|
31.12.07
Flott prestasjon av Chris Jespersen
Under Tydal Idrettslag sitt
julerenn gikk Chris eit av sine beste renn og vant med svært stor
margin. Han gjorde også ein god prestasjon under Skandisnavisk
Cup rett får jul med niande plass, men dettesiste løpet rangerer han
sjølv som enno betre. Han ser fram til Skandinavisk Cup på på
Tolga og reknar med å møte delar av verdseliten der. Han ser
også fram til å gå NM i det flotte VM-anlegget i Granåsen.
Chris går no for Byåsen og har saman med Tor Arne Hetland og Lars
Berger stor sjanse til å bli norsk meister i stafett.
23.12.07
Lyste opp budsjettet
Haugesunds Avis: Artisten Hanne Krogh dukka uventa opp i kommunestyret
og lyste opp budsjettmøtet. Songstjerna og Etne-vennen slo til med «Lyser i
stille grender», og politikarane følgde opp med eit heller harmonisk
budsjettmøte.
–
Det er trist å høyra på ein del svartmåling. Eg føler at det er
handlingsrom i dette budsjettet der me vel å satsa på trivsel, nytt
kulturhus og gode oppvekstvilkår, sa Siri Klokkerstuen (Ap).
Raudgrønt
Kritikken
retta mot Frp som meiner at kommunen ikkje har råd til å engasjera seg
økonomisk i det store kulturhusprosjektet, var unntaket i ein fredeleg
debatt..
I Etne har det uventa skjedd at dei raudgrøne har funne kvarandre. For
starten på valperioden var turbulent etter at stemmevinnar Siri
Klokkerstuen og Ap blei skvisa under fordelinga av taburettane der Sigve
Sørheim (Sp) blei ordførar med støtte av alle dei andre partia.
Les
meir i Hgs. Avis
18.12.07
Juleførebuingane i gong
Skånevik
skule: Det
er hektisk aktivitet på skulen for tida, som så mange andre stader.
Det er mykje som skal førebuast til jul og her er programmet for juleførebuingane
dei siste vekene.
websida
til skulen
17.12.07
Førjulskos i villmarksleiren
Grannar: Det har vore svært mange arrangement rundt i
kommunane denne veka. Luciatradisjonane er sterke og det har vore mykje
flott sang og opptreden i kyrkjer og barnehagar. Fleire stader er
adventskalenderen det brennheite emnet. Med von om å starte ein ny
tradisjon inviterte Lars Rune Langhelle og familien alle borna på og
rundt Åsheim opp på førjulskos i villmarksleiren. - Det ser ut som
det vart vellukka, borna trivst så godt her oppe at me treng ikkje
aktivisera dei så mykje, seier Randi Marie Langhelle.
- Dette er
knall gøy! Å væra ute i mørke natta er litt skummelt, men det
hjelper med lykta på hovudet fortel eit av borna. I neste augneblink er
ho på veg ut i mørket att og ein kan berre skimte lyset frå lykta
hennar som blandar seg med dei andre lyktene. Der dei spring rundt kan
ein høyre at dei ser både skrømt og ulvar som dei må komme seg unna
medan dei kvin av fryd.
Les
meir i Grannar
15.12.07
Førjulskos på Utåker
innsida.no: Aktivitetsklubben
på Utåker inviterte til førjulskos på kaien torsdag kveld. Ikkje
sidan midten på 90-talet har det vore førjulsfest på utåkerkaien,
noko både nissen og ungane på Utåker har sakna.
Julie H. Askeland, leiar i
Aktivitetsklubben på Utåker, inviterte til førjulskos på utåkerkaia.
Etter eit opphald på over ti år, vart det på nytt blåst liv i denne
tradisjonen.
– Kjempekjekt at så mange møtte opp. Eg meiner at vi bør ta opp
tradisjonane på Utåker, tradisjonar eg saknar sjølv frå eg var
liten, seier Julie H. Askeland, til innsida.no.
Les
meir på innsida.no
11.12.07
Solid pott til næring
Grannar: Sparebanken Vest og Etne Sparebank har tatt på seg spanderbuksene. Til
saman støttar dei prosjektet med å få på plass ein næringslivs-koordinator
i Etne, med 700 000 kroner.
Det har vore
fokus på manglande næringsareal og bustadtomter i Etne kommune i
lengre tid. Etter påtrykk frå aktørar i næringslivet, som ynskte
meir ressursar til å arbeida med næringsutvikling og næringsbevaring,
kalla ordførar Amund Enge inn til eit næringsmøte i april. Resultatet
vart ei arbeidsgruppe som skulle koma med forslag til korleis ein burde
organisera næringsutvikling i kommunen.
Pangstart
Arbeidsgruppa, Vidar Børretzen, John Karsten Hustveit, Nils Ramsvik,
Kjell Grønstad og Jakob J Eskeland, har hyrt inn Leif Arne Løvereide
til å utarbeida eit forprosjekt. Prosjektet er no godt i gong, og
arbeidsgruppa har gjennomført ei spørjeundersøking blant næringslivet
i Etne.
Les
meir i Grannar
09.12.07
Meir nynorsk i Posten, NSB og
Avinor
Haugesunds Avis: Steinulf Tungesvik (Sp) gikk fra Noregs Mållag til
Samferdselsdepartementet.
OSLO:
To år
etter at Skånevik-mannen Tungesvik ble statssekretær for
samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp), er departementet blitt en
spydspiss for mer nynorsk i statlige bedrifter, melder Dagbladet.
Mens Posten, NSB og Avinor tidligere kunne velge hvilken målform de
ville bruke på oppslag og plakater – for eksempel på postkontorene
– må de nå rette seg etter lov om offentlig målbruk.
- Bruker du din posisjon til å ri egne kjepphester? spør Dagbladet
Tungesvik.
- Nei, dette er å gjennomføre klare krav som innbyggerne har, mener
statssekretæren, som nekter å svare på om det var ham selv som tok
initiativet til å få endringene gjennomført.
Les
meir i Hgs. Avis
07.12.07
Han er Norges eldste nordsjøarbeider
aftenbladet.no: Tor
Wilhelm Leknes runder 70 år, men er fremdeles i full jobb i Nordsjøen.
Når folk
har helsen i behold og har lyst til å jobbe, så burde selskapene bruke
seniorer som sitter med mye erfaring og kunnskap, sier Tor Wilhelm
Leknes. 70 år gamle
Tor Wilhelm Leknes hadde tirsdag sin siste tur til Nordsjøen før han
blir pensjonist. Tirsdag
kveld tok han igjen helikopterturen ut til Ekofisk der han jobber som
isolatør for oljeserviceselskapet DF Group.
– Egentlig
skulle dette være min siste tur, men de har spurt om jeg kan ta noen
flere utpå nyåret. Det er jeg ikke uvillig til, men så har jeg også
fått lovnad om at jeg kan få si nei hvis jeg vil, sier den spreke
offshorearbeideren. 18. desember fyller han 70 år. Leknes har en fysisk
krevende jobb med mye kryping, gåing og løfting. Likevel holder han
samme fart opp leideren som sine 20 og 30 år yngre kolleger.
Les
meir i aftenbladet.no 
06.12.07
Reisetida blir vesentleg innkorta
innsida.no:
Den planlagte tunnelen mellom Skånevik og Etne
vil korta ned reiseavstanden mellom dei to tettstadene med om lag ein
halv time. Også kvinnheringar i bil på veg sørover via Utåker vil få
stor glede av det nye tunnelprosjektet.
Noko av føremålet med å byggja ein
tunnel mellom dei to bygdene er å leggja til rette for ein meir
effektiv og trafikksikker vegakse både for innbyggjarane og
gjennomreisande, samt å styrkja den midtre vegaksen mot Bergen og
Haugesund for heile sunnhordlandsregionen, Haugalandet og Ryfylke. Målet
er å få prosjektet med i Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden
2010 – 2013. Det føreset mellom anna at kommunedelplanen for tunnelen
blir vedteke i Etne kommune innan utgangen av 2008.
Les
meir på innsida.no
28.11.07
November og desember på fjordhotellet
Nils Lavik: Konserter,
kurs, julebord, festivitas og annet spennende. Her
kan du laste ned en en kronologisk oversikt over hva som skjer her hos
oss fremover mot nyttår. I forbindelse med julebordene 7. og 8. desember på hotellet
opptrer Øyunn Bjørge (sang) og Arnhild Vik (piano).
Gjør
klar for en uforglemmelig førjulsopplevelse tirsdag 18. desember – da
kommer nemlig Hanne Krogh med band til Skånevik.
Oversikt
21.11.07
Oppstart
av kommunedelplan for tunnel Skånevik – Etne
Victor Carlsen Jr.: Det første skrittet fram mot
realiseringen av veitunnel mellom Skånevik og Etne er nå tatt.
Onsdag 21. november legges planprogrammet
(kommunedelplanen), som er forløperen til reguleringsplanen, fram til
offentlig uttalelse.
Tunnelselskapet Skånevik-Etne AS håper at alle interesserte grupper og
enkeltpersoner vil benytte anledningen til å gjøre seg kjent med
planprogrammet, samt å gi sine kommentarer til den.
Planprogrammet, som også
sendes utvalgte høringsinstanser, legges ut på kundetorget i Etne
tinghus og i Sparebanken Vest, avdelingene i Skånevik og Etne.
Planen finnes også på www.etne.kommune.no
og www.akvator.no.
For øvrig kan vises til
informasjon i Haugesunds Avis og Grannar.
Åpent høringsmøte vil
bli arrangert i Skånevik Idrettshall 12. desember. Nærmere
informasjon om dette møtet vil bli gitt i dagspressa.
Høringsfristen er satt til tirsdag 2. januar, og det er
forventet at Komite Natur i Etne kommune vil førstegangsbehandle
planprogrammet på møte januar.
Kommunedelplanen
Annonse for kommunedelplanen
Med orienterende hilsen
TUNNELSELSKAPET SKÅNEVIK – ETNE AS
Victor Carlsen jr.
18.11.07
Åpning av Lars Hertervig
Gata
Nils Lavik:
Fredag 23.11
kl. 19.00 på hotellet:
Høytidelig åpning av Lars Hertervig Gata: Hertervig blir
regnet som en av Norges mest anerkjente kunstnere. Han tilbragte mye tid
og fant, rundt midten av 1800- tallet, stor inspirasjon i Skånevik og
den mektige naturen som omkranser bygda, og denne permanente
utstillingen består av malerier med motiver her fra nærområdet.
Les
meir på websida til hotellet
18.11.07
Kveldsete
om gründarar i Skånevik
Skånevik
Mållag:
Tida
er inne for haustens kveldsete i Skånevik Mållags regi.
