik
Hereide:
" Detta
var siste kamp før sommarferien for begge lag. I strålande vær skulle
Skånevik IL få eit surt tap.
1.omgang
Såg
ut som om detta var to jamne lag.
Rune
opp i lufta etter innlegg frå
Einar. Skånevik fekk eit indirekte frispark etter ca. 22 min, men utnytta
ikkje det godt og skuddet gikk over mål.
Frode
Sævareid kom åleine med keeper like etter men skaut over.
Skjoldar
sleit med Skånevik nå.
Motstanderane
kom med nokon sjansar men Steinar Ness stoppa dei fleste. Ved pause
sto det 0 - 0.
2.omgang
Skjoldar
hadde nokon farlege innlegg, men det hadde også Skånevik. Knut var god
og sikker i mål.
Skånevik
hadde ein god muligheit men Frode greidde ikkje og få den skikklege
avslutninga.
Einar
kom åleine med keeper på eit fantastisk gjennomløp og greidde og få
ballen i mål til slutt. 1-0 til Skånevik.
Like
etter utlikna Skjoldar til1-1 i det 83.
min
.. Heilt
mot slutten fikk Skjoldar enno eit mål og vann 2-1 over Skånevik.
Ca
30 såg kampen på Skånevik Stadion.
Ref: Bård-Henrik
Hereide
19.06.01Heile
klassen spelar handball
Alle jentene i 10. klasse er aktive handballspelarar.
I år var dei sentrale på Skånevik IL sitt jenter 15. år - lag som fikk
3. plass i serien. Les om laget som har blitt stadig betre etter at
dei starta med handball for 3 år sidan. Les
om laget i Grannar.
18.06.01 SMV utvidar lokala
og drifta
Store investeringar i smelteindustrien gjer at Sunnhordland
Mekaniske Verksted i Skånevik skal investere i nytt bygg for sentrallager
og maskinering. Ein vil også tilsetja fleire maskinarbeidarar,
montørar og ingeniørar slik at staben blir utvida med 6-8 personar det
nærmaste året. For Skånevik er dette svært positivt og det er
verkeleg å håpa at den positive trenden for den moderne og dynamiske
bedriften på Leknestangen heldt fram. Les
intervju Grannar med dir. Lars Hovda ved SMV.
18.06.01
I fullt arbeid på Green Ålesund
Ein del av dei tidlegare tilsette ved Norway Foods er no i
fullt arbeid med å tømma Green Ålesund for fisk. Arbeidet er
venta å ta ca. ein månad. Les intervju med fleire av arbeidarane i
Haugesunds
Avis.
17.06.01 Ny utstilling i
Galleri Jespersen
Galleri
Jespersen opnar ny utstilling og heldt vernissage i Skånevik søndag
1. juli 2001 kl. 14.00. Ordføraren i Etne kommune opnar utstillinga: BERLIN
- SKÅNEVIK. Utstillarar er:
Berit Myrebøe - Tysk billedkunstnar
frå Berlin - Grafikk - Blandingsteknikk
Knut Jespersen - Maleri
- Grafikk - Skulptur.
Sjå Galleri
Jespersen for meir informasjon.
12.06.01
Konsert
den 16. juni i Doktorhagen
Skånevik
Musikklag med dir. D. G. Johnsen inviterer til sommarkonsert saman med
Etne Musikklag i Doktorhagen laurdag 16.
juni kl. 17.00. Bill. vaksne kr. 50,- born
gratis. Velkommen til ei hyggjestund i Doktorhagen!
11.06.01 Vellukka
Torgdagar i Skånevik
Torgdagane i Skånevik blei også i år eit svært vellukka
arrangement. Veret var bra og gjestane såg ut til å trivast.
Skånevik nett vil særleg nemna underhaldninga i Idrettshallen
fredagskvelden som eit spanande innslag med mange flinke artistar.
Alle inntekter ved arrangementa går uavkorta til drift av Skånevik
Idrettshall og dei førebels tala tyder på eit overskot på godt over kr.
100.000,-. Les
om Torgdagane i Grannar.
06.06.01 Klart for
Torgdagane 2001
Alt er no klart for Torgdagane
2001. Frå det svært rikhaldige programmet kan ein nemna flott lokal
underhalding i Idrettshallen kl. 19.00 og ungdomsdans med Crazy
Duck, Noregs største mobile diskotek, kl. 21.00 på
fredagskvelden. Laurdag vert det stort, tradisjonelt Torg med Gunnar
Andersen som ein av dei store attraksjonane på scenen. Seinare
på kvelden spelar Vestlandsfanden, eit av landets beste pop/rock-band
opp til dans i Idrettshallen. Torgdagane vert avslutta med utegudsteneste
i Eikehaugen søndag kl. 11.00. Alle er hjarteleg velkomne til alle
dei einskilde arrangementa. Les
nøyaktig program her.
