24.12.02
Sikter mot VM-medalje
Fem
seirer av fem mulige så langt denne sesongen. Ikke rart Chris Jespersen
har VM-ambisjoner. Les
mer i BT...
17.12.02
Set ned kraftprisen
Skånevik
Ølen Kraftlag gjennomfører ikkje den varsla auken i kraftprisen til 116
øre kilowattimen frå vesle julaftan, 23. desember. Prisane i marknaden
har gått ned og kraftlaget varslar difor ny pris frå same dag, 90.89 øre
kilowattimen, alle avgifter inkludert. Les
meir i Haugesunds Avis.
16.12.02 Vant
i Sverige
Chris Jespersen feide
de svenske juniorløparane ut av sporet på deira eigen VM-uttaking.
Stortalentet held fram med å imponera og vant begge renna i helga. Les
meir i Haugesunds Avis og BT.
16.12.02
Førjulsrock på hotellet
Laurdag 21. desember
kl. 21.00 er det duka for førjulsrock på Skånevik Fjordhotel med
rockebandet Clutch. Bandet består av Kjell Magne Fauskanger,
bass - Øyvind Vikanes, synth - Johan Aadland, gitar - Øystein Kloster,
vokal + gjester. CC kr. 100,-. Velkommen til ein hyggeleg
rockefest på hotellet.
09.10.12
Kan ta mål av VM-antrekket
Forrige
helg imponerte Chris Jespersen i BUL-sprinten. I helga gikk det 19 år
gamle stortalentet to nye gode renn. No kan han snart ta mål av
VM-antrekket. Les
meir i Haugesunds Avis
09.12.02
Dobler strømprisene
Skånevik Ølen Kraftlag
(SØK) øker strømprisene kraftig - fra dagens pris på 48 øre per
kilowattime til hele 116 øre fra og med 23. desember. - Folk bør
spare strøm, sier elverksjef Kristoffer Vannes. Les
mer i Haugesunds Avis
09.12.02 Julekonsert i
kyrkja
Det vert julekonsert i Skånevik kyrkje søndag 15.
desember kl.18.00.
Skånevik kyrkjekor, Barnekoret, Hilde Johnsen og Margunn Lygre, Kari
Johansson, Karakoret og Skånevik musikklag m/ Øystein Kloster som
songsolist tek del. Andakt v/ Jens Olav Mæland. Kollekt til
konsertkassen. Alle som vil høyra julesong og -musikk er hjarteleg
velkomne! Arr.: Skånevik sokneråd.
06.12.02 Vreeswijk
- konsert på Peparen Kro
Gruppa
Frifot ønsker velkommen til Cornelis Vreeswijk- konsert med
Anne Fossen, vokal frå gruppa Bengalo, Øyvind Engen, cello frå
Dadafon og Jovan Pavlovic,
trekkspel – Kapellmester Trøndelag Teater. På
Peparen Kro
laurdag
14. desember kl. 23.00. Ta fri frå juleførebuingane og få ei
storarta oppleving denne kvelden!
Entre før kl. 20.30 kr. 50,-
.
Seinare er prisen kr. 100,-.
Konserten startar presis kl. 23.00.
02.12.02
Diskusjonsforum for
Skånevik
Skånevik nett har oppretta
eit eige diskusjonsforum der du også kan senda personlege meldingar til
utvalde personar. Du kan svara på emne som blir diskuterte eller du
kan starta opp diskusjonar om nye emne. Det er å håpa at tenesten
blir på ein fornuftg måte til beste for bygda.
Gå
til diskusjonsforumet.
02.12.02
Slo til i første løpet
Chris Jespersen var uten konkurranse i gårsdagens
BUL-sprint. Skånevik-gutten var den alle pratet om etter rennet.
19-åringen utklasset alle juniorene og ble bare slått av to seniorløpere.
Det i et renn hvor det var like forhold da junior og seniorløperne var i
aksjon. Jespersen hamlet opp med alle som er på rekruttlandslaget. De
andre som er på forbundslag måtte også se seg slått av den målbevisste
sisteårsjunioren. Geir Ludvig Aasen (Oddersjå) og Remi Andersen (Bækkelaget)
var de eneste som klarte å straffe sluttiden til fristileksperten. Les
mer i Hgs. Avis...
01.12.02
Chris Jespersen er klar for ny sesong
Den glitrande skiløparen frå Skånevik er klar for ny
sesong. Testresultata er svært gode før sesongen startar i
helga. Les i Haugesunds
Avis om førebuingane og måla hans.
28.11.02
Opning av julegata i Skånevik
Laurdag 30. november vert julegata opna i
Skånevik. Butikkane er opne til kl. 16.00 og etterpå samlast ein på kaien for å
tenna julegrana til tonar av Skånevik musikklag. Og så kjem
nissen... Skånevik nett vil nytta høvet til å gratulera ALFEE
med 30 års jubileum no i haust.
27.11.02
Skånevik musikklag si julemesse
Laurdag
23.november avvikla Skånevik musikklag si årvisse julemesse i Skånevik
idrettshall. Mellom 250 og
300 kulturinteresserte menneske møtte fram for å støtta musikklaget og
for å sikra seg flotte julepresangar.
Mange både i og utafor musikklaget hadde stått på og laga mange
fin gåveartiklar, og salet av desse gjekk strykande.
Loddsal høyrer også med på ei messe og pengane sat laust ved både
boksalet og tombolaen. Hyggeleg
er det også med matservering og risgrauten var smakfull også i år. I tillegg fekk folk kjøpa kaffi, vaflar og kakemenn.
Til saman vart det ei bruttoinntekt på over 60.000 kroner.
Musikklaget
spela i to avdelingar, og på applausen å døma lika publikum det dei
fekk høyra. Men som
dirigenten nemnde er det god plass til fleire medlemer.
Me i musikklaget ynskjer velkomne nye medlemer til speleglede og
triveleg fellesskap. Nett i
desse dagar vert det starta eit oppfriskingskurs for tidlegare musikantar,
så det er berre å hengja seg på!
Skånevik musikklag vil
også med dette retta ei stor takk til alle dei som støttar oss.
Takk til både private som har laga og gjeve gåver og gevinstar og
til verksemder som har ytt støtte med både pengar og gevinstar.
Utan dykkar støtte ville det vera uråd å driva laget.
Takk for ei flott messe! Skånevik
musikklag vil ynskja dykk alle ei god advents- og juletid.
Reidar Leknes
25.11.02
Takk til Skånevikfolket
Her eit flott innlegg
i Grannar laga av Hans Olav Tungesvik.
25.11.02
God seriestart i volleyball
Skånevik
opna serien i 3. div. damer Rogaland med tre bortekampar på ei helg. Det
enda med tre strake 0-3 sigrar, og dermed ein god start på sesongen!
Skånevik
sitt lag: Anne
E. E. Børresen, Iren Ness, Lene Svendsen, Kari Johansson, Tove Samland,
Kristina Matre, Hilde Holmedal og Linda Bøthun
Ynglingehallen
lørdag 23/11:
KFUM
Stavanger3 – Skånevik 0-3 (20-25, 21-25, 20-25)
Stil
HIS – Skånevik 0 - 3 (14-25, 20-25, 21-25)
Ølen
Idrettshall søndag 24/11:
KFUM
Ølen – Skånevik 0-3 (13-25, 23-25, 21-25 )
21.11.02
Stor idrettsglede samla folk
Skånevik Idrettslag samla 67 betalande tilskodarar då
handballjentene på elleveårslaget hadde seriesamling med Ølen, Stord,
Rival og Nord som gjester i Skånevik Idrettshall. Les
meir i Grannar.
19.11.02
Ekstraførestilling på Byar som aldri søv
På oppfordring set Skånevik Fjordhotel opp
ekstraførestilling på suksessen Byar som aldri søv kommande fredag
22. november kl. 19.30. Ring hotellet
for å tinga plass. Les
den flotte omtalen i Grannar.
18.11.02
Stor suksess for musikal
Publikum
på Skånevik Fjordhotel fekk eit musikalsk minne dei seint vil gløyma
på fredag då musikalen Byar som aldri søv blei framført.
Aktørane Øystein Kloster, Marit Wengstad, Åsne Kvamme,
Tore Kloster, Ole Morten Johansen og Irene Simonsen framførte kjende
songar frå mange musikalar på ein framifrå måte. Etter
ein to timar lang musikalsk rundtur i London og på Broadway krasjlanda me
i eit haustkaldt Skånevik i silregn. Overgangen var brå og omsynslaus,
men du verda for ei oppleving ( Sit. Grannar ) Skånevik
Fjordhotel var ei fin ramme kring arrangementet og vil halda fram med
mange kulturarrangement frametter. Les
den flotte omtalen i Grannar.
12.11.02 Snart klart
for Byar som aldri søv
Musikalvarietèen
«Byar som aldri søv», som hadde sin première på Husnes i mai,
vert å oppleva i Skånevik på hotellet fredag kl. 19.39. Showet
er spekka med musikk frå
klassiske musikalar som My Fair Lady, Oliver!, West Side Story, Annie Get
Your Gun, Guys and Dolls m. fl.. Det
som vert framført er ein turnèversjon av den opphavelege framsyninga. 12
år gamle Ole Morten Johansen er framleis med som ein av dei sentrale aktørane,
i lag med Øystein Kloster, Marit Wengstad, Åsne Kvamme og Tore Kloster.
Irene Simonsen sit ved pianoet.
Velkommen
til Skånevik og Skånevik
Fjordhotel. Dette kan bli ei stund som du vil hugsa lenge!
