| Nyhendearkiv 2003 |
|
Tilbake til Nyhende |
|
30.12.03
Nye arbeidsplassar i Skånevik Dag Anders Hornenes og Hildegunn Åkra står på, og gir tydeleg uttrykk for at dei trives med mange oppdrag og travle tider. Ta
kontakt på tlf. 901 65 593 dersom du er interessert i ledig stilling hos Haugesund
er svært aktive i si markedsføring av byen vår året rundt, og flinke
til å fortelje oss inne i distriktet om sine aktiviteter og sine tilbud
til oss, både på kultur og handel. Skånevik
ligg kort vei frå Haugesund. Med ein unik natur og beliggenhet til
Sunnhordlandsbassenget. Ein naturleg overnattingsplass og et nydeleg
utgangspunkt for dagsturar med bil, båt, sykkel, og spesielt fotturar i
li og fjell på oppmerka stiar. Me
trur 2004 vil bli eit spennande og godt år i Skånevik. Nokre vil
prioritera opplevelsen med ein tur i naturen for å oppleva bl.a. noko så
viktig som stillhet. Andre tar turen til for eksempel Jakt,-Fiske og
turdagane 26.-28.mars, Torgdagane i juni, Skånevik Bluesfestival
1.-3.juli, eller andre arrangement. Dette
spenstige marknadsføringsprosjektet er finansiert av ; Skånevik Fjordhotel, Skålnesfeltet
JT Eiendom, Sparebanken Vest, Skånevik Handelstandsforrening,
Sunnhordland Kraftlag, Etne Kommune, Skånevik Bluesfestival og Skånevik
Skule. Skånevikprosjektet
har stått for planlegging, koordinering og gjennomføring av prosjektet.
Knut Erik Ebne (Sp) tok opp saka. Han forklarte at ruta, som hadde avgang frå Bergen og Flesland i 20-tida om kvelden og var framme i Skånevik klokka 23.00, var populær for pendlarar. Å ta båten til Ølen og bli henta der, er eit dårleg alternativ for mange reisande i Skånevik. — Det er litt fortærande. Når rutene ikkje er stabile, oppnår dei berre at færre og færre brukar båten. Etne kommunestyre bør krevja at HSD gjer noko med dette straks, meinte Ebne. Les meir i Grannar...
08.12.03
Barnebiskopen kom til sine eigne Då den åndelege tilsynsmannen for ein halv million vestlendingar starta visitasen, gav han uttrykk for at det var ein forventningsfull biskop som kom. I dei like forventningsfulle kyrkjelydane som tok imot han, har alle som har ønskt det, fått snakka med biskopen. Les meir i Grannar.
Rekruttlandslagsløparen var ikkje fornøgd korkje med løpet eller plasseringa. Chris la ikkje skjul på at 30-kilometeren blei ein minst like stor kraftprøve som det han hadde sett for seg på førehand. Dei som ikkje hadde verdscuppoeng og var lågast seeda, måtte finne seg i å starte i annan rekkje. Jespersen hang bra med lenge. Men då vinnaren Mathias Fredrikkson og dei andre skrudde opp farten, fekk Chris som venta fartsproblem. For Chris blei den krevjande tremila likevel ei oppleving. Han og resten av feltet blei heia fram av flere tusen tilskodarar i dei norditalienske alpar. Distriktets første verdscupdeltakar i langrenn måtte sjå seg slått med godt og vel fire minutt av sirgande Mathias Fredriksson. Det er ikkje så mykje som det høyrest ut til. Sportssjef Bjørnar Håkensmoen og dei andre i det norske støtteapparatet var godt nøgde med innsatsen til debutanten. Håkensmoen la ikkje skjul på at det var vanskeleg å vere førstereisgut i dette selskapet. Både han og trenarane gav uttrykk for at det ville vore lettare for Chris og hevda seg på ein 10- eller 15-kilometer. Les meir i Grannar.
Vedkjem stjernestopp for snøggbåt i Skånevik på kvardagar ca.kl.2300.
Underskrivne er ein flittig trafikant med
HSD, då eg ofte har møte i Oslo, Bergen eller
på Stord på ettermiddag og kveldstid. Dette medfører
at eg ofte har kome heim med siste snøggbåt til Skånevik på sein
kveldstid.
I fleire år har det vore mogeleg å reisa frå Bergen med snøggbåt kl.1950 (Flesland kl. 2015) og vera heime i Skånevik om lag kl.2300. Dermed har ikkje desse reisene gått ut over neste arbeidsdag. Då nytt rutehefte kom til 01.05.03., var stoppen i Skånevik i fylgje oppsettet sløyfa. Fleire av oss slo alarm, og fekk straks melding om at sløyfinga av Skånevik som stjernestopp var ein feil som skulle rettast straks. I praksis vart det korrigert med ein gong, og eg har personleg hatt mange fine kveldsturar heim til Skånevik etter den tid.
Men så skjer det syrgjelege og uforståelege:
Mot slutten av oktober melder billettøren på snøggbåten at frå
01.11.03. er det slutt på stjernestopp i Skånevik. Grunngjevinga
var ukjent for vedkomande. Eg tok straks
telefonkontakt med HSD ved rutesjef Helland for å høyra kva som
låg bak denne merkelege avgjerda. Det dreiar seg trass alt om ein
avstikkar på 10-15 minutt på vegen mellom Sunde og Ølen i dei fleste
tilfelle! (Unntak ved stjernestopp på Borgundøy) Eg skal
nedanfor gjera greie for kva konsekvensar det får for oss som skal til
Skånevik.