31.05.01
Får ikkje utvida skjenkeløyve
Leiaren av Skånevik
Bluesfestival er kraftig provosert over at Etne Formannskap har sagt
nei til søknaden om å få utvida skjenketida for øl og vin frå kl
01.00 til kl. 02.00 under festivalen. Han meiner at Etne kommune må
tilpassa seg skjenketider i omkringliggande kommunar og vil anka vedtaket
til Etne kommunestyre. Alf Warloe Christophersen uttalar også til
lokalavisa at han vurderer å kutta ut arrangementet neste år om ikkje
instillinga frå kommunen endrar seg. Skånevik nett vil peika på
at Skånevik Bluesfestival truleg er det mest kjende arrangementet i
kommunen rundt om i landet (og i andre land). Festivalen set
Skånevik og Etne kommune på kartet på ein svært positiv måte. Les
meir i Grannar.
28.05.01
Uttatt på skilandslaget
Chris Jespersen står for enno ein stor prestasjon
når han no er tatt ut på forbundslandslandslaget i
angrenn for junior. Det er første gong at ein lokal
løpar
er tatt ut på eit skilandslag. Les meir i Grannar
og på
skiforbundet si internettside.
27.05.01 Mange
toppartistar til festivalen
Programmet for Skånevik
Bluesfestival 2001 er no klart og festivalen hentar enno ein gong
fleire toppartistar til Skånevik. John Mayall & The
Bluesbreakers er levande blueslegendar, Rod
Piazza & The Mighty Flyers er eit av dei mest kjende bluesorkestra i
USA og
Roy Rogers som spelar saman med The Delta
Rhytm Kings
vert av mange rekna som verdas beste
slidegitarist. I tillegg kjem Angela
Brown & The Migthy 45's og Luddy
Samms & The Deliverers. Vidar
Busk Blues-X-perience
kjem i spissen for dei norske artistane:
Tommy
& The Runaway Boys,
Roller
Coasters
og Jan
Flaaten & His Taste Buds
og
Blues Project. Vel møtt til STORE dagar i
Skånevik den 6. - 8. juli!
20.05.01 Ny siger til Skånevik
IL
A-laget til Skånevik
IL virka også i dag ( 15.
mai ) tent på siger, i flott vær var det duka for 1-0 siger og 3 nye
poeng mot Suldal.
1.omgang:
Frå start hadde Skånevik mange flotte
angrep. Men Suldal var med i kampen.
Reidar som spelte forsvar scora sigers målet etter ca
20 min. Då han gjekk over heile banen og inn på målstreken! 1-0
til Skånevik.
”Onkel Raymond” Åsheim var god og rask på
vingen. Suldal jobba hardt for å stoppa Skånevik.
Einar fekk ein flott muligheit frå 8 m men skudde
gjekk utanfor. 1-0 til pause.
2.omgang
Suldal skaut i tverrleggaren i det 2.min.
Knut fekk litt meir å gjera i mål no. Mange
innlegg men ingen mål for Skånevik. Rune
fekk ikkje skikkelge treff like utanfor mål etter ca 35.min.
Det blei ikkje meir mål til Skånevik eller Suldal.
Bjarte Aastveit kom
inn for Skånevik dei siste minuttane.
Dommar: Thorleif Gruner Sted:
Skånevik Stadion med ca. 25 tilskodarar. Neste
kamp er mot Sveio. Sjå
tabellen!
Ref: Bård-Henrik
Hereide
18.05.01
Legg ned banken i Skånevik
Forstandarskapet
i Kvinnherad Sparebank gjorde i møte 15. mai vedtak om å leggja ned
filialen i Skånevik. Siste ordinære bankdag blir 13. juli i
år. Banken grunngjev nedlegginga med at dei ikkje har oppnådd
forventa marknadsdekning og at lønsemda for kontoret ikkje er
tilfredsstillande. Sjølv om alle dei tilsette får tilbod om å
halda fram i banken ved ein annan arbeidsstad er det eit tap for
Skåneviksamfunnet at filialen til KS vert lagt ned.
14.05.01Flott
skytestemne i Skånevik
Skånevik
Skyttarlag sto som ein dyktig arrangør av skytestemne i i Haugesunds
Avis-cup sist søndag. Rundt 100 deltakarar stilte til start i det
som blei det beste stemnet i Skånevik noensinne. Av lokale
deltakarar må ein særleg framheva Roger Tesdal med 2. plass i klassen
for junior. Les
meir i Haugesunds Avis.
07.05.05 SIL vant første
kampen
A-laget til Skånevik vant første seriekampen i 6. divisjon
mot Bokn heile 5-0. Les referatet av Skånevik nett sin faste
referent Bård Henrik Hereide:
Skånevik IL har slite med å få
A- lag i år. Men detta laget gjorde det godt på ein strålande
solskinsdag på Skånevik Stadion!