08.11.02
Etterlyser referatbøker
Leif Eikemo etterlyser referatbøker til Skånevik
ungdomslag. Han skriv dette:
Ungdomslaget vart diverre utan styring. Ungdomshuset Solvang kom i
økonomiske problem. Ingen hadde ansvar. Hordaland ungdomslag
vart kontakta om hjelp. Huset vart meir og meir til nedfalls.
Formann og sekretær frå Hordaland ungdomslag kom til Skånevik.
Det hadde då vore utsendt rundskriv til heile bygda. Kva skal me
gjera med ungdomshuset? Einaste utvegen var å selja. Som dei
fleste veit kjøpte biletkunstnar Knut Jespersen. Mykje arbeid og
utlegg var det å få huset vølt. I dag står det fint, til glede
for oss alle. Vonar Skånevik-folket vil ta ein tur til Galleriet og
sjå. Det er synet verdt.
Ungdomslaget sine mange aviser og protokollar er samla. ( Det som
var å finna. ) Dei er nå å sjå på Skånevik bibliotek.
Aviser heilt frå starten til i dag. Mykje interessant lesnad.
Etterlyser ein del referatbøker frå møta til ungdomslaget. Er
det nokon i bygda som har noko frå ungdomslaget? Biblioteket tek
imot det.
Leif Eikemo
05.11.02 Flott
Sivlekveld i Skånevik
Sist fredag arrangerte Skånevik Mållag Sivlekveld på Gjestgjevargarden. Jens Brekke frå Vik i Sogn fortalde mangt om
vossadiktaren, og om førebuinga til 150-årsminnet for fødselen hans,
som er i 2007. Grannar v/redaktør Aslaug Mala fikk tildelt
Målprisen for 2002. Les
meir i Haugesunds Avis.
04.11.02
Flott
start på Eventyrstund
Meir enn 40 personar møtte fram til Eventyrstund i
Gamlebanken då skodespelar Marit Wengstad og Øystein Kloster leste og song til store og små
sist laurdag. Alle koste seg og hadde ei kjekk oppleving saman
med Marit. Kvar laudag kl. 14.00 fram til jul kan du få oppleva
dette i Gamlebanken i Skånevik sentrum. Velkommen!
31.10.02
Nytt omsorgssenter tatt i bruk
Det nye omsorgssenteret i Skånevik er no tatt i
bruk. Både dei som bur der og dei tilsette er svært godt nøgd med
dei nye lokala. Les
meir i Grannar...
29.10.02
Flotte kulturarrangement i Skånevik
Laurdag 2. nov. kl. 19.00 vert det cabaret med Kolneskoret.
Nils Halleland, Jon-Arne Markhus og Anita Hunseid. Etterpå dans med
Markhus Trio. Bill kr. 150,-. På Skånevik
Fjordhotel.
Fredag den 15. november kl. 19.30 kan du sjå musikalen Byar
som aldri søv på Skånevik Fjordhotel. Mange profesjonelle
skodespelarar er med i denne framsyninga som er ei musikalsk reise gjennom
London - og New York musikalar. Den fikk svært god kritikk då den
gjekk for fulle hus på Husnes i mai. Tinga billettar på hotellet i
tide. Les meir på websida
til Skånevik Fjordhotel.
Kunstnaren Knut Jespersen opnar ny
utstilling i Galleri
Jespersen med vernissage laurdag 16. november kl. 14.00. Han
stiller ut maleri, grafikk og skulptur.
29.10.02 Opdrettsaure på
rømmen
På grunn av eit hol i ei merd har meir enn 1000 aure rømt
frå Sjøtroll sitt anlegg ved Leknestangen. Auren representerer
inga fare for annan fisk i sjøen eller i elvene. Les
meir i Haugesunds Avis.
23.10.02
Gulliksen dagleg leiar ved EasyConnect AS Skånevik
Skånevik nett vil ønskja Martin Gulliksen (48) frå
Karmøy hjarteleg velkommen til Skånevik. Han er tilsett i den
viktige stillinga som dagleg leiar ved EasyConnect Skånevik AS.
20.10.02
Tinga breiband no!
Ølen har det, Etnesjøen får det snart, Kvinnherad har
det, alle større
tettstader har det. Skånevik vil få tilgong på trådlaust
breiband for hurtig oppkopling og overføring av alle ressursane på
Internett - om du vil det. Selskapet INO frå Ulvik vil
byggja ut dette dersom 30 husstander og 5 verksemder tingar abonnement med
det første. Dei 25 første privatpersonane som tingar abonnement
innan 10. november vil få første månaden gratis. Utbygginga vil skje før jul. Det er viktig for
næringslivet, det offentlege og privatpersonar at også vår bygd har har
høve til hurtig overføring av data over internett. Les
meir og be om kontraktskjema på Breibandsida til Skånevik nett.
20.10.02
Ope brev til ordføraren i Etne
Her kjem eit ope brev til ordføraren i Etne frå Skånevik Sjømat AS:
VEDR. VIDAREFØRING AV SKÅNEVIK SJØMAT
Gode ordførar!
Me syner til konstruktivt møte i Skånevik torsdag 17.10.02.
Som sagt stiller me Skånevik Sjømat AS, med alle selskapet sine rettar,
til rådvelde for ei Etne kommune, Skånevikprosjektet og Skånevik Næringsutvikling
AS. Føresetnaden er at det kjem til ein sjømataktivitet i Skånevik. Me
vil ikkje ha noko mot at sjømatproduksjon basert på Skånevik Sjømat AS
sine rettar startar opp i førebelse lokaler, i påvente av permanente
lokaler i Skånevik.
Som
kjent er det lagt ned eit relativt stort arbeid, og relativt store
kostnader ( ca. 500.000. kroner ) i forprosjektet. Det ligg føre ein god
del informasjon/dokumentasjon i tillegg til rettane til lakserullen. Me
ser på denne organisatoriske og økonomiske innsatsen, og rettane, som vårt
bidrag for å få i gang ein sjømataktivitet og dermed ny sysselsetting i
Skånevik.
Me meinar forprosjektet
til Skånevik Sjømat AS dokumenterar
at det, dersom det kan framskaffast store nok økonomiske ressursar, er
forsvarleg å starta ein sjømatproduksjon i Skånevik. Forprosjektet
syner at det vil vera god nok tilgong på råstoff ( laks, aure, kvitfisk
m.v. ) i Sunnhordland, og at det er ein stor marknad for lakserullen .
Forprosjektet syner vidare at det finst relevant produksjonsutstyr i
marknaden. Produksjonsmetoden er som kjent ferdig utvikla.
Me vil be om at det
vidare arbeidet vert gjort i forståing med Aud Lid Wiland. Ho har god
kunnskap om forprosjektet. Me står gjerne til teneste dersom det er bruk
for vår kunnskap.
Lukke til!
Skånevik 18.10.02.
Med vensam helsing
Skånevik
Sjømat AS
Anna Emmerhoff Nilsen Aksel Kloster
18.10.02
Kjøper ikkje fabrikken i Skånevik
Skånevik Sjømat AS greier truleg ikkje å skaffa nok
kapital slik at dei kan kjøpa fabrikken i Skånevik. Dei har
overskride fristen for innbetaling av første avdrag og ordføraren har i
samråd med Rieber & Søn ASA oppheva intensjonsavtalen mellom
Skånevik Sjømat, Skånevik Næringsutvikling AS og Rieber & Søn ASA
om kjøp av fabrikken. Skånevik Sjømat håpar likevel å kunna
starta produksjon av det gode og utprøvde produktet sitt,
lakserull. Les
meir i Grannar...
14.10.02
Velkommen til Skånevik!
Vi vil ønskja skodespelarane Marit Wengstad og Øystein
Kloster velkommen til Skånevik.
Etter travle oppdrag finn dei nå ro i Skånevik, ein
av dei finaste stader dei kan tenkja seg, seier dei begge.
Saman med andre artistar vil dei delta på mange
arrangement på fjordhotellet og andre stader i Skånevik no i
haust. Les
intervju med Marit og Øystein i Grannar...
12.10.02
Skånevik tapte siste kampen
A-laget til Skånevik IL spelte siste kampen for sesongen
på Skånevik Stadion sist laurdag mot Vedavåg 2. Reultatet blei
2-1 til bortelaget. Skånevik nett vil takka Bård - Henrik Hereide
for dei fine kampreferata gjennom heile sesongen. Håpar han held
fram neste år.
5.okt. 02
Skånevik-Vedavåg Karmøy 2 (VK2)
1 - 2
Dette er den siste kampen for Skånevik og dei er som alltid
tente på å vinna. Surt tap sist, men i dag stiller dei med nye friske
spelarar klar til kamp på Skånevik Stadion. Laget er variert og
spennande.
Frå start: Frode Sævareide, Reidar Haaland, Jan Bøthun,
Steinar Ness, Geir Birkenes, Sindre Eljervik, Ørjan Løhaugen, Øyvind
Eljervik, Leif Sævareide, Jan Audun Johansen, Rune Johansson. Innbyttarar: Torstein Funderud, Leif B Larsen, Lars
Jarle (trenar), Charles Arefjord.
1.omgang
VK2 fekk det første skuddet på mål. Men det stopper ikkje
Skånevik i å lage ein av dei finaste måla denne sesongen, flott corner
og i feltet står Rune J klar med hovudet. 1-0 .
Skånevik slit med dårlege pasningar. Etter ca 20.min skyt
Jan Audun J , men rett på keeper.
Geir B legger eit fint frispark til Torstein, og han skyt eit
tverrleggarskudd!
Mot slutten får VK2 eit merkeleg mål etter forsvarstabbe,
og stillinga er 1-1. Frode S spelar greitt i mål for Skånevik.
2.omgang
Skånevik kjem til mange fine angrep, og dei bruker kanten
meir. Rune J er enorm på hovudet og reddar Skånevik i mange situasjonar.
Frode S kan ikkje gjer noko med det andre målet til VK2. , det kjem eit høgt
skudd mot mål og Frode S blir blenda av sola. Ballen går i mål og
stillinga er 1-2.
Steinar kom til eit fint skudd i det 10.min men over.
Keeperen til VK2 tar setter knottane i foten til Ørjan L og
han vert stygt skada. VK2 fekk eit frispark i etter ca 30.min men ballen går
i ein sterk Skåneviks mur. VK2 fekk eit farleg tverrleggar skudd frå
30.m .
Dette var det siste referatet i år, håpar på nye spennande
kampar på stadion neste sesong. Håpar også du stiller og støtter opp
om Skånevik A-lag.
Ref:
Bård-Henrik, Skånevik Nett
09.10.02
Folkemøte om breiband og turisme
Fredag den 18. oktober kl. 19.00 vert det folkemøte på
hotellet om breiband og turisme i Skånevik. Skånevikprosjektet
stå som arrangør. Alt ligg no til rette for at alle som ynskjer
det kan få tilbod om breiband før året er komme. Les pressemelding
frå breibandleverandøren INO og invitasjonen
til møtet. Velkommen til møtet!
07.10.02
Sivle-kveld i Skånevik
Fredag 1.november kl. 19.30
er det duka
for ny kveldsete på Gjestgjevargarden i Skånevik. Denne gongen
er det diktaren Per Sivle som står i sentrum i programmet.
Han er vel kjend for dei fleste av oss gjennom både ”Den fyrste song
eg høyra fekk” og gjennom talrike ”Vossastubbar”. I
tillegg har han skrive skodespel, dikt og romanar.
Det er Sivle-kjennaren Jens Brekke frå Vik i Sogn som kjem på
vitjing. Han er i tillegg ein habil mann til å traktera
trekkspelet, og han har mykje å gi gjennom ord og musikk.
I tillegg til sjølve programmet, skal me som vanleg eta kveldsmat
i lag. Det blir ei enkel utlodding og informasjon om
aktuelle kulturoppgåver både i bygda og i laget.
Kveldseta er sjølvsagt open for alle, og me vonar på godt frammøte frå
Skånevik og frå nabobygder.
Tilskipinga er gratis, og det einaste du må ”punga ut
med”, er pengar til lodd etter evne og ynskje.
Kveldens hovudperson, Per Sivle, var ein stor personlegdom,
som mellom anna var ein av dei fremste talsmenn for den nasjonale
frigjeringa i 1905. Han var redaktør i fleire aviser,
men han sleit mykje med dårleg helse - hovudverk og depresjonar -
og det vart ei trist avslutning på livet hans. Alle sider ved Per
Sivles innhaldsrike liv får du innsyn i denne kvelden.
Vel møtt.
For Skånevik Mållag
Hans Olav Tungesvik.
07.10.02
Forprosjektet er ferdig
Pressemelding frå Skånevik Sjømat AS:
Med eigenkapital og midlar frå SND har det i
over eitt år vore arbeidd med eit forprosjekt
med sikte på å få i gong produksjon av sjømat i den nedlagde
hermetikkfabrikken i Skånevik. I gjennom forprosjektperioden har ein
funne fram til eit produkt som det ser ut til å vera marknad for.
Produktet er ein lakserull som er testa ut i marknaden i samarbeid med
Norconserv med godt resultat. Ein har funne fram til fleire råstoffleverandørar,
som er lakseslakteri i Sunnhordland. Likeeins har ein funne fram til ein
produksjonsteknologi som gjer det enkelt å framstilla produktet.
Med andre ord har ein gjennom forprosjektet fått på plass
lokalet, produksjonsutstyret, råvarene og marknaden.
Det var dei to tidligare
tilsette ved hermetikkfabrikken, Aud Lid Wiland og Anna
Emmerhoff Nilsen, som tok initiativet til forprosjektet.
Me er godt nøgde
med forprosjektet, og er takksame for alle som har stilt opp i prosessen, anten det er Etne kommune, Skånevik Næringsutvikling AS, Skånevikprosjektet,
Samarbeidsrådet for Sunnhordland, SND, Norconserv, eller private aktørar.
Me takkar også Terje Lund som har stått for utviklinga av lakserullen,
seier Anna Emmerhoff Nilsen. Det er konsulentselskapet Synergia som har
sydd saman forprosjekt rapporten. Dei samla kostnadene har vore på
500.000 kroner, der SND har delteke med 150.000 kroner.
Gjennom Etne kommune og Skånevik Næringsutvikling AS som
har Skånevik Sjømat AS fått tilbod om å kjøpa fabrikken for
ein akseptabel pris.
Initiativtakarane
både trur og reknar med at finansieringa skal koma på plass, slik at
fabrikken kan kjøpast til jul. Les
også i Haugesunds Avis...
07.10.02
Startar Høgskuleutdanning
Folk
som har vore ute i arbeidslivet nokre år, og som ynskjer å læra litt
meir utan å ha formell studiekompetanse, får nå tilbod om utdanning
retta mot næringslivet på høgskulenivå. Utdanninga
skjer lokalt m. a. i Etne kommune. Les
meir i Grannar om dette svært positive tiltaket.
29.09.02
Skånevik tapte for Skjoldar
Førre laurdag slo Skjodar Skånevik 4-2 i ein 6. div. -
kamp på Skånevik Stadion. Les referat frå Bård-Henrik Hereide:
Det såg ut til å bli ein flott
fotballdag på Skånevik Stadion då Skånevik IL skulle møte Skjoldar. I
det siste har Skånevik hatt nokre tap, og eit ustabilt lag.
Skånevik A-lag frå start: Kurt Bøthun, Helge Hus, Rune Johansson, Jan
Audun Johansen, Ørjan Løhaugen, Steinar Ness, Geir Birkenes, Torgeir
Tungesvik, Lars Jarle Nes, Leif Bjørnar Larsen, Øyvind Eljervik.
1.omgang
Begge lag går ut hardt, og først etter 25.min skjer det noko og merka
seg. Skjoldar kommer til skudd, Kurt reddar men ein rask Skjoldar spelar
for returen i mål, og stillinga er 0-1. Rune Johanson som er nyklippt for
anledningen speler trygt og godt på midtbanen. Etter 40.min kommer igjen
Skjoldar til ein mulighet og dei utnytter den. Fin lobb over keeper kurt
og stillanga er 0-2. Det er bare nokon få speleminutt igjen av første
omgang då Skjoldar kommer med eit fint innlegg. I feltet står Helge Hus
klar til å skyte ballen unna, men ballen går feil retning og i eige mål.
Frå tribunebenken ropast det ”Hus i eige hus!”. Uheldig 0-3.
2.omgang
Skånevik har god ”guts” frå start etter mykje kjefting i pausen.
Tilskuerane venter berre på eit mål frå Skånevik. Øyvind får ballen
mellom beina han bruker rå styrke og går heile vegen opp høgre sida.
Til slutt får Frode Sævareid balle etter innlegget frå Øyvind, og
plasserer den fint i mål. 1-3. Skjoldar hadde eit farleg tverrleggar
skudd. Skjoldar fekk enda eit mål etter 20.min. 4-1. Helge kom åleine
med keeper men skuddet gjekk utanfor . Jan A hadde eit fint bakkeskudd frå
ca 10m me keeper redda. Mot slutten fekk Skånevik eit fint mål. Skudd frå
ca 10 meter. 2-4 Bra ! Synd at Skånevik ikkje greidde og vinne
denne kampen, det er plass til mange fleire på stadion. Neste kamp er i
Etne mot Etne og det vert nok ein spennande kamp! Ca 40 såg kampen.
Ref: Bård-Henrik Hereide, Skånevik Nett
26.09.02 10 nye arbeidsplassar i
Sk. vik
I følge adm. dir Steinar Wasmuth i EasyConnect vil selskapet
utvida drifta og oppretta 10 nye stillingar i Skånevik. Les meir om
denne positive meldinga i Haugesunds
Avis. Sjå stillingsutlysing
på A-etat.
11.09.02
Vil kjempa for tannklinikken
Skåneviksfolk vil kjempa for å bevara tannklinikken i
bygda i framtida. Vi kan ikkje godta framlegget frå fylkestannlegen
om å leggja ned klinikken i Skånevik når Olaf Larsen ein gong
sluttar. Skånevik Vekst, Skånevik næringsutvikling og alle
Skånevikspatriotar vil stå på for at forslaget ikkje vert sett i
verk. Olaf og dei som jobbar saman med han har utført eit flott
arbeid for tannhelsetenesta i Skånevik og heile kommunen. Vi
ønskjer sjølvsagt at den svært dyktige tannlege Larsen held fram i
Skånevik i mange år, men kan ikkje godta det presset han vert utsett for
med dette forslaget.
Les eit engasjert innlegg om saka i Grannar av John H. Vannes.
10.09.02
Etablerarkurs i Skånevik
Har du tankar eller idear om å starta eigen bedrift?
Det vert arrangert mini-etablerarkurs tysdag 17. sept. kl. 18.00 -
22.00 på Skånevik Fjordhotel. Kurshaldar vert Inger Larsen
Nerheim. Påmelding til Skånevikprosjektet tlf. 905 12 679. Les
pressemelding om kurset.
07.09.02
Store tap for fiskeprodusent
Ei nærast usynleg manet skaper for tida store problem for
fiskeoppdrettarar. Ved Sjøtroll Havbruk sine anlegg i Skånevik er over
100 tonn aure gått tapt dei siste dagane. Les
meir i Haugesunds Avis og i Grannar.
30.08.02
Snart klart for sjømatproduksjon
Det er mykje som tyder på at det snart vert ny produksjon
i fabrikken i Skånevik. Konsulent Helge Bauge orienterte Etne
formannskap om planane sist tysdag, men la ikkje skjul på at det
vanskeleg å henta inn så mykje kapital som ei slik satsing krev. Les
meir i Gramnnar.
29.08.02
Storscorar på landslaget
Petter Ness, barneborn til Bjørn Ragnvald Ness som er
født og har vakse opp i Skånevik gjer det svært godt på
fotballbanen. Han er ein dyktig spiss på Åsane sitt lag og
storscorar på U-17 landslaget. Under ein pågåande turnering for
landslag i Tsjekkia laga han ekte hattrick då Noreg tok igjen 3-0 leiinga
til Irland. Les
om dette NFF sin sider.
21.08.02 EasyConnect utvidar i Skånevik
EasyConnect har hatt ein svært god start ved si avdeling i
Skånevik og ved dei andre kontaktsentra rundt om i landet. Dei
planlegg utviding av arbeidsstokken og tilbod om fleire tenester ved
senteret i Skånevik. Ei utfordrande stilling som dagleg
leiar i Skånevik er no lyst. Les meir i Haugesunds
Avis.
15.08.02
Vellukka besøk av Kronprinsparet 
Det var mange frå kommunen
som tok imot Kronprinsparet då dei besøkte Etne onsdag 14. august.
Ca. 1500 personar spiste lunsj med dei kongelege. Maten var
hovudsakeleg produkt frå Skånevik Sjømat og kronprinsen nemnde i talen
sin særleg Skånevik Bluesfestival som eit flott kulturarrangement.
Kristine Røgelstad ( Sjå biletet ) gav blomar til Haakon Magnus.
Les meir i Haugesunds
Avis og Grannar.
15.08.02
Skånevik - Etne 3 - 3
A-laga til Skånevik og Etne spela uavgjort 3 - 3 i ein
spanande og underhaldande fotballkamp på Skånevik Stadion måndag 12.
august. Les referat laga av Bård - Henrik Hereide:
Mandag
var den slutt på sommerferien til Skånevik A-lag. Det har vore dårleg
med trening i sommar. Men i dag var Skånevik klar til seier. På Skånevik
stadion var det mykje med folk i det fine været.
Frå
start: Tom Johanson , Steinar Ness , Geir
Birkenes, Bjarte Aastveit, Torgeir Tungesvik, Reidar håland, Rune
Johanson, Kjell Larsen, Christian Nilsen, Ørjan Løhaugen, Jan Audun
Johansen.
1.omgang
Pang start for Skånevik då Kjell Larsen skuat ballen i mål. Eit fint
vollyskudd etter innlegg. 1-0
. Etne kommer åleine med mål ,slår
ballen tilbake men utanfor.
Rune Johanson ”gamle ørn” med eit
”bekkaskudd” i mål. 2-1. Etter ca
25.min fekk Etne mål på corner. 2-2
. Kampen
begynner å bli veldig spennande nå! Tom var god i mål også denne
kampen. Kristian skudd frå ca 16 meter like over. Einar scora etter ca
44.min Bra forspel og Einar er åleine.
PAUSE 3-2
2.omgang
Litt hissig start på banen. Einar på løp åleine med keeper men kjem
litt bakpå, å skuddet går over. Det
er ikkje lett frå tribune og sjå om Bjarte laga sjølvmål etter skudd
frå etne. 3-3
. Etne
hadde eit stangskudd i det 10 min av andre omgang.
Det
var kjedelig spel og ingen fleire mål i andre omgang. Bagge lag pressa
men ingen mål.
SLUTT 3-3
. Mange
frå Etne hadde tatt turen til Skånevik denne Mandagen. Ca 80 såg kampen
på Skånevik Stadion.
Ref.
Bård-Henrik
for Skånevik
Nett
10.08.02
Lunsj med kronprinsparet
På onsdag den 14. august kjem kronprinsparet til
Etne. Har du lyst å spisa saman med dei? Reis til Etne denne
dagen og få smaka på lakserullen til Skånevik Sjømat AS. Les
meir i Haugesunds Avis.
07.07.02
Stor blueshelg i Skånevik
Årets bluesfestival er den beste i festivalen si
historie. Alle artistane med Gary Moore i spissen innfridde
forventningane og publikum fikk ei kulturoppleving dei seint vil
gløyma. Les meir i Bergens Tidene ( Art.
1 og art.
2 ), Haugesunds Avis (
Art. 1 og art.
2 og Grannar.
04.07.02
Klart for Skånevik Bluesfestival
Gjester frå nær og fjern strøymar til Skånevik.
Alt ligg til rette for ein strålande bluesfestival. Blues
vorspielet på fabrikken er i full gong. Gary Moore går på scenen
kl. 21.00 i fredag kveld. Det same gjer Peter Green på
laurdag. Sjå
festivalsida for fleire opplysningar.
Les i Grannar
om Rune og Jan Ulrik som gjer
ein viktig jobb for festivalen og andre arrangement i bygda.
30.06.02
Snart start på Festivalen
Mandag 1. juli går vi inn i festivalveka. Arbeidet
med å setja opp det største bluesteltet i landet er i full gong. Mange
billettar er alt seld. Ta godt imot dei fleire tusen som gjester Skånevik neste helg.
Festivalgeneral Alf Warloe sender denne
helsinga til publikum: Nå står Skånevik Bluesfestival klar til
å ta imot deg og dine venner som musikkinteresserte og gjester.
Dette er sjette gongen festivalen blir arrangert . Me vil gjerne at
du skal få ei oppleving når du er i Skånevik. Som du ser av
programmet, har me fått tak i knalltøffe artistar med Gary Moore i
spissen. Ramma er lagt, opplevingane ventar. Velkommen til Skånevik
Bluesfestival!
25.06.02 Ny utstilling i Galleri
Jespersen
Knut Jespersen har invitert Roald J. Tellnes som
medutstillar i Galleri
Jespersen. Den nye utstillinga blei opna sist laurdag og Tellnes
har med 17 grafiske arbeid, medan Knut Jespersen stiller ut 23 nye arbeid
både i grafikk, oljemåleri og skulpturar. Les
omtale i Grannar.
25.06.06
Stort frammøte på Gokartopning
Nær 300 personar møtte
fram då Skånevik/Etne gokartklubb opna banen sin på Leknestangen sist
søndag. Dir. ved SMV Lars Hovda starta det første løpet som
betsto av sponsorane for dei største bilane. Etter det starta
ordførar Amund Enge sponsorane av dei minste bilane. Mange store og
små fikk prøva bilane og særleg fleire av dei vakse var svært
ivrige. Amund og Hans Olav var mellom desse.
Ein haldt på til langt på kvelden slik at alle som ville fikk prøva
bilane. Alt tyder på at gokartbanen vil bli eit stort aktivum for
Skånevik, Etne og heile distriktet. Sjå bilete frå opninga på
sida til Skånevik/Etne
gokartklubb.
20.06.02
Skåneviksbrosjyren er klar
Første utgåva i av Skånevikbrosjyren er no
klar. 4000 eksemplarar er trykt opp og fordelt på turist - og
reiselivskontor frå Stavanger i sør til Bergen i nord. I tillegg
er det sjølvsagt lagt ut mange i Skånevik. Skånevikprosjektet har
finansiert brosjyren og mykje av arbeidet er gjort på dugnad.
Særleg takk til Olivia Eikemo som har hatt ansvaret for design og
layout. Brosjyren er lagt ut på Skånevik nett i modifisert
form. Sjå den
her!
12.06.02
Gokartbanen opnar den 16. juni
Søndag den 16. juni opnar gokartbanen til Skånevik/Etne
Gokart klubb på Leknestangen i Skånevik. Den 300 m lange banen
ligg på rett nord for SMV med praktfull utsikt over Skåneviksfjorden.
Klubben har gokartar med toppfart 35 km/t som kan brukast av born og
større bilar med toppfart 60 km/t. Les
meir om dette i Haugesunds
Avis og Grannar.
10.06.02
Er alt no betre enn Telenor
På under fire månader har Opplysning 1890 klart å
tilby ein teneste som ikkje berre er rimeligare, men som også utkonkurrerar
Telenors 1881 på hurtighet, korrekte opplysningar, effektivitet, høfligheit
og vennlegheit. Dette viser ein omfattande test og evaluering av opplysningstenester,
gjennomført av Opinion i veke 23 og gjort offentleg 7. juni 2002.
Ingen av dei andre nye aktørane når langt opp i målinga. Les
meir på websida til EasyConnect AS.
10.06.02
Flott artikkel om Skånevik i BT
Med artikkelen IT og bluesen har overtatt Skånevik
fokuserer Bergens Tidende på ein fin måte på ein del av det som har
skjedd i bygda etter at fabrikken blei lagd ned. Les
i BT...
06.06.02
Gokart i Skånevik
Skånevik/Etne Gokart klubb blei skipa 7. mars i år.
Målet er å opna banen den første helga i juli. Dette tiltake er
svært positivt og du kan lesa
meir om klubben og dei entusiastiske grunnleggjarne på deira
presentasjonsside.
03.06.02
Skånevik Næringsutvikling AS
Den 30. mai var det generalforsamling i Skånevik
Næringsutvikling AS. Les
ein artikkel om dette møtet og arbeidet til selskapet.
01.06.02
Chris J. tatt ut på landslaget
Chris Jespersen er også tatt ut på juniorlandslaget i
langrenn for neste sesong. Det er særleg den flotte 5.-plassen i VM
i år som gjorde utslaget. Les
meir i Grannar.
28.05.02
Skånevik - Skjoldar 0 - 2
Laurdag den 25. mai spelte Skånevik IL mot Skjoldar.
Resultatet blei 2-0 til Skjoldar - det første tapet til Skånevik denne
sesongen. Her kjem referatet frå Skånevik nett sin faste medarbeidar
Bård-Henrik Hereide:
Det var publikumsrekord lørdag 25.Mai då
Skånevik møtte Skjoldar på heime bane.
Grannar var på plass og det var klart for ein ny seier. Skånevik a-lag
har vunne alle
kampane sine 6.divisjon fram til no.
Frå start:
Tom , Leif Sævareid , Reidar Haaland , Geir Birkenes , Steinar Ness ,
Rune
Johannson , Erling Åsheim , Torgeir Tungesvik, Bjarte Aastveit, Leif Bjørnar
Larsen
Torstein Funderud.
Innbyttarar:
Frode Sævareid , Ole T. Matre , Helge Hus, Jarle Hus , Ørjan Løhaugen
, Sindre
Eljarvik.
1.omgang
Bjarte Aastveit starta kampen med eit kanon skudd frå ca 16 m , ballen
går i
tverrleggaren, og Bjarte A har uflaks. Skånevik har ein forsvarstabbe
og Skjoldar er
igjennom og åleine med keeper , men over .Så kom målet til Sjoldar ,
ikkje ufortent,
etter gjennombrudd i det 20.min. 0 - 1
Bytte : Frode S , som ofte er på benken inn, Leif Bjørnar L ut.
Litt «knuffing» framfor mål etter stygg takling på keeper Tom. Mange
spelerar
innvolvert. Frispark til Skånevik etter takling av Erling Å , like
utenfor 16 meteren. ,
men skudde går i muren og til corner.
Spelet står stillt. Rune J åleine med keeper , men over, 40.min
Bytte: Ørjan inn, Torstein F ut.
2.omgang
Bytte : Ole M inn , Torgeir T ,ut.
«Bjarten»opna også denne omgangen med eit skudd, men langt utnefor.
Rune J vart skada og Torgeir går inn på for han. Det var også i denne
kampen litt
hissig då spelerane meinte at dommaren dømmte feil. Enda ein skade på
Skåneviks
laget. Geir B ut Leif Bjørnar må inn. Det var ein keepertabbe som
gjorde at Skjoldar
fekk enda eit mål. Ballen trilla mellom beina på Tom. 0-2
Helge H inn Ørjan ut. Skjoldar skudd like over etter ca 35 min av andre
omgang.
Ca 80 såg kampen på Skånevik Stadion.
Sitat frå Leif Eikemo : Typisk å tape
når Grannar er her!
Ref Skånevik Stadion: Bård-Henrik
Hereide
26.05.02
Flott program ved festivalen
Programmet til årets bluesfestival er betre enn nokon
gong. Artistar som Gary Moore, Eric Sardinas og Peter Green er
lysande stjerner på blueshimmelen. Kven har ikkje høyrd om Black
Magic Woman og Still Got The Blues. Artistane bak desse
låtane kjem til Skånevik
Bluesfestival i år. Velkommen til Skånevik Bluesfestival -
ei oppleving du seint vil gløyma.
26.05.02
Thormod Ness brakk foten
Midtstopparen til tippeligalaget Sogndal Thormod Ness frå
Skånevik, er truleg ute for resten av sesongen fordi han brakk leggen på
treninga sist fredag. Les meir i Bergen
Tidende.
23.05.02
Snart klart for Torgdagar
Det er berre vel to veker igjen til Torgdagane og
førebuinga har vore i full gong lenge. I år kan vi mellom mykje
anna sjå fram til lokal revy både fredag og laurdag og gla'jazz i
Doktorhagen laurdag ettermiddag. Les
programmet her.
Skånevik
IL vant igjen
Skånevik-Vedavåg
2 2-1. Skånevik A-lag har vunne alle
kampane hittil i år og har spelt kjempe bra. Fredag 10. Mai var det
Vedavåg som stod for tur. Nydleg vær og fin bane på "Skåneviksløkka"
gjorde kampen til ein stor opplevelse!
Frå start:
Jarle Hus , Geir Birkenes , Steinar Ness , Leif Bjørnar Larsen, Torgeir
Tungesvik , Leif Sævareid , Erling Åsheim , Rune Johannson, Jan Audun
Johannsen Frode Sævareid.
Innbyttarar:
Charles Arefjord, Sindre Eljarvik , Øyvind Eljarvik , Einar Arefjord ,
Ole Tonning Matre
1. omgang: Skånevik
fekk ein kjempestart du dei kun etter 5.min fekk ein mål. Ein forsvars
tabbe gjorde at Vedavåg 2 laga sjølvmål. God start. 1-0. Rune
J skaut frå ca 7 m i tverrleggaren, u-flaks. Vedavåg 2 fekk frispark
etter ca 22.min, innlegg framfor mål, men Jarle H ute å redda.
Like etter Jan Audun J på løp, går
fra mittbanen er igjennom og for ballen i mål ! 2-0. Bytte,
Leif B Larsen ut Einar A inn. Øyvind E inn Frode S ut.Vedavåg 2 hadde
eit dårleg passningsspel mot slutten. Det
var 2-0 ved pause
2.omgang: Vedavåg
2 hadde mange gode sjansar på corner, men ein god keeper, Jarle Hus
hindra scoring. Det var eit litt slappare
lag som kom inn etter pause. Charles A inn
Jan Audun J ut. Det var ikkje mykje som skjedde nå. Så
kom gjennombruddet til Vedavåg 2 etter 22.min av andre omgang . 2.1
Det var mange frispark og hissig
spel. Charles A hadde eit tverrleggarskudd etter ca 30 min aao.
Bytte, Øyvind E ut Frode S inn.
2-1 SLUTT. Skånevik
A-lag har hatt mange gode kampar nå . Det var betre frammøte på
Skånevik Stadion denne kampen , men det er enda plass til fleire på
tribunen. Ca 60 såg kampen
ref: Bård-Henrik Hereide
10.05.05
Polarstjernen blir til pinneved
Skipsreiar
Lambrigt Leknes snur seg sikkert i grava. Den stolte Hardangerjakta «Polarstjernen»
er knust under grabben av ei grådig gravemaskin.
Les
meir i Grannar...
05.05.02
Stor trafikk hos EasyConnect
I følge Bergens Tidende fikk EasyConnect ein voldsom
traffikkauke då Telenor la ned 180-tenesten den 1. mai. Dette er
sjølvsagt svært positivt for morselskapet og dei mange lokale
kontaktsentra rundt om i landet. Ting tyder på at selskapet vil
dobla talet på tilsette om ikkje lenge. Les intervju med adm.
dir. Steinar Wasmuth i Easy Connect AS i BT og omtale
på EasyConnect si heimeside.
05.05.02
Forslag til stoff i turistbrosjyre
Som ein del av
Skåneviksprosjektet jobbar ei gruppe med å laga ein liten turistbrosjyre
om Skånevik på norsk, engelsk og tysk. På grunn av kort
førebuingstid blir brosjyren i år enkel og ein håper å ha den klar i starten
av juni.
Teksten og
bileta er forslag til stoff som skal vera med i brosjyren.
Har du forslag til rettingar eller nytt stoff må du melda frå om dette
til Heidi Wannberg, Alf Ove Nilsen eller senda til det til adm@skaanevik.no
innan 13. mai. I forretningane til Bøthun og Christophersen
vil forslaga liggja ute til gjennomsyn. Olivia Eikemo skal utforma
brosjyren som trueleg skal trykkast hos Idetrykk i Ølen. Vi er
interessert i å komma i kontakt med 2- 3 sponsorar som får ha reklame
på baksida av brosjyren. Brosjyren er klar i litt ut i juni.
01.05.02
Siger i første kampen
Skånevik starta serien med 3-1 siger over Kopervik
2. Også i år vil Bård-Henrik Hereide gle oss med referat frå
heimakampane. Følg med! Her kjem første kampen:
Seriestart for Skånevik og Koparvik var
motstandar. Det var ein regn tung dag på Skånevik Stadion Lørdag
27.April. Stallen til Skånevik A-lag var solid. :
Frå start:
Torstein Tungesvik, Bjarte Aastveit, Leif Sevareid, Steinar Ness, Geir
Birkenes, Jan Audun Johannsen, Leif Bjørnar Larsen, Rune Johannson,
Erling Åsheim, Tom, Torgeir Tungesvik
Innbyttarar:
Frode Sævareid, Jarle Hus, Ole Tonning Matre, Bjarne Vika, Einar Arefjord
1.omgang
Skånevik starter med høgt press, og Leif
Bjørnar Larsen skyter i tverrleggeren etter ca 5.min. Kjempe start!
Koparvik 2 hadde ein god mulighet på corner men Skånevik redder på
streken. Bjarte Aastveit hadde god sjans til og gi Skånevik ledelsen
etter ca 15min , då han kom åleine med keeper, men utanfor. Torgeir
Tungesvik kom til mange innlegg men det var ingen som avsluttet framfor
mål. Bytte, Torgeir ut Einar inn. Så kom det uforkjente målet til
Koparvik 2 etter 25 min. Innlegg og skudd i mål. 0-1. Tom hadde noken
flaks redningar, men greide seg godt i mål. Bytte, Frode inn Leif
Bjørnar ut. ca 40.min. Resultat 0-1
ved pause
2.omgang
I andre omgang skulle det løysne
for Skånevik. Dei mista tellinga over alle sjansane , men berre uflaks at
ikkje ballen gjekk inn. Koparvik 2 klarerte i siste augenblink. Erling
Åsheim som spelte ein god kamp kom til skudd etter ca 20.min av andre
omgang men like over. Like etter Erling går åleine , blir felt og klar
straffe til Skånevik. Bjarte legger straffen i høgre hjørne , fin
straffe og stillinga er 1-1. Nå er Skånevik i siget og etter eit nydleg
forspill for Einar Aarefjord ballen i mål. 2-
Og så like etter Einar igjen for etter
mykje klabb og babb ballen i mål. 3-1 Nå mistar Koparvik 2
sjølvtilliten, og vert hissige på banen. Skånevik har mange bytter mot
slutten. Frode ut Bjarne Vika inn. Ole Tonning inn Jan Audun ut. Jarle inn
Ole Tonning ut igjen. Sluttresultat
3-1 til Skånevik.
Ein god kamp av Skånevik A-lag , laget er
solid og det ser ut som om det vert fleire sigrar! Stener er også i år
på plass med Pølser (15kr) og brus (18kr). Nå må Skånevik sin
befolkning møte opp og støtte Skånevik I.L i neste kamp!
Ref: Bård-Henrik Hereide
26.04.02
Datakurs i
Skånevik
EasyConnect Skånevik AS og Skånevik Næringsutvikling AS
inviterer til Datakurs
på Skånevik skule. Tema for kurset vil vera: Grunnleggjande
omgrep og funksjonar i Windows, informasjonshenting på Internett og
touchmetoden. Kurset er på ca. 30 undervisningstimar og startar
13. mai kl. 17.00. Påmelding til adm@skaanevik.no
eller A. O. Nilsen tlf. 53 75 56 18 innan onsdag 8. mai.
| 23.04.02
Opning av Peparen Kro
Den 1.
mai åpner hotellets nyoppussede kafeteria og skal fra da av
hete "Peparen Kro". Fargene
er holdt i lette blå-tonner og innredningens stil og dekorasjoner er
"maritim".
Fra samme dato skal man kunne få kjøpt
mat fra à la carte sommermeny, i tillegg til dagens rett.
Dagens meny på åpningsdagen er:
Hovedrett: Røkt svinekam med rødkål,
servert med fløtesaus og kokte poteter.
og Rømmesurra ørret og rødspette
Dessert: Husets hjemmelagede
karamellpudding med krem.
Pris: kun 75,-
|
23.04.02
Uoppklart kyrkjebrann
Brannen i
Skånevik kyrkje i påska er framleis uoppklart. Politiet føler seg
framleis relativt sikre på at brannen var påsett. Les meir i Haugesunds
Avis.
18.04.02
Gary Moore til bluesfestivalen
Det er ein sensasjon at leiinga har klart å henta Gary Moore,
ein av verdas største bluesartistar, til Skånevik Bluesfestival.
Når du får spørsmålet: Kor var du då Gary Moore song "Still Got The
Blues" den 5. juli 2002? bør svaret vera - i
Bluesteltet i Skånevik. Les meir på sida til Skånevik
Bluesfestival ,i Haugesunds
Avis og Grannar.
16.04.02
Flott jubileumskonsert
25 årsjubileet for Etne Kulturskule blei markert med
ein flott jubileumskonsert i Etne samfunnshus forrige veke. Hilde A.
Johnsen og Margunn Lygre utmerka seg med glitrande spel på
tverrfløyte. Les
meir om dette i Grannar...
|
15.04.02
Brosjyre om Skånevik
På
eit folkemøte før påske blei det bestemt at ein skal laga ein brosjyre
om Skånevik på norsk, engelsk og tysk.
I hovudtrekk skal brosjyren innehalda stoff om overnatting,
servering, attraksjonar/opplevingar, arrangement, gjestehamner, båtutleige
og liknande. Ein generell innleiande tekst om Skånevik og fine bilete
skal sjølvsagt også vera med. Det
er meininga at brosjyren skal leggjast ut på passande stader i Skånevik
og på turiststader i omkringliggjande kommunar.
Vi ønskjer
tibakemelding frå publikum og ber om at alle som har forslag til
stoff (også bilete) gir melding om dette til redaksjonen innan 23.
april.
Redaksjonen består av Heidi Wannberg, Erik Kvalheim, Piet
Hoogerhuis og Alf Ove Nilsen. Send/gi ditt forslag til
stoff til Heidi Wannberg tlf. 48 12 41 70 eller Alf Ove Nilsen
e-post adm@skaanevik.no
innan 23. april. Det er
viktig å halda denne fristen! |
15.04.02
Lukka til EasyConnect AS!
Heile skåneviksamfunnet vil ønskja EysyConnect AS lukka til når
dei no startar drifta i Skånevik.
Førebels er 10 personar tilsett, men ein reknar med å få brukfor mange
fleire etter kvart. Les
meir i Haugesunds Avis og i Grannar. 14.04.02
Nok eit godt år for SØK
Kundar, tilsette og lokalsamfunn nyt også i år godt av
det gode økonomiske resultatet til Skånevik Ølen Kraftlag. Det
samla overskotet er på heile 6,5 millionar. Les
meir i Haugesunds Avis...
04.04.02
Kjøper fabrikken i Skånevik
Det er svært positivt at Skånevik Sjømat AS og Skånevik
Næringsutvikling AS har fått ein avtale med Rieber & Søn ASA om
kjøp av sardinfabrikken i Skånevik. Skånevik Sjømat reknar med
å vera i full sving i delar av lokala i løpet av hausten. Du er
framleis velkommen til å kjøpa aksjar
i Skånevik Næringsutvikling. Les
meir i Grannar og i Haugesunds
Avis.
02.04.02
Heltar i Skånevik
Då Marit Sævareid oppdaga røyk frå kyrkja, reagerte mannen
Olav resolutt. I siste liten blei den 102 år gamle trebygningen
redda. Årets påskehelg i Skånevik blei ikkje den rolege og fine høgtida
som mange ynskte seg. Branntilløpet på bygdas flotte kyrkje om
ettermiddagen Skjærtorsdag skaka opp folk flest. Les
meir i Haugsunds Avis.
02.04.02
Thormod sjef i forsvaret til SIL
Thormod Ness ser ut å bli ein forsterkning i forsvaret til
tippeligaklubben Sogndal. I går var han ein dyktig sjef i forsvaret
då dei vant 4-1 over FKH. Leiinga i Sogndal IL er svært
nøgd med innsatsen til Thormod fram til no og håpar at han skal vera med
på å løfta laget i høve til sesongen i fjor. Les meir i Bergens
Tidende.
29.03.02
Brann i Skånevik kyrkje
Det kunne ha utvikla seg til ei stor tragedie om flammane
hadde fått betre tak i Skånevik kyrkje i går ettermiddag. Ein oppmerksam
nabo la merke til at det kom røyk frå kyrkja og klarte på ein rask og
effektiv måte å få slokka brannen i vår vakre kyrkje som var 100 år i
fjor. Politiet trur brannen var påsett. Les meir i Bergens
Tidende og Haugesunds
Avis.
27.03.02
Årsmøte i Etne Reislivslag
Alle
medlemmer er hjarteleg velkomne til Årsmøte i Etne Reislivslag
på
Skånevik Fjordhotel torsdag 25. april kl. 19.00.
Vanlege årsmøtesaker. Saker som ein ønskjer å ta opp
må vera styret v/Elisabeth Lothe Nervik i hende innan 11.
april. Velkommen! |
26.03.02
Bluesfestivalen er i rute
Den eminente slidegitaristen Eric Sardinas (US) er klar for
Skånevik Bluesfestival. Les meir om delar av programmet for dagane
5. - 7. juli og sjå bilete frå i fjor på festivalen
si heimeside.
26.03.02
Sogndal mot FKH i Etne
Tippeligaklubben Sogndal med Thormod Ness som leiar i
forsvaret møter FKH til treningskamp i Etne 2. påskedag. Les
meir i Grannar...
24.03.02
Nytt brev frå Arild i Burundi
I sitt 6. brev frå Burundi fortel Arild
Stenberg at "Det
å være rektor og drive en skole er ikke alltid lett noe sted i verden,
aller minst i Afrika. Der er det allikevel andre vanskeligheter i tillegg
til dem vi møter i vårt land". Les
brev nr. 6 og dei andre breva frå Arild.
23.03.02
Start for EasyConnect 15. april
Alle dei tekniske problema for EasyConnect er løyst
og dei reknar med å starta opp i Skånevik den 15. april. Les
intervju med dir. Steinar Wasmuth i Grannar.
20.03.02 Vellukka
møte om reiselivet
22 personar deltok på møtet om reiselivet arrangert
av Skånevikprosjektet med styringsgruppa og prosjektleiar Alf Opdal i
spissen. Møtet resulterte i 3 arbeidsgrupper som skal arbeida med
konkrete prosjekt. Les
referat frå møtet på Skånevikprosjektet sin informasjonsstad.
15.03.02 Vellukka innsamlingsaksjon
Onsdag 13.3. hadde Skånevikspeidarane
sin tradisjonsrike innsamlingsaksjon, der born hjelper born. Ein del av
speidararbeidet er å hjelpa andre, derfor er denne aksjonen midt i
blinken for å setja fokus på det. Heile 14 speidarar gjekk frå dør til
dør med innsamlingsbøsser denne ettermiddagen. I løpet av ein god time
hadde dei samla inn nesten 3000 kr som kjem vel med i speidararbeidet i
Afrika. I år skulle pengane gå til landa Lesotho, Malawi og Kenya. I
desse landa gjer speidarane ein god innsats i arbeidet mot fattigdom og
analfabetisme i lokalmiljøet. Speidarane driv mellom anna med skule på
kveldstid for gjetargutar og andre born som ikkje har tid og råd til å gå
på vanleg skule. Ved å læra å lesa og skriva kan desse borna få ein
veg ut av fattigdomen. Takk til alle som støtta aksjonen!
Ref. Skånevikspeidarane
v/leiarane
15.03.02
Mot søppelforbrenning i Skånevik
Dei første motstandarane til eit stort energiverk basert
på søppelforbrenning er alt på banen. Det er heil naturleg at
folk i utgangspunktet er negative til planane til interessentselskapet
LVNG AS. Selskapet har allereie fått nei av fleire kommunar på
vestlandet. Les
meir i Haugesunds Avis og i Grannar.
14.03.02
Møte om reiselivet
Det var eit svært godt frammøte på presentasjonsmøtet
for Skånevikprosjektet onsdag 13. mars på hotellet. Les
meir i Grannar
og i Haugesunds
Avis. Prosjektleiar Alf Opdal inviterer alle
interesserte til møte om reiselivet tysdag 19. mars kl. 19.00 på
Skånevik Fjordhotell. Les
invitasjonen på Skånevikprosjektet sin informasjonsstad.
11.03.02
Konsert med musikklaget
Velkommen til konsert
med Skånevik musikklag på Skånevik
skule
søndag 17. mars kl. 16.00. Aspirantane tek del. Det
vert utlodding, gratis kaffi og kaker.
Inngang vaksne kr. 50.-. Alle er velkomne til ein
vårleg
konsert!
09.03.02
Kommunikasjonsproblemer
EasyConnect AS har hatt ein del problem med
datakommunikasjonen mellom sentra i Skånevik og Vaksdal. Dette har
forsinka oppstarten i Skånevik og det er ikkje aktuelt å starta opp før
rett etter påske. Lokala i Skånevik er no klar til bruk og etter
det Skånevik nett forstår har ein funne løysing på problema. Les
intervju med Kristoffer Vannes frå SØK...
08.03.02
Referat frå årsmøtet i Skånevik Idrettshall AL
Representantskapet ber om at styret i Skånevik Idrettshall
innleier forhandlinger med Etne kommune med mål om å få meir leige for
bruk av hallen. Nye medlemmer av styret er: Jørgen Eljervik, Tore Flydal
og Anne
Marie Johansen.
Les
referat frå årsmøtet...
07.03.02
Referat frå årsmøtet i SIL
Under årsmøtet til Skånevik Idrettslag den 4.
februar fikk Paul Tungesvik pokalen for strålande innsats for laget
gjennom mange år. Les
referatet frå møtet her...
06.03.02
Invitasjon til folkemøte
Styringsgruppa og prosjektleiar Alf Opdal inviterer til
orienterings-diskusjonsmøte om Skånevikprosjektet på hotellet onsdag
13. mars kl. 1900. Les
invitasjonen på sida til Skånevikprosjektet. Velkommen!
05.03.02
Glimrande skyting av Sverre Idland
Sverre Idland skyt no for Skånevik
Skyttarlag. Han er ein svært god skyttar som fører til at laget vårt
for første gong på mange år nå får ein god senior skyttar.
(seniorane er frå 18 til 55 år)
Søndag den 3. mars var Sverre og eg på
Tysnes. Der vann Sverre grovfelten og eg vann Kl. junior. (Deltakarane
som er frå 18 til 65 år, uansett klasse, skyt grovfelt.) (Klasse
junior er frå 16 til 18 år) Sjå
resultatliste.
Litt om feltskyting.... Kvar deltakar skyt 30 skot.
Me skyt seks skot i kva figur, alså fem figurar. Nær midten av
figurane er det eit område som blir kalla "innertreff" Dette
området følger ytterkanten av figuren og utgjer 40% av figuren
sitt areal. Når Sverre nå fekk resultatet 30/21 betyr det at han traff
med alle skota sine, alså 30 treff. Han traff i "innertreffet"
med 21 av dei 30 skota sine. (Dette er eit svært godt resultat) Han slo
fjorårets skyttarkonge med eit fattig innertreff. Alså rangerer ein
skyttarar med like mange treff ut frå kor mange innertreff dei har.
Figurane ein skyt på har ulik form og ulik
størrelse.
På finfelten er naturleg nok alle figurane ganske like store, slik
at avstanden heile tida er den same. På grovfelten er den største
figuren 1m høg. Figurane kan være rektangelforma, sirkelforma, tønneforma
og trekantforma. I tillegg fins det ein del figurar det er vanskeleg å
beskrive korleis ser ut....
På grovfelten (18 til 65 år) skyt ein på ukjente
avstandar. Figurane kan stå alt frå 50 til 600meter frå skyttaren.
Det å bedømme kor langt borte figuren står er noko mange skyttarar
slit med. I tillegg til avstand må skyttarane ta omsyn til vind,
lystilhøve og andre faktorar. Når du nå har lese gjennom alt dette,
skjønar du at det er godt gjort å treffe med alle skota.
På finfelten (10 til 18 år og 65 til 100 år) skyt
ein på den oppgitte avstanden 100 meter. Figurane her er svært små. Døme
kan være figuren "stripe" som er ca. 7*21 cm. Ein annan figur
kan være ein sirkelforma figur med diameter 8 cm.
Ref. Roar Knudsen
04.03.02
Lukkast ikkje i junior NM
Chris Jespersen er ikkje nøgd med plasseringar på 30
talet i junior NM no i helga. Han har likevel hatt ein strålande
sesong med 5. plass i junior VM og satsar på ein god avslutning i
noregscupen. Les
meir i lokalavisa Grannar...
26.02.02 Olav Vesaas til kveldsete i
Skånevik
Serien av vellukka
kveldseter i Skånevik Mållag sin regi held fram. Denne gongen er det
Olav, son til diktarparet Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas som kjem på
vitjing, og det vil skje fredag 15.mars.
Emnet for foredraget hans vil vera "Halldis og
Tarjei i Midtbøs bakkar", etter som namnet på den trivelege heimen
deira er Midtbø.
Olav Vesaas har mykje til felles med far sin, og han
er ein uvanleg fin forteljar. Han har tidlegare gjeve ut eit større
bokverk om far sin under tittelen "Løynde land" ei bok om
Tarjei Vesaas. Boka kom ut i 1995, nokre veker etter mora, Halldis
Moren Vesaas døydde.
Sist haust gav Olav Vesaas ut eit større verk om
Aasmund Olavsson Vinje. Me reknar med stor oppslutnad om denne kveldseta,
og difor har me funne det nødvendig å flytta samkoma frå
Gjestgjevargarden til MA-senteret Toflebrekko. Der er det god plass i to
store stover, og alle er hjarteleg velkomne. Som vanleg blir det
kunstnarleg innslag og kveldsmat.
Skånevik Mållag
25.02.02
Startar naturbarnehage i Skånevik 
Førskulelærar Janne Larsen startar naturbarnehage i
Skånevik. I samarbeid med Milje Gard har ho utvikla eit svært godt
tilbod for born i 3 - 6 årsalderen. Vi kjem tilbake med meir
omtale av det flotte tiltaket. Les
intervju med Janne i Grannar.
21.02.02
Ny leiing ved hotellet
Ekteparet Bente
og Piet Hoogerhuis er tilsett som leiarar
ved Skånevik Fjordhotel. Bente er norsk og Piet er frå
Holland. I dei siste 10 åra har dei budd i Holland men no ønskjer
dei nye utfordringar i Noreg. Skånevik nett vil ønskja dei begge
velkommen til Skånevik og lukka til med drifta av Skånevik Fjordhotel.
Les
meir i Grannar...
15.02.02
EasyConnect klar med 1890
EasyConnect starta i dag opplysningstenesten med nummer
1890. Dei fleste kontaktsentra er allereie i gong og EasyConnect
Skånevik vil vera operativ frå starten av mars. I gå blei det
også kjent at EasyConnect har etablert eit samarbeid med SOL (
Scandinavia OnLine ). SOL er Noregs største og mest kjente
nettstad og ein ideell samarbeidspartnar for selskapet med avdeling i m.a.
Skånevik. Les
meir på nettstaden til EasyConnect...
09.02.02 Chris blei månadens
idrettsnamn
Det er inga overrasking at Chris Jespersen blei vald til
månadens idrettsnamn i Haugesunds Avis. Heller ikkje at han vann to
kretsmeisterskap for juniorar sist helg. Gratulerer med begge
bragdene Chris. Les
eit flott portrettintervju i Haugesunds Avis.
05.02.02 Seminaret om
e-handel i Ølensvåg
E-134 var ein dyktig arrangør av seminaret om elektronisk forretningsdrift
den 30. januar. Fleire av representantane frå det lokale
næringslivet uttrykte vilje til å samarbeida om utvikling av
e-handelsstrategi.
Les meir...
04.02.02
Til Bergen på jobbintervju
Sist laurdag var 37 personar frå Skånevik og omegn i
Bergen for å bli intervjua og testa i høve til jobb ved EasyConnect Skånevik AS. Les i Hauges.
Avis og Bergens
Tidende
04.02.02
Skånevik IL vant 3 - 2 i volleyball
Det
har vore stille frå volleyball-fronten denne sesongen. Til nå har me 7
seierar og 7 tap, og ligg midt på tabellen. Kampen søndag 3.2. kan
me berre ikkje la gå stilt forbi...
Søndag 3.2. kl
14.00
Skånevik - KFUM Stavanger3 3-2
(22-25, 21-25, 25-13, 25-14, 15-13)
Skånevik sitt lag: Iren Ness, Kari
Johansson, Hilde Holmedal, Lene Svendsen, Kristina Matre og Anne E. E. Børresen.
Skånevik starta godt
og leia heile 9-2 i første settet, men gjestene tok seg i saman og vann både
det første og det andre settet. Då var det Skånevik sin tur til å
ta seg i saman. Med god støtte frå eit engasjert og høglytt publikum
klarte me å vinna dei to neste setta. Det vart eit jamnt og spanande
siste sett, og sjølv om Skånevik ei tid låg under med 10-7 klarte dei
å dra seieren i havn. Tru på oss sjølv og eit fantastisk publikum
var alt som skulle til....
Skånevik har ein
stygg vane med å tapa jamne kampar, men etter seier i ein jamn kamp mot
KFUM Haugesund sist mandag og seieren denne søndagen kan det sjå ut som
at dette har snudd.
Helsing KJ
31.01.02
Planar for nytt rusomsorgssenter
Eit rusomsorgssenter med metadonbehandling kan bli
etablert i dei gamle lokala til Broen på Skånevikstranda. Les
meir i Haugesunds Avis.
25.01.02 Vil ha Thormod Ness i
forsvaret
Eliteserieklubben Sogndal
ønskjer Skånevikingen Thormod Ness som leiar i forsvaret. Thormod
har prøvespelt hos Sogndal den siste tida og fått tilbod om kontrakt med
klubben. Han vil svara på tilbodet med det første. Les
i Haugesunds Avis...
24.01.02
Fantastisk 5. plass i VM av Chris Jespersen
Med 5. plass i VM
for juniorar i langrenn 10 km friteknikk har Chris Jespersen i deg stått
for ein av dei største idrettsprestasjonar gjennom tidande i vår
kommune. Chris blei nest beste nordmann og er den yngste på
landslaget. På søndag er det stafett, kanskje blir det då enno
høgare plassering. Gratulerer Chris! Helsing alle i
Skånevik. Les i
Hgs. Avis og Bergens
Tidende.
19.01.02
Skånevik Sjømat AS startar opp
Alt tyder på at det om kort tid vil starte ny produksjon i
Norway Foodsfabrikken i Skånevik. Aud Lid Wiland og Anna E. Nilsen
frå Skånevik har saman med andre fagfolk etablert Skånevik Sjømat AS
og vil starte produksjon av laksepølse i dei nedlagde
fabrikklokala. Dei vil begynna i det små, men målet er å etablera
fleire titals arbeidsplassar. Laksepølse er eit nyutvikla produkt
som kan brukast i mange samanhenger og fleire solide aktørar har alt vist
stor interesse for Skånevik Sjømat AS si nyvinning. Les
artikkel i Haugesunds Avis..., leiarartikkel
21.01.02 i same avisa, omtale
i Bergens Tidende og artikkel
i Grannar:
16.01.02
Skånevik skule på internett
Skånevik skule har no lagt ut ein første start på
websida si. Meininga er at elevar og tilsette skal vidareutvikla
sida og ein håpar at den skal bli til nytte og glede for alle som er
interessert i Skånevik skule. Gå
til sida...
14.01.02
Snart start for nye verksemder i Skånevik
Den 15. februar startar selskapet EasyConnect opp i
bankbygget i Skånevik. Skånevik Ølen Kraftlag har kjøpt bygget
og skal leige det ut til Sparebank 1 Vest og teleselskapet.
Skånevik er prega av stor optimisme og Skånevik Næringsutvikling AS og
Skånevik Vekst har fleire ballar i lufta når det gjeld arbeid med
nyetableringar. Skånevik Sjømat AS er snart klar til å etablera
seg i delar av lokala til Norway Foods. Les
intervju med Alf Warloe Christophersen i Haugesunds Avis...
10.12.02 Gratis seminar om
e-handel
e134 innbyr små og mellomstore bedrifter i Ølen,
Vindafjord og Etne til samlingar om elektronisk forretningsdrift.
Samlingane er støtta av Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND),
og er gratis for bedriftene. Sett av onsdag 30. januar til
e-samling på Vågen Bygdasenter i Ølensvåg. Kurs både på dag - og
kveldstid slik at flest mogeleg skal få høve til å delta.
Les
meir...
09.01.02 Er kvalifisert til
VM på ski
Chris Jespersen har kvalifisert seg til VM i langrenn for
juniorar som den første i historia frå Sunnhordland. Dette er
ein framifrå prestasjon og alle i Skånevik vil ønskja Chris lukka til
Tyskland. Junior-VM startar tysdag 22. januar.
Les meir i Bergens
Tidende, Haugesunds
Avis og Grannar.
08.01.02
Hugs årsmøtet i idrettslaget!
Alle medlemmer i Skånevik
Idrettslag er velkomne til årsmøtet måndag den 4. februar kl.
19.00 i idrettshallen. Sakliste ifølge vedtektene. Andre
saker må vera SIL i hende seinast 2 veker før møtet.
06.01.02
Kjempeløp av Chris Jespersen
Chris Jespersen gikk eit kjempeløp i fristil i Savallen i
helga. Sjølv om sjukdom og skadar har hemma han i førebuinga til
sesongen, er han framleis aktuell til å representera Noreg i junior
VM. Les
meir i Grannar...
03.01.02
Ønskjer å leiga hybel/leilighet
Leiaren for Skånevikprosjektet, Alf Opdal ønskjer å
leiga hybel/hybelleilighet i Skånevik. Les meir på informasjonsstaden
til Skånevikprosjektet.
23.12.01
Kulturhistorisk vegvisar for Etne kommune
Boka tar deg med på tur i åtte einskilde områder og gir
detaljerte skildringar av kultur - og naturhistorie undervegs. I
Skånevik kan du kjøpa boka til kr 298,- i Sparebank 1 Vest. Les
artikkel 1 og artikkel
2 i Grannar og omtale
laga av forlaget.
20.12.01 Vil bli med til VM
Trenaren for juniorlandslaget Morten A. Djupvik har stor
tru på Chris Jespersen og at han klarer å kvalifisera seg til VM i
langrenn for juniorar. Vår landslagsløpar har eit stort talent,
og kan bli ein kommande storløpar. Les
intervju med trenaren i Haugesunds Avis.
18.12.10 Godt nøgd med nr.
1890
I går fikk EasyConnect
tildelt 1890 som sitt nummer når dei skal starta opplysningsteneste den
15. februar neste år. Skånevik er saman med 3 andre stader som
kjent plukka ut som lokalisering for denne tenesta. Manpower har
ansvaret for rekrutteringa av medarbeidarar
og vil om kort tid starta denne. Les meir i Grannar
og Bergens
Tidende.
13.12.01
Idrettsstipend til Chris Jespersen
Hordaland Fylkeskommune har tildelt Chris Jespersen frå
Skånevik og 3 andre store idrettstalent eit utviklingsstipend på kr.
25.000,-. Skånevik nett vil ønskja Chris lukka til med
sesongen og gratulera med stipendet. Les meir i Bergens
Tidende og lokalavisa Grannar.
11.12.01
Nytt brev frå Arild i Burundi
I sitt siste brev før juleferien fortel Arild
Stenberg om kva folk i Burundi forbind med Noreg. Han sender også
sine varme julehelsingar til folk som les breva han sender.
Skånevik nett vil takka for breva så langt og ønskja Arlid ei riktig
god jul og eit godt nyttår. Les
brev nr. 5 og dei andre breva frå Arild.
10.12.01 Fantastisk
flotte konsertar
Krohnengen Brass Band haldt to fantastisk flotte
konsertar i Skånevik i helga. Gallakonserten på laurdag i
Idrettshallen og kyrkjekonserten på søndag var begge to høgdepunkt
som blir hugsa lenge. Stor takk til bandet frå Bergen og alle i
Skånevik som har gjort konsertane mogeleg. Reidar Leknes var ein dyktig
konferansier ved begge konsertane. Heile Skåneviksamfunnet står
bak dette ønsket: Kom snart tilbake - vi vil møta fram i enno
større tal neste gong de spelar i Skånevik! Les
den flotte reportasjen i Grannar.
05.12.01 Tilsett som
prosjektleiar
Etne kommune har tilsett Alf Opdal, Espevær i 50
% stilling som prosjektleiar for Skånevikprosjektet. Skåneviksamfunnet vil ønskja han velkommen og lukka til i denne
viktige jobben for bygda vår. Ein kjem tilbake med nærare
presentasjon prosjektleiaren og rammene for prosjektet om kort tid.
01.12.01 Skapar stor optimisme
i bygda
Nyheten om at selskapet EasyConnect
AS vil etablere seg med minst 30 arbeidsplasser i Skånevik skaper
stor optimisme. Selskapet tilbyr brukarvennlege og
kostnadseffektive teleteneseter til næringslivet og satsar stort på
opplysningstenester tilsvarande Telenor sin 180 - teneste, når
monopolet til Telenor forsvinn den 15. februar neste år.
Skånevik Vekst, Etne kommune og Skånevik Næringsutvikling AS har
hatt har god kontakt med selskapet og sistnemnde jobbar no
hardt for å få tak i passande lokalar i sentrum. 2. og 3. etasje
i bygget til Sparebank 1 Vest passar godt til føremålet og er svært
aktuelt å bruka. Skånevik nett kjem tilbake med ein omfattande
omtale av saka med det første. Les artikkel
i Grannar den 3.12.01 og artikkel
1 og artikkel
2 i Hgs. Avis 6. desember.
Første veka i desember vert leiar for stadutviklingsprosjektet
for Skånevik tilsett i 50 % stilling. Prosjektleiaren vert tilsett i
Etne kommune med kontor i Skånevik. Målet til arbeidet er å
hjelpa bygda med å skapa netto 50 nye arbeidsplassar, auka folketalet
med 3 %, forbetra aldersamansetningen ( få fleire unge til å busetje
seg i bygda ) og auka kvinneandelen til 90 kvinner pr. 100 menn.
Alt dette i løpet av prosjektperioden på 3 år. Ta godt imot
prosjektleiaren - han skal utføra ein viktig jobb for
skåneviksamfunnet. Prosjektet vil får eiga side på
Skånevik nett. Følg med.
|