Me har no hatt kveldseter haust og vår i 7 år,
og dei aller fleste samlingar hatt hatt god oppslutnad med fulle
stover på MA-senteret Toflebrekko.
Velkommen fredag 23. november kl. 20.00 på MA-senteret Toflebrekko.
Denne
gongen er det gründarar i Skånevik i gamal og ny tid som er temaet.
Me
skal få høyra om livssoga til han som grunnla den store Milje gard i
Skånevik, Jakob Bull-Tornøe
d.e. Han bygde den
kjempestore løa i Milja, eit
heilt gardsbruk med to store driftsbygningar på Milje seter,
4-5 store drivhus på Dalheim
og østersfarm i Havnaklubben.
Det er Jakob Bull-Tornøe d.e. sitt
barnebarn, Juley Biørn-Hansen som skal fortelja om bestefar sin.
Gründaren
i nyare tid i Skånevik er Paul Hovda,
som er engasjert i både gardsdrift og barnehagedrift i Latvia.
Han vil fortelja om det som føregår på Baltikum i desse dagar,
utvilsomt spennande prosjekt.
Det
kunstnarlege denne kvelden blir
det toradargruppa frå Etne som står for,
ein frisk gjeng med friske melodiar.
Som
vanleg skal me eta kveldsmat saman på kveldseta,
og det blir som vanleg ei lita utlodding.
Tilskipinga
skjer i samarbeid med Skånevik Folkeakademi.
Kveldseta
er open for alle, og du er
hjarteleg velkomen.
Stikk
gjerne innom Hertervig-opninga på Skånevik Fjordhotell kl. 1900
på veg til MA-senteret.
Skånevik
Mållag.
15.11.07
Meir til rassikring
Steinulf Tungesvik:
Raset i Tungesvik i
førre veke minna oss på at naturen sanneleg ikkje har late seg tøyma
av alle våre moderne verkemiddel. Vestlendingar veit det betre enn dei
fleste. Denne gongen vann flaksen, men slik er det diverre ikkje alltid.
Derfor prioriterer regjeringa rassikring som eit av dei viktigaste felta
på vegbudsjettet. Leiaren i Grannar 5. november var oppteken av dette,
og utfordra underskrivne til å lytta meir til dei som vil prioritera
rassikring framfor 4-feltsvegar rundt storbyane. Det er ei grei
utfordring, og den tek eg.Det var Senterpartiet som kjempa fram
rassikring som eigen post i budsjettet for ikkje så mange år sidan, og
det har lenge hatt første prioritet for oss. I inneverande
stortingsperiode aukar me satsinga heile 50 % frå førre periode. For
2008 er den statlege løyvinga 420 mill kr, og ikkje 6 mill (!), som det
stod i Grannar-leiaren. I tillegg går noko bompengar til
rassikring.Rassikring er ofte å byggja tunnel. Med aukande nedbørsmengder
og frostsprenging går rasa på stadig nye stader i ei fjellside, og
berre tunnel er mange stader ei permanent løysing på rasproblemet. Det
gjer at tiltaka er dyre, og er i seg sjølv ein viktig grunn til at me
ønskjer å auka løyvingane ytterlegare, ikkje minst når me kjem til
neste Nasjonal transportplan i 2008.Også for trafikken mellom Skånevik
og Etne er tunnelplanar komne på kartet. Raset i Tungesvik har synt
fram ein ytterlegare grunn til å ta planane på alvor. Eg ventar spent
på den utgreiinga som er i gang, og på vegvesenet si handsaming av
den.
Steinulf Tungesvik - statssekretær
(Sp)
10.11.07
Industriell forbrødring
Haugesunds
Avis: Etne og Skånevik sameinar sine industrielle musklar og
satsar tungt på vekst og utvikling.
Samarbeidet
mellom dei to bygdene i Etne kommune har ikkje vore dagleg kost. Nå går
kommunens største industribedrift, Sunnhordland Mekaniske Verksted AS (SMV),
inn på eigarsida i Maritime Contracting Etne AS (MCE) med 30 prosent og
legg ein del av produksjonen til nabobygda.
– Me opplever stor ordreinngang på maskinar og utstyr til den
internasjonale industrien og energisektoren, og har behov for å sikra
leveransar av sveiste spesialprodukt til rett kvalitet, pris og tid, og
vil gjera dette lokalt framfor i Estland og andre land der
kostnadsutvikling nå går til himmels. Det var naturleg å gå til MCE
som har stor kompetanse, seier dagleg leiar Lars Hovda i SMV om
bakgrunnen til at dei legg ned sveiseavdelinga og overfører denne
produksjonen til EMC.
Les
meir i Hgs. Avis
og
i Grannar.
07.11.07
Meir
kraft frå Blåfalli
Haugesunds Avis: Sunnhordland Kraftlag har søkt NVE om å få byggja ut Blådalsvassdraget
med enno eit trinn førstkommande sommar. Trass i at området som blir råka
grensar til Folgefonna Nasjonalpark, ser det ut til å vera lite usemje
om prosjektet.
Omlag
20 tilhøyrarar møtte opp på NVE og Sunnhordland Kraftlag sin
presentasjon av neste steg i utbygginga av Blådalsvassdraget på Åkrafjordtunet
i går.
Tidlegare på dagen var det og planlagt ei synfaring med helikopter til
vassdraget, men dette måtte gå ut grunna dårleg ver. Det blei difor
med plansjar og bilete for dei som ynskte å ta utbyggingsplanane nærare
til ettersyn. Det var Sunnhordland Kraftlag som inviterte politikarar og
andre interesserte til å sjå kva konsekvensar utbygginga vil få.
Utbygginga er neste steg i SKL sin generalplan for Blådalsvassdraget,
og planane går ut på å overføra vatn frå fleire bekker i
Eikemovassdraget til Øvre Vetrhusvatnet i Blådalsvassdraget via ein
tunnel. Vidare blir vatnet leia gjennom eksisterande overføringstunnel
til Blådalsvatnet.Herfrå blir vatnet utnytta i kraftverket Blåfalli
III og deretter i det nye kraftverket Blåfalli Vik.
Les
meir i Hgs. Avis
02.11.07
Veien
åpner lørdag
Haugesunds Avis: Veien
der det onsdag gikk et stort ras, blir åpnet igjen lørdag klokken 14.
- Det er en stor jobb å rydde rasstedet. Store steiner har falt
ned, skriver distriktssjef i Haugaland og Sunnhordland, Astrid Eide, i
en pressemelding.
I tillegg til ryddingen vil det sikres mot nye nedfall ved å bygge en
steinvoll i rasområdet. Derfor kan ikke veien åpnes før i morgen.
Raset som gikk onsdag ettermiddag var 40–50 meter bredt.
- Det er trolig en stor blokk som har løsnet og dratt med seg stein og
jord, sier Eide.
Fram til åpningen av Rv 48 lørdag er det fylkesveg 34, gamleveien
ut Etnefjorden, som fungerer som omkjøringsvei.
02.11.07
Hunden
varslet raset
Haugesunds
Avis: – Hunden ble redd. Så stakk sauene av. Deretter kom
smellet. Jeg trodde det var et jordskjelv høyt oppe på Richters skala,
forteller sauebonde Lars Ove Tungesvik.
Tungesvik var ute
med traktor og grafse i striregnet onsdag kveld for å redde gårdsveien
som holdt på å renne bort, og for å hindre vann fra å renne inn mot
huset.
Han befant seg bare 100 meter nedenfor raset da massene løsnet fra
fjellsiden like over. Han så ikke steinen. Han bare hørte den. Dyrene
trakk ham i riktig retning, forteller han.
Senere gikk han opp mot hovedveien for å se hva som hadde skjedd, og
konstaterte at 50–60 meter av Rv 48 var sperret av store steinblokker.
I mørket så de ut til å være store som hus.
Les
meir i Hgs. Avis
01.11.07
Opnar vegen tidlegast fredag
Grannar: Ryddearbeidet
etter det kraftige raset som gjekk ved Tungesvik i går kveld, er no
kome i gong. Ein geolog i frå Statens Vegvesen ser det som lite
sannsynleg at det kjem etterras.
I dag tidleg var Rune Stumo, geolog i frå Statens Vegvesen på
rasstaden i Tungesvik. Han opna for at ein kunne starta ryddearbeidet,
utan fare for etterras, men at det framleis kan koma små steinfall.
Dersom det på ny kjem kraftig regnvêr, må arbeidet stoppast, det
gjeld også i mørkret.
I ei pressemelding opplyser distriktsvegsjef i Statens Vegvesen, Astrid
Eide, at vegen kan opnast tidlegast fredag.
Driftsjef i Mesta, Asbjørn Opedal, trur også at vegen kan opnast til
helga, men at ein då er avhengige av å ha vêret på si side.
— Det er meldt mykje nedbør fredag kveld, og det bekymrar oss. Når
vegen opnar att, kjem også an på kor store skader det er i vegkroppen,
seier han.
Les
meir i Grannar
Les
meir i Hgs. Avis
31.10.07
Stort steinras i
Skånevik
VG: (VG
Nett) Så langt vet man ikke om noen er tatt av det digre steinraset som
gikk i Skånevik onsdag kveld. Politi og et SeaKing-helikopter er på
stedet og søker.
- Det var et 40 til 50 meter bredt ras bestående av jord og
store steiner, sier Terje Langås, vakthavende redningsleder ved
Hovedredningssentralen for Sør-Norge til VG Nett.
Ifølge politiet er noen av steinene store som lastebiler.
Første melding om raset kom rett etter klokken 18.00 onsdag kveld, og
man var da bekymret for at noen på en gård i nærheten kunne være
tatt av skredet.
- Massene stoppet opp bare ti meter fra en gård. Vi var en stund
bekymret for dem i huset, men vet nå at alle har det bra, sier Langås.
Les
meir i VG
Les
meir i Dagbladet
31.10.07
Inviterer regionen
Haugesunds
Avis: Etne kommune
tar initiativet til ein brei samferdselskonferanse der både kommunar, næringsliv,
organisasjonar og andre kan koma med innspel og krav.
Innpass
i Norsk Transportplan (NTP) er målet for den opne konferansen som skal
haldast i Skånevik, helst før nyttår. Formannskapet i Etne samla seg
i går om eit forslag frå varaordførar Roe Lauvås (H), men vil i
tillegg til å invitera Haugalandskommunane, også ha Sunnhordland med på
møtet.
– Me har kort tid på oss ettersom høyringsfristen er i mars neste år.
Difor hastar det med å få sydd saman eit opplegg og me går laus på
detaljane alt i denne veka, seier rådmann Elling Hetland.