1.omg
Skånevik jobba hard frå start. Mange
flotte innlegg frå Raymond Åsheim, men avslutninga var ikkje god nok.
Bokn kom ein sjeldan gang framfor mål, men det gode
Skåneviks forsvaret med blant anna Lars Jarle, Ørjan Løhaugen og
Steinar Ness stoppa Bokn fort.
Etter ca30 min fekk Skånevik frispark like utanfor 16
meteren og Magnus skaut ballen rett i muren til Bokn. Like
etter var Einar Arefjord ute
med storslegga og laga eit flott mål får ca 25 meter.1-0 Frode
Sævareid skåra mot slutten av 1.omgang trillball i mål, typisk
”Frodemål”. 2-0 til pause.
2.omg.
Nå fekk Skånevik sola i auga så det
ville bli vanskeligare for Knut å stå i mål. Men
målfesten fortsette for Skånevik. Dommaren
bles ofte offside, noko som publikum ikkje var einige om. Øyvind
Eljervik er ein ny god spelar som ga
mange gode pasningar. Torgeir Tungesvik
sløste vekk eit mål då han var åleine med keeper. Men
retta det opp igjen like etter då han slo tunnel på keeper.
3-0
Bokn var trege og kom til få sjansar. Ørjan sklei inn nok eit mål
for Skånevik etter ca 35 min 4-0 og
så like etter Raymond med eit flott skudd . 5-0
Ca 30
såg kampen. God start på sesongen !!
Ref: Bård-Henrik
Hereide
04.05.05Flott
presentasjon av Taraldsøy
Kari Johannsson frå Skånevik har laga eit flott presentasjon
av Taraldsøy. Websida gir ei omfattande beskriving av øya i
tekst og bilete. Alle som er interessert i historia og naturen til
denne perla bør besøkja nettstaden.
03.05.05 Ny storbedrift til Etne
Det Schlumbergerkontrollerte selskapet Western Ceco har
valt Etne som produksjonsstad for leitekablar for innsamling av
seismikkdata. Sjølv om det framleis gjenstår detaljar før
etableringa blir endeleg bestemt er det godt grunn for alle i kommunen og omliggande
områder å gleda seg stor over dette. Kanskje vil dette resultera i heile
130 nye arbeidsplassar. Skånevik nett vil gratulera ordførar Amund Enge
og alle som har jobba med dette prosjektet for vel utført arbeid.
Les art.
1 - art.
2 og artikkel
3 i Haugesunds Avis og i Grannar.
01.05.01
Ellinor Grønfur på landslaget
Ellinor Grønfur står for ein strålande prestasjon
når ho no er tatt ut til landslagstroppen i fotball. Som den
første Skåneviksbu i historia er ho tatt ut til eit
seniorlandslag. Ellinor er i dag toppscorar i toppserien for kvinner og gler seg
til kampen mot Sverige den 13. mai. Hugs at Noreg er olympisk
meister i fotball og blir rekna eit av dei beste landslaga i i verda.
Gratulerer Ellinor! Les
meir i Grannar, Haugesunds
Avis ( 2. mai ) og
artikkel i toppserien.com.
01.05.01
Klart for utbygging
Utbygginga av omsorgssenteret i Skånevik startar rett
etter 17. mai. Det eldre skal bu forskjellige stader i kommunen
medan arbeidet pågår. Les
om dette i Grannar.
29.04.01 Seriestart for fotballen
Seriestart for dei lokale fotballaga er rett rundt
hjørna. På same måte som i fjor slit Skånevik med å stilla
A-lag. Idrettslaget jobbar hardt, men det ser ut til at radikale
endringar må til om det skal bli attraktivt å spela på
seniorlaget. Organiseringa av fotballaktivitetane må vurderast for
alle aldersklassane og ein må sjå på mogeleiheitene for samarbeid på
tvers av klubbgrensene. Les
reportasje før seriestart i Grannar.
26.04.01
Vassverket i Skånevik
Bygdebladet Grannar hadde for kort tid siden ein artikkel
journalist Edvardsen kalla "Ny vasskrig i Skånevik". Advokat
Berge ( for vassverket) og advokat
Sandvold (for Millie og Kristian Bull -Tornøe) kjem i same avisa den
26. april med sitt syn på denne saka.
23.04.01
Vårkonsert i Doktorhagen 1. mai
Skånevik Musikklag arrangerer vårkonsert
i Musikkpaviljongen i Doktorhagen tysdag 1. mai kl. 16.00. Alle
er velkomne.
22.04.04
Skånevik Idrettslag takkar
Basaren palmelaurdag ga Skånevik Idrettslag ei inntekt på
ca. kr. 39.000,-. SIL vil med dette retta ei
hjarteleg takk til alle som
har støtta idrettslaget i samband med basaren. Tusen takk!
08.04.02
SØK delar ut igjen!
Skånevik
Ølen Kraftlag har i år 2000 eit årsresultat på heile 6,1 mill. kr
etter skatt. Desse pengane blir også i år brukt på lokalsamfunnet
på ein imponerande måte som verkeleg viser vidsyn hos styre, representantskap
og leiinga i SØK. Les intervju
med everksjef Kristoffer Vannes i Haugesunds Avis.
07.04.01
Skånevik Næringsutvikling AS er stifta
Den 4. april blei Skånevik Næringsutvikling AS
starta. Selskapet skal ha som oppgåve å fremja næringsutvikling i
Skånevik, investering i fast eigedom, utleigeverksemd, eventuell
deltaking i andre selskap. I samarbeid med mellom andre kommunen og Rieber
& Søn ASA vil selskapet vera ein pådrivar i å få ny næringsverksemd
inn i lokala til Norway Foods og om mogeleg på eit seinare tidspunkt å gå
inn som eigar av bygningsmassen med tanke på vidare utleige. Selskapet
har eiga side på Skånevik nett. Les omtale
den 09.04 i Haugesunds Avis.
05.04.01 Ber kommunen om hjelp i
næringsarbeidet
Skånevik Vekst har søkt Etne kommune om at ein opprettar
ei prosjektstilling som skal driva fram næringsarbeidet i
Skånevik. I følg Alf W. Christophersen er Skånevik Vekst ikkje
nøgd med tempoet i kommunen si handsaming av denne saka. Ordførar
Enge viser til kommunen sin søknad om statlege omstillingsmidlar og
peikar på at om ein får slike, vil ein del av dei brukast på ei slik
stilling. Les
intervju i Haugesunds Avis.
03.04.01 Etablering
av Skånevik Sjømat AS
To av dei tidlegare tilsette ved Norway Foods i Skånevik
har tatt initiativet til å starta Skånevik Sjømat AS - ei verksemd som
satsar på produksjon av sjømat i Skånevik. Førebels har dei samla inn
ein aksjekapital på kr. 200.000, men dei er intressert i å komma i
kontakt med verksemder/miljø/einskildpersonar
som har produkt-/marknadsidear og/eller risikokapital å bidra med.
Les
ein kort omtale av prosjektet. og omtale
i Haugesunds Avis den 7. april.
30.03.01 Etne Kr.F. sitt syn på
kultur- og idrettspolitikk
Etne Kr. F. er det einaste partiet som er villige til å gi
til kjenne sitt syn på kultur- og idrettspolitikk i kommunen vår.
Les innspelet om dette
på Skånevik nett og Etne
Kr. F. sitt syn på sakja.
30.03.01Sorgens
dag for Skånevik
Les intervju
med mor og dotter Beate Åkra og Liv Marit Gordon i Haugesunds Avis.
Dei har jobba ved Norway Foodsfabrikken i Skånevik i svært mange år og
ser på nedlegginga i dag som ei forferdeleg hending.
29.03.01Slutt
ved Norway Foods - leve Skånevik!
Sjølv om det no er slutt på arbeidet ved Norway
Foodsfabrikken i Skånevik vil den flotte og engasjerte bygda leva og
blomstra i åra som kjem. Les
artikkel om dette.
27.03.01
Vikar på 87 år hos M. Baardsen
Då innehavaren Reidun Grønfur blei sjukemeldt overtok mora Jenny
Marie som vikar i butikken M. Baardsen manufaktur. Ho som driv forretninga
no er heile 87 år og i strålande form. Les
intervju med henne i Grannar.
22.03.01 Chris
Jespersen på forbundslandslaget?
Norges Skiforbund vurderer å ta Chris Jespersen med på det yngste
forbundslandslaget neste år. Den lovande Korlevoll-løparen vil bli
vurdert når det i april skal nominerast seks av kvart kjønn til
dette. Les meir i Grannar.
22.03.01
E. Mills står på for ambulansen
Lege Eric Mills held fram med kampen for å behalda
ambulansestasjonen i Etne. På eit sakleg og fagleg godt
fundamentert grunnlag argumenterer han på ein måte som tilslutt må
overbevisa fylkespolitikarane om at det er galt å fjerna denne tenesta
frå Etne. Lukka til med denne viktige kampen. Les om dette i Grannar
og Haugesunds
Avis.
13.03.01
Frå sardinar til «Green Ålesund»
Om ikkje lenge kjem vert det havarerte skipet Greeen
Ålesund frakta på lektere til Skåneviksfjorden. Her skal det
tømmast for fisk. Ca. 18 arbeidarar ved Norwayfoodsfabrikken i
Skånevik skal vera med på dette arbeidet som vil ta 4 - 6 veker. Les
om dette Haugesunds Avis...
10.03.02 Årsmøte i
Skånevik Idrettshall
Den 26. februar var det årsmøte i Skånevik Idrettshall
AL. Ein av dei verkelg store slitarane for hallen, Jan Henning Jespersen
gikk ut av styret etter mange år med strålande innsats. Det
lukkast ikkje å få vald leiar, slik at det må arrangerast ekstraordinært
årsmøte for bygget når ein har klar ein kandidat. Les
ref. frå møtet her...
07.03.01 John Mayall til
bluesfestivalen
Det er ein levande blueslegende blant gjestane på årets
bluesfestival i juli: John Mayall har vore læremeisteren til m. a.
Eric Clapton og Peter Green. Saman med The Bluesbreakers er han
framleis blant verdas mest ettertrakta bluesartistar. Programmet for
Skånevik
Bluesfestival vert lagt ut på festivalen si internettside etter kvart
som det vert klart. Les også omtale i Bergen
Tidende den 15.3. og i Grannar
den 20.3.
07.03.01
Hermetikkarbeiderforeningen takkar for seg
Det er med vemod vi les at Skånevik Hermetikkarbeiderforening
takker for seg og for all hjelpa frå bygdafolk og andre i samband med
arbeidet for å behalda sardinfabrikken i Skånevik. Den 30. mars er
siste arbeidsdag ved kommunen sin største arbeidsplass ... i ei tid då
det blir uttalt frå mange hald at foredling av marine produkt er eit
hovudssatsingsområde i Noreg. Les
innlegget i Grannar frå tillitsvald Torill Hjelmervik ved Norway
Foodsfabrikken.
07.03.01
Ikkje
flytt ambulansestasjonen!
Det er svært viktig for Etne kommune, særleg bygdene i
Åkrafjorden og Skånevik, at ambulansestasjonen blir verande i
Etne. Lenger transporttid kan bety liv eller død for ein del av
kommunens innbyggjarar. Lege Eric Mills og fylkespolitikar Ingemund
Berge påpeikar dette og stiller spørsmål om kvifor ein skal endra på
noko som fungerer svært godt i dag. Les intervju med Mills
og Berge
i Haugesunds avis og artikkel
i Grannar( 08.03.01 ).
05.03.01
Informasjon frå SIL
Skånevik Idrettslag har sendt ut eit nytt informasjonsskriv om
styresamansetning, gruppene i laget, kontigenten og treningstidene i
Skånevil Idrettshall. Les
om dette på sida til Skånevik IL...
01.03.01 Utbygging i Skånevik
Etne kommunestyre vedtok i går å byggja nytt
omsorgssenter med 4 sjukeheimsplassar og 12 omsorgsbustader ved Skånevik
Aldersheim. Representantane var svært samstemte til å byggja
omsorgsbustader, men sjukeheimsplassane vart berga med eit fleirtal på 11
mot 10 røyster. Dette har Skåneviksfolk venta på i mange år og
kommunestyret har tatt ei avgjerd som er god for bygda. Les om dette
i Grannar
og
Haugsunds Avis.
28.02.01 Skånevik IL - ein
viktig samfunnsfaktor
Den 29. januar hadde Skånevik IL årsmøte. Aktiviteten
i laget er svært omfattande og dei som er leiarar og trenarar gjer eit
storslått arbeid for Skåneviksamfunnet. Turid Straumsøy er ein
svært aktiv og dyktig leiar i SIL I tillegg til leiarjobben er ho
også instruktør i Aerobic. Ho gjer ein strålande innsats for
Skåneviksamfunnet!
Her
kan du lesa årsmeldinga frå SIL...
Den politiske og administrative leiinga i
Etne kommune må ta seg saman og svara på to opne brev ( Les brev
1 og brev
2 ) som Skånevik IL har sendt til kommunen. Det er det minste
dei kan dei gjera når kommunen er mellom dei dålegaste i klassen når
det gleld tildeling av kommunale midlar til idrettslaga. Skånevik nett
vil også peika på at det verkar som ingen politiske parti i Etne kommune
har kultur-og idrettspolitikk som sitt interessefelt. Dette må ein
endra på fordi undersøkingar viser at eit godt kulturtilbod er ein av
dei viktigaste tinga særleg unge folk ser på når dei vurderer å
busetja seg i distriktet. Alle dei
politiske partia i Etne vert med dette utfordra til å komma med sine
synspunkt på dette viktige området. Før
gjerne ein debatt om dette på Skånevik nett ( under Lesarinnlegg eller
ved å senda meg ein mail som vert lagt ut under Nyhende)
27.02.01
Ny siger til SIL i volleyball
Det var mykje som stod på spel
då Skånevik møtte KFUM Haugesund på bortebane mandag kveld. Vinnaren
av denne kampen ville sikra seg sølv i serien!
Skånevik var litt slakke i starten og tapte
første sett. I dei neste setta tok dei seg skikkeleg i saman, fekk inn
mange gode servar og vann den jamne kampen 3-1. Resultat:
1-3 ( 25-17, 20-25, 17-25, 20-25)
Skånevik sitt lag: Iren Ness, Kari
Johansson, Silje Malene Garvik, Silje Miljeteig, Lene Svendsen og Tove
Samland
25.02.01 Dansegalla med
Septimus
Velkommen til dansegalla med Septimus i
Skånevik idrettshall laurdag 17. mars kl. 20.00.
Aldersgrense 18 år. Bill. kr. 150,-. Sal av øl, vin, cider
og mineralvann.
Buss frå Etne v/hotellet kl. 19.30. ( Køyrer over Håland via
Kyrping) Må tingast innan 9. mars. Billettsal frå 26. februar
ved: Etne Servicesenter, Kroa, Krambua, Skånevik Fjordhotel, Ølen
Bensin og Storkiosk. Arr. Skånevik Skyttarlag og Etne BU
23.02.02
Skånevik skal eiga fabrikken
Det er svært positiv at Skånevik Vekst arbeider for å
etablera eit eigedomsselskap slik at alle interesserte i bygda saman skal
kunna eiga fabrikken. Dette vil kunna sikra at bygningen blir brukt
til Skåneviksamfunnet sitt beste. Det vert også jobba på fleire
hald for at ein skal halda fram med produksjon av sjømat i dei gamle
erverdige lokala. Saman med Etne kommune og andre førebur Skånevik
Vekst eit møte med Rieber & Søn der eigetilhøva for fabrikken skal
diskuterast. Les
intervju med Paul Hovda i Hgs. Avis...
20.02.01/22.02.01
Arbeid med "Green Ålesund"
Eide Marine Services AS på Halsnøy har fått oppdraget med å
heva og fjerna «Green Ålesund»,
som gjekk på grunn i Bleivik i Sveio 12. desember i fjor.
Etter at lasta på dekk er fjerna skal båten slepast på ein lekter til
Skåneviksfjorden. Her startar prosessen med å kjeldesortera fisk, papir,
plast og anna vrakgods. Ca. 14 - 16 personar som i dag er tilsette
ved Norway Foodsfabrikken i Skånevik skal vera med på å utføra denne
jobben. Les
meir i Grannar og Bergens
Tidende (22.02.01)
19.02.00 Tapte
kampen mot KFUM Ølen1
Seriekamp i 3.div. damer nord, søndag
18.2. i Skånevik Idrettshall:
Skånevik - KFUM Ølen1 0
- 3
(13-25, 21-25, 20-25)
Skånevik sitt
lag: Anne E. E. Børresen, Kari Johansson, Silje Malene Garvik, Turid
Straumsøy, Tove Samland, Lene Svendsen og SIlje Miljeteig.
Det vart nok ein jamn kamp mellom
desse to laga. Også denne gangen var det Ølen som viste seg å vera
best, sjølv om Skånevik hadde ein fantastisk heiagjeng som i alle fall
gjorde sitt!
Helsing KJ
12.02.01
Volleyballhelg på Husnes
Helga
10.-11. februar var det seriehelg på Husnes og 67 lag spela over 190
kampar frå tidleg om morgonen til seint på kveld. For første gang nokon
sinne stilte Skånevik IL med yngre lag i seriespel.
Les meir...
12.02.01
Kampreferat frå handball, Skånevik- j. 15
Her kjem kampreferata frå dei siste handballkampane til
Skånevik IL sitt jenter 15 lag. Dei gjer det strålande for
tida. Les
meir...
08.02.01
2. og 4. plass til Chris i Finland
Skånevik sitt stortalent i langrenn Chris Jespersen fikk
sølv og fjerdeplass i landskampen i Finland i helga. Dette var ein
kjempeflott debut med det norske flagget på brystet. Les
meir i Grannar...
07.02.01
Seier i volleyball
Tirsdags kveld var Skånevik sitt
damelag i volleyball til Karmøyhallen og spelte mot Kopervik.
Resultatet vart: 0-3 (17-25, 23-25, 12-25) og dermed seier til Skånevik.
Skånevik sitt lag: Anne E. E. Børresen,
Iren Ness, Turid Straumsøy, Silje Malene Garvik, Kari Johansson og
Silje Miljeteig.
Sjølv med litt skadar på laget vart det
ein grei seier til Skånevik, og i følge dommaren spela me artig
volleyball, kva nå han legg i det. Me får tru han meinte at det såg
ut som me hadde det kjekt, for det hadde me!
Ref. Kari Johansson
07.02.01 Start utbygging i Skånevik
Rådmannen i Etne kjem med forslag om å endra politikarane
sitt vedtak om fyrst å byggja sjukeheimsplassar og omsorgsbustader i
Skånevik og seinare 6 nye sjukeheimsplassar i Etne. Ho vil no
først byggja ut i Etne. Forslaget er ufatteleg for på oss som bur
i Skånevik og det føyer seg inn i rekkja av lite gjennomtenkte utspel frå rådmannen si side.
Det er nok svært mange i Skånevik som er rett og slett fortvila over
rådmannen sin haldning bygda vår. Les det engasjerte innlegget
Sjukeheimsplasser i Skånevik! av
Margareth Bull-Tornøe.
01.02.01
Chris J. på skilandslaget
Chris Jespersen er tatt ut på juniorlandslaget til Noreg
ved Nordisk juniorlandskamp i Finland. Det er første gongen ein
lokal deltakar er uttatt på eit skilandslag, og difor er Chris med på å
skriva skihistorie. Deltakande nasjonar er dei nordiske landa
og Estland.
01.02.01
Engasjerte Skåneviksjenter
Tea B. Carlsen og Kjersti E. Larsen sitt engasjement for at
ungdomskortet for Hordaland også skal gi høve til reise til Haugesund
ser ut til å gi resultatar. Samferdselssjef Magnus Vestrheim
uttalar til Grannar at han trur dette vil gå i orden. Les
meir i Grannar...
25.01.01 Sandvold Havbruk er selt
I følge avisa Grannar har Hydro Seafood kjøpt aksjane i
Sandvod Havbruk for ein sum som ligg over 100 mill. kr. Kjøpesummen
er ikkje stadfesta av selgjarane - familien Sandvold i Skånevik. Les
meir i Grannar...
21.01.01
Ny Skåneviksiger i volleyball
Skånevik fekk fortent revansj over
KFUM Ølen 2 søndag 21.1. kl 14.00
Resultat: 3-1 (25-15, 25-19, 20-25, 25-16)
Skånevik sitt lag: Tove Samland, Iren Ness,
Kari Johansson, Turid Straumsøy, Anne Elisabeth Eide Børresen, Silje
Malene Garvik og Silje Miljeteig
Dommar: Knut Ness Tid:
1 time 15 min
I møtet mellom desse to laga i
haust vart resultatet 3-2 til Ølen. Heile kampen var jamn og det var
dermed eit surt tap. Heime hadde Skånevik tenkt å retta på
dette!
Neste heimakamp blir søndag 18.2. Då
møter Skånevik topplaget KFUM Ølen 1 og kan trenga all den støtta
dei kan få frå publikum!!!
19.01.01
Ber Elsa E. Larsen om orsaking
Roy Martin Øyjord ber Elsa Eikemo Larsen om orsaking for
uttalelsar han kom med i innlegget sitt i Grannar den 21. desember i fjor. Les
innlegget i Grannar.
17.01.01 Sats på
reiselivsnæringa!
Salssjef på Hotel Ullensvang, etnebuen Nils Einar
Steinstø (35), deltek på reiselivsmessa på Sjølyst i Oslo for sin
arbeidsgjevar. Han har ei god bransjeutdanning og trivst svært godt
innan hotellnæringa. Det er viktig å merka seg hans utsagn om at Etne
kommune har eit svært godt utgangspunkt for å satsa målretta på
turisme - ei stor vekstnæring i næraste framtid. Han uttalar m. a. til
Grannar ...
— Men sjå kva dei gjer i Etne. Der har dei alt, men satsar
ingenting. Med flotte naturgjevne ressursar, og ei gunstig
geografisk plassering, burde Etne satsa skikkeleg på reiselivet. Ein må
bruke pengar, før ein tenar pengar. Slik er det berre. Og skjønar ein
ikkje det med ein sørlandsidyll som Skånevik i sin midte, då er det
veldig trist. Det nyttar ikkje å sitja på baken, og venta på at
turistane skal kome til distriktet vårt, seier Steinstø.
Les
heile intervjuet med Steinstø i Grannar...
16.01.01
Kristen tru inn i vår kvardag
Soknerådet, Indremisjonen og
Misjonssambandet
legg i vinter opp til samlingskveldar i bedehuset om livsspørsmål i
Bibelens lys. Den
21 januar er
temaet Det bli lys!,
25.
februar Jesus
som lyset i verda og 18
mars De er lyset og salt. Tidsramma for
møta er kl. 19.30 - 21.45. Les
meir om dette...
15.01.01 Etne kommune og idretten
Dei siste debattane om kommunebudsjettet viser at så godt som
ingen politikarar er opptatt av vilkåra til idretten i Etne
kommune. Truleg er vår kommune ein av dei som gir minst til
slike føremål i heile landet. Brev til kommunen som tar opp desse tilhøva
vert ikkje svart på.
Les det engasjerte innlegget
i Grannar til leiaren i
Skånevik Idrettslag, Turid Straumsøy om dette.
15.01.01
To andreplassar til Chris Jespersen
Chris Jespersen var nøgd med 2 andreplassar i Norgescupprenna i
Høydalsmo no i helga. Skilnaden fram til han som vant begge renna
var relativt stor, men Chris trur det er absolutt mogeleg å komma
nærmare seinare i sesongen. Les
om dette i Grannar...
15.01.01
Grannar ber om orsaking
Det er heilt på sin plass at redaktøren
i Grannar ber Elsa Eikemo Larsen og lesarane av avisa om orsaking for
at ho tok inn i avisa det svært nedbrytande og flåsete innlegget til Roy
Martin Øyjord. Børje
Eikemo og Jorunn
Opsal Ness har i sine innlegg kritisert den svært dårlege
behandlinga av den engasjerte og positive Elsa Eikemo Larsen, samstundes
som dei på ein fin måte har uttrykt støtte til henne. Les dette
ved å trykka på namna deira.
13.01.01
Chris Jespersen er i full gang
I helga deltar Chris Jespersen i sesongens første
norgescup-renn. Sist helg vant han eit landsrenn. Sjølv om
Chris no er elev ved Hovden Skigymnas er han framleis medlem av Korlevoll.
Skånevik nett vil ønskja han lukka til med sesongen. Les
meir i Grannar...
09.01.01 Lars Halleland
fylte 100 år
Lars Halleland frå Skånevik fylte 100 år laurdag den 6.
januar. Marie (93) og Lars Halleland (100) hadde 21. desember i fjor
vore gifte i 70 år. Dei kunne altså feira jarnbryllaup. Gratulerer
med vel overstått dag begge to! Les
om feiringa Grannar...
09.01.01 Eit flott
lesarinnlegg
Det er viktig at fridomen til å uttrykkja sine meiningar vert
halden i hevd. Nokre meiningar er likevel så spesielle og
nedbrytande at dei ikkje bør få spalteplass. Les det flotte
debattinnlegget til Jakob Eskeland i Grannar om dette emnet. Les
i Grannar...
05.01.01
Aetat lovar hjelp
Tillitsvald ved Norway Foods i Skånevik uttalar til Hgs.
Avis at ho synest det er merkverdig at dei tilsette enno ikkje er blitt
kontakta av Aetat; fleire månader etter at nedleggingsbodskapen kom til
bygda. Distriktsarbeidssjefen i Sunnhordland, Olav Myhre, seier at
dei som ikkje får jobb hos Schlumberger ved Cable Tech AS, vil få tilbod
om hjelp. Les
artikkelen i Haugesunds Avis...
05.01.01 Ca. halvparten har søkt i
Etne
Omlag halvparten av dei som misser jobben når Norway
Foodsfabrikken vert lagt ned i Skånevik den 30. mars har søkt om arbeid
hos Cable Tech AS i Etne. Torill Hjelmervik viser til at det for ein del
vil det vera praktiske vanskar med å jobba i Etne, slik som abeidet der
er lagt opp. Ho håpar også sterkt på at det vert ny aktivitet i
sardinfabrikken, om ikkje meir enn 10 arbeidsplassar. Saudabuen Kjell Ole
Rød er nøgd med søkjarmassen frå Skånevik, men garanterer ingen jobb
på førehand. Dei som har søkt vil få svar i løpet av januar. Les
artikkel i Hgs. Avis...
03.01.01
Tre godkjende redningshundar
Sofie Knudsen frå Skånevik er ein av tre i vårt distrikt som har
fått godkjent redningshund. Mykje arbeid ligg bak ei slik
godkjenning og Sofie uttalar at dersom ein først har hund som hobby, er
det like godt å trene han til noko nyttig. Les
meir om dette i Grannar.
28.12.00
Høyringsuttale frå Skånevik IL
Før budsjettmøtet for år 2001 til Etne kommune sende
Skånevik Idrettslag kommunen ein uttale om forslaget til
budsjett. I dette skrivet oppfordra SIL dei styrande i Etne
kommune om å auka dei minimale overføringane til idrettsarbeidet
i kommunen. Litt forsinka vert høyringsuttalen
no lagt ut på Skånevik nett
23.12.00
Lovprisar møtet med Skånevik
Dei nye eigarane av Skånevik Fjordhotel, Brita og
Andrea
Sharif seiar at alt har stått til forventnigane, både møtet med
folk i Skånevik og hotellet. Dei er svært
glade for at dei har kjøpt hotellet og dei vil det skal vera
Skånevik si storstove. Les
intervjuet i Grannar...
18.12.00
Svar til H. O. Tungesvik
Elsa E. Larsen reagerer med sinne på Hans Olav
Tungesvik sitt opne brev i Grannar. Ho seiar mellom anna (
sit. ): ...Men at du med ditt innlegg prøver å ta i frå meg
mitt engasjement - vil eller kan eg ikkje finna meg i...
Les
heile innlegget hennar i Grannar.
|