Rutesjefen forklarte at det – så vidt eg skjøna – hadde med arbeidstidsreglar og overtid for mannskapet å gjera når endringa var komen. Eg hadde telefonkontakt 3 gonger, og eg sende ein e-post til Helland om saka, der eg oppmoda sterkt om at avgjerda måtte omgjerast. Han melde at eg snart skulle få skriftleg tilbakemelding om kva svaret ville bli og grunngjevinga for dette, då avgjerda skulle takast av folk høgare oppe i systemet enn der han sat. Dette vart meldt til meg pr.telefon i tida før og etter 01.11.03. Til denne tid har eg ikkje sett noko skriftleg melding, og stjernestopp kjem ikkje på tale, i fylgje mannskapet. Mandag 24.11.03 var eg på eit møte i eit offentleg utval i Oslo. Som vanleg var møtet slutt ved 15-16-tida, og eg nådde fly som gjorde det mogeleg å ta snøggbåten frå Flesland kl.2015. Overnatting i Bergen ville tatt mykje av arbeidsdagen min neste dag. Den var for mange veker sidan fullbooka med pasientavtalar. Eg valde å ta snøggbåten. Då me forlét Sunde kl.2240, visste eg at ein liten ekstrasving kunne ført meg til Skånevik kl.2300. Denne kvelden var det passasjerar til Borgundøy, men elles kunne eg ha ”sett heim” då me runda søraust-sida av Halsnøy. Me kom til Ølen kl.2330, der eg hadde avtala at kona mi skulle møta meg etter å ha køyrt 40 km. frå Skånevik. Me returnerte og var i Skånevik kl.0020, med den ekstra tid og kostnader det medførte. For meg er ikkje situasjonen verst, eg har trass alt både bil og ei kone som i naudsfall kan henta meg. Men heile opplegget fortonar seg temmeleg meiningslaust.
Mitt spørsmål til HSD er dette:
Er dette ein service i samsvar med slik HSD ynskjer å ha det? Er
budsjettmarginane så små at denne vesle svippturen er umogeleg å få
til innanfor budsjettet?
Eg trur ikkje det er så mange kveldar det trengst stopp i Skånevik på sein kveldstid, men for dei av oss som dette gjeld, er det eit enormt tilbakesteg at stjernestoppen er sløyfa. Eg er klår over at det i ruteheftet er oppført stjernestopp på Borgundøy, men det er vel ikkje slik å forstå at me i Skånevik skal måtta ”betala” med å missa eit innarbeidd tilbod for at dei på Borgundøy skal få del i eit tilbod som er bra for dei? Så svært mange stjernestopp er det vel ikkje på Borgundøy heller?
Konklusjon: Det tapet som er påført
oss i Skånevik og i Etne kommune med bortfall av den omtala
stjernestoppen, blir av oss opplevd som så urimeleg at me må
be innstendig om at dette straks blir retta opp. Det er
ikkje godt nok å venta til ny ruterevisjon til våren. Då
stoppen vart teken inn etter å ha blitt sløyfa i det noverande
ruteheftet, skjedde dette over natta. Det same bør skje no.
Eg ynskjer personleg alt godt for HSD, og eg er av nedarva årsaker lei meg for all negativ blest som har vore i seinare år. (Far min var medlem av styret i 20 år) Eg vonar derfor at denne saka kan bli løyst utan ny negativ omtale.
Med vennleg helsing
Hans Olav Tungesvik.
P.S. Kvar einaste arbeidsdag kjem det
pasientar til Frihamn-senteret i Skånevik som nyttar snøggbåt,
buss eller ferje, om det kan telja noko i HSD sin totalrekneskap.
D.S.
Kopi til informasjonssjef Arild Sondre Sekse personleg Kopi til rutesjef Inge Mikal Helland personleg Kopi til Etne kommune ved ordførar Amund Enge
Les også i Haugsunds
Avis om hans flotte renn i helga der han fikk 5.-plass i Bullsprinten. Banksjef Sigve Leknes trur kundane er
positive til at den lokale banken ikkje vil vera med på kjøret om å
veksa for å bli større. Sparebanken i Skånevik har også fått bevis på
at kundane er fornøgde. Av 49 bankar innanfor Sparebanken Vest-familien,
gjekk nyleg avdelinga i Skånevik heilt til topps på barometeret over kor
tilfredse kundane er med banken sin. Leknes kan òg fortelja at sjølv om
det knapt blir bygd eitt einaste hus i Skånevik for tida, lånar banken
ut pengar til mange husbyggjarar. Forklaringa er at ungdom som flyttar ut
blir verande som kundar i banken i heimbygda. Les
meir i Grannar. Totalt har 53 personar deltatt i
Grannarkarusellen, men berre 26 har fullført fire stemne, som er teljande
i konkurransen.
Resultat Klasse ER:
Sitat "Draumen er å koma med på 30-kilometeren i fristil i Italia 6. desember" Ikkje ein gong statusen hans som verdsmeister i juniorklassen endrar på gamle tradisjonar. Jyplingen frå strandkanten i Etne må avfinna seg med å gå gradane når han tar steget opp blant dei etablerte. - Det er slik hierarkiet er i dette miljøet. Og det skal eg vel saktens tåla, smiler langrennskometen frå Sunnhordland. Han vert tilsnakka som «junior», eller berre med etternamnet. Med adresse til den meir kjende namnebror frå tv-skjermen. Men langrennsutgåva av Jespersen forsikrar at han ikkje vil stå med hua i neven når han i dag skal ut og møta sine meir meritterte langrennskollegaer i sporet, i sesongstarten på Beitostølen. Tøff overgang- Overgangen frå junior til senior er nok tøffare enn folk er klar over, trur Chris. Han veit at han får ein tøff start blant dei øvste eldste. Samstundes er han klar over at han må ta tida til hjelp. - Langrenn er ein idrett der du må trena vanvittig mykje for å bli god, og då må du også trena steinhardt over mange år før resultata kjem, forklarer han. Mange må venta heilt til dei er i slutten av tjueåra før dei når opp i verdstoppen. - Thomas Alsgaard klarte å slå igjennom tidlegare. Han tok OL-gull på Lillehammer som 23-åring, veit Chris å fortelja. - Kor lenge vil det ta for deg? - Det
anar eg heldigvis ingenting om. Denne sesongen blir spesiell, i og med at
det er min første som senior, svarer han. Les
meir i Bergens Tidende Nesten alle dei rundt tretti frammøtte tok
ordet på møtet. Det var rikeleg med usemje om kva innverknader det
planlagde anlegget vil få for lokalsamfunnet, og det var Erik Kvalheim frå
kommunen som fekk mest motbør frå salen. Sjølv om engasjementet var
stort, var debatten heile tida sakleg. Les
meir i Grannar
06.11.03 Nedlegging
av stjernestopp kl. 23.00 - svært negativt for Skånevik Dersom ein har vore på reise, t.d. på ei forretningsreise på andre kantar av landet, eller ein har vore i Syden, kan det hende at ein landar på Flesland seinare på kvelden, men etter klokka 17.00 kjem ein seg no altså ikkje til Skånevik. Nokon må kanskje ta inn på hotel, noko som slett ikkje er billig. Eg høyrde seinast i går kveld om ei dame som sto på Strandkaiterminalen i Bergen og var klar til å reise ti Skånevik. Men dessverre båten går ikkje lenger innom Skånevik slik som før. Eg synest og at det er viktig at politikarane i Etne kommune engasjerer seg. Me veit at mange folk frå Etnesjøen heller reiser til Ølen for å ta snøggbåten, men me er faktisk ein del av kommunen, og snøggbåten er ei viktig kommunikasjonsåre for oss. Sjå til Kvinnherad - der har politikarane engasjert seg skikkeleg i rutene og rutetilboda, og dei har blitt høyrde! - Sarah M. N. Haaland, Skånevik
Slike
oppdrag som dette faller fullt ut inn i selskapets forretningsplan
fremover, og selskapet har allerede lyst ut stilling som salgsleder og som
selgere. For oss haster det å komme i gang med disse tjenestene, og vi synes det ville trist om vi må si nei til de forespørslene vi har mottatt, sier Martin Gulliksen, daglig leder i Skånevik Teletjenester as. Han oppfordrer derfor alle interesserte i å ta kontakt umiddelbart.
04.11.03 Summetonen
tilbake
31.10.03 Viderefører
nummeropplysningen 1890 fra Skånevik Virksomheten
vil i første omgang bli konsentrert om de produkter som det
konkursrammede selskapet EasyConnect Skånevik as leverte, dvs
nummeropplysning 1890, og 1890online.no. Men etter hvert vil selskapet
satse sterkt på salg av
andre teletjenester. Det er inngått avtaler med EasyConnect as om
samarbeid både når det gjelder nummeropplysningen og 1890online.no.
Dermed er grunnlaget tilstede for å starte driften. Målsetningen
er å opprettholde samme antall arbeidsplasser, og på relativt kort sikt
å skape enda flere. Dette skal først og fremst skje ved økt satsing på
1890.online.no og salg av andre teletjenester.
1890online.no er et ukjent produkt for mange, men er kort fortalt
en elektronisk telefonkatalog gratis tilgjengelig for publikum på
internett under adressen www.1890online.no.
I denne katalogen er det mulig å kjøpe prioriterte oppføringer, og det
er salg av slike oppføringer som er lagt bl.a. til Skånevik. De
tidligere ansatte i EasyConnect Skånevik as ble på et møte fredag
orientert om det nye selskapet og muligheten for ansettelse i dette. Av
formelle årsaker må de tidligere ansatte søke på stillinger i det nye
selskapet. Men Skånevik Teletjenester as gjør regning å kunne ansatte
de aller fleste, uten at det i dag er mulig å kunne gi noen garanti for
dette. Allerede i dag fredag gjør selskapet regning med å ha unnagjort
ca 15 ansettelser, og svært mye vil være unnagjort i løpet av kommende
uke. Det
er allerede bestemt at selskapet skal ansette egen salgsleder for å
styrke salgsorganisasjonen. Dette er nødvendig for å øke salget og på
den måte sikre arbeidsplassene. Selskapet
vil også arbeide for å få inn flere eiere, og dermed styrke
egenkapitalen. Dette er en nødvendighet om selskapet skal kunne
gjennomleve en rask ekspansjon og skape flere arbeidsplasser. Selskapets
klare mål er imidlertid å skape sikre arbeidsplasser for sine ansatte
gjennom lønnsom drift.