Les
meir i Haugesunds Avis
29.10.07
Kan bli bluesfabrikk
Haugesunds
Avis:
Sauda har volleyballinje og
Sveio golfskule. Her i den nedlagde hermetikkfabrikken i Skånevik kan
det om eit år eller to bli opplæring i gitarsolo og bluesoppbygging.
– Får me dette til blir me først i landet med dette tilbodet. Det
finst ei slik linje ein stad i Sverige. Dette må kommunen vera med å
støtta opp under, sa Alf Ove Nilsen (Ap) då Etne formannskap behandla
saka.
Og politikarane fann melodien og røysta for forslaget frå rådmannen
om at kommunen sender søknad til Hordaland fylkeskommune om ei eiga
musikklinje innan sjangeren blues, rock og soul under Etne vidaregåande
skule med oppstart komande skuleår.
Bluesbygd
Skånevik fekk for to år sidan statlege distriktsutviklingsmidlar til
bluesprosjekt, sin eigen musikkfestival i denne sjangeren og kan med
rette kalla seg bluesbygda. Ei gruppe beståande av blant andre rektor
Arild Stenberg, Inger Karin Larsen frå Bluesbygdprosjektet og Alf
Warloe Christophersen frå Skånevik Bluesfestival har gjennom
prosjektplanen "Bluesfabrikken i Skånevik" skissert opp
korleis det nye treårige utdaningstilbodet med studiekompetanse kan
gjerast.
Les
meir i Haugesunds Avis
25.10.07
Ferjestatistikk for
september
innsida.no: Tide
Sjø sin ferskaste ferjestatistikk viser mellom anna nedgang i trafikken
i sambandet Løfallstrand – Gjermundshamn. I sambanda Utåker –
Matre – Skånevik, Skjersholmane – Ranavik – Sunde og Fjelberg –
Sydnes – Utbjoa – Leirvik reiste fleire med ferja i september i år
i høve til same månad i fjor.
15.372
bilar vart frakta i ferjesambandet Løfallstrand – Gjermundshamn i
september i år. Det er ned ca tre prosent i høve til same månad i
fjor. Talet på personbileiningar gjekk også ned, to prosent til
22.230.
Passasjertrafikken i dette sambandet har hatt ein litt større nedgang:
30.273 passasjerar i september i år er ein nedgang på 6,6 prosent frå
tilsvarande månad i fjor. Det er størst nedgang i reisande mellom
Gjermundshamn og Løfallstrand.
Utåker – Matre – Skånevik
Talet på bilar som vart frakta med sambandet har auka med 6,7 prosent,
til 6.293. Talet på personbileiningar er 16,9 prosent høgare enn i
september i fjor; 10.658 i september 2007 mot 8971 i fjor. Det er også
ein auke i passasjertrafikken i sambandet; 11.658 i september i fjor er
ein auke på fire prosent i høve til same månad i fjor.
Les
meir på innsida.no
24.10.07
- Chris blir god i vinter
Haugesunds Avis: Chris Jespersen har kvittet seg med kyssesyken og blir ifølge
Bjørnar Larsen en farlig mann i vinter.
LANGRENN:
– Chris
blir god. Vi har trent litt sammen. Han ser sterk ut, sier Bjørnar
Larsen.
Lørdag starter verdenscupen i langrenn med sprint i Düsseldorf. Våre
lokale helter må vente til 16. november før startskuddet går. Da står
det tradisjonelle åpningsrennet på Beitostølen på programmet. Helgen
etter er det verdenscup samme sted.
Det er snart fire år siden Chris Jespersen fra Skånevik
ble juniorverdensmester på 30 km fristil.
Siden har han ikke helt klart å følge opp. Men han har på ingen måte
gitt opp å melde seg på i toppen i norsk langrenn. Jespersen er blitt
24 år, bor like ved Granåsen i Trondheim, har meldt overgang fra
Korlevoll til Byåsen og er en del av det private satsingslaget Team
Manpower.
Les
meir i Haugesunds Avis
22.10.07
Saman for born
Grannar: Årets
tv-aksjon, «Saman for born», har rørt mange. Det var ikkje vanskeleg
for bøssebærar Marta Synnøve Sveen i Skånevik å få pengar i bøssa.
Tv –aksjonen går til born som på ein eller annan måte er ramma av
HIV eller aids i ulike delar av verda. Det trengs berre ei krone for å
gje eit barn medisin i ein dag. Rundt om i bygdene våre har frivillige
gått frå dør til dør og denne saka har rørt mange i hjartet.
— Eg såg på eit program om dette her for nokre dagar sidan, og
innhaldet fekk det til å gjera vondt langt inni meg. Tenk kor
forferdelig mange born har det medan me lever i ei slik overflod, seier
Lillian Haaland frå Skånevik.
Ho hadde gått rundt med pengane i lomma heile dagen i tilfelle ho møtte
på bøsseberaren medan ho var ute.
— Eg gir pengar med glede! Det er så mange ting å gje til nå for
tida, det er vanskelig å vita kva formål som er dei beste. Men denne
saka har eg tru på, og støttar gjerne, seier Haaland.
Les
meir i Grannar
17.10.07
Bort med kjeledressen
Haugesunds Avis:
Kjeledress
og traktor er bytt ut med finklede og stresskoffert. Sigve Sørheim (57)
får ansvaret for å få fart på bygdekommunen.
Etne:Her
er Etnes nye ordførar; bonde Sigve Sørheim frå Stødle, klar til gå
laus på fire år i maktposisjon Han erstattar profilerte Amund Enge (H)
og byr på eit stilskifte frå ein forgjengar som sette kommunen på
kartet med mange stunt og uredd framferd.
– Eg er nokså ulik Enge. Altfor rolig, hevdar mange. Eg er nok meir
lagspelar enn soloartist. Frå meg kjem neppe utspel som ikkje er
fundamentert i det politiske miljøet, seier den sindige 57-åringen som
gler seg stort til å gå i gang med den utfordrande jobben.
Les
meir i Haugesunds Avis
16.10.09
Fylkesvegferjene på anbod
innsida.no:
Ferjene i fylkesvegsambanda i Hordaland skal
lysast ut på anbod, har fylkestinget vedteke i dag. Vedtaket er gjort
mot SV og RV sine røyster.
Den fylkeskommunale delen av dei tre kombinerte riks- og
fylkevegferjesambanda Jektevik – Hodnanes – Nordhuglo, Gjermundshamn
– Løfallstrand – Varaldsøy og Skånevik – Utåker – Matre
skal inngå i konkurranseutsetjinga av riksvegferjedelen.
Også fylkesvegferjesambandet Fjelberg – Sydnes – Utbjoa –
Skjersholmane skal ut på anbod, har fylkestinget vedteke.
Fylkestinget legg til grunn at konkurranseutsetjing av dei aktuelle
sambanda må gjennomførast i nært samarbeid med fylkeskommunen på
administrativt og politisk nivå, samt berørte kommunar, før anboda
vert lagde ut.
30.09.07
Nytt, stort kunstprosjekt på
hotellet
Nils Lavik: Fjordhotellet
har starta eit prosjekt for å få ein av Norges viktigaste kunstnarar
innanfor romantikken attende til bygda, og med dette ynskjer me å sette
nytt lys på Lars Hertervig sine år i Skånevik. Resultatet
skal stå klart i løpet av november 2007, og blir ein permanent
utstilling i Vinterhagen til Skånevik Fjordhotel - som nå får
navnet Lars Hertervigs Gate.
Hertervig
(1830- 1902) budde i åra 1851 og 1853 – 1855 i lengre periodar på
Milje Gard i Skånevik. Det var frå bygda vår han henta inspirasjon
til sine fyrste og kanskje mest kjende oljemaleri; ”Fra Skånevik”,
”Ved smien”, ”Kveld”, ”Rullestadjuvet” og ”Fra
Sunnhordland”. Dette er nokre av dei måleria han måla etter
opphaldet i Skånevik. Om lag fjorten måleri er frå denne perioden, og
målet vårt er å kunne presentere tolv av desse bileta.
Les
meir
25.09.07
Åkrafjorden Sightseeing Prosjekt
Egil Ørjan Thorsen:
Her
kjem sluttrapporten
for Åkrafjorden
Sightseeing Prosjekt skrevet
av prosjektleiar
Åse Tveit Samdal for testsesongen 2007.
God lesing. Siktemål er en 3 års strategisk satsingsplan for Åkrafjorden
Oppleving As/Åkrafjorden Landskapspark som skal være klar i løpet av
nov/des 07.
Kom gjerne med innspill!
Helsing
Egil Ørjan Thorsen
Det kjem ein eigen heimeside link etterkvart med
bileter frå årets satsing i mellom tida ernokre bilete å få sjå
her:
www.aakrafjorden.no
http://picasaweb.google.co.uk/espenmills/LangfossOgEikemoForTaBilderTilKrafjordenOppleving
http://picasaweb.google.co.uk/espenmills/BTturPKrafjorden
http://picasaweb.google.co.uk/macthorsen/NordsidemarsjenPlussEikemoOgLittTil
19.08.07
Reguleringsplan for Ytre Nes
Etne
kommune: Komité Natur (Det faste utval for plansaker), har i sak
085/07 i møte 06.09.2007 vedtatt at reguleringsplan for Ytre Nes del av
gnr 130 bnr 5,10,18,22,56,72 skal leggast ut til offentlig ettersyn
etter § 27-1 nr 2 i Plan- og Bygningslova.
Planområdet er på ca 15 da, og vert no foreslått regulert til
fritidsbustader, friluftsområde, privat småbåtanlegg, fellesområde
og offentleg trafikkområde.
Her er lenker til:
- Plankart
- Føresegnene
til planen
- Vedtak
(Møtebok)
Framlegg til reguleringsplan er også lagt ut til offentlig ettersyn på
Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål kan
rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 30.
Eventuelle merknader til planframlegget kan stilast til Etne kommune,
Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: firmapost@etne.kommune.no.
Merknader må sendast inn innan 24.10.2007.
18.09.07
Vil ha rehabiliteringsplassar i Skånevik
Haugesunds Avis: Revmatismesykehuset
i Haugesund får konkurranse frå Sunnhordland i kampen om eit større
tilbod innan rehabilitering.
Det er lettare å
komma seg i omgjevnader som Skånevik, enn mellom asfalt og betong i
Haugesund Sentrum, meiner prosjektkonsulent Oddgeir Ytterstad,
avdelingsbanksjef Reidun Tungesvik og psykiater Hans Olav Tungesvik.
Alle tre er med i ei gruppe som i halvanna år har arbeidt fram ei
skisse til ein rehabiliteringsinstitusjon med 35 plassar. Gruppa har på
hand eit 20 dekar stort område i Hagavik, 400 meter vest for Skånevik
sentrum, på ein haug med tilgang til sjøen.
– I spaseravstand til sentrumsfunksjonar, idrettsanlegg, idrettshall
og fjorden. Med turløyper i ein veldig flott natur, og utsikt til
stabil arbeidskraft, skryt dei tre.
Les
meir i Haugesunds Avis
17.09.07
Takk for flott støtte til Etne Ap
Siri Klokkerstuen:
Valresultatet
er kjend og resultatet av forhandlingane er kjende. Mange er undrande
til utfallet av forhandlingane. Etne Arbeidarparti ynskjer med dette å
seie litt om vår argumentasjon i forhandlingane slik at dei mange som
har vist oss tillit skal bli informerte.
Etne Arbeidarparti samla seg på Etne Tinghus for å starte
forhandlingsmøte saman med alle parti tysdag kveld. Det vart stadfesta
av alle parti at ingen hadde inngått avtalar på førehand.
Etne Arbeidarparti sine krav og argumentasjon som vart lagd fram for
alle i møtet var:
1. Politisk samarbeid. Eit politisk samarbeid bygd på den raudgrøne
regjeringa sin politikk. Ein startar ein prosess for ein felles politisk
plattform der ein vert samde om saker ein ynskjer å prioritere denne
valperioden. Sjansen er unik for raudgrønt samarbeid. Det er dette
veljarane har sagt dei vil ha. Det legg grunnlag for ein målretta
politikk for Etne kommune framover.
2. Verv: Etne Arbeidarparti ynskjer ordføraren i perioden.
Grunngjeving:
• Etne Arbeidarparti
har hatt varaordføraren i 4 av dei 5 siste valperiodane. Me har vore
aktive i eit samarbeid der me støtta ordførarar frå Senterpartiet og
Høgre.
• Ordførarkandidaten
har vore varaordførar siste perioden og har eit nettverk som sikrar ein
viss kontinuitet for Etne kommune.
• Denne gongen er Etne
Arbeidarparti det største partiet etter kommunevalet og ordførarkandidaten
vår har mest personlege stemmer.
• Valresultatet har
ordførarkandidaten oppnådd sjølv etter åtte år i kommunestyret med
tøffe nedskjeringsprosessar og ein periode som varaordførar. I tillegg
har Etne Arbeidarparti i valkampen opplevd eit sterkt fokus frå alle
parti og media i standpunktet for utvida eigedomsskatt.
• Veljarane i Etne har
gitt Etne Arbeidarparti eit løft.
• Etne Arbeidarparti
har hatt ein auka oppslutning frå veljarane i denne åtteårsperioden
frå 16-19-28,7 %.
Det vart ingen reelle forhandlingar i møtet.
Senterpartiet sa at dei ville ha ordføraren, sjølv om ein då takka
nei til eit raudgrønt samarbeid. Dei fleste andre partia var tydelege på
å støtta Senterpartiet sin ordførarkandidat. Senterpartiet sin
forhandlingsleiar stod kompromisslaust på at dei skulle ha ordføraren
og baud oss varaordførarjobben.
Me fekk aldri tilbod om tre i formannskapet slik det kom fram i avisa.
Etne Arbeidarparti såg ingen teikn til rørsle rundt bordet og heller
ingen grunn til å vika frå ordførarplassen for å sleppa
Senterpartiet fram. Sjølv om valresultatet var ganske jamt kunne me
ikkje godta det einaste argumentet som vart brukt: Senterpartiet er det
partiet som har hatt den største prosentvise framgangen frå sist val.
Dette er prosessar som går i alle kommunar. Dei brukar god tid. Store
parti vert sett utanfor andre stader òg, men då er det oftast
politiske skiljeliner som er avgjerande. Etne Arbeidarparti og Etne
Senterparti har ein felles politikk i Soria Moria og ei felles
regjering.
Takk igjen til alle som har støtta Etne Arbeidarparti. Me har hatt ein
opplevelsesrik og kjekk valkamp med mykje støtte og spanande
utfordringar. Dette har ført til eit historisk valresultat.
Me lovar veljarane å arbeide for å gjennomføra det gode programmet me
gjekk til val på.
Etne Arbeidarparti v/ Siri Klokkerstuen
14.09.07
Vil ha ferjedrift
på anbod
innsida.no: Samferdsleutvalet
og fylkesutvalet skal ha møte høvesvis onsdag 19. september og torsdag
20. september. Ei av sakene som skal handsamast er konkurranseutsetjing
av drifta av ferjesamband i Hordaland. Fylkesutvalet vil gå inn for
konkurranseutsetjing av sambanda Gjermundshamn – Løfallstrand –
Varaldsøy, Skånevik – Utåker – Matre, Jektevik – Hodnanes –
Nordhuglo og Fjelberg – Sydnes – Utbjoa – Skjersholmane.
Dette er saksa frå saksdokumenta vedrørande
konkurranseutsetjing av ferjedrifta:
«Av omsyn til det vidare arbeidet med konkurranseutsettinga av
ferjedrifta ber Statens vegvesen om ei tilbakemelding frå
fylkeskommunen om den fylkeskommunale delen av ferjesambanda skal inngå
i konkurranseutsetjinga eller ikkje.
Fylkesrådmannen legg med dette fram sak både om konkurranseutsetjing både
av dei kombinerte riks- og fylkesferjesambanda og dei reine
fylkesvegferjesambanda i Hordaland.»
Det vert vist til vedtak om å konkurranseutsetja buss- og snøggbåtrutene
i Hordaland, og fylkesrådmannen finn ikkje grunnlag for å tilrå noko
anna for den fylkeskommunale ferjedrifta.
«Når det skal gjennomførast konkurranseutsetting av riksvegferjene
inkludert dei kombinerte riks- og fylkesvegferjesambanda, vil det vere
svært upraktisk og lite tenleg å halde den fylkeskommunale delen av
ferjesambanda utanfor konkurranseutsettinga. I så fall bør det vere
ein føresetnad at også den statlege delen av ferjesambandet ikkje vert
konkurranseutsett.»
Les
meir på innsida.no
12.09.07
Sigve
Sørheim blir ny ordførar
Grannar: Senterpartiet
overtek ordførarvervet i Etne. Det er klart etter eit valteknisk
samarbeid der Ap ikkje er med. — Eg var ikkje sikker på
at det ville bli slik, men eg gler meg til å ta fatt på utfordringa
som ordførar, seier Sigve Sørheim dagen etter at forhandlingane er
overstått.
Slik Grannar.no skreiv i går blir Sørheim ordførar etter eit
valteknisk samarbeid. Det ligg ingen politiske avtalar i botn, og dermed
må ordføraren samarbeida med fleire for å få gjennom Sp sin politikk
i kommunestyret.
— Eg er jo ordførar for heile kommunen og for heile det politiske
miljøet. Det er viktig at me drar saman, og den viktigaste oppgåva mi
vert å få til eit godt samarbeid mellom alle, seier den påtroppande
ordføraren som tar til med oppgåva i oktober.
Les
meir i Grannar
11.09.07
Valresultatet i Etne kommune
Grannar: Stemmesetlane i Etne er ferdigtalte. Dei viser
at Siri Klokkerstuen (Ap) er den mest populære kandidaten med 222
personlege stemmer og 69 slengarar. Ho er tett følgt av ordførarkonkurrent
Sigve Sørheim med 217 personlege stemmer og 57 slengarar.
— Det er
kjempeflott at eg har fått både mest personlege stemmer og slengarar,
men det er jo ikkje så mykje meir då, seier Siri Klokkerstuen.
Det nye kommunestyret består av 14 menn og 7 kvinner. Over halvparten
av kvinnene er Ap-representantar.
— Eg er skuffa over at det ikkje kom inn fleire kvinner. Eg hadde håpa
det skulle bli ein auke frå det sitjande kommunestyret, seier
Klokkerstuen.
Her er oversikta over kven som kom inn i det nye kommunestyret i Etne:
Les
meir i Grannar
10.09.07
Tatt ut til Høstutstillinga
Elisabeth
Emmerhoff frå Skånevik er ein av utstillarane ved Statens
Høstutstilling. Ho held i dag på med masterstudium i kunst
ved Kunsthøgskulen i Bergen. Frå websida til utstillinga kan ein
lesa: - Høstutstillingen mottok i år 4052 verk til 1.
juryering fra 1715 kunstnere. 410 verk gikk videre til 2. juryering. Til
slutt antok juryen 114 verk av 90 kunstnere. Av disse er 43 førstegangsutstillere
på Høstutstillingen. Websida
til utstillinga
05.09.07
Frihamndag
for tiande gong
Hans Olav Tungesvik: Komande
søndag blir det atter Frihamndag i Skånevik,
og no for 10. gong. Eit
gjennomgåande siktemål med desse dagane har vore å alminneleg-gjera
og avmystifisera psykiatrien.
Når me veit at om lag 25% av folket før eller seinare i livet
finn å måtta søkja hjelp for psykiske vanskar,
er det klårt at dette er så vanleg at det er viktig å snakka
ope om det.
Fleire
kjende personar har vore med og opna opp ved sjølv å fortelja si
historie. Me har på
Frihamndagen tidlegare hatt vitjing av Reiulf Steen,
Inge Lønning, Odd
Einar Dørum og professor Otto Hageberg.
Dei har alle fortalt
om kriser i livet dei sjølv har vore gjennom.
I
år er det ein av hjelparane som får ordet,
overlege Tore Gude frå Asker.
Han vil tala om ”Livskvalitet og livsglede”,
og den landskjende songaren Ola Bremnes vil ta oss med på ei
vandring i livets mangfald, slik det kan uttrykkjast i tekst og tone.
Av
lokale krefter blir både Skånevik Musikklag og Blueskoret med.
Dagen
startar med gudsteneste i Skånevik kyrkje og påfylgjande kyrkjekaffi på
Frihamn-senteret. Under
festmøtet i Idrettshallen blir det høve til å få barnetilsyn for dei
som ynskjer det.
Arrangementa
er gratis, og alle er
velkomne.
Sjå programmet
for dagen
02.09.07
Ny utstilling på Norsk Motormuseum
Victor Carlsen
jr.: Da Norsk Motormuseum i Skånevik åpnet dørene for
sesongen 2007 sto en helt ny avdeling ferdig oppstilt i utstillingshall
II.
Utstillingen, som har fått plass i en minikopi av
den kjente fabrikkbygningen, viser en del sentrale produksjonsmaskiner
som blei benyttet i sardinproduksjonen.
Utstyr, arkivmateriell, bilder og bl.a. forstørrede utgaver av kjente
iddiser blei stilt til disposisjon da Norway Foods la ned en nesten 100-årig
produksjon i 2007.
Divisjonsdirektør Geir- Arne Åsnes sørget for at
museet fikk ta vare på kulturskatten, som nå vises i utstillingen.
Med på lasset fra Norway Foods fulgte også en del økonomi for at
museet skulle settes i stand til å få på plass et varig kulturminne
etter denne tradisjonsrike industrien.
Sammen danner bilder og utstyr en kavalkade over Chr. Bjelland og Norway
Foods lange produksjonstradisjoner i Skånevik, hvor den 2-lags King
Oscar-sardinen var et av de verdenskjente produktene. Museet har
arbeidet med tilretteleggingen de to siste årene, og primus motor i den
tekniske utformingen av rammen rundt utstillingen, minifabrikken, har vært
Lars Ebne.
Litt tilretteleggingsarbeid gjenstår, og vil bli utført underveis, men
styret fant at utstillingen nå var så pass ferdig at den trygt kunne
bli vist fram til publikum.
En ferdig redigert film fra selve produksjonen skal
på plass i 3-språklig monitor, men den vil først kunne benyttes i
2008.
25.08.07 Etterlyser
hjartestartar
Lars Christophersen: Me
etterlyser hjartestartaren som tilhøyrer Skånevik. I fleire år har
nokre gilde karar vore på staden i ein fart når nokon har
hjarteproblem. Dette var noko av tryggleiken for oss som bur langt frå
lege og sjukehus.
Lat oss få startaren på plass. Kvar er dette livsiktige
apparatet, og kven er ansvarleg i så måte?
24.08.07
Kommunevalet
står for døra
Det er berre vel to veker til kommunevalet. Her er dei einskilde
partia sine kandidatar frå Skånevik. ( Plass på lista i
parentes.)
Venstre:
Gudbjørg Christophersen (4) og Gurid Ersland (5). Senterpartiet:
Knut Erik Ebne (2). Arbeiderpartiet:
Hilde Sundal Bjerkreim (3) - Alf Ove Nilsen (6) - Margareth Bull Tornøe
(7) - Bodil Wiland Skumsnes (9) - Annbjørg Flåte (11) - Lene Svendsen
(16) - Aksel Tvedt (20) - Bjarne Vika (21). Framstegspartiet:
Arvid Skoge (2) - Reidar Ebne (5) - Gerd Marit Sandanger (7) - Einar
Arefjord (8) - Olav P. Sævareid (10) - Kari Eikemo (12) - Roger Tendal
(13) - Harald Eikemo ( 17) - Ove Eriksen (19) - Paul Ove Nordbø (20) -
Bjarte Hornenes (22) - Marit Elise Ebne (24). Kristeleg
Folkeparti: Peder R. Ness (2) - Dag Vigleik Johnsen (5) -
Terje Ness (11) - Anita Grødem (13) - Audny Jespersen (15) - Liv
Tungesvik (18). Høgre:
Ole Funderud (3) - Anders Hovda (8) - Torbjørn Åsheim (15).
16.07.08
Ola
Bremnes til Frihamndagen 07
Hans Olav Tungesvik: Frihamndagen blir i år søndag 9. september, og
det blir i år for tiande gong. Mange
gode krefter vil då samlast til allsidig kulturprogram gjennom det
meste av dagen.
Som vanleg startar Frihamndagen med
gudsteneste i Skånevik kyrkje ved Frihamn-prest Synnøve Rydland
Overweg. Deretter blir det
kyrkjekaffi på Frihamn.
Den mest langvegsfarande gjesten i år er songaren og musikaren Ola
Bremnes frå Kvæfjord i Troms, den eldste i kunstnarsøskenflokken
Bremnes, der Kari og Lars fylgjer etter.
Ola Bremnes fekk saman med søskena Spelemannsprisen i 2000, etter at
han hadde debutert med CD-en ”Ord fra en fjord” i 1992.
Han har m.a. mange fine framføringar av Peter Dass sine tekster.
Ola Bremnes kjem først til å delta med song under
gudstenesta, medan hovudinnslaget hans blir på festmøtet i Skånevik
Idrettshall om ettermiddagen. Ola
Bremnes formidlar melodiar og tekstar som spenner over eit breidt
spekter, og mange vil nikka attkjennande når dei t.d. høyrer visa
”Mi pia, din gutt”. Han
har stadig oppdrag over heile landet.
Hovudforedraget i år blir ved overlege Tore Gude frå
Asker, tidlegare sjeflege ved Modum Bad og i dag universitetslærar i
psykiatri. Han vil ta
utgangspunkt i dei to omgrepa livsglede og livskvalitet.
Han har utvilsamt mykje verdifullt å dela ut frå si rike
livserfaring.
Som fleire tidlegare år vil Skånevik Musikklag vera med og spela
korpsmusikk ved opninga av festmøtet. Også
det nystarta blueskoret i Skånevik blir med.
Kan hende blir det òg innslag av nokre som vil dela av sine røynsler
frå to veker på Frihamn. I pakt
med innarbeidd tradisjon blir det òg servering og boksal.
Tilskipingane er opne for alle, og særleg vil alle som har hatt
med Frihamnsenteret å gjera i ein eller annan samanheng, vera særskilt
velkomne.
16.08.07
Nils
Tore Andersen til Misjonssøndag i Skånevik
Hans Olav Tungesvik: Misjonsalliansen
sin tradisjonelle Misjonssøndag i Skånevik blir i år komande søndag,
19. august.
Festdagen
startar som vanleg med gudsteneste i kyrkja klokka 11
og held fram med festmøte på Skånevik bedehus om
ettermiddagen.
I
år har me vore så heldige å få tidlegare generalsekretær i
Misjonsalliansen, Nils-Tore
Andersen, som hovudtalar både
ved gudstenesta og på festmøtet på ettermiddagstid.
Avdi
begge prestane våre er opptekne på anna hald denne søndagen
og Nils-Tore Andersen ikkje er prest,
blir det lekmannsgudstenete denne gongen.
Nils-Tore Andersen har i dag elles eit av dei aller mest sentrale verva
i Den Norske Kyrkja, som leiar i
Kyrkjerådet. Han er dessutan ein særs dugande forkynnar, som både
har glimt i auga og har mykje å
gi.
På
festmøtet om ettermiddagen får me vitjing av familien Isaksen frå
Skudenes, representert
ved
tre ulike generasjonar.
Dei har stor song-
og musikkglede,
og det blir utvilsamt ei fin oppleving å høyra dei.
Som
vanleg blir det servering og sosialt samvær under festmøtet,
og ved begge samlingane blir det høve til å
gi ei gåve til Misjonsalliansen sitt mangslungne arbeid
i 8 land.
Alle
er velkomne.
12.08.07
Biletalbum frå utstillinga på fabrikken
Her er eit
album frå utstillinga Metamorphose på sildafabrikken i Skånevik
under Skånevik Bluesfestival. Bileta er tatt av og albumet laga
av ein av lærarane ved Kunsthøgskulen i Bergen. Utstillinga var
sponsa av Kunsthøgskulen i Bergen, Sparebanken Vest, Etne kommune, Spar
Lr. Christophersen, Skånevik Bluesfestival, Etne Sparebank og
Frihamnsenteret.
10.08.07 "Juraskarstrakket"
Olaug B.
Sævereid: Tur
frå Villmarksleiren på Åsheim til Juraskarkjerringa søndag 19/8-07
Påmelding i
Villmarksleiren frå kl.11- kl.12
- Startkontigent
kr. 25 for born
kr.
50 for vaksne
I
Villmarksleiren kan de smørje niste og ta med. Dette er
gratis. Drikke må de ta med sjølve.
Vi vil trekkje 2
gevinstar på startnr. Ein for barn og ein for vaksen.
Det
vert merka løype frå Villmarksleiren til Øvre Valdravegen, så det
vert ikkje noko særleg stigning før ein kjem inn i Rodalen.Dette er
ein tur som passer godt for familier.
Det
er parkeringsplass hjå Lars Rune Langhelle og rett nedfor "Leiren".Men
vi vil og ha Idrettslagsbussen på kaia for dei som treng skyss til Åsheim.
Blir
dette ein suksess vil vi gjenta det og setje opp medaljer/ evt. premier
for 3 år, 5 år, 10 år.
NB!
Inntekta går til Idrettslaget/trimgruppa
-
Larsen bakeri & Konditori sponsar
maten
- Lars
Rune Langhelle
sponsar gratis bruk av Villmarksleiren.
09.08.07
Ser etter vaksne elevar
sunnhordland.no: Det heiter vaksenrett og
betyr at du kan gå på vidaregåande skule gratis.
Realkompetansesenteret på Stord
tilbyr gratis undervisning til vaksne som ikkje har fullført treårig
utdanning. Satsinga er statleg, og målet er å gje folk realkompetanse.
Slik at dei kan søkja høgskular og universitet.
– Me plar seia at dette er for dei som er fødde før 1978, men me er
ikkje heilt firkanta her, seier leiar Turid Bjordal. Det vil seia at
dersom du treng å betra engelskkunnskapane dine, kan du søkja om
plass. Men då vil du stå langt nede på lista når opptaket vert
gjort.
– Det er berre å ringja Stord vidaregåande skule og spørja om du
kan søkja, seier Bjordal.
Innvandrarar
I haust startar det nye kurs i engelsk, norsk, nyare historie og
samfunnslære, naturfag, og matematikk. Undervisninga går føre seg på
dagtid, for det meste ved Opplæringssenteret på Heiane. Rektor Egil
Bergesen garanterer god undervisning.
– Her er det berre dei beste lærarane. Me set vår ære i å gje
vaksne elevar topp undervisning, seier han. Pensum vert gjennomgått på
færre timar enn vanleg. Elevane er folk som ikkje er vane med å sitja
på skulebenken. Det viser seg at resultata vert betre når vaksne går
i grupper og kan støtta kvarandre.
Les
meir i sunnhordland.no
30.07.07 Opning av House of
Blues
Nils Lavik:
Skåneviks nyeste kulturattraksjon og den tøffeste permanente
livescenen i distriktet
åpner offisielt dørene fredag 17. august 2007 kl. 20.00. Vi ønsker
deg og dine velkomne
med på festlighetene sammen med oss! Det blir matservering,
snorklipping, champagne, taler, tårer samt øvrig moro som hører høytideligheter
som dette til.
House
of Blues skal arrangere konserter og andre kulturelle tilstelninger som
behøver
en scene, året rundt: Revy, teater, stand- up, trubadurer – you name
it. Lokale
artister såklart, men også band med både regional og nasjonal
interesse skal vi få
lokket
hit til bluesbygda Skånevik. House of Blues samarbeider med andre næringsaktører,
som for eksempel Fjordhotellet, Skånevik Naturoppleving og Skånevik
Fjordsafari. Slik at vi kan gi gjestene våre enda bedre
totalopplevelser her i Norges
vakreste fjordbygd!
Les heile invitasjonen
22.07.07
The Kids til Skånevik
Nils Lavik: Ellevill
åttitallsmoro med høy gjenkjennelsesfaktor lørdag 28. juli 2007, når
rockeikonene The Kids gjester Skånevik. Som det eneste stedet
på hele Vestlandet i forbindelse med guttas sommerturné!
Overnatte her hos oss på Skånevik
Fjordhotel! Vi ønsker både Kids og svorne fans velkomne, og
smeller til med overnattingstilbud: 450,-/ person i dobbeltrom og 550,-/
person i enkeltrom, frokost inkludert (fra lørdag til søndag).
House
of Blues er den nyeste attraksjonen på Skånevikshimmelen, og
dessuten bluesbygdas første og eneste permanente livescene. Huset
er splitter nytt & moderne, og siste spiker ble slått i veggen natt
til torsdag 5. juli 2007 og akkurat i tide for å kunne servere strålende musikalske
opplevelser under årets bluesfestival! House of Blues
samarbeider både med oss her på fjordhotellet og de
mange andre aktivitets- og opplevelsesleverandørene i Skånevik,
for eksempel i forbindelse med pakketilbud og arrangementer som
inkluderer overnatting, fullpensjon, fjell- og fjordopplevelser samt
livemusikk med både velkjente nasjonale og kanskje litt mindre kjente
regionale band & artister.
Les
meir
21.07.07
Helge Nilsen til Skånevik
Haugesunds
Avis: Det nye utestedet House Of Blues i Skånevik får i dag besøk
av Helge Nilsen. Nilsen har en over 40 års aktiv karriere i norsk
platebransje.
Bergenseren var med i "Bergen Beat"-perioden på 60-tallet med
The Stringers. Den gang var han også fotballspiller på Branns A-lag
sammen med legendariske Roald "Kniksen" Jensen.
Les
meir i Haugesunds Avis
16.07.07 Spennande
turistprosjekt i Åkrafjorden
innsida.no: Åkrafjorden
Oppleving tilbyr denne sommaren eit heilt nytt turkonseptet på Åkrafjorden.
Det nyttar ein del av turistproduktet i Hordaland som tidlegare har vore
vanskeleg å tilby til turistane – nordsida av Åkrafjorden. Kanskje
noko å sjekka ut for oss fastbuande i området også?
I perioden 1. juli – 1. september har
den nystarta verksemda Åkrafjorden Oppleving starta opp med
opplevingsturar på Åkrafjorden. Hordaland Fylkeskommune omtalar det
spesielle
prosjektet som heilt unikt, og stør det med 90.000 kroner dette året.
Les
meir på innsida.no
09.07.07 Fjordalangs
Årets
løp starta midt under Bluesfestivalen i Skånevik, og gjekk dei 25.82
km langs gamlevegen til Etne.
Været
var optimalt, med 20 grader, overskya og vindstille.
52
løparar stilte til start. Favoritt og løyperekordholdar på
kvinnesida, Vigdis Holst, måtte melda pass halvvegs, pga.
problemer. Dermed sprang klubbveninna frå GTI-Stavanger, Wenche Lægreid
Kvaven i mål som vinnar.
Av
herrene er det berre eit fåtal i landet som kunne tukta rekorden i løpet.
Urige Buta hadde som mål heilt frå start å ta denne, som Knut Erik
Rame har hatt sidan 2003. Urige viste heilt frå start at dette berre
kunne gå ein veg. Rekordane på både 10 km og halvmaraton vart sletta.
Og i mål hadde han knust gamle rekorden med 2 min og 46 sek. Eit sterkt
løp av ein god løpar.
IF
Klypetusen som arrangør, feirar i år 25-års-jubileum. Medan
Fjordalangs vart arrangert for 20. gong. Ingen har vore med alle åra,
men Gunnar Vaage (IL Trio) og Skjalg Duesund (IF Klypetussen) har begge
delteke19 gonger. Dei og alle andre fekk smaka på jubileumskaka etter løpet.
Resultatliste
09.07.07 Blå suksess i
Skånevik
Grannar:
Aldri før har så mange vore i bluesteltet i
Skånevik som laurdag kveld då Paul Rodgers rocka bluesfestivalen.
Til saman er det selt rundt 10 000 billettar til årets festival. Det er
solid publikumsrekord for bluesen. Rundt halvparten av dei var på
konserten med Paul Rodgers laurdag kveld. Det er også rekord for ein
einskild konsert.
— Med dei tilbakemeldingane me har fått frå publikum og artistar, så
gjev det heilt klart inspirasjon til å stå på vidare og laga gode
festivalar også framover. Det er mange som står på rundt festivalen
for å få dette til, seier Alf Warloe Christophersen.
Kanskje neste år
At ZZ Top melde avbod i siste liten, gjorde ingenting for billettsalet.
— Nei det hadde nok ikkje innverknad på publikum. Me kjem nok til å
prøve igjen neste år med ZZ Top. Me har prøvt tre år, og dei har
avlyst europaturneen sin tre gonger. Det gjer det usikkert, seier
festivalgeneralen Christophersen.
Les
meir i
Grannar
"Alt"
om Skånevik ( Hgs. Avis)
05.07.07
Festivalklare Skånevik
Haugesunds
Avis: Vi har plass til
alle som vil, sier Alf W. Christophersen. I kveld starter festivalfesten
i Skånevik. – Vi tenker ikke på forhåndssalget av
billetter. Det har vi ikke tid til å sjekke. Men de siste årene har vi
hatt besøk av 8–10.000 mennesker i løpet av tre dager, og det har
jeg god tro på at vi får i år også, sier festivalsjef Alf W.
Christophersen.
I kveld starter Skånevik bluesfestival med hovedattraksjonen The
Waterboys i teltet. Den norske r&b-artisten Mira Craig har vært i
rampelyset i det siste, og hun går på scenen før Mike Scott og hans
band. Her blir det både "Fisherman's Blues" og norsk hiphop.
Fredag er det Joe Bonamassa sin tur, før Paul Rodgers fyrer løs lørdag
kveld.
01.07.07
Velkommen til House Of Blues
Du er hjarteleg
velkommen innom House Of Blues frå tysdag 2. juli kl. 12.00 for
å sjå dei flotte nye lokala. Det blir sjølvsagt fullt trøkk på
House Of Blues under Bluesfestivalen og vi kjem tilbake med informasjon
om om ei meir offisiell opning litt seinare i sommar. Velkommen
innom!!
28.06.07
Nytt kart over sentrum og turløyper
Tur - og
stigruppa under Bluesbygdprosjektet har fått laga eit flott kart over
turløyper i vårt område. Det er Aksel Tvedt som har
teikna og fargelagt Skånevik sentrum på den eine sida og laga ein
oversikt over turløypene med utgangspunkt i Skånevik på den andre.
Denne flotte brosjyren har som tittel Skånevik - mellom fjord,
fjell, blonder, blues og bedehus. Den kan kjøpast på
alle butikkar i Skånevik, på ferja og på Utåker frå og med veke 27
og kostar kr. 30,- med plastlomme.
25.06.07
Tunnelmøte i Etne
Haugesunds Avis: Torsdag i førre veke hadde fire partar sitt første drøftingsmøte
om Skånevikstunnelen.
På
tinghuset i Etne møtte to representantar for vegvesenet, Kjell Arne Møklebust
fra ingeniørfirmaet Akvator på Stord, teknisk etat i Etne kommune og
stiftinga Skånevikstunnelen A/S.
– Akvator er alt i gong med planprogrammet, som også inneheld
konsekvensanalyser, seier sekretær i Skånevikstunnelen A/S, Victor
Carlsen jr. Planprogrammet håpar han skal vera ferdig seinhaustes og så
må det godkjennast av Etne kommunestyre.
Les
meir i Haugesunds Avis
16.06.07 - Tunnel
om fem år
Haugesunds Avis: Victor
Carlsen jr. er ikkje sekretær for stiftinga Skånevikstunnelen A/S for
ingenting: Han trur me kan kjøra i tunnel mellom Skånevik og Etne om
fem år.Fredag var det politikarar og rådmenn i Haugalandrådet,
Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Hardangerrådet som fekk høyra
Carlsens optimistiske bodskap om ein tunnel som skal gje ei fartstid på
fire og eit halvt minutt mellom Skånevik og Etne (mot snaue halvtimen i
dag).
– Torsdag i neste veke blir det eit historisk møte i Etne tinghus. Då
møtest stiftinga, ingeniørfirmaet Akvator, vegvesenet med plansjef
Magnus Fredheim i spissen og kommunen for første gong. Eg veit eg er
optimistisk, men eg sa til regionpolitikarane i dag at dersom alt går på
skinner, kjører me bil i tunnel mellom Skånevik og Etne to år før me
har veg mellom Sauda og Stordalen (i 2014)!
Les
meir i Haugesunds Avis
12.06.07
Vil påby IT-opplæring for eldre
digi.no:
Psykiater Hans Olav
Tungesvik mener Norge har mye å hente på å lære opp eldre på IT.
Akkurat som IKT har blitt en del av læreplanen og en av de fem
ferdighetene på skolene, på lik linje med regning, skriving, muntlig
framstilling og lesing, mener psykiater og tidligere politiker Hans Olav
Tungesvik at politikere også må få inn IKT-opplæring for eldre.
Under åpningen av en tre dager lang konferanse i Tromsø om
telemedisin, arrangert av Nasjonalt senter for telemedisin, pekte
Tungesvik på behovet for å få de eldre til å bli mer operative og
nyttige i samfunnet. Tungesvik er også leder for Statens seniorråd,
og registrerer i dag en svært oppegående og ressurssterk eldre gruppe
som stadig blir flere.
Les
meir i Digi.no
08.06.07
Blir synleg døgnet rundt
Haugesunds Avis:
Vakre
Langfoss skal endå meir fram i lyset. For nå skal den populære
turistattraksjonen utstyrast med belysning.
Går det som fagansvarleg for kultur og miljøvern i Etne
kommune, Erik Kvalheim håper, skal den karakteristiske fossen utstyrast
med flaumlys alt til vinteren.
– Det er mange som har reist forbi det bekmørke området på kvelds-
og nattetid og tenkt same tanken. Nå er me godt i gang med prosjektet,
som også inkluderer opprusting av rasteplassen og betre skilting,
opplyser Kvalheim.
Rundt 300.000 kroner er alt på plass etter ei løyving frå Hordaland
Fylkeskommune. Det starta med ein søknad om økonomisk støtte frå
stiftelsen Folgefonna Nasjonalparksenter, der Etne er ein av fem
deltakande kommunar rundt fonna, og så har det balla på seg.
Les
meir i Haugesunds Avis
04.06.07
Slår tunnelalarm
Haugesunds Avis: Lokale kjentfolk slår rasalarm om Tungesviktunnelen ved Skånevik.
Statens Vegvesen er på vakt.
Tunnelen er
den siste statssekretær Steinulf Tungesvik(Sp) i
Samferdselsdepartementet passerer når han køyrer frå Oslo til
heimbygda Skånevik. Det har lenge hagla med småras av stein og
jordmasse i og omkring tunnelen, men det mest alvorlege er at ei godt
synleg sprekke på tvers oppe i tunneltaket blir stadig større.
– Spreng heile tunnelen vekk, meiner Sigve Håland (39) som har
vintervedlikehald på vegen og som meiner at sprekka har blitt breiare i
løpet av vinteren.
Les
meir i Haugesunds Avis
04.06.07
Langs Åkrafjorden
Olav Samland: Sist
laurdag var det på ny klart for den årvisse turen mellom Tjelmeland og
Teigland i Etne. Dei 11 kilometrane langs gamle E-134 vart gjennomført
av 310 personar, i lettskya sommarsvær. Dei fleste tok seg fram på
sykkel. Forutan geiter og bukkar som har tilhald i terrenget langs
vegen, vart det i år registrert ei Tine-ku som gav frå seg
Litago-drikka. Dette var på saftstasjonen etter 6 km. I mål hadde Åkrafjorden
Oppleving sal av grillmat og diverse andre godsaker. Og i det flotte været
så var det mange som sette seg ned for å nyta innkomsten til dei som
streva seg gjennom løypa på tid.
Kjetil Lothe (bilete)
kom først opp den bratte bakken til mål. Nr to totalt vart Miriam Berg
Hovda, berre 50 sek bak sin eigen løyperekord frå i fjor. Med gode
spekemat-tradisjonar i området så vanka det premiar av det slaget til
dei som entra sigerspallen. Og alle oss andre fekk kvar vår kopp med løps-logo.
Resultatlister
02.06.07 Solgleder
i Skånevik
Nils Lavik: Helse– og velværedager,
hesteridning, fiskekonkurranser, førbluesturnering i volleyball,
guidede eventyrturer, huldreforestilling, bryggedans, historiske
rundvandringer i sentrum, fjellturer med guide, skattejakt, pizzabaking
i utendørs steinovn, fartsfylte fjordturer i 50 knop. Miniseminar med
Hans Olav Tungesvik, irsk aften, estiske happenings, familietreff på
Miljaseter, loppemarked, bryggedans og intimkonsert i Villmarksleiren
…..for bare å nevne et lite utvalg av alt det spennende du og dine
kan oppleve sammen med oss her i Skånevik sommeren 2007!
Etter hvert kommer mer omtale på Skånevik
Fjordhotell sin side, Skånevik Nett, bluesbygda.no
og andre steder.
Aktivitetskalender
i PDF-format
29.05.07
Sjeldan gjest
Haugesunds Avis: Heilt uventa dukka det tyske turistskipet MV
"Bremen" i går opp i Åkrafjorden.
Det er langt frå daglegdags at store cruiseskip seglar inn den lange
fjorden aust i Etne kommune. Skipet segla roleg inn fjorden onsdag føremiddag,
snudde i Fjæra og gav god lyd frå seg før den returnerte vestover
utan at turistane var i land.
– Den blinka godt i blitsane. Fotoapparata var tydelegvis flittig i
bruk, fortel Else Fjæra som til dagleg driv kiosken under
Langfoss. "Bremen" er ikkje av dei største cruiseskipa.
Fartøyet med eit mannskap på 95 personar har kapasitet til ta 160
passasjerar. Med småregn og lett skydekke var det ikkje det aller beste
vêret denne dagen, men den karakteristiske Langfoss skuffa ikkje og
viste seg frå si kraftige side med sitt lange fossefall.
Les
meir i Haugesunds Avis
29.05.07
Gang - og sykkelveg i Skånevik?
Lesarinnlegg i
Grannar: I eit oppslag i
Haugesunds Avis frå 17.03.2007 etterlyser ei «rasande», «veteranpolitisk»
og samfunnsengasjert dame i Skånevik den planlagde gang- og
sykkelvegen, eller fortauet, langs den smale, trafikkfarlege vegen
mellom Skånevik sentrum og idrettshallen.
Sjølv etter flytting av Kathinkahuset frå indre til ytre sving, er
ikkje trafikktilhøva blitt nemnande betre her. 16 års ventetid meiner
bygdefolket er meir enn nok, og krev nå ei rask utbygging.
Men kom ikkje her og påstå at Etne kommune er passiv: I året 2005
senka kommunestyret dette prosjektet ned til sjuande plass på
prioriteringslista og, etter ein lokal aksjon, løfta eit tilsvarande
anlegg til topps i Etnebygda. Ja, ja. Makta rår, som røysekatten så
treffande sa det. Aktiv innsats i form av lokale aksjonar er det som må
til.
På reguleringsplanen for Skålnesstranda er fortauet teikna på
nordsida, altså sjøsida, av vegen frå Kathinkasvingen i vest til, av
alle stader, ein bensinstasjon i aust. Du verda. Av omsyn til dei gåande
og dei køyrande må dette fortauet flyttast over til sørsida. Dette
kan ikkje by på vesentlege reguleringsmessige problem så lenge ein
held seg innanfor den samla vegtrassen.
Les
meir i
Grannar
23.05.07
Songkoret
Ingvald Åsheim: Eg
har alltid vore glad i song og musikk, og er det framleis. I folkeskulen
hende det at me kunne få ein time der me sjølv kunne gå velja kva fag
me ville ha, og då var eg ikkje sein om å føreslå song, og då fekk
eg høyra frå dei andre; alltid er songen med deg.
Ei tid hadde me songkor i skulen. Det var ein med etternamn Rosenlund
som var dirigent. Han spelte fele og. Straks etter eg var ferdig med
folkeskulen, vart eg med i songkoret til Paul Widrøe, og seinare i
koret til Sverre Ness. Eg sakna måndagskveldane då me hadde øving.
Dei fleste som var med i koret er nå borte, men me som sit att minnes
dei, og den tida me fekk vera ilag. Eg minnes og då me reiste til andre
bygder og song på møter og stemner.
Syng, syng, syng og ver glad, syng med den stemmen du har!
14.05.07
Sjukdom hindrer ZZ Top
Haugesunds Avis:
– Bassist Dusty
Hill er blitt alvorlig sjuk, og konserten i Skånevik henger i en tynn
tråd, opplyser Alf. W. Christophersen. Boogie-rockerne
ZZ Top fra Texas har blitt lansert som hovedattraksjon under sommerens
Skånevik Bluesfestival.
Men nå er Dusty Hill blitt alvorlig sjuk, og skal rett til behandling på
sjukehus. Christophersen regner ikke med ZZ Top i teltet i Skånevik.
– Vi jobber med utenlandske erstattere. ZZ Top har lovet å komme med
en offisiell uttalelse om kanselleringene, men jeg føler meg rimelig
sikker på at de ikke dukker opp, sier Christophersen.
– Hva betyr avlysningen for festivalen?
– Egentlig synes jeg det er mer trist for Dusty Hill, enn det blir
synd for oss. Vi ordner oss.
Les
meir i Haugesunds Avis
07.05.07 Åkrafjorden
Oppleving
Egil Ørjan Thorsen: Styret
i Åkrafjorden Oppleving AS og Landskapspark i Åkrafjorden har vært på
sin første befaringstur med båten planlagt for i sommer, og hadde en
flott tur inn i fjorden til samtlige kaier, deretter en rask tur til
Eikemo med flott servering på gamle skulelokalet.
Styret
jobber nå med å nedsette den endelige produktsatsingen til test-sommer
2007, samtidig er finansiering halvvegs ok, mens resten vil bli
behandlet blant dei respektive søknadsinstanser i løpet av mai. Vi
setter vår lit til at næringen i privat sektor vil være med å støtte
opp!
Vedlagt
er herved søknaden
( DOC - fil på ca. 6 MB ) som gir innblikk i styret sin visjon for
gjennomføring av årets tøffeste prosjekt i Fjord Norge.
Det
vil bli laget en eigen heimeside så fort produktaspektet står ved for
sesongen sommer 2007, samt en PR-visningstur så fort
finansieringsplanen er fullført.
Spørsmål
eller innspill til styret kan rettes til avvsender eller
styreleiar i Åkrafjorden Oppleving AS: Nicholas Hoddevik [nicholas.hoddevik@vito.no]
01.05.07 Dugnad
på kyrkjegarden
Geirulf Grødem: Torsdag den 3. mai kl 1800
vert det dugnad på kyrkjegarden. Vi har flott kyrkje og
kyrkjegard i bygda og no er tida inne for eit felles krafttak slik at
denne vert endå flottare. Nye planter skal i jorda, vi må få vekk alt
lauvet frå i fjor og andre ting må også gjerast. Fint om ein
kan ta med spade, rive eller trillebåre. Velkommen til felles innsats
for bygda!
30.04.07 Kongens gull til Hans Olav
Ved ein
høgtideleg seremoni på Skånevik Fjordhotel i dag blei
Skånevikspatrioten, psykiateren, politikaren, lag - og
organisasjonsmannen og folkeopplysaren Hans Olav Tungesvik tildelt Kongens
Fortenestemedalje i gull for framifrå samfunnsnytting arbeid over
mange år. Etne kommune sto for arrangementet og fylkesmann Svein
Alsaker for utdelinga. I sin tale peikte Alsaker mellom anna på
Hans Olav sitt enorme engasjement som har vore til stor nytte for svært
mange i heile landet. Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik var ein
av dei som tok initiativ til utmerkinga. Skånevik nett vil på det
varmaste gratulera Hans Olav med utmerkinga. Meir stoff kjem
seinare.
19.04.07
SMV - eit industrieventyr
Hans Olav
Tungesvik: Med stor interesse las eg for nokre veker sidan Paul Hovda sin artikkel i Grannar for 5. mars om Sunnhordland Mekaniske Verkstad og korleis denne nøkkelbedrifta i si tid kom til Skånevik. I dag er SMV ein av dei største arbeidsplassane – ikkje berre i Skånevik – men i heile Etne kommune.
Det har vore ei stor glede for mange av oss bygdepatriotar å fylgja utviklinga av denne verksemda frå sidelinja. Me veit at det i dag er ei blømande industribedrift heilt i front både utstyrsmessig og når det gjeld produktkvalitet.
Når Paul Hovda kan fortelja at bedrifta i dag har ca. 60 solide arbeidsplassar, kan det knapt overvurderast kva dette har å seia for heile bygdesamfunnet. Der har ei mengd familiar kunna slå seg til ro i bygda, vel vitande om at far i huset (for det er vel nesten berre menn) har ein stabil arbeidsplass å gå til.
Paul Hovda rettar ei takk til aktørane som i si tid fekk bedrifta til Skånevik. Han nemner spesielt Sverre Jespersen, og me er mange som har høyrt kor påpasseleg han var ved ferjelemmen kvar gong Anders Hovda passerte på veg frå Kvinnherad til Sveio. Det var visst jamne drypp over lengre tid for å overtyda Anders Hovda om at Skånevik var plassen for industriverksemda hans. Me forstår at også Johannes Winterthun og Henry Taraldsøy var sentrale medspelarar. Aktørane fortener med rette takk, men sanneleg er det og grunn til å retta takk til familien Hovda i tre generasjonar.
For det første takk til Anders Hovda, som i si tid let seg overtala. Han vart ein sentral person i bygdesamfunnet også utanom verksemda han bygde opp. Mellom anna var han leiar i Skånevik sokneråd. For det som har skjedd etter hans tid, er det grunn til å retta takk til Paul og Gudvin som har arbeidd bedrifta vidare fram, og til den unge generasjonen som i dag står for styringa.
Me er mange som er både glade og stolte over å ha ei slik mønsterbedrift i bygda vår.
Hans Olav Tungesvik
15.04.07
Speidaren har marknad i Doktorhagen
Kari
Johansson: Laurdag
28. april kl 11-13 arrangerer Skånevikspeidarane marknad i Doktorhagen.
I år vil me i tillegg til den tradisjonelle marknaden samla inn pengar
til Sri Lanka og markera speidarrørsla sitt 100-års jubileum. Vel møtt
til ein spanande speidarmarknad for heile familien!
Marknad
På
marknaden har me loppemarknad, utlodding, lykkehjul, sal av mat og
drikke og mange kjekke leikar og aktivitetar for store og små. Det er
speidarane sjølv som er med og arrangerer dette, og det blir spanande
å sjå kva aktivitetar dei vel å ha i år! (Dersom veret ikkje er bra
blir marknaden i gymsalen.)
Speidaraksjonen – fordi me
bryr oss nemlig!
Speidaraksjonen
er ein innsamlings- og informasjonskampanje som NSF arrangerar saman med
Flyktninghjelpen. I år setter aksjonen fokus på Sri Lanka, der
Flyktninghjelpen jobbar med å skaffa tak over hovudet for internt
fordrivne, juridisk bistand og trening av lærarar slik at dei kan gje
tryggleik til barn som er ramma av konflikten. Skånevikspeidarane ønskjer
å støtta denne kampanjen og kjem til å samle inn pengar med bøsser
same dag som marknaden er.
Les
meir
09.04.07
Storsatsing på sykkel og båt
sunnhordland.no:
Aldri før har det blitt satsa så
mykje på å få fleire båt- og sykkelturistar til Sunnhordland som
komande sommar.
Det skal blant anna lagast ein båtguide og nye
informasjonstavler for båtfolket, for å få fleire til å oppleva det
flotte vekselspelet mellom bre, fjell og fjord.
Gro R. Andersen, prosjektleiar for reiseliv i Samarbeidsrådet for
Sunnhordland, ser fram til ein spanande sommar med nye sykkelruter og
ein båtguide med oversikt over heile Hordaland.
- Det skal lagast ein båtguide som viser alle gjestehamnene, og kva
fasilitetar dei kan tilby. Denne guiden skal delast ut gratis på
turistinformasjonar, i alle gjestehamnene og andre aktuelle stader i
Sunnhordland, resten av Hordaland, Rogaland og i Sogn og Fjordane.
Båtguiden vil og etter kvart kunne lastast ned frå webportalen www.visitsunnhordland.no,
fortel Andersen. Hovudmålet for den nye satsinga er å gjera
Sunnhordland meir attraktivt som båtområde.
Les
meir i Sunnhordland
06.04.07
bluesbygda.no er lansert
Nils
Lavik:
Utviklingsprosjektet
bluesbygda
Skånevik ble
startet opp høsten 2006, og har som mål at alle skal ville komme og
hilse på oss her i Skånevik - enten som innflyttere eller som besøkende. Mer
info på www.bluesbygda.no. Velkommen
til oss!
05.04.07
Velkommen til Skånevik Brygge
Skånevik Brygge: I
idylliske omgivelser i Skånevik sentrum skal vi oppføre 26
fritidsboliger/boliger med moderne arkitektur og god interiørmessig
standard. Boligene har ingen boplikt, men de er helårsboliger i ordets
rette forstand, noe som gjør dem svært ettertraktet! Sommerstid kan du
nyte den umiddelbare tilgangen til sjøen og båtlivet; høsten er
perfekt for fjellturer i fargerike omgivelser, fisking og bærplukking;
om vinteren kan du ta turer til populære Røldal skisenter – kun en
50 min. kjøretur unna. Våren er en opplevelse i seg selv – kanskje
også det rette tidspunkt til å pleie hverandre? I tillegg til alt
dette, foregår det mange spennende aktiviteter i Skånevik -
Sunnhordlands perle.
Les
meir på websida til Skånevik Brygge
05.04.07
Jespersen til topps
Haugesunds Avis: Chris Jespersen vant herreklassen i Dyrskarrennet i går
med tiden 1.11.11. Han
vant foran Odd Ivar Medhus fra Røldal (1.13,25), som gikk til topps i
klassen M 36-40. André Botnen fra samme klubb vant juniorklassen
(1.15,56). Den tiden kvalifiserte også til en 3. plass totalt. Brit
Botnen Solbakken fra Røldal vant kvinne klassen med tiden 1.37,21.
Totalt deltok 53 aktive og 260 trimmere samt 28 som gikk
mini-Dyrskarrennet. Det er en klar økning fra i fjor.
Les
meir i Haugesunds Avis
04.04.07
I
hjertet av Søndhordland
Kari
Johansson: Denne gamle teksten om Skånevik har stått
på trykk i 1918:
I hjertet av Søndhordland ligger Skaanevik som en deilig drøm sprunget
ut fra skjønhetens kilde.
I
hesteskoform buer de nære skogklædte aaser sig om stedets tre sider og
skjærmer det mot stygt veir og storm fra syd, øst og vest, og foran
ligger holmen Skaane og holder sjøraaket borte fra havnen. For fjorden
utenfor kan somme tider gaa hvit – pisket i kok av kastevindene som
staar ned fjeldskaarene.
Man vil længe beholde det skjønhetsmættede indtryk stedet gir ved en
vakker dag at se det fra sundet nær holmen Skaane, som har git det
navnet.
- Somme steder ligger bjerkeskogen med enkelte smaa huser imellem tæt
ned til sjøen. Og fra to sider begynder husene langs stranden at samle
sig til midten, hvor en stor mangefarvet klynge av dem staar og lyser
mellem gran- og furutrærne.
Til venstre sees ordfører Olaf Tungesviks hvitmalte vaaningshus og
teatermaler Rudolf Krogs vakre interessante kunstnerhjem. Bakenfor
ligger prestegaarden og kirken, hvis taarnspids synes at rage op i
midtpartiet av Ingridbygdaa til venstre op ved fjeldaasen.
29.03.07
Mira
Craig til Skånevik
Grannar: Aldri
før har billettsalet til Skånevik Bluesfestival gått så bra som i år.
No har dei sikra seg enda eit stort namn til festivalen; Mira Craig.
— No gjenstår berre ein stor artist til fredagskvelden, så er
programmet komplett. Eg kan ikkje røpa nokon namn, men truleg blir det
ein utanlandsk artist som blir trekkplaster på fredagen. Eg må seia at
eg er fantastisk fornøgd med det totale programmet i år, seier Alf
Warloe Christophersen.
Han fortel om god respons i frå publikum.
— Me har aldri hatt så godt billettsal på denne tida av året nokon
gong, og tilbakemeldingane på programmet har vore kjempebra, seier han.
Les
meir i Grannar
28.03.07
Inga liste frå Skånevik
Haugsunds Avis:
Det
blir inga bygdeliste frå Skånevik til kommunevalet i Etne i år.
For første gong sidan den nye kommunen, Etne og Skånevik, blei
etablert, stiller ikkje skåneviksbuen eiga liste.
Victor Carlsen, som har representert lista i fleire perioder, seier at
korkje han eller Finn Solberg, som sit som einaste representant for Skånevikslista
i kommunestyret i dag, vil ta initativ til ei ny liste.
– På det meste hadde me fem representantar i Etne kommunestyre. No håpar
eg at skåneviksbuen blir rettferdig representert på dei politiske
partia sine lister, seier Carlsen.
Les
også i Haugesunds Avis
22.03.07
Reguleringsplan for Skålnesstranda
Etne Kommune: Komité Natur
(Det faste utval for plansaker), har i sak 033/07 i møte 15.03.2007
vedtatt at reguleringsplan for Skålnesstranda på nytt skal leggast ut
til offentlig ettersyn etter § 27-1 pkt 2 i Plan- og Bygningslova
Planområdet er på ca 54 da, og vert foreslått regulert til
bustad/forretning/kontor, naust, trafikkområder, badeområde, park, småbåthamn
med meir.
Her er lenker til:
- Plankart
- Føresegnene
til planen
- Vedtak
(Møtebok)
Framlegg til reguleringsplan er også lagt ut til offentlig ettersyn
på Tinghuset i Etne, og på biblioteka i Etne og Skånevik. Spørsmål
kan rettast til kommunen på tlf: 53 75 82 32.
Eventuelle merknader til planframlegget kan stilast til Etne kommune,
Postboks 54, 5591 Etne, eller på e-post til: firmapost@etne.kommune.no.
Merknader må sendast inn innan 20.04.2007 (30 dagar etter at annonsa står
i avisa).
Les
meir på kommunen si sida.
19.03.07
Skånevik
- meir enn blues
Anita Voster Vannes: Tysdag 13. mars
heldt salsakursdeltakarane i Skånevik oppvisning for foreldre og
besteforeldre på Fjordhotellet.
Maken til danseglede me fekk sjå denne kvelden er ingen sjølvsagