27.11.05
Flest nye jobbar i byen
BT:
Bergen er vinnaren i
arbeidsmarknaden på Vestlandet. Bergensbedriftene skapt 1000 fleire
arbeidsplassar i fjor. Det er verksemdene som driv med tenesteyting som
veks fram. Det tener byane på.
- Den raudgrøne regjeringa får ein
vanskeleg jobb om den vil stogge sentraliseringa, meiner Lars Østby i
Statistisk sentralbyrå. Han er ikkje forundra over at Bergen har den største
veksten i arbeidsplassar.
- Det vi ser er eit utslag av sentraliseringa, både innanfor produksjon
av tenester og i nokon grad i produksjon av varer, seier Østby.
Tenesteytande næringar er på frammarsj. Det tener byane på. Det er
her verksemdene som driv med tenesteyting veks fram. Desse bedriftene er
der kundane er.
Sentralisering utan styring
Tradisjonell industri, fiske, fangst og jordbruk gir arbeid til færre
og færre.
I 1970 var 36 prosent av arbeidstyrken bønder, fiskarar eller
industriarbeidarar. I dag har denne andelen krympa til 15 prosent.
Samstundes har delen av arbeidsstyrken som arbeider i såkalla
forretningsmessig tenesteytande verksemder og med helse- og
sosialtenester svulma opp frå til saman 10 til 31 prosent.
Utviklinga frå 2003 til 2004 på Vestlandet er berre ein del av ei
langvarig utvikling som går føre seg over heile verda.
Globaliseringa fører til at produksjon vert flytta til land med billeg
arbeidskraft, men òg til sentraliseringa innanlands. Og utviklinga blir
forsterka om politikarane let vere å gripe inn, meiner Østby.
Les
meir i Bergens Tidende
17.11.05
Dokumenterer
rein kraft
Grannar: Skånevik
Ølen Kraftlag (SØK) kan frå i dag garantere rein norsk vasskraft i
energi dei leverer kundar på produktet Garantikraft, utan nokon
meirkostnad.
Elverksjef Kristoffer Vannes opplyser at SØK er eitt av dei første
kraftselskapa i landet som lanserer Grønn Strøm. Dette gjer dei på
produktet sitt Garantikraft.
Sjølv om Noreg produserer nesten berre vasskraft, bruker SØK også
straum produsert med andre energikjelder som kol- og atomkraft. Nå har
dei inngått ein avtale med ein norsk vasskraftprodusent om rein
fornybar vasskraft, gjennom ein allianse med 20 andre kraftselskap. Frå
og med i dag, 14. November, vil dei kunne dokumentere sine rettar til
fornybar energi frå rein norsk vasskraft.
— Ved å kjøpe Grønn Strøm av oss, hjelper kunden å etterspørje
straum laga frå fornybare energikjelder, seier Vannes. Dette kan dei
dokumentere ved at mengda fornybar energi SØK kjøper inn, tilsvarer
mengda fornybar energi som blir sendt ut til kundane på
leidningsnettet.
Det er forventa at frå 2007 vil norske styresmakter og EU krevje ein
varedeklarasjon på straumrekninga. Den skal vise frå kva energikjelder
straumleveransen stammar frå. Dette vil altså SØK dokumentere alt frå
nå, som eitt av dei første kraftselskapa i landet.
Les
meir i Grannar
17.11.05 Frustrert Jespersen
Haugesunds
Avis:
Les
meir i Haugesunds Avis
16.11.05
Ser du meg?
Leif
Arne Løvereide: Etne får i torsdag 17. nov. kl. 19.30 -
21.30 besøk av Kari Hoff som i ei årrekke har arbeida i
forebyggande enhet i Arendal Ho skal ha et interessant og
spennande foredrag i Kulturhuset i Etne.
Kari Hoff, som nå er
pensjonert, har lang erfaring frå arbeid med barn og unge, og
klassemiljøutvikling. Ho er sosial- og spesialpedagog og er brennande
engasjert i kor viktig det er at vaksne
verkeleg ser barn og unge. Og
at ein verkeleg tek seg tid til å høyre kva dei er opptekne av.
I mediene har det i
lang tid vore fokusert på mange forhold som påvirkar barns oppvekst,
og det kan bli nyttig å få med seg Kari sitt føredrag. Det vert og høve
til å komma med spørsmål til føredragshaldaren.
Fokus på temaet i
dette føredraget kan vera med å førebyggja bl.a.uheldig påvirkning på
psykisk helse. Og føredraget er Etne sitt bidrag i markeringa av
verdensdagen for psykisk helse som har vore betydeleg markert over heile
landet.
Målgruppa denne
kvelden er klar, foreldre, familie, slekt, venner, og andre nære
personar i barnehagar, skular og nærmiljøet. Når samspelet mellom
barn og deiras næraste er godt, gir det grunnlag for utvikling av god
fysisk og psykisk helse. Et moderne reknestykke kan kanskje visa at Etne
med under 4000 innbyggjerar har ca 40000 relasjonar til barn og unge, og
det bør freista mange i og rundt Etne til å oppleva Kari Hoff i
kinosalen i torsdag kveld.
14.11.05
- Viktig med ungdomssteg
Grannar: ...Ungdomssteget
betyr så mykje for Skånevik-samfunnet at rådmannen vil behalda
ungdomsskulen.
— Me er veldig glade for det og
trur den vurderinga rådmannen gjer er rett, seier Kjell Ingvald Matre,
rektor ved Skånevik skule.
Dersom ungdomssteget i Skånevik
hadde blitt lagd ned, måtte elevane reisa til Enge skule.
— Reint fagleg og pedagogisk ville
det ikkje vera dramatisk for elevane, men for samfunnet i Skånevik
betyr det mykje, seier Matre.
Rådmannen peikar på at ei
nedlegging av ungdomssteget i Skånevik vil øydeleggja mykje av det
samarbeidet ungdomsskulen har klart å byggja opp med næringslivet i
bygda.
— Eg har vald å prioritera å
ikkje legga ned ungdomssteget i Skånevik fordi eg trur det er viktig
for Skånevik-samfunnet å ha ungdomsskulen, seier rådmann Elling
Hetland.
Trass i positive signal frå rådmannen,
torer ikkje Skånevik-rektoren å pusta heilt ut endå.
Les
meir i Grannar
14.11.05 Kommune
utan strategi
Leiarartikkel i Grannar:
Det er ikkje noko nytt at kommunane slit med å få
endane til å møtast. I vårt distrikt er det for tida Etne som står
overfor store utfordringar.
Det kan i dag sjå ut som om politikarane har valet mellom pest eller
kolera. Sjølv om Stoltenberg-regjeringa plussa på potten til kommunen
med 2,8 millionar kroner i forhold til Bondevik-regjeringa, hjelper det
ikkje stort. Rådmann Elling Hetland har i sitt budsjettforslag verken
verna skular eller barnehagar. Både Rygg barnehage og Rygg skule går
usikre tider i møte. Det same gjer Fjæra skule, som lever på lånt
tid.
Rådmannen si forklaring på dei
drastiske kutta er at kommunen har for høge utgifter i forhold til
inntektene. Det er i følgje Hetland noko dei har sett over fleire år.
Nedgang i innbyggjartalet, null skattevekst og høg arbeidsløyse, er
nokon av årsakene til den skeive utviklinga og den dystre økonomiske
situasjonen. Ein minus i folketalet på 24 personar første halvår i år,
fører til reduksjon i overføringar frå staten på 800.000 kroner.
Les
meir i Grannar
10.11.05
Breiband reddar medialinje
Grannar:
Utan breiband heng media- og kommunikasjonslinja
ved Etne vidaregåande skule i ein tynn tråd. Men nå er fiberoptisk
breiband på veg.
I eit brev til Etne Elektrisitetslag datert 11. oktober i år uttrykker
Hordaland fylkeskommune bekymring for dei breibandmessige tilhøva ved
Etne vidaregåande skule.
— (..)ser det som svært vanskeleg å halde fram med tilbod
innafor Media og kommunikasjon, då dei tekniske tilhøva i Etne kommune
ikkje er tilrettelagt for installasjon av breiband fram til
undervisningslokala, skriv fylkeskommunen i brevet.
Fylkeskommunen peikar på at for elevane ved media- og kommunikasjon er
det ein føresetnad med god kommunikasjon via breiband på 100 MBit`s.
— Vi vil gjerne halde fram med dei undervisningstilboda Etne vidaregåande
skule har i dag, men ser at dette vert vanskeleggjort ved den lokale
haldninga, til framføring av heilt naudsynt breiband til skulen, står
det i brevet.
Les
meir i Grannar
10.11.05 Tvungen til å kutta
Haugesunds Avis:
Les
meir i Haugesunds Avis
28.10.05
Steinulf Tungesvik statssekretær
Steinulf Tungesvik frå
Skånevik er utnemd til statssekretær i samferdsledepartementet.
Steinulf ( 39 år ) er for tida busett i Bergen. Han er
utdanna advokat og leiar av Noregs Mållag. Han er også ein stor
Skånevikspatriot og besøkjer heimbygda ofte. Han har tidlegare
vore statssekretær i sosialdepartementet.
Les
meir i BT
og i Grannar.
11.10.05
Stor stemning på Slottet
Grannar:
I vår
fylte Lars Christophersen 80 år. Då fekk han ei gåve litt utanom det
vanlege. Den trufaste spelemannen fekk Kongen si fortenestemedalje for
sitt usvikelege engasjement i det lokale musikklivet. Sist veke var det
tid for å takka Kongen for utnemninga.
— Eg var sjølvsagt litt nervøs på førehand, men du verda kor kjekt
me hadde det, smiler Lars, to timar etter at han og kona Gudbjørg
forsvann inn på Slottet. Saman med 33 andre par som var ute i same ærend.
Orientering
— Først vart me tekne imot av hoffsjefen. Han orienterte litt om det
som skulle skje. Fortalde mellom anna at me ikkje måtte seia du til
Kongen. Men eg gløymde meg sjølvsagt ut, fortel 80-åringen og ler
hjarteleg.
— Både Kongen og Dronninga var på plass. Det var veldig stas,
supplerer Gudbjørg.
— Før me møtte dei kongelege fekk me også ei omvising på Slottet.
Der var det jammen fint. Ho som viste oss rundt var også veldig flink
til å fortelja historier knytte til dei ulike romma.
Sender kassett
Då dørene gjekk opp til hovudsalen, stod både kong Harald og dronning
Sonja klar til å ta imot gjestene sine. Dei handhelste på alle, før
gjestene vart delte i mindre einingar på ti og ti. Kanapear og
champagne kom på borda, og kongeparet flytta seg rundt og snakka litt
med alle saman.
Les
meir i Grannar
07.10.05
Grip fatt i det frivillige
Grannar:
Ole Funderud skal sette den frivillige innsatsen i
system. I november blir han leiar for den første frivilligsentralen i
Etne. — Det er ikkje noko nytt vi skal finne opp. Det er
stor frivillig innsats i bygdene, både gjennom nabohjelp og dugnad. Vi
skal fange opp nye grupper som kan ha bruk for hjelp, seier Ole Funderud.
Frivilligsentralane blir finansierte med 60 prosent statlege kroner og
resten lokalt. Leiaren for sentralen er den einaste som får betalt for
jobben.
Ut i lokalsamfunnet
— Eg skal i første omgang kartleggje kven som har behov for hjelp og
få fram tiltak som kan vere positive for både enkeltpersonar og
fellesskapet. Eg skal også fange opp kven som kan vere interessert i å
vere med å gjere eit frivillig arbeid i lokalsamfunna i kommunen. Min
jobb er å koordinere, seier Funderud.
Han har sjølv lang fartstid i frivillig arbeid, og meiner det er svært
viktig for å halde samfunnet i gang. Pluss at det gir ein noko å
delta, meiner han.
Les
meir i Grannar
04.10.05
Langt til rehabilitering
Grannar: Når Helse Vest har opna for å byggje
fleire rehabiliteringssentra, meiner psykiater Hans Olav Tungesvik at
eit av desse bør leggjast til Skånevik.
Helse Vest har opna for at det blir bygd to til fire nye
rehabiliteringssentra. Vestlandet, og særleg vårt distrikt, har færrast
slike opplæringsinstitusjonar i landet. Difor meiner psykiater Hans
Olav Tungesvik i Skånevik at Etne kommune må kaste seg inn i kampen om
å få eit slikt senter.
I eit brev til ordførar Amund Enge i Etne kommune ber Tungesvik om at
det blir gjort ein innsats for å skipe eit rehabiliteringssenter i
Helseregion Vest med plassering i Skånevik.
Tungesvik viser til at det for tida er ein viktig diskusjon i gang om
plassering av nye opptreningssentra på Vestlandet.
Tomrom i regionen
— Det blir arbeidd med å plassere eit slikt senter i Ulvik.
Etter mi meining er dette ei direkte feilplassering, sett i lys av at vi
alt har Hagahaugen Opptreningssenter på Voss, Ravneberghaugen
Opptreningssenter i Os og Sjømennenes Helseheim i Åsane. I Rogaland
finst det ikkje eit einaste opptreningssenter, det næraste for folk i Sør-Rogaland,
er Eiken i Vest-Agder, seier Tungesvik.
Les
meir i Grannar
29.09.05
Premiert for ny oppfinning
Bygdaposten
for Hjelmeland: Rikeleg tilgang på ferskvatn er ofte ein
knapp resurs for setjefiskanlegg (smoltanlegg) i havbruksnæringa, men
med Ørjan Tveiten si nye oppfinning vil tilgangen både verta enklare
og sikrare. Han fekk andreplass i fôrprodusenten Skretting sin
innovasjonskonkurranse Gullpelleten. Ørjan Tveiten er tilsett som
regionleiar for ferskvatn i Marine Harvest
region sør. Den nye oppfinninga hans resirkulerer vatn frå
setjefiskkara - og tar ut CO2 og tilfører nytt oksygen.
-Fisken produserer CO2 når dei lever og et i vatnet. Den nye
oppfinninga gjer at me kan pumpa opp vatnet, og gjennom lufting av
vatnet med injektor-metoden fjernar me 50 prosent av CO2-innhaldet og
tilfører 15-20
prosent meir oksygen. Då kan vatnet pumpast tilbake i karet, og
resultatet er at me kan redusera ferskvassinntaket eller produsera meir
fisk i kvart kar.
Les
meir i Bygdaposten For Hjelmeland
26.09.05
På
verdskongress i Kina
Grannar:
Som guvernør for Lions-klubbane i distriktet frå
Sogn til og med deler av Rogaland, deltok Torbjørn Åsheim frå Skånevik
på verdskongress i Hong Kong i sommar.
Saman med kona Kate fortel han om ein eventyrleg tur på tre veker med
masse opplevingar der dei òg var innom Bangkok, Shanghai
og Beijing.
Sjølve kongressen, convention,
var i tida 27. juni til 1. juli.
Begge er takksame for at medlemskapen i Lions har ført dei så langt,
og legg vekt på at det er det humanitære arbeidet som blir drive i
organisasjonen som er grunnen til at Torbjørn Åsheim er medlem.
— Det er feil oppfatning at dette er ein snobbeorganisasjon, bodskapen
i Lions i dag er først og fremst å orientere om hjelpearbeidet
organisasjonen driv, seier dei.
Forståing mellom menneska
Lions si oppgåve er blant anna å skape større forståing mellom alle
menneske og nasjonar ved å arbeide for auka innsikt i mellomfolkelege
problem. Ikkje minst ved å yte humanitær hjelp med lokalt engasjement
og internasjonalt samarbeid.
Les
meir i Grannar
26.09.05 Glade
for cup på heimebane
Grannar: Det
var gjestene som dominerte handballcupen i Skånevik i helga. Men det
gjorde ikkje noko når ein fekk spela på heimebane. Skånevik
sitt jenter13-lag tapte begge kampane sine.
— Det er kjipt, seier Charlotte Ytranes Aastvedt etter å ha tapt 2-21
mot Ølen.
— Ja, det er litt dumt, seier Lene Røgelstad medan ho legg til:
— Men det er kjekt med cup og spesielt at det er her i Skånevik.
Store tap til tross, jentene har ikkje tenkt å gi seg. Serien har ikkje
ein gong starta.
— Då skal me vinna mest mogleg, seier Karin Heggelund. Og alle er
samde om at for å få det til må det scorast meir mål.
Sakna gutar
Rival sine jenter15 skulle eigentleg overnatta på skulen, men fordi dei
var dei einaste overnattingsgjestene fekk dei sova på hotellet. Det
hadde dei ikkje noko imot.
Les
meir i Grannar
23.09.05
Stålmannen
Haugesunds
Avis:
Les
meir i Haugesunds Avis
03.09.05 Mann for sin hjort
Grannar: For
Reidar Ebne er hjortejakt lidenskap. Etter 60 år med jakt er det heller
ikkje mange som har felt så mange dyr som han. No er han klar på post
igjen.
Dei første uvêrsdagane som kan minne om haust, er unnagjort.
Reidar Ebne trippar og ventar litt utolmodig på ein viktig del av
hausten; det er trass alt berre ei veke igjen til hjortejakta startar.
Jakt er ein del av livsstilen til 75-åringen frå Skånevikstranda.
Når jakta startar tenkjer han på jakt kvar dag, men det er langt frå
like ofte han tar med seg børsa ut i terrenget.
Fleire hundre
Han har ikkje tal på kor mange gevir han har på låven. Ein del har
han selt eller gitt vekk. Ein stor bukk hamna på Norsk Skogmuseum på
Elverum. Det første som skuler på deg i stova til Marit og Reidar Ebne
er eit utstoppa hovud frå ein flott kronhjort.
Les
meir i Grannar
29.08.05
Miljøvernministeren til
Åkrafjordtunet
Etne Kr F: Kulturkveld på Åkrafjordtunet
annakvar haust er blitt ein tradisjon ei av dei siste vekene før val.
Den tradisjonen blir fylgd opp også i år, og det er Etne Kr.F.
som står som tilskipar.
Denne gongen er det miljøvernministeren som skal høyrast så
kloss opp til Folgefonna Nasjonalpark som det er mogeleg om ein
ikkje skulle plassera han inni sjølve nasjonalparken. Grensa går
som kjent nær Åkrafjorden.
Knut Arild Hareide er ein dugande, frisk og festleg kar som med
sine 32 år har imponert mange etter at han kom i statsrådstolen.
Han er kunnskapsrik, kjapp, blid og engasjert, og han
blir hovudtalar på kulturkvelden som i år skal vera torsdag
8. september kl.1930, berre 4 dagar før valet.
Kvelden er open for alle, og det blir eit rikhaldig program.
Utanom talen blir det kunstnarleg innslag, med song av Anne-Grethe
Rullestad, og det blir prolog ved ei anna dame frå Fjorden,
Inger Mari Melkeraaen.
Menyen er av beste merke: Åkrafjordtunets betasuppe, som er
vel kjend for mange. Bakekyndige Kr.F.-damer syter for kaker
til kaffien/teen.
Kulturkvelden er open for folk av alle politiske fargar, og kvar
og ein som har lyst, er hjarteleg velkomen.
24.08.05 Ny ferjebok er utgitt
Viggo
Nonås: Alle
Sunnhordlendingar har eit forhold til HSD-ferjene, på både godt og
vondt. Lukta av teak, skamkokt kaffi og rundstykke med sveitt gulost har
sett seg fast i hukommelsen til dei fleste som har reist med ferjene.
Boka "Dei fine ferjene" er Otto Erslands hyllest til
dei gamle HSD-ferjene. Han har skrive om dei ferjene som HSD fekk levert
frå 1938 til 1972, og som berre hadde baug i ein ende. Boka er skriven
frå ein reisande sin ståstad, bokstaveleg talt, forfattaren raste
rundt på ferjene for å kjenne, lukte og føle, og sat sjeldan i ro i følgje
familien hans. Forfattaren er lidenskapeleg glad i dei gamle
HSD-ferjene, og har har besøkt dei fleste av desse ferjene der dei no
er, enten det er i Italia eller Finland. Ferjelaget "Skånevik"
sine medlemer har vore sentrale i bokprosjektet med både bilete,
postkort og gode historier. Boka kan tingast bl.a. frå Ferjelaget
"Skånevik", les meir om boka på http://www.ferjelaget.no
Prisen på boka er kr. 275,- + porto. Levering/henting i Skånevik kan
ordnast for dei som vil spare portoen, men regn då med litt
leveringstid.
16.08.05
MF "Skånevik" skal fredast
Lesarinnleg av
Viggo Nonås i Grannar: Kulturferja «Skånevik» har no snart
i eitt år vore i Skånevik. Mange lurer framleis på kva denne ferja
driv med, og kvifor ho er i Skånevik, og det vonar me med denne
artikkelen å opplysa litt nærare kring.
I Norge har me vore flinke til å ta vare på ting, men då helst
stabbur, laftestover og slike ting, gjerne frå storgardar på
Austlandet. Bondekulturen har vore overrepresentert i museumssamanheng.
I dei seinare år har det vorte meir populært å ta vare på
kystkulturen og vår maritime historie. Fartøyvern i Norge er ein
relativt ny tanke, dei fyrste prosjekta kom på beina i slutten av 1960-åra.
Fram til no har det ofte vore tunge tilbakeføringsprosjekt som har rådd
grunnen. No har denne trenden snudd litt, og det er mogeleg å få stønad
til å ta vare på skip frå vår nære fortid, før dei vert ombygde og
øydelagde.
Slik vart tanken til å få tatt vare på ei av dei klassiske
fjordferjene frå HSD. I 1999 starta arbeidet, og i 2004 vart «Skånevik»
overtatt av ei stifting mellombels til eit eige lag vart stifta. I
januar 2005 vart Ferjelaget «Skånevik» skipa, og me overtok ferja
formelt i mars 2005. Styret er samansett frå heile fylket.
Les
meir i Grannar
08.08.05
Frihamn-senteret
feirar 20 år
Til
hausten er det 20 år sidan Frihamn Psykiatriske senter
i Skånevik vart
opna. Om lag 3000
menneske har gjennom desse åra fått behandlingstilbod
ved senteret.
I
helga 3.-4. september 2005 skal 20-års jubiléet markerast med eit
omfattande program.
Laurdag
3. september blir det halde eit føremiddagsseminar på Skånevik
Fjordhotel for fagfolk og
andre interesserte. Hovudtema
er ”Angst og depresjon – traumer og livsmeistring.”
Som tilleggstema blir det halde fordrag om
”Speleavhengighet – den nye rusen?”
Laurdag
kveld blir det kulturkveld med både konsert og kunstforedrag med
lysbilder. Songarinna
Marianne Juvik Sæbø står
for det musikalske saman med
pianist. Helge Kofoed,
Noregs fremste ekspert på malaren Lars Hertervig,
held foredrag med emne ”Lars Hertervig – kunsten,
kunstnaren og hans tilknyting til Skånevik og Sunnhordland”.
Søndag
føremiddag 4. september
blir det gudsteneste i Skånevik kyrkje ved
Frihamn-prest Synnøve Rydland Overweg,
deretter er det kyrkjekaffi
på Frihamn. Marianne Juvik
Sæbø deltek også ved gudstenesta.
Hovudarrangementet
på søndagen blir festmøte i Skånevik Idrettshall
om ettermiddagen, der
hovudtalaren er leiar for Nobelkomitéen,
professor Ole Danbolt Mjøs.
Han vil tala om ”Fred i sinnet,
i hjarta og i verda. Om
sjølvbilde, menneskeverd og
psykisk helse”. Den
allsidige kunstnaren Rune Larsen med
musikarar står for det
kunstnarlege innslaget på festmøtet.
Dagleg
leiar ved Frihamn-senteret, psykiater Hans Olav Tungesvik,
opplyser at alle er velkomne til alle deler av
jubileumsarrangementet.
07.08.05
Med M/F "Skånevik" til byen
Innsida.no:
Måndag i totida: Vi står på kaien på Utåker,
M/F ”Skånevik” kjem inn for å bunkra. 5000 liter diesel må til før
turen til Bergen. Kjøpmann Terje Eikemo spring til for å få tak i
tauet, han må ha vore rask på sekstimeteren ein gong i tida.
– Me tok ferjo te Skånevik for å gå te tannlegen! fortel Hjalmar
Heimvik (27).
I dag ber det til Husnes, men på åttitalet, då han gjekk på skulen,
var det framleis ein ferjetur når borna skulle til tannlegen frå Utåker.
Det var ikkje fritt for at han gjekk glipp av ei ferje eller to før han
skulle heimatt, for der venta jo resten av skuledagen, minnest han. I Skånevik
var det snoping og handling. I handa hans far held Joakim (3).
Bussjåfør Jens Magnar Berge skal vera i Bergen 19.05. Han startar frå
kaien klokka tre og vil vera framme halvannan time før M/F ”Skånevik”.
Han slår ut med handa mot ferja:
– Eg har hatt mine år på denna her, eg!
Siste av sitt slag
Ferja er ferdig bunkra og vi legg ut.
– Denne ferja er den einaste som er igjen i landet, av fem som vart
bygde. Byggjeåret er 1967, fortel Viggo Nonås, styreformann i
Ferjelaget ”Skånevik”.
Les
meir i Innsida.no
27.07.05
Sykkelturisme til hotellet
Grannar:
Går det slik
prosjekt-leiar Gro Røhne Andersen håpar og trur, kan talet på
sykkelturistar i Skånevik få seg eit kraftig oppsving.
Bygda kan koma til å bli ein av overnattingsstadane i ein ferdigsydd
turpakke for folk på tohjulingar.
— Me er førebels på uttestingsstadiet, men det er mykje som talar
for at Skånevik vert ein naturleg stoppestad.
Saman med leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Gro Jensen Gjerde,
kollega Anne Almås Tranøy og testkanin Jorunn Eilertsen Rykkje, var
Gro Røhne Andersen på sykkelsetet tre dagar første veka i juli.
— Me starta på Stord. Først tok me ferja frå Skjersholmane til
Sunde, og sykla derifrå til Rosendal. Her overnatta me på det lokale
fjordhotellet, før turen heldt fram til Omvikdalen, over fjellet til
Matre og ned til ferja som tok oss til Skånevik. Etter ei god natts søvn
på Skånevik Fjordhotel tok me ferja til Utåker, sykla til Sunde og
returnerte med ferja attende til Skjersholmane og Stord. Ei flott
oppleving frå sykkelsetet, sjølv om einskilde parti var litt tyngre
enn dei andre, smiler Røhne Andersen.
Kvalitetssikring
Målet med denne testturen var å sjå korleis det i dag er lagt til
rette for folk som ønskjer seg ei turoppleving på sykkel. Og ikkje
minst finne ut kva som må på plass for å gjera turforslaget til ei
god totaloppleving.
Les
meir i Grannar
26.07.05
Etterspurd lekter
Grannar:
Første helga i juli gjorde den største lekteren
til Johannes Røgelstad nytte som ekstra kaiplass under Skånevik
Bluesfestival. Noko som definitivt høyrer til unnataka for den
etterspurde kolossen.
Nett no vurderer Røgelstad eit tilbod om å ta utstyr og lekter nord
til Aukra, for å gjera ein innsats i samband det gedigne Ormen
Lange-prosjektet.
Johannes Røgelstad er 40 år, og skåneviksbuen har allereie drive
rimeleg stort med gravemaskiner i bortimot halvparten av levetida si. I
samband med at entreprenørselskapet hans fekk veldig mykje arbeid i
samband med bygginga av Trekantsambandet, vart den første lekteren kjøpt
inn. Seinare har både vinsjar, store anker, slepebåt og endå eit par
store lekterar vorte bokførte som driftsmidlar i selskapet.
Steintransport
Det finst ein del lekterar i marknaden, men ikkje så mange av dei er
utstyrte med slitesterke overflater, som dei Røgelstad eig.
— Det gjer at me kan frakta inntil 1500 tonn stein i gongen. Slikt
monnar, fortel Røgelstad.
— Ein del stader er ikkje vegane dimensjonerte for tungtransport.
Andre stader er det rett og slett ikkje mogeleg å kome til utan frå sjøsida,
seier mannen, som meir eller mindre har bygd opp heile Skålnes hytte-
og bustadfelt i Skånevik med tunnelstein frå Bømlafjorden.
Les
meir i Grannar
26.07.05
Tunnel til Etne?
Bør
politikarane og aktuelle
instansar snarast setja i gong med å arbeida hardt for at det så snart
som råd vert laga ein tunnel mellom Skånevik og Etne?
Svar på meiningsmålinga til høgre på startsida. (
Ein stemme for kvar IP-adresse )
Mellom anna Samferdselsplanen for
Sunnhordland, innlegg
av Aksel Kloster og fleire avisartiklar ( sjå denne sida ) peikar på
at det bør byggjast ein tunnel mellom Skånevik og Etne. Til
beste for Skånevik, Etne og heile Sunnhordland.
Skriv gjerne også eit lesarinnlegg her
om saka. Det
hadde vore særleg fint om rådmannen, ordføraren, alle kommunepolitikarane
frå Skånevik og alle næringsdrivande vil uttala seg i denne sakja.
26.07.5
Sviktar ikkje Skånevik
Haugesunds
Avis:
Les
meir i Haugesunds Avis
26.07.05 Ligg unna, Bergsvåg
Haugesunds Avis:
Les
meir i Haugesunds Avis
07.07.05
På cruise med veteranferje
Grannar: Varm
austavind røska godt i både pensjonistar og palestinske ungdommar.
Livet var likevel herlig om bord i veteranferja MF «Skånevik» på
tysdag.
— I saw the mountains, seier palestinske Amer (13, medan han leverer
tilbake kikkerten til pensjonist Gudolv Bech-Hanssen frå Skånevik.
Det var eit utradisjonelt følgje som var på cruise
med kulturferja MF «Skånevik» tysdag: pensjonistar frå Etne og ein
gjeng palestinske ungdommar, som har vore gjester i kommunen dei siste
to vekene.
— Speidaren i Etne spurte om me kunne vere vertskap ein dag for dei
palestinske gjestene. Me kom på at me ville by dei på noko dei ikkje
er vande me å oppleve, og me tenkte ein båttur måtte vere best,
forklarer ordførar i Etne, Amund Enge, som også naut tysdagen på sjøen.
I samråd med ferjelaget i Skånevik, samt Lions i Etne og Skånevik,
fann ordføraren ut at han også ville invitere pensjonistane med.
Les
meir i Grannar
04.07.05
Sterk
miks i bluesbygda
Grannar:
Skånevik Bluesfestival har klart det på ny. Til
fots, i bil og ikkje minst i båt har folk kome i hopetal til denne
sjarmerande vestlandsidyllen. Mange for å høyra bluesmusikk. Men
kanskje endå fleire for å oppleva den heilt spesielle stemninga som
oppstår i kjølevatnet av bluesen. Og det skal arrangørane gjerne vera
glade for.
Av alt det sterke som vart slukt rått i helga, spørst det vel om ikkje
Froddien tok kaka. Denne energibunten av ein vokalist i
Stavangerensemble. Ein mann som me trudde hadde si stordomstid tidleg på
80-talet, men som heilt tydeleg må ha konservert både form og
intensitet på eit uforklarleg vis. Ikkje såg Frode Rønli ut til å
vera ein dag eldre enn den gongen, og makan til konsertoppleving som det
publikum fekk servert på plattingen utanfor House of Blues, skal ein
vera rimeleg heldig om ein får oppleva ein gong til. Og iallfall ikkje
ein artist som har meir nærkontakt med publikum.
«Husker du»
Det er ein del år sidan Odd Grythe gjekk i grava, og med han det populære
tv-programmet «Husker du». I Skånevik denne helga fekk ein litt «Husker
du»-assosiasjonar. Med Stavangerensemble og svenske Europe som dei
fremste eksponentane. Men det funka jo som sagt heilt fullkomme.
Heldigvis hadde arrangørane også lagt opp til ei skikkeleg ungdomleg
avslutning.
— Big Bang var berre heilt utrulege. Dei leverte frå første sekund.
Det kan ein vel ikkje i like stor grad seia om mange av dei andre som
har vore i teltet desse dagane, seier Kathrine Tungesvik frå Skånevik
Les
meir i Grannar
Les
meir i BT
Les
meir i BT
Les
meir i Haugesunds Avis
27.06.05
Breie band over bygdene
Grannar:
Kommunane Etne og nye Vindafjord har teikna
kontrakt med Haugaland Kraft om utbygging av eit fibernett med høg
kapasitet. Dei fleste kommunale kontora skal vera kopla saman i løpet
av eit års tid.
Avtalen går over sju år, og kostnadene er fordelt med 7,1
millionar kroner for nye Vindafjord og 2,8 millionar for Etne kommune. Når
infrastrukturen er på plass, kan næringslivet og privatpersonar kopla
seg på. Dette var ikkje minst ordføraren i Etne, Amund Enge, oppteken
av.
— Dette er kjempeviktig for alle. Me skal vera ein bjøllesau som skal
dra dette heim, slik at innbyggjarane våre kan dra nytte av det, sa
Enge.
— Det er ein viktig del av den samfunnsbyggjarrolla kommunen har, sa rådmann
Elling Hetland, som har forhandla fram avtala i samarbeid med
prosjektleiar Helge Thorheim i nye Vindafjord.
Les
meir i Grannar
24.06.05
Utstillinga ONE MOMENT
Rama, Eugenia og
Elisabeth: Velkommen til utstillinga ”One Moment” i sildafabrikken i Skånevik.
Opning onsdag 29. juni kl. 19.00.
Alle er hjarteleg velkomne. Opningstider
elles er:
Torsdag 30.juni – Laurdag 2. juli kl. 11.00 – kl.17.00.
Rama Lee frå Sør-Korea og Elisabeth Emmerhoff frå Skånevik har
fotografert 15-16 – åringar på skulen i Sør – Korea og i deira
eige miljø i Norge ( Skånevik ) Det
er vel som Olav H. Hauge seier det:
”Ungdommen eig kjensler og draumar.
Han fyller dei skralaste vers med innhald”.
Rama og Elisabeth studerer begge Fashion Photography
ved London College Of Fashion. Til
hausten startar dei på tredje året i eit BA-studium.
Eugenia Ivanissevich frå Argentina studerer andre året Fine Art ved
Central St. Martins College Of Art i London.
Hennar arbeid er portrett av mogelegheiter av fantasi i
kvardagen. Ho vil gi
tilbakeblikk på hennar korte karriere og sjølvbiografiske arbeid.
Me talar ikkje her om ei stor verdslansering, men om det viktigaste tre
unge menneske har gjort nokon gong i lag – til og med i Skånevik.
Velkommen til utstillinga!
Helsing
Rama, Eugenia og Elisabeth
Les
også artikkel i Grannar
13.06.05
Sluttrapport for Skånevikproskjektet
I Skånevik var det eit stort gap mellom reell
situasjon i bygda og den situasjonen bygda ville ha. Bakgrunn for dette
var blant anna nedlegging av Norway Foods si avdeling i Skånevik med
ca. 60 arbeidsplassar.
Det var for få arbeidsplassar, ønskje om fleire
innbyggjarar og positiv utvikling av tettstaden Skånevik.
Det var viktig med tiltak som kunne hjelpa til med å
tryggja og vidareutvikla eksisterande verksemder, men og hjelpa til ved
etablering av nye.
Skånevik ønskte fleire arbeidsplassar, betre
infrastruktur og betre tilrettelegging for tomter, reiseliv og båtturisme.
Les
heile rapporten
13.06.05
Publikumsrekord på Torget
Grannar: Perfekt
vêr og publikumsrekord markerte 20-års jubileumet for torgdagane i Skånevik.
Her kunne ein finna buer med mykje forskjellig og eit program heile
dagen som laga liv og røre i Skånevik sentrum.
Det kunne knapt vorte betre vêr i Skånevik då torgdagane vart
arrangert for tjuande gong i helga. Fredag var det mykje regn, og det
var litt usikkert korleis det kom til å gå med torgdagane. Men på dei
tjue gongane torgdagane har vorte arrangert, har det berre regna to
gonger, og ein gong litt skiftande regn.
— Det er sjølvsagt noko som me nesten må ha for at torgdagane skal
bli ein suksess. Om det hadde regna her i dag, har me jo ingenting under
tak, og då vart det eit problem, seier Victor Carlsen jr som har vore
konferansier for torgdagane i atten år.
Folket som møtte opp kom frå heile distriktet, og det var i følgje
Carlsen jr. mest sannsynleg publikumsrekord på torget i Skånevik
sentrum laurdag.
Inntekter til idrettshallen
Torgdagane starta på fredag, då den tradisjonelle revyen vart vist
fram i idrettshallen. Kring 3-400 personar møtte opp for å sjå
revyen, som etter kvart har fått fleire og fleire lokale kreftar med
ungdom som vil vere på scena.
Les
meir i Grannar
13.06.05 Bilferge fredet
NRK-Hordaland: For første
gang i Europa blir en bilferge fredet.
Respatex-nostalgi
på «Skånevik». Se bildene
Riksantikvaren sender ut fredingsvarsel for bilfergen «Skånevik».
Fergen er 38 år gammel og har gått i rute for HSD.
- Stor betydning
- Fergene har hatt en stor betydning for kommunikasjon i Norge. Når
vi skal velge en liten gruppe fartøyer som skal være representative
for fartøyene i Norge, da må bilfergen være med. Det er opplagt,
sier Lisen Roll som er seksjonssjef hos Riksantikvaren.
Les,
sjå og høyr på NRK-Hordaland.
03.06.05
Det meste klart for Torgdagane
Turid Straumsøy:
Ei veke før Torgdagane no, og det meste er
på plass. Ekstra kjekt har det vore å få god respons på Kassabilløpet
som me skal ha utanfor hallen fredag kl. 18, rett før
Jubileumsforestillinga. Til torget lørdag har me pr. i dag 23
utstillarar, noko som er veldig flott. Her vert det alt frå
antikviteter og snurrepiperier til heimelaga vårruller og eplesaft.
Veteranbiler kjem og
vert utstilt, og i tillegg vert det høve for dei minste å kjøre
veterantøbil. Sjå nærare
program. Me gler oss og håpar
vergudane er med på vårt lag i år og når me skal prøva med Utedans
etter gammalt. Me ynskjer alle
hjertelig velkomne til Torgdagane og vonar alle vert med å kler seg ut!
Gluntan og Queen Bees til Skånevik!
Det skjer masse spennande ut over
hausten og. Fredag 26. august skal me ha Dansbandkveld på
Idrettshallen. Då har me fått GLUNTAN
til Skånevik. Dei spelar opp til dans saman med gruppa EDO frå
Kvinnherad. Gluntan har 40 års jubileum i år så dette ser me fram
til!
Seinare kjem også trioen QUEEN BEES til Skånevik. 13.nov.
arr. SIH konsert i Skånevik Kyrkje. Dette vert garantert ein fantastisk
oppleving for alle aldrar. Trioen består nemlig av Anita Skorgan,
Marianne Antonsen og Rita Eriksen. Mykje
flott å sjå fram til!
09.05.05
Selde flest varmepumper
Grannar:
Varmepumpespesialisten
frå Skånevik har seld flest Toshiba varmepumper her i landet dei siste
fire åra, og kom nyleg heim med to pokalar som synleg bevis på det.
Med mesteparten av Vestlandet mellom Bergen og Stavanger som
marknad, har Varmepumpespesialisten i Skånevik seld mest varmepumper av
merket Toshiba i heile landet sidan dei starta i 2001. For dette mottok
dei nyleg pokalar og påskjøning frå Toshiba sentralt.
Marknadssjef i Toshiba, Gunnar Solem, seier det er viktig å støtte opp
om lokale firma.
— For både oss og kundane er det avgjerande å ha sterke, seriøse
aktørar. Difor er det viktig å støtte opp om dei. Eit slikt resultat
som Varmepumpespesialisten har oppnådd, gjer seg ikkje over natta,
seier Solem.
Det er brørne Einar og Charles Arefjord, saman med Frode Molnes, som står
bak Varmepumpespesialisten, som er autorisert forhandlar for Toshiba.
Dei har dessutan tilsett installatør og kontormedarbeidar. Kontor og
lager har dei på Skånevikstranda, men arbeidet gjer at dei er ute på
reise det meste av året, fortel dei.
Les
meir i Grannar
08.05.05
Skånevik i sentrum
Aksel Kloster:
Vil Skånevik som følgje av
nye samferdselsprosjekt i Sunnhordland og Haugalandet bli meir isolert?
Det er ingen tvil om at Skånevik så langt særleg har tapt på
realiseringa av Folgefonntunnelen.
Personleg trur eg Skånevik etter kvart vil kunna profittera på Åkrafjordvegen
(800 millionar kroner), Trekantsambandet (1.8 milliardar kroner),
Folgefonntunnelen (420 millionar kroner), Rullestadjuvet (300 millionar
kroner), Halsnøysambandet (350 millionar kroner) og Jondalstunnelen
(520 millionar kroner).
Etter kvart kjem Tverrforbindelsen, Fjelbergsambandet, vegen Sauda-Etne,
vegomlegginga forbi Røldal, kystamvegen over Tysnes, Rogfast og ei
innkorting av vegen mellom Skånevik og Etnesjøen (dersom Etne kommune
vil). Særleg Kyststamvegen og Haukelivegen vil etter kvart som
investeringane kjem, verka som ein magnet på utviklinga på Haugalandet
og i Sunnhordland.
Det er eit ordtak som heiter at trafikk avlar trafikk. Det er eit faktum
at Skånevik ligg midt inne i den samferdselsrevolusjonen som føregår/vil
føregå i Sunnhordland og Haugalandet. Uansett kor ein bur i dette
geografiske området, vil ein etter kvart kunna nå Skånevik innan ein
akseptabel tidsavstand.
Utbygging av store nye samferdselsprosjekt fører til vegutbetring på
dei mellomliggjande traseane. Utbetringstiltaka rett og slett tvingar
seg fram fordi ein elles ville få store flaskehalsproblem. Dessutan
genererar nye samferdselsprosjekt auka biltrafikk og større trafikk på
dei ferjer som ikkje er avløyste - og snøggbåtane.
Det er såleis ikkje utan vidare sikkert at ferjetrafikken på sambandet
Skånevik-Matre-Utåker vil gå vidare ned, sjølv etter at perioden med
førehandsbompengar på sambandet Sunde-Ranavik-Skjersholmane er over
sommaren 2008.
Eg trur eg ein generell trafikkauke i området kan gje sambandet Skånevik-Matre-Utåker
ein vekst, særleg dersom kreative miljø maktar å marknadsføra det
aktuelle ferjesambandet - også kva gjeld opplevingsreiser gjennom Odda,
Kvinnherad og Etne. I eit slikt rundreiseprogam bør Skånevik framstå
som den perla den er.
Etter at Ølen kommune no er
blitt Vindafjord kommune, og er blitt ein del av Rogaland fylke, vil det
vera naturleg at Skånevik vert endestogg for snøggbåtane i søre/indre
Sunnhordland, der kreative krefter får fram ein superterminal i Skånevik,
med link mot Haukeliekspressen og kommunikasjonane elles til Hardanger,
Haugalandet og Austlandet.
Gjennom arbeidet med samferdselsplanen for Sunnhordland har Hordaland
fylkeskommune akseptert ei snøggbåtsatsing på Skånevik. Det bør følgjast
opp i eit samspel mellom Etne kommune, Hordaland fylkeskommune og
kreative krefter i Skånevik. Skånevik ligg langt frå Bergen, men er
likevel ein del av Hordaland fylke, og ei plikt for fylkeskommunen.
30.04.05 Sammen igjen
Haugesunds Avis:
Les
meir i Haugesunds Avis
27.04.05 Gledesspreiar fyller år
Grannar: Når
Lars Christophersen i Skånevik fyller 80 år komande onsdag, kan han sjå
tilbake på eit rikt liv med svært mange gjeremål.
I dag takkar Lars Christophersen ei god helse for at han har det
fint i pensjonsalderen sin. Han fyller dagane med å vere ryddegut i
butikken han har overlete til sonen Alf Warloe, og hagearbeid, som han
gjer saman med kona Gudbjørg.
Ein frilufts- og arbeidsmann som han, vil mange tru har gått gjennom
livet utan sjukdom. Men det har ikkje vore slik, fortel han. Då han var
54 år gammal gjennomgjekk han same hjarteoperasjon som den kong Harald
nå gjennomgår.
— Ja, eg vart operert på Haukeland sjukehus, og fekk inn ny
hjarteklaff. Denne har eg nå hatt i 26 år, og eg har vore heilt god
heile tida sidan, fortel han.
I både arbeid og fritid begynte han fort å fungere som normalt.
Tidleg handelsmann
Lars Christophersen begynte som handelsmann 18 år gammal. Berre avbrote
av militærtenesta, der han siste delen av denne tenestegjorde i
Tysklandsbrigaden, har han drive butikk i Skånevik.
Les
meir i Grannar
18.04.05 Steinulf Tungesvik ny leiar i Noregs
Mållag
Haugesunds Avis:
Les
meir i Haugesunds Avis og artikkel
i Grannar den 27.04.05
14.04.05
Hausta medaljar på Bremnes
Grannar: Ungdommane
frå Skånevik og gamlekarane frå Ølen markerte seg sterkt på
samlagstemnet i feltskyting som vart avvikla på Bremnes søndag.
I veteranklasse V73 gjorde ølenskyttarane
reint bord med å ta dei tre førstee plassane. Meisterskapsmedaljen i
klassen gjekk til Olaf Øvrevik med resultatet 41/9, 2. plassen til Knut
Trovåg med 41/7 og 3. plassen til Johan Opheim med 39/2. Ein flott
innsats av dei trufaste veteranane som alltid stiller opp og alltid er
like blide.
På meisterskapen på grovfelten gjekk sølv- og bronsemedaljen til høvesvis
Arne Leknes og lagkammeraten Roar Knutsen frå Skånevik. Både stoppa på
40 treff, og dei måtte avgjera rekkjefølgja seg imellom med omskyting.
Blant ungdommane var det Sondre Tesdal Galtung frå Etne i kl. Rekrutt
som gjorde det best med 2. plassen i meisterskapen.
Les
meir i Grannar
12.04.5 Naturen
kallar
Haugesunds Avis:
-
Les
meir i Haugesunds Avis og i Grannar.
09.04.05
Vilt og lokkande
Haugesunds Avis:
Les
meir i Haugesunds Avis
04.04.05
Hotellet er opna
Grannar: Gjestene
kom langvegsfrå for å vere med på opninga av Skånevik Fjordhotell
laurdag. Den største overraskinga var Hanne Krogh.
— Eg har jobba mykje med Hanne Krogh, fortel Inger Karin Larsen
Nerheim, ny medeigar og dagleg leiar ved hotellet.
Saman me dei fem andre i den nye eigargruppa til Skånevik Fjordhotel,
ønskte ho velkomen til opningsfest laurdag kveld. Slekt, vener og
samarbeidspartnarar stod på gjestelista. Til stades var også gjester
heilt frå Finland, Estland og Polen, som Nerheim har samarbeidd med i
eit EU-prosjekt.
Hotellet blei høgtideleg opna med champagne og snorklypping, før dei
kring 100 gjestene sette seg til bords for å nyte maten som kokk Peggy
Molnes hadde laga.
Haugesundsgruppa «Ein.. og to» opna med musikalske innslag, før høgdepunktet
og overraskinga denne kvelden, Hanne Krogh, følgde opp med meir musikk.
Ho starta med «Mellom bakkar og berg», fordi ho synst kvelden fortente
ein nasjonalsong.
Les
meir i Grannar
25.03.05
Kveldsete med Olav Duun i sentrum
Skånevik
Mållag: Serien
av kveldseter i Skånevik Mållag sin regi
held fram. No står
ein Olav Duun-kveld for tur, og
det blir torsdag 7. april kl. 19.30 på MA-senteret Toflebrekko.
Den
kanskje aller fremste Duun-kjennaren i landet,
professor Otto Hageberg, blir
foredragshaldar denne kvelden.
Han er professor i nordisk litteratur ved universitetet i Oslo,
men har sterke røter på denne sida av Langfjella.
Han har hytte ved Langenuen og familie i dei næraste bygdene.
Han vil dela av sin rike kunnskap når det gjeld både liv og
dikting hos Olav Duun.
Som
vanleg ét me kveldsmat i lag, og
det blir bokutstilling frå våre kommunale bibliotek.
Det blir òg ei enkel utlodding.
Det
kunstnarlege denne kvelden ventar
enno på si avklåring, men
me kan lova at det blir bra saker.
Alle
er velkomne, og me helsar
vel møtt.
Skånevik
Mållag.
23.03.05
Tunnel Skånevik - Etnesjøen
Aksel Kloster: Dersom
Skåneviks-samfunnet, Etne kommune,
Kvinnherad kommune, Samarbeidsrådet for
Sunnhordland og Haugalandsrådet står hardt
nok på, og er viljuge til å bruka ein
del eigne ressursar, er det realistisk med ein
tunnel mellom Skånevik og Etne om ikkje
altfor mange år.
Det er nyttelaust no å prøva få tunnelen
prioritert når Stortinget handsamar
handlingsprogrammet i Nasjonal Transportplan for perioden 2006-15 seinare
i år. Men dersom det lokale engasjementet
blir stort nok, og det vert sett inn planleggsmidlar
(også lokale), vil prosjektet kunne vurderast
for realisering i samband med rulleringa av Nasjonal Transportplan for
perioden 2011-15, under alle omstende i
fyrste del av neste vegplanperiode som startar
i 2016.
Det er i røynda to realistiske tunnelalternativ me
talar om. Det er tunnel mellom Skånevik sentrum og Etne sentrum, eller ein
vesentleg kortare
tunnel mellom Tungesvik og Håland.
Tunnelen mellom Skånevik
sentrum og Etne sentrum er på
7 km
og vil kosta 500 mill. kroner. Køyretida
i tunnelen vil vera 8 minutt. Tunnelen
mellom Tungesvik og Håland er
3.5 km
og vil kosta 250 mill. kroner. Køyretida
i tunnelen er 4 minutt.
Begge tunnelane kan finansierast
med reduserte ferjesubsidiar på
ferjesambandet Utåker-Matre-Skånevik, bompengar,
riksvegmidlar, sal av steinmassar
og eventuelle lokale tilskot.
Dersom bompengeperioden
vert på 15 år (som er det vanlege), vil
det vera mogeleg
å finansiera 150 mill. kroner med bompengar.
Det vil truleg la seg gjera
å bruka 50 mill. kroner over femten år i sparte ferjesubsidiar.
Statens vegvesen sitt bidrag lyt avpassast
etter kva som vert den endelege
prislappen på tunnelen.
Ei innkorting med tunnel av Rv 48 mellom Skånevik
og E 134 i Etne vil ha relativt høg kost-nytte
verdi. Fyrst og fremst fordi dei to tettstadane
i kommunen vil gje kvar andre store synergieffektar.
Ein vil kunna utveksla varer, tenester,
kapital og arbeidskraft på ein meir
aktiv møte. Sentrumsfunksjonane vil kunna styrkja
seg i begge tettstader. Dessutan
vil sjansane for å få realisert eit
nytt vegsamband mellom Sauda og Etne auka monaleg,
og det kan bli ein gjennomfartsveg
Sauda-Etne-Skånevik-Kvinnherad-Bergen.
For kvinnheringane vil ein
tunnel kunna konkurrera med ei lang
ferjereis mot Stord og trekantsambandet dersom ein
skal sørover. Fleire reisande
på vil innebera fleire
avgangar og betre matriell på
ferjesambandet Utåker-Matre-Skånevik. Det økonomiske, kulturelle og sosiale
samkvemmet mellom Kvinnherad og Haugalandet
vil betra seg. Skånevik og Kvinnherad kan meir
utvikla sitt samkvem.
Aksel Kloster
22.03.05
Moderne Bygdeutvikling eller
Byutvikling
Leif
Arne Løvereide:
Bygdeutvikling,
kva er egentlig det? Det klinge liksom ikkje av ennå. Byutvikling er
noko heilt anna, det svingar det av. Det er heilt naturleg. Det er som
me kjenner susen heilt opp i postkassane våre.
Sidan eg er konstant
bygdeoptimist og har delteke på eindel bygdeutviklingsseminar på
vestlansdet dei siste åra, oftast som einaste Etnebu, motar eg meg opp
til å meina noko i lokalavisa om temaet.
Mi
erfaring frå slike seminar er at erfaringsutveksling og
kontaktknyttinger er av stor verdi, for det er mykje flinke og
oppfinnsomme folk langs vestlandskysten som har funne opp krutet i mange
variantar.
Bygdeutvikling skjer kvar
einaste dag også i våre bygder. Kanskje er tida inne til å fornye
begrepet til ”Moderne Bygdeutvikling”.
På
bygdeutviklingsseminaret ”frå buplikt til bulyst” i Eidfjord nyleg
vart det hevda av professor Amdam frå Høgskulen i Volda at bygder og
grender vil skilje seg ut framover.
Dei bygdene som vel å vere
aktive med utvikling og tilpasse seg, blir populære bustadsbygder, og
dei bygdene som stikk hovudet ned i sanden og håpar å få det oppatt før
det frys fast kjem til å merka nedgang.
Last
ned heile artikkelen ( Word dokument )
Les også om kurs i Kultur- og naturlosing
22.03.05
Konferansen " Fruktbar
framtid" i Hardanger
Lagt ut av Leif Arne Løvereide:
*
Korleis styrke regionalt reiseliv og matproduksjon:
* Mat og kulturlandskap som merkevare.
1. Internasjonal konferanse om kulturlandskap - turisme -
lokalprodusert mat m.m.
2.
Storstilt streif i eksotiske frukthagar i Hardanger med Dronning Sonja
3. Festkonsert med kjente nasjonale kunstnarnamn og tittelen
:Kunsten i Landskapet - landskapet i kunsten.
Dette
treledda arrangementet er årets storhending i Hordaland innanfor turist
og landbrukssektoren. Reiseliv er ei av dei viktigaste næringsvegane og
næringssatsingane i Hordaland - utpeikt som eit satsingsområde i alle
dei strategidokument som er verdt å lese. Den mest spennande koplinga
dreier seg no om reiseliv - kultur og landskap og mat.. Fokus i
morgondagens reiseliv er den kunnskapstørste, opplevingsorienterte og
kulturinteressert turist - som gjerne vil utforske og bli kjent med sine
reisemål. Morgendagens gjest vil ha opplevingar for sinn og skinn -
ikkje sjå naturen gjennom glasrutene i bussen eller pjolterglaset i i
baren. Landbruket står framfor store utfordringar og mulegheiter for å
få i gang gode samarbeidstiltak - og næringsutvikling retta mot eit
ekspanderande reiseliv.
1. Torsdag den 21.april På konferansen stiller vi med dei mest
spennande namna innanfor reiselivs - og landbrukssektoren. Som rosina i
pølsa vil vi nemne National Geografic Traveler - som kåra desse
fjordane vår høgast på si rankingliste over verdens beste reisemål.
Tidlegare
EU-landbrukskommissær Franz Fischler, Dr. John Woolliams, Roslin
Institute, Edinburgh, UK. Marketingdirektør
Christoph Engl frå Südtirol og Direktør Jonathan B. Tourtellot, frå
National Geographic Traveler.
Denne
dagen vert avslutta med ein kulinarisk middag som vil overgå det meste
av det som har vore dandert der inne i fjorden.
2. Fredag den 22 april vert det ein storstilla folkefest på Reisæter .
Det vert laga til ein stort mat - og kulturmarknad på garden Reisæter
som ligg med Folgefonna som nærmaste nabo og med storslege utsyn over
Hardangerfjorden. Her vil HM Dronning Sonja føreta den formelle opninga
av "Streif i landskapet". Kanksje vil Herborg Kråkevik vere
med å heve stemninga der oppe i lag med andre kulturkrefter. Lokale
matprodusentar i frå heile regionen vil skipe til ein stort matmarknad
- og Hardangerkokkane presenterer nye rettar i frå Hardanger. Deretter
vert det vandring i landskapet gjennom frukthagene og til fjorden. Turen
kan så gå til Agatunet - der det er kunstutstilling, aktiviteter og
mat. Denne dagen kulminerer i ein storslegen konsert på Hotell
Ullensvang - der også Dronning Sonja vil vere tilstades.
Vi syner elles til vedlagde brosjyre. Endeleg program for Streifet på
Reisæter kjem seinare - sjekk vår nettstad www. streif.no .
Det er viktig at påmelding til seminaret må skjer med det første
dersom det skal vere mogeleg å få hotellplass. Påmelding - sjå også
vedlagde brosjyre.
Med helsing
Ole Bakkebø
Program,
brosjyre og påmelding for
seminaret på Hotell Ullensvang 21. - 22. april 2005
18.03.05
Nye eigarar av hotellet
Skånevik Fjordhotel
har fått nye eigarar. Inger Karin Larsen Nerheim har saman med
sin ektemann Leif Kåre Kaldestad, sin bror Lars Inge Larsen, Kjetil
Nedreskår frå Skånevik og Skånevik-ekteparet Gro Aasheim Bøthun og
Øyvind Bøthun kjøpt det flotte hotellet i Sunnhordlands perle.
Skånevik nett på vil på det varmaste ønskja dei entusiastiske
eigarane lukka til med drifta og framtida. Her er ein
liten artikkel som sto i Bergens Tidende den 18.03.05 og i Grannar
den 21.03.05.
17.03.05
Prøvesmak på brurestasen
Grannar:
Med hårshow, moteshow og brureshow på
ein gong var det nok for alle som møtte opp i idrettshallen i Skånevik
laurdag kveld. Aktivitetsgruppa i idrettshallen hadde laga til showet
til inntekt for idrettshallen, med god hjelp frå mange som gjorde
jobben på dugnad.
Både menn og kvinner i alle aldrar kom til det populære
moteshowet i idrettshallen laurdag. Sjølv om ikkje alle hadde
bryllaupstankar i hovudet, var det mykje anna å få med seg.
Det heile byrja med hårshowet. Det var Skånevik frisør, Hildes frisør
og Duo frisør som viste modellar med det siste på hårfronten. Etter
presentasjon av hårfrisyrane, var det Alfee sin tur til å vise siste
nytt frå butikken sin. Modellane i sine flotte frysyrar hadde mykje
fint å visa fram.
For å få eit slikt show perfekt, må ein også ha ein god
konferansier. Alf Warloe Christophersen var ikkje beskjeden og fekk med
sine gode replikkar publikum til å trekkje på smilebandet. Kveldens
overrasking var eit sminkeshow frå Åshild Sævereid og Evelyn Bøthun.
Desse to hadde sminka opp modellane sine, der Sævereid stod for make-up
og Bøthun viste eit eige sminkemerke med namnet Volare.
Les
meir i Grannar + eit
svært positivt lesarinnlegg.
16.03.05
Inn i Kvinnherad Breiband
Innsida.no:
Skånevik Ølen Kraftlag og Etne
Elektrisitetslag har underteikna ein intensjonsavtale om å gå inn på
eigarsida i Kvinnherad Breiband AS.
Komande fredag er det kalla inn til
informasjonsmøte i Etne Elektrisitetslag sine lokale, der Kvinnherad
Breiband AS og dei to kraftlaga vil orientera nærare om innhaldet i
avtalen, og om planane for utbygginga.
I invitasjonen til informasjonsmøtet skriv dagleg leiar i Kvinnherad
Breiband, Per Ove Kviteberg, at målet med intensjonsavtalen er å få
gjennomført ei omfattande utbygging av breibandnettet i konsesjonsområda
til dei to kraftlaga. Kvinnherad Breiband er frå før eigd av
Kvinnherad Energi og Fjelberg Kraftlag.
Les
meir på Innsida.no
14.03.05
Anbod
på snøggbåtkutt
Stryke
Ølen frå kartet eller halvere avgangane, er to av tre alternativ som
skal ut på anbod for snøggbåtane i Hordaland.
Eitt av alternativa er å oppretthalde rutene slik dei er i dag i
Sunnhordland. Men fylkespolitikarane vil ha to andre alternativ med til
dels drastiske kutt, når snøggbåtane i Sunnhordland skal ut på
anbod.
Skånevik ramma
For Ølen og Utbjoa er det mest drastiske alternativet at dei blir tatt
heilt ut av rutenettet for snøggbåtane. I mellomalternativet mistar Ølen
to avgangar, men pendlaranløpet på Utbjoa blir oppretthalde.
Forslaga til kutt får også konsekvensar for Skånevik. I det eine
kuttalternativet mistar Skånevik eitt av fem anløp, og to i det mest
drastiske forslaget som skal prisast.
Forslaga til kutt i Ølen og Skånevik er fase to etter at
fylkespolitikarane i Hordaland med Høgre, KrF og Frp i spissen vedtok
at snøggbåtane skulle ut på anbod.
Dermed måtte HSD leggje på hylla ein plan om å kjøpe inn mindre båtar
for å kunne oppretthalde rutetilbodet i Sunnhordland.
Les
meir i Grannar
09.03.05
Fleire reiser over Utåker
Kvinnheringen: Trendene
frå 2004 held fram når det gjeld trafikken i ferjesambanda i
Kvinnherad. Mellom Utåker – Matre – Skånevik har det vore ein
formidabel vekst i ferjetrafikken i januar.
Heile 22,8 prosent er auken på. 6001
personbileiningar vart registrert i januar 2005, mot 4888 i fjor.
Sambandet Løfallstrand – Varaldsøy – Gjermundshamn har hatt ein
trafikkauke på 14,7 prosent. Her er det mellom Løfallstrand og
Gjermundshamn trafikken aukar mest. Når det gjeld Leirvik – Ranavik
– Sunde så var det færre bilar der i januar i år samanlikna med
fjoråret. Nedgangen var på 4,8 prosent. Fjelbergruta har hatt ein auke
på 1,4 prosent.
Les
meir i Kvinnheringen
09.03.05 Ventar
på tal frå Hordaland
Grannar:
Rektor Ingrid C. Søndenaa ved Ølen vidaregåande
skule tek det heilt med ro når det gjeld det relativt låge talet på søkjarar
til allmennfag, så lengje tala frå Hordaland ikkje ligg føre.
Tala frå inntaksavdelinga ved opplæringsavdelinga i Rogaland fylke
viser at 18 elevar har søkt allmennfaglina ved Ølen vidaregåande
skule frå hausten.
Det låge talet bekymrar ikkje rektor Ingrid C. Søndenaa stort.
— Nei, så lenge tala frå Hordaland ikkje ligg føre, er det for
tidleg å bekymre seg over det, seier ho.
Men ho legg ikkje skjul på at det er veldig viktig for skulen å ha to
parallellklasser på allmennfaglina.
— Vi bør ha to klasser for å få nok elevar i gruppene, og blir vi
redusert med ei klasse vil vi ikkje få det ressurstilfanget vi har nå.
Men søknaden til påbygging er veldig god, med heile 24 søkjarar.
Dette har mykje å seie for allmennfaglina, seier Søndenaa.
Mange vil til Ølen
Elles er søknaden frå Rogaland til første opptak heile 212 elevar,
noko som er svært godt.
— Dette er omtrent som i fjor. Så her lever vi i beste velgåande og
har mange spennande ting på gang. Elevar frå mange stader ringer og
vil kome hit. Dessutan kan vi ta inn vaksne elevar dersom dei vil spisse
karakterane sine. Difor tek eg dette heilt med ro, seier rektor Søndenaa,
som ser fram til at søknadslista frå Hordaland fylkeskommune skal bli
offentleggjort om ikkje så lenge.
Les
meir i Grannar
07.03.05
M/F «Skånevik» i trygg hamn
Kunne
du tenkje deg å feire bryllaup eller fødselsdag på «bøljan» blå?
No har du høve til det. Ferjelaget Skånevik skal på dugnad gjere
ferja frå 1967 betre enn ho nokon gong har vore. Allereie i sommar skal
ferja ut på tur.
Den 22. januar i år vart Ferjelaget Skånevik stifta. Det skal
ta vare på ferja M/F «Skånevik», samt gjenstandar og installasjonar
som har vore i tilknyting til den historiske ferja. Det å ta vare på
den gamle ferja interesserer folk langt utanfor Skånevik, er adressene
til styremedlemmene eit tydeleg bevis på. Folk frå heile Sunnhordland
og Bergen er alle like engasjerte.
Sigurd Eikemo og Martin Skumsnes er Skånevik sine representantar i
ferjelaget. Dei er svært glade for at ferja blir verande i Skånevik.
— Bygdefolket er einige med oss i at det ville vore for gale om M/F «Skånevik»
hadde lege til kai ein annan stad enn i Skånevik, seier Sigurd Eikemo.
Ferja ligg til kai ved den gamle sildefabrikken. Eigaren av fabrikken,
Arnold Holmedal frå Stord, var ikkje vond å be han fekk spørsmål om
ferja kunne få ligge ved hans kai.
— Han sa at det ville vere ei stor ære å huse ferja. Han vart så
engasjert i arbeidet til stiftinga at han no sit saman med oss i styret,
seier Eikemo.
Les
meir i Grannar
04.03.05
En Deep Purple vår
Les
meir i Haugesunds Avis
19.02.05
Hekta på blues
Les
meir i Haugesunds Avis
16.02.05
Matematikkens dag
No
er matematikkens dag blitt ein tradisjon ved Skånevik skule. Kvart år
sidan 2002 har skulen sett av ein heil dag til matematikkaktivitetar for
alle elevane ved skulen. Elevar og lærarar
set pris på denne dagen der ein får møta matematikk i nye og
utfordrande situasjonar.
Likt
tidlegare år var elevane delt etter stega og så sett saman i
aldersblanda grupper. Den gruppa
på kvart steg som sankar flest poeng får diplom og eit besøk på
Larsen Bakeri i premie. Ingen dempar på aktiviteten at slike
freistingar lokkar i det fjerne.
Dagen
var delt i tre bolkar med fylgjande innhald i dei tre øktene:
Uteskulematematikk, problemløysing/geometri og spel. Dei fleste vil vel
tru at spel er den aktiviteten som elevane likar best. Den som tok seg
ein tur rundt og såg på aktiviteten, både inne og ute, oppdaga
derimot stor aktivitet, undring ,kreativitet og glede innanfor alle
aktivitetane.
Les
meir i på internettsida til Skånevik skule
14.02.05
Skånevik-jenter i tabelltoppen
Grannar:
Skånevik sitt jentelag i handball har vunne alle
kampane sine denne sesongen. Laurdag spela dei kamp mot Stord2 og klarte
til slutt å kjempe seg inn til ein fortent siger.
I sin tiande kamp på rad kunne Skånevik sitt jentelag, med
jenter på fjorten og femten år, dra i land sigeren. Ein spanande kamp
mot Stord2 fekk liv i både publikum og spelarar. Til pause leia Stord2
kampen med tre poeng, og mange frykta kanskje at Skånevik kunne gå på
sitt fyrste tap. Med to minutters utvising til kvart av laga til pause,
viste litt om kor hardt dei kjempa ute på banen. Skånevik spela bra,
men klarte ikkje å setja ballen bak keeperen i Stord-målet.
Det vart ein tøff kamp med harde basketak der jenter frå kvart lag
gjekk i golvet til kvar tid.
Andre omgang byrja mykje betre og jentene fyrte av skot som gjekk
kontant i mål. Målvakt for Skånevik, Bjørg Sævereid, spelte bra og
mot slutten hadde ho stengt buret sitt fullstendig og Stord2 fekk ikkje
utteljing på ein einaste sjanse. Det var derimot Skånevik sin tur til
å lage målfest og nok ein siger.
Les
meir i Grannar
PS: Skånevik vann også kampen på søndag!
14.02.05 Ei reise til heimbygda
Lesarinnlegg
i Grannar: Vinterstida
er vel ikkje nett då folk flest ferierer på Vestlandet. Sjølv hadde
eg ein triveleg «vinterferie» omkring 20.01.05. Ho mor Målfrid fyllte
90 år, - noko som jo måtte markerast.
Skånevik omsorgssenter er ein god og fin plass å bu, når ein ikkje
kan styra og stella som før i eigen heim. I alle fall ser det slik ut
for oss pårørande. Sjølv er eg utflytta skånevikar, men ser no sør
til ho mor av og til. Turen kan no verta noko lang vinterstid.
Med båt frå Nordfjord til Bergen - og vidare med ny båt til
Sunnhordland, er det bra at storm og uver roar seg. Ein del venting vert
det på Leirvik, før båten til Skånevik er klar for avgang.
Sunnhordlandsdialektane svirrar rundt øyrene, koselig! Syster Solveig,
som og er på veg sørover, frå Trøndelag, er bra reisefylgje frå
Flesland, - me er no liksom «ekte» sunnhordlendingar no.
Me kom vel fram, og fekk koselege dagar i Skånevik. Takk til venner og
kjente som såg innom mor på 90-årsdagen og som i etterkant besøkte
henne. Særleg takk til Inger Marie, og dei andre på Skånevik
omsorgssenter, for ein koseleg ettermiddag 20. januar!
Les
meir i Grannar
09.02.05
Hoppcup i med stor deltaking
Gisle
Sellevold: Nesten 60 ungar frå tre
idrettslag og om lag 20 vaksne var med på kommunal hoppcup i den flotte
idrettshallen i Skånevik.
Dette er største deltakartal på mange, mange år. Spesielt gledeleg
var det at så mange vaksne prøvde seg. Det er og kjekt for dei yngste
at mor og far eller tante og onkel er med på det same som dei. Sjølv
fekk eg oppleva to 6-åringar som kom heim og stolt viste fram for far
sin skeia som alle dei små fekk i premie.
Underskrivne la spesielt merke til Pawel Blaszkiewicz, bonde på
Sandvik.
Les
meir i Grannar
05.02.05
Hektiske dagar i callsenteret
Les
meir i Haugesunds Avis
31.01.05
Jakt-, fiske- og turdagane 8. - 10. april
Arbeidet
med denne einaste Villmarksmessa mellom Bergen og Kristiansand er inne i
ein aktiv periode. Komiteen på 8 har tidt møteaktivitet og mailen er
til tider ganske heit.
Noko
vert som i fjor inne, men me har i tillegg fått nye og spennade
utstillarar.
Uteområde
vert litt større og synligare, det har me god plass til.
Nytt
og spennande vert det ute når Alf Lea frå Haugesund vil komma inn med
eit mobilt basseng med muligheten til prøvedykking og informasjonstand.
Noko
av det mest populæra i fjor var Temagarasjen. Her har me i tillegg til
nokon av dei som var med, fått nye og svært interresante
foredragsholdarar.
I
tillegg kan ein få muligheten til eit lokkekurs.
Les
meir
31.01.05
Kjempe
fall for saga
Grannar:
På Fjellheim i Skånevik hos Christian Bull Tornøe,
vart det sist veke felt ei 100 år gammal edelgran, som var 38 meter høg.
Christian Bull Tornøe meiner dette er den største edelgrana her i
landet. Det står ei liknande gran igjen på eigedomen hans.
— Begge desse trea, pluss ei douglasgran er kandidatar for freding,
seier han.
På spørsmål om kvifor han felte eit slikt stastre, svarer han at det
skygde for sola.
Det er tømmermeister Arne Ivar Stødle som tok den største saga si med
eit sagblad på 1,5 meter for å få felt det store treet. Med god hjelp
av traktoren som har radiostyrt vinsj gjekk grana i bakken med eit
enormt drønn.
— Då treet nådde det ulendte terrenget på bakken knakk ho, fortel
dei.
20 tonn
Stødle fortel at det er tre år sidan han fekk utstyr til å felle
skog. Han har tipp topp utstyr til dette arbeidet, som ikkje minst krev
skikkeleg planlegging for å lukkast.
Les
meir i Grannar
31.01.05 Sjukdom
stoppa Jespersen
Grannar:
Chris Jespersen (22) braut tidleg på 15 kilometer
friteknikk under helgas NM i langrenn. Juniorverdsmeistaren for nokre år
tilbake har vore sjuk dei to siste vekene, og i helga kom han til kort.
På duathlon (halve løpet i klassisk og halve i friteknikk) blei han
rundt nummer 40.
— NM kom ei veke for tidleg for meg, sa Chris som måtte bryte øvinga
der han hadde dei største forventingane i helga. På duathlon hadde han
ikkje dei same ambisjonane, medan han droppa sprinten.
— Sprinten gjekk og i klassisk. Det er òg for mykje å gå tre løp på
tre dagar, så her var det heilt naturleg å legge inn ei pause, seier
han.
Chris gav seg tidleg på 15 kilometer.
— Med ein slik inngang til NM blei det sjølvsagt vanskeleg. Eg gjekk
til start som realist, og eg blei dessverre ikkje positivt overraska,
innrømmer han. Og i fjor fekk han NM-veka spolert på grunn av sjukdom.
Les
meir i Grannar
25.01.05 Frå nett til kraft
Haugesunds Avis:
Les
meir i Haugesunds Avis
20.01.05
Vurderer å selje hotellet
Sal av hotellet i Skånevik
er eitt av alternativa som det nå blir jobba med.
Eigar av hotellet i Skånevik, Paul Hovda, seier han ser på fleire
alternativ når det gjeld drift av hotellet i bygda.
Tida som hotelleigar har vore turbulent med rettssak mot tidlegare
hotelldirektør og seinare avvikling av heile drifta.
Men nå meiner Paul Hovda situasjonen har roa seg ned.
— Tanken om å selje er eitt av fleire alternativ. Då vi gjekk inn i
hotelldrifta var det for å sikre hotellet for bygda. Nå har det heile
roa seg ned, og vi har begynt å jobbe med å finne andre aktørar.
Dette står mellom å finne gode leigetakarar, eller å selje.
Les
meir i Grannar
10.01.12
Stor framgang for Chris
Chris Jespersen er i
ferd med å finne toppformen. Skånevik-løparen skøyta inn til ein
flott sjetteplass på 15-kilometeren i Granåsen i Trondheim i helga.
Det var ein opptur for Chris som ikkje har fått så god uttelling
tidligare i vinter.
21-åringen fekk opp dampen på tampen av fjoråret. Det fungerte bra
for den tidlegare juniorverdsmeisteren både i Skallsturennet femte
juledag og Strindheim-stafetten på nyttårsaftan. Der var han i aksjon
for eit mix-lag. Chris blei nummer 24 i fredagens klassiske renn. I går
var det favorittstilarten som stod på programmet. Berre fem av
konkurrentane klarte å straffe sluttida på fellesstarten. 54 sekund
skilte han og Tore Ruud Hofstad, som har gått mange gode verdscuprenn.
Landslagsløparen gjekk inn til favorittsiger i Granåsen.
Les
meir i Grannar
10.01.05
Heimesiger
til Sushi Blues Band
Heile 60.000
kroner kom inn til dei flaumramma i Søraust-Asia under maratonkonserten
i Skånevik på fredag. Dei 350 innbetalande fekk ein konsert med mange
musikalske høgdepunkt. Størst applaus fekk det unge Skånevik-bandet
Sushi.
Idrettshallen i Skånevik hadde hatt
plass til endå fleire på fredag. Det var lagt opp buss frå Ølen og
Etne til Skånevik med retur etter konsertslutt, men det tilbodet var
det ingen som nytta seg av. Bussen var tom, og parkerte i Etne.
— Det var sjølvsagt svært skuffande at så få frå nabobygdene kom
i kveld. Men me trøystar oss med at bygdefolket her i Skånevik stiller
opp. Dei kom i seks-tida i kveld og har halde ut heile kvelden. All ære
til dei, seier Finn Ove Solberg, leiar i Skånevik bluesklubb, som tok
initiativ til konserten.
Ungdommar imponerte
Dei seks ungdommane i alderen 11 –16 år, har berre spelt i lag sidan
i sommar, og på denne korte tida har dei verkeleg fått sving på
sakene. Under fredagens konsert oste det kvalitet av dei unge talenta.
Etter å ha framført fire songar, mellom dei: «Have you ever seen the
rain» og «Pretty woman», vart dei kalla tilbake til scena av
konferansier og ordførar Amund Enge. Gruppa måtte ta eit ekstranummer
for å tilfredsstille publikum. Lise Åsheim imponerte med si store
stemme, og gitarsoloane til Sven Ivan I. Bokn var det verkeleg fres
over. 11- åringen Rolf Andre Ness er yngst i bandet, men stod slett
ikkje tilbake i kvalitet av den grunn, han gjorde ein utruleg flott
opptreden saman med dei andre Sushi-medlemmene.
Les
meir i Grannar
07.12.04
Skal på pallen
Les
meir i Haugesunds Avis
30.12.04
Støttekonsert i Idrettshallen
Rev. 05.12.05
Finn
- Ove Solberg: Etter initiativ frå medlemmer, vil Skånevik
Bluesklubb, fredag 07.01.05 kl. 18.00 organisera ein
innsamlingskonsert i Skånevik idrettshall, der all inntekt vil gå til
Røde Kors, øyremerka tsunamikatastrofa.
Artistar og band frå Skånevik, Etne og Ølen stiller opp gratis og det
vert ein kjempekonsert for alle.
Dette er noko me nett har starta å arbeida med så mykje er framleis i
planleggingsfasa, men me har allereie fått med band som Fifty/Fifty,
Uthuset, Sushi Bluesband, Dagny Christophersen, m.fl. Me reknar
med at fleire vil komma til etterkvart.
Les
meir i Grannar og
27.12.04
Suveren på hjemmebane
Les
meir i Haugesunds Avis
24.12.04
Callsenter i bankbygget
Leif Arne Løvereide: Stord
Dialog AS si avdeling i Skånevik startar opp 3. januar i bankbygget i
sentrum. Leiar for telemarketingselskapet Stord Dialog si avdeling i Skånevik,
Raymond Trondsen, opplyser at oppstarten går etter planen, og at rundt
16 tilsette er på plass i andre etasje i bankbygget 3. januar.
Alt veka etter reknar han med at dei har starta produksjonen.
Sjølv har han vore på jakt etter hus for å busetje seg i Skånevik.
Dette har han lukkast med, og flytter til bygda 1. februar. Då
blir eg skåneviksbu, noko eg gler meg til, seier han.
23.12.04
Nytt år og lokale arbeidsplassar
Leif Arne Løvereide, Skånevikprosjektet: Eit
vanleg spørsmål til Skånevikprosjektet er: blir det fleire
arbeidsplassar snart? Heldigvis er svaret ja. Og spørsmålet er forståeleg
og godt, men har me kanskje for mykje fokus på det me ikkje har, og for
lite fokus på det me har?
Ei hyggjeleg oppleving er å treffa smilande folk som seier at dei er så
glade for at dei har arbeid, og let vel om arbeidsplassen sin. Ein
glytt på nettsidene www.etne.kommune.no og www.skaanevik.no viser bl.a.
at fritidstilbod er det og mange av.
Når det gjeld Skånevik, Åkrafjorden og Etne, som eg kjenner best til,
er min påstand at med breitt, godt samarbeid om utvikling i alle næringar,
kultur og organissasjonsliv med meir, har me potensiale for fleire
arbeidsplassar og innflytting til kommunen.
Her spelar kvar og ein innbyggjar sitt positive engasjement ei viktig
rolle.
Når våre etablerte arbeidsgivarar tilset ein eller to nye, ser og høyrer
me ikkje så mykje om det, men dei arbeidsplassane er like viktige som
nyetableringar. Kanskje 2005 og blir eit spennande og godt reiselivsår
i kommunen, for med E134 og båtsambanda som me har, ligg alt til rette
for god utvikling også her.
Mi oppfordring for det nye året blir; fokuser på muligheitene og stå
på!
Leif Arne Løvereide,
Skånevikprosjektet