27.10.02 Trår
til med nytt selskap Næringsselskapet i Skånevik var svært aktiv for å skaffe bygda arbeidsplassar i nummeropplysninga 1890, og dei lokale kreftene trår til igjen for å berge arbeidsplassane etter relativt kort levetid for Easy Connect Skånevik som melde oppbod til Sunnhordland tingrett sist onsdag. Har tapt pengar
18.10.03
Kvinnefleirtal i formannskapet Post- og Teletilsynet ba i en
e-post i forrige uke daglig leder Steinar Wasmuth i Easy Connect om en
beregning av hvor mye mangelfulle opplysninger fra den tidligere
monopolbedriften Telenor har kostet Easy Connect.
Wasmuth har beløpet, nøyaktig på kronen, samtidig
som han tar forbehold om at et eventuelt krav kan bli enda høyere: «Vi
beregner at Telenors opptreden så langt har gitt en merkostnad på
11.290.356,-. Vi har da ikke medberegnet de markedsmessige tap som er påført
gjennom negativ presseomtale samt forsinkelser i oppstarten. Tallene er
revisorbekreftet og kan gjennomgås om ønskelig», skriver Wasmuth i
svarbrevet.
Nummeropplysning-selskapet Easy Connect forklarer
mye av krisen og de store underskuddene i selskapet med de store
ekstrakostnader på grunn av Telenor. Fleire artiklar om same emnet: BT,
Haugesunds
Avis og Stav.
Aftenblad.
26.09.03
Har lokkematen klar
25.09/27.09.03
Morselskapet reddet fra konkurs Høgre og Framstegspartiet tek eitt nytt mandat kvar, medan Krinslista og Kristeleg Folkeparti mister kvart sitt. Krinslista gjorde eit katastrofeval, og fekk mindre enn helvta så mange røyster som for fire år sidan. I formannskapet blir det to frå Høgre, ein kvar frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet. Den siste plassen står mellom Ap og dei to einmannsgruppene. Les meir i Grannar. Sjå stemmefordelinga på NRK.NO.
16.09.03
Ser ei framtid på sjøen — Det har vore kjempespennande. Dette er kanskje noko for meg, seier Heidi Hus. I løpet av den innhaldsrike leirveka har ho fått eit innblikk i det meste sjøen kan by på for ei jente som snart skal velje yrkeskarriere. Saman med elleve andre jenter har ho fått følgje laksen frå egg på klekkeriet til den er filert og pakka i plast. Ho har fått fiska med line og seld brosme på torget, ho har fått vere med på forskingsstasjonen for kveiteoppdrett på Austevoll og vore på tokt med redningsskøyta. Spleise tau Det var før sommaren at tilbodet frå dei fiskerifaglege opplæringskontora i Hordaland kom. Så vidt ho veit var ho den einaste jenta som melde seg på frå Skånevik. Les meir i Grannar.
14.09.03 Får
skyss likevel I alle fall ei stund skal alle elevar som mista skuleskyssen i april få gratis skuleskyss igjen. Det er resultatet etter at foreldre og elevar som bur ut til Fjøsna langs Etnefjorden, har klaga på at dei mista skuleskyssen. Fleirtalet i kommunestyret ville ikkje
gjere forskjell og vedtok at alle som mista skyssen skulle få den
tilbake. Vedtaket inneber i tillegg til Fjøsna at dei som bur på begge
sider av Skånevik skule på fylkesveg 48 og 34, får tilbake skyssen sjølv
om avstanden er mindre enn dei obligatoriske avstandane. Det same gjeld
dei som bur ved Stødle og inn til Østrem. Les
meir i Grannar. 12.09.03 Halsnøy blir landfast
Fra og med 2008 kan du komme deg tørrskodd
fra Halsnøy til Husnes. I dag ga regjeringen grønt lys til Halsnøysambandet.
Arbeidet med å bygge en 4,1 kilometer lang undersjøisk tunnel tar til
i 2005.
Tunnelen er beregnet til å koste 343 millioner
kroner - 197 millioner skal dekkes av bompenger. Det betyr at
passasjerer på dagens fergestrekning må betale bompenger allerede fra
første kvartal neste år.
Men når halsnøy-sambandet står ferdig i 2008, vil 9000 mennesker nå kommunesenteret Husnes i løpet av et kvarter. - Dette er en stor dag for Kvinnherad kommune, sier ordfører i Kvinnherad Aksel Kloster. Ordføreren var ikke informert om nyheten da NRK Hordaland kontaktet ham fredag ettermiddag. Men han virket ikke veldig overrasket over at Halsnøy-sambandet nå har kommet helt fremst i køen. Les meir på NRK-Hordaland. og i Haugesunds Avis (13.09.03 )
03.09.03
Lite å krangle om Om nokon av dei om lag 60 frammøtte i idrettshallen i Skånevik kom i den tru at dei politiske og ideologiske skiljelinjene mellom partia i Etne skulle hjelpe dei til å velje parti, blei nok skuffa. Heller ikkje i dei ulike sakene var det lett å skilje politikarar og parti frå einannan. I retorikken var det større skilnad mellom lokalparti og moderparti enn mellom partia i lokalpolitikken. Nei til kommunesamanslåing
27.08.03
Ungdom og jobbsøkande Så
dette er ei oppfordring om at du som er jobbsøkjar tar kontakt enten på
tlf. 911 69 332 eller Det vil og med det første bli eit infomøte på Skånevik Fjordhotel frå Skåneviksprosjektet.. Er
du interessert i bygdeutvikling. Sjå
her! 27.08.03 Ny telefonkatalog på nettet Slutt på "monopol" for telefonkatalogen og gule sider på nettetTirsdag 26. august 2003 - Frå websida til Opplysning 1890 (EasyConnect) Opplysning 1890 legger i dag ut en ny og innholdsrik telefonkatalog på internett. Dette er den første komplette katalogen som samler privatpersoner og bedrifter i en og samme katalog. Det kreves ingen innlogging eller annen form for brukerverifisering for å ta i bruk katalogen. Dette betraktes som et direkte angrep på
Gule sider som deler søkesiden med telefonkatalogen fra Telenor og som av
den grunn oppfattes som en monopolist på nettet.
26.08.03
Hugs Frihamndagen sønd. 31.8
25.08.03 Kunstutstilling på hotellet
Skånevik-kunstnaren
Nils Pedersen har frå 23.august måleriutstilling på Skånevik Fjordhotel.
19 måleri i akryl heng i matsalen, baren, resepsjonen, peisestova og i
vinterhagen.
I resepsjonen på hotellet finn du prisliste
over bileta og informasjon om kunstnaren.
Sjå også Nils si heimeside: www.nils-ped.net
24.08.03
Skulen vant 100.000 kr Skånevik skule har vunne førstepremien
i Returkartonglotteriet. Premien er på 100 000 kroner. Rektor fekk
vita det nokre dagar i førevegen, og nyheten blei gjort kjend lørdag
morgon på radioen, i P4. Skulen har lenge drive med slik innsamling av returpapir og kartong. Elevene har vore ivrige – dei tørker mjølkekartongar og bretter og pakker dei saman. I tillegg tråler dei kontora og klasseromma på jakt etter papir til gjenvinning. Dette hadde ikkje gått viss
det ikkje hadde vore for lærarane sitt engasjement, dei har stått på
for å halda det i gang. Sjølvsagt er dette ein
naturleg del av undervisninga, ressursar og bruk og gjenvinning er pensum.
Så blir undervisninga mykje betre når elevane får læra å gjera dette
sjølve, i staden for at det skal vera teoretisk lærdom. I alle fall har undervisninga
bore frukter, for ”vinnarloddet” kan nok koma frå skulen, men det kan
likså godt koma frå ein av heimane, så vi har kanskje like mykje
foreldra å takka for at me har vore så heldige. Det store spørsmålet nå er
kva me skal bruka pengane til. Det er mange ting som hadde vore kjekt å
ha, me veit at datamaskinane må skiftast, naturfagsalen treng meir utstyr
og ikkje minst er kjøkkeninnreiinga gammal og nedsliten. Mange andre gode
føremål kjem sikkert fram etter kvart som diskusjonen går, og ein ting
er sikkert: Ingen ting er avgjort om bruken av pengane før me har hatt
grundige drøftingar, både med elevane, foreldra og lærarane. Lat oss håpa at me får fine
drøftingar, og at pengane blir til nytte og glede for skulen!
12.08.03
Stor kulturindustri 12.08.03
Årsmelding for Frihamn-senteret
11.08.03
Uavgjort i varmen
04.08.03
Skriv siste kapittel — Velkommen, helsar snart 87 år gamle Jenny Marie Bårdsen bak disken i den tradisjonsrike manufakturen. — Dottera mi, Reidun, er berre ute ein snartur for å levere tippekupongar. Ho trur ho skal bli rik, smiler Bårdsen. Make til M. Baardsen manufakturforretning i Skånevik finn ein ikkje så mange stader i Noreg lenger. Her får ein det aller meste; sko, garn, dukar, sengetøy, klede for vaksne og ungar, gåveartiklar og nips. Det står til utstilling og ligg i stablar frå golv til tak. Ei heller blir kundane plaga med støyande bakgrunnsmusikk som vissnok aukar handlelysta. Manufakturen i Skånevik er av den gamle skulen og kundane elskar det. Les meir i Grannar 04.08.03
Rapport frå Landsskyttarstemnet Her på Oppdal er alt berre bra. I går kveld var me på Lerkendal i Trondheim og såg RBK - Brann. Dei siste dagane har gått med til skyting, avslapping og, ikkje minst, kø-ståing! Når rundt 15-17000 menneske er samla på ein liten norsk tettstad kan ein ikkje forvente anna... Ingen av oss har oppnådd dei store resultata enno, men feltskytinga gjenstår, så me er framleis optimistar. Til slutt oppmodar me alle til å sjå på NRK1 fredag kveld og på laurdag føremiddag og kveld. Helsing Skånevik Skyttarlag sine utsendte på
Oppdal.
01.08.03
Klart for Landsskyttarstemnet Landskyttarstemnet er det største arrangementet innafor Det frivillige Skyttervesen. Dette er organisasjonen som skyttarlaga i Norge ligg under. Skånevik Skyttarlag er eitt av litt under tusen skyttarlag her i landet.
Årets Landskyttarstemne går av stabelen på
Oppdal i Sør-Trøndelag frå 2. til 9. august. I løpet av denne
perioden har 6000 skyttarar deleteke i fire ulike disiplinar.
Dei fire er Felthurtigskyting, Stang-skyting, Feltskyting og
Baneskyting. Ein kårar Norgesmeistrar i alle klassar i alle disiplinar.
I alt er det 12 ulike klassar som skytterane er plasserte i ut frå
alder, oppnådde resultater og ut frå om ein brukar Forsvaret sin AG3,
eller ikkje.
Høgdepunkta på Landskyttarstemnet er kåringa
av meistrane i felthurtigskytinga og stangskytinga. Desse to disiplinane
er svært publikumsvenlege. Me oppmodar sjølvsagt alle til å følge
NRK1 sine sendingar, der Kjell Kristian Rike har roret. Det siste
som hender laurdag 9. august er at det verk kåra ein Skyttarkonge
eller kanskje ei Skyttardronning. Dette er altså baneskytinga.
Vinnaren får ein svær Kongepokal.
Me frå Skånevik Skyttarlag vil prøva
å ta ein del bilete, samt å legga ut resultata våre (dersom
dei er brukbare...) dagleg på nettsida vår http://home.no/skaanevik
og her på Skånevik nett.
Frå Skånevik Skyttarlag deltek Sverre
Idland, Olav Samland, Ørjan Løhaugen, Reidar Ness Haaland og Roar
Knudsen.
17.07.03
Vil vaske for millioner
15.07.03
Stjerner ønsket til Skånevik
07.07.03
Kjempeflott blueshelg
03.07.03
Alt klart for festivalen! 03.07.03
Stig på tog i fart 30.06.03
Johnny Winter kjem likevel! 30.06.03
Skåneviks egen stiller ut 26.06.03
Winter ut - Green inn 26.06.03 Frihamndagen den 31. august
Frihamn-dagen i
Skånevik vil i år få ein litt ny vri. I staden for den
tradisjonelle første søndag i september, blir det i år søndag
31. august.
Som vanleg startar dagen med gudsteneste i Skånevik kyrkje kl. 1100 og påfølgjande kyrkjekaffi på Frihamn-senteret. Hovudinnslaget i programmet i Skånevik Idrettshall om ettermiddagen blir ved skodespelar og dramaturg Morten Jostad, som skal framføra store deler av Bjørnsons skodespel ”Over Ævne I” som soloførestelling. Det sentrale tema her er om kristendommens lækjande kraft og kva som kan skje med dei psykosomatiske lidingane. Presten Sang er ein suksessrik forkynnar som jamvel ser at sjuke folk blir friske under talarstolen hans. Men kona hans ligg hjelpelaus heime i senga si. Henne kan han tilsynelatande ikkje hjelpa. Ein psykiater vil seia noko om psykosomatiske lidingar og såkalla konversjonsnevroser. Av programmet elles kan nemnast at me for tredje gong får vitjing av Bente Bratlund Mæland, vestlandslyrikaren med den store innlevingsevna. Det musikalske innslaget blir ved pianisten Sonja Kvarven frå Haugesund. Elles blir det som vanleg servering og eit innslag av ein tidlegare pasient som deler av sine erfaringar frå to veker på Frihamn. Heile dagens program er ope for alle. 23.06.03
Flott innsats av småjentene Ølen nådde kvartfinalen i småguteklassen. Det same gjorde Etne sine småjenter, som rauk ut på loddtrekning. Les meir i Grannar...
Optimisme i Skånevik ! Det er viktig å bidra til at det blir etablert nye bedrifter og fleire arbeidsplassar, men det er og svært viktig å bidra til å ta vare på dei eksisterande bedrifter og arbeidsplassar. I Skånevik er det i dag flotte bedrifter med svært god kompetanse. Det er et godt grunnlag for næringsutvikling. Kvar arbeidsplass er viktig, også einmannsbedrifter. Me ynskjer hotellet lukke til med nystart og ein god turistsesong ! Takk til Alf Opdal for godt arbeid i prosjektet, og god tilrettelegging til ny prosjektleiar. Takk og til alle som har vore aktive i arbeidsgruppene, og håpar me kan fortsetja samarbeidet. Til utflytta Skåneviksbuar som vurderar heimflytting, ta kontakt, kanskje de kan ta jobben med til Skånevik ! Me vil hjelpa til så godt me kan. Eg er tilsett i denne stillingen i ett år, og ynskjer det skal bli et spennande, kreativt, interessant og nyttig år for oss alle ! Skåneviksbrosjyren Det
blei ei kjempefin tyristbrosjyre som er utarbeida av Knut Jespersen, Heidi
Wannberg, Alf Ove Nilsen, Olivia Eikemo, Erik Kvalheim og Alf Opdal. Brosjyra
er for eksempel allerede på Hotel Neptun i Bergen, vestamaranen,
flyplassen, Åkrafjordtunet og forskjellige turistinformasjonar. Den
vil og bli lagt ut på Statoil Kårstø, Sjukehuset og andre store
arbeidsplassar. Fleire
brosjyrer får du ved å venda deg til oss. Med vennlig helsing
05.06.03
Erfaren hotellmann overtek i Skånevik
05.06.03 Gjekk Postvegmarsjen
for 15. gong
31.05.03
Leif Arne Løvereide ny leiar
29.05.03
Trongt om plassen på standplass
Dei som hugsar nokre år tilbake i tid fortel korleis skytingens dag samla masse folk til vennskaplege lagkonkurransar. Dette hadde Skånevik skyttarlag fått til i år. Over 50 personar tok turen til skytebanen i Skånevik denne dagen, og det er den beste oppslutnaden på mange år. Les meir i Grannar...
22.05.03
Festivalen er
spikra Innspurten til årets bluesfestival starta med ein del usikre kort både når det galdt hotellet i bygda og sardinfabrikken som huser vorspielet om torsdagen. Men no er brikkene på plass. Les meir i Grannar. Les også i Haugesunds Avis. 21.05.03 Jubileumsskriftet for kyrkja
I år 2000 var det stor 100-års
feiring for kyrkja i Skånevik.
Det vart då laga eit flott jubileumsskrift der ein kan lesa både om
den gamle og den nye kyrkja, om inventar og om kyrkjegarden. Eit
kapittel tek for seg kyrkja under okkupasjonen, og me får greie på
korleis kyrkjevegen arta seg for folk for 100 år sidan. Litt kan og
lesast om prestane som har vore i Skånevik. Her er og mange bilete,
eldre og nyare.
Prisen på Jubileumsskriftet er no sett ned
frå 100 til 50 kr og kan kjøpast hos Baardsen i Skånevik, i
kyrkja, på kyrkjekontoret i Etne og på Gjestgjevargarden i Skånevik
14.05.05
Utbygginga av breiband startar opp Kjetil frå forhandlaren E134/ INO AS kjem med kabelen og kan
svara på spørsmål frå dykk. Om
ikkje lenge kjem han og monterer antenner og installerer utstyret i PC-ane
dykkar. Det er sjølvsagt OK at de gjer avtale med naboen og hentar
kabel for han. Ta kontakt på
tlf. 53 75 56 18 om de har spørsmål i samband med dette.
09.05.03
Trimgruppa - ei svært aktiv gruppe
08.05.03 Flott konsert i kyrkja i
juli
02.05.03
Opnar dørene den 17. mai
30.04.03
Meld frå om arr. og aktivitetar
29.04.03
SØK deler ut igjen
25.04.03
Tatt ut i utviklingsgruppa
23.04.03
Leiga ut under Bluesfestivalen? 08.04.03
Fornya Turistinformasjon Breiband
i Skånevik i mai
- Me har venta lenge på breibandet i Skånevik, men no ser det
ut til at ventetida snart er over. Leverandøren - INO AS frå Ulvik -
har tinga line hos Telenor, men enno ikkje fått stadfesting på kva tid
dei kan levera. Normalt tek dette nokre veker etter at stadfestinga vert
gjeven, så ein gong tidleg i mai er realistisk å rekna med.
Kraftlaget set opp stolpe
INO har også bede Skånevik Ølen Kraftlag om pris på å setja opp ein
stolpe for sendarutstyret på Leknestangen. Me reknar med at dei vert
samde om prisen, og at stolpen kjem opp i god tid før lina er på
plass.
e134 monterer
Så snart stolpen og lina er på plass, kjem teknikarane frå INO til Skånevik
for å montera sendarutstyr. Samstundes startar e134 sin montør
arbeidet med å kopla opp kundane. Montøren er klar på dagen, og me
reknar med at dei første brukarane - kanskje alle som har førehandstinga
- er "oppe og går på breibandet" før nasjonaldagen.
Me gler oss! -
Daniela Avramescu og gutane
hennar har eit inderleg ynskje og eit stort behov for eit
nytt sommaropphald i Skånevik. Vil
DU vera med og finansiera dette?
Då kan du overføra pengar til Danielas konto nr. 3565.67.63483 Sparebanken Vest. Fint om du set inn eventuell sum innan 15.04.03. Takk for hjelpa.!
Liv og Hans Olav
Ole
Tonning Matre ny leiar 26.03.03
Musikalen Grease i Idrettshallen 26.03.03
Programmet er klart!! 25.03.03 Håp om 40 nye arbeidsplasser
Etne kan få 40 nye arbeidsplasser. For to
uker siden ble det kjent at Western Geco legger ned fabrikken sin i
kommunen, men nå håper ordfører Amund Enge at en ny, utenlandsk
bedrift skal etablere seg. Les
og hør mer på NRK - Hordaland
24.03.03 Kveldsete på MA-senteret
Så er det snart duka for ny kveldsete i Skånevik.
Fredag 28.mars kjem ein uvanleg person på vitjing,
ishavsfararen Roald Kvammen frå Finnmark.
Vinteren 1947-48 overvintra han totalt isolert og åleine i ei lita fangsthytte på sørvest-spissen av Svalbard. Han var ein ivrig friluftsmann på vel 20 år den gongen, og planne var at han og ein annan kar skulle overvintra på hytta og driva fangst der. Roald drog føre, men av ein aller annan grunn kom den andre aldri etter. Det vart ein heil vinter, ja, i alt 9 månader totalt utan kontakt med omverda. Ikkje radio, ikkje telefon. Han ante ikkje då våren kom om det var krig eller fred i verda. Dette var jo berre 2 år etter 2.verdskrigen slutta. Isbjørnen skrapa på hyttedøra, og han måtte skyta han for å berga seg, og for å få mat. Det er eit eventyr som er heilt utruleg, det me får høyra denne kvelden. Kveldseta blir på MA-senteret Toflebrekko, og det kunstnarlege innslaget blir ved Karakoret. Som vanleg et me kveldsmat saman, og den obligatoriske utloddinga høyrer òg med. Alle er hjarteleg velkomne, både bygdefolk og folk frå nabobygder. Skånevik Mållag. 17.03.03
Frustrert over å miste klasser 13.03.03
Nådde fram til slutt 13.03.03
60 mister arbeidet 10.03.03
Stor optimisme i EasyConnect 03.03.03
Vant NM-tittel på 7,5 km i fristil 22.02.03
Stjernegalleri til bluesfestivalen
20.02.03
Sardinfabrikken er seld
18.02.03
Startar utbygging av breiband
18.02.03
Bjarte Leithaug til Skånevik Me samlast i kyrkja til øving kl. 14.30 og øver fram til konserten som tek til kl. 17.00. Ein pause med litt å styrkja seg på blir det og før konserten.
14.02.03
Flott fest for Chris
11.02.03
Lars Hertervig og Skånevik
Alle
er hjarteleg velkomne til Gullfest
for Chris torsdag
13. februar kl. 18.30 Arr.: Skåneviksamfunnet og Etne kommune
09.03.03 VM-sølv på stafetten
07.02.03 Flott 9. plass i klassisk
04.02.03
Chris blei verdsmeister!
03.02.03 Vil tappa i Skånevik
29.01.03 Sel Broen-garden
28.01.03 Jentelaget gjer det også
godt
Ref: Volleyballgr. Skånevik IL Skånevik
sitt lag: Iren Ness, Anne E. E. Børresen, Kari Johansson, Linda Bøthun,
Kristina Matre, Lene Svendsen, Hilde Holmedal og Tove Samland. 20.01.03 Klar
for VM på ski
15.01.03 Likevel
ikkje eigarskifte ved hotellet På
grunn av den sterke motstanden frå dei tilsette, vil ikkje Emmerhoff
Nilsen og Wengstad ta mot Endre Rundhovde sitt tilbod om å ta over
aksjane i Hordaland Havbruk Holding AS. Dei trekkjer seg dessutan som
styremedlemmer i Skånevik Hotel Invest AS og Skånevik Fjordhotel AS. Dei
går såleis heller ikkje inn med ny eigenkapital slik dei har kome med
tilbod om. Hordaland
Havbruk Holding AS har akseptert ønskje frå det tidlegare hotellstyret
(Helge Bauge, Alf Warloe Christophersen og Alf Ove Nilsen og ) om å få
tre attende, og det er såleis for tida ikkje styre i Skånevik Hotel
Invest AS og Skånevik Fjordhotel AS.
Skånevik
Hotel Invest AS er ajour med pantelånet på 8.4 mill. kroner i Etne
Sparebank.. Alle Anna Emmerhoff Nilsen og
Inge Wengstad tek over aksjane i Hordaland Havbruk Holding AS med kvar
sine 50 %. Hordaland Havbruk Holding AS eig Skånevik Hotell Invest AS
og Skånevik Fjordhotel AS. For
å auka eigenkapitalen i hotellet og for å redusera Etne Sparebank sin
risiko i hotellet, går dei nye eigarane inn med ny kapital. Inge Wengstad og Anna
Emmerhoff Nilsen tek over som styremedlemmer i Skånevik Hotell Invest AS
og Skånevik Fjordhotell AS. Inge
Wengstad vert styreleiar i begge selskapa.
Styret i driftsselskapet vil knytta til seg profesjonell ekspertise
for å utvikla turistdelen av hotellet. Anna Emmerhoff Nilsen og
Marit Wengstad vert dagleg leiar i dei to hotellselskapa. 09.01.03 The
Blues Brothers til festivalen
06.01.03 Har
du fine bilete frå Skånevik?
05.01.03
Fantastisk skiføre i Skånevik! Sjå også dei flotte vinterbileta tatt av Reidar Leknes i dag.
02.01.03
Godt nyttår! Sjølv om negative framstillingar om ting i Skånevik har florert i media siste året vil Skånevik nett ikkje ta stilling offentleg til mange av dei negative utsegna. Alle vi som er glad i bygda får bøye nakken og halda fram med å stå på slik vi meiner er det beste for Skånevik. Journalistar og redaktørar utan tilknyting til bygda har nok ein heilt anna motivasjon enn skåneviksbuen når dei skriv om ting i Sunnhordlands perle. Det er å håpa at INO AS startar utbygging av breiband i Skånevik med det første. Det vil vera eit viktig element for m. a. å skapa nye og for å sikra etablerte arbeidsplassar i bygda. La oss alle saman jobba for eit livskraftig og enno betre bygdesamfunn. Din innsats er viktig! Godt nyttår!
24.12.02
Sikter mot VM-medalje
17.12.02
Set ned kraftprisen 16.12.02 Vant
i Sverige
16.12.02
Førjulsrock på hotellet
09.10.12
Kan ta mål av VM-antrekket 09.12.02
Dobler strømprisene |
||||
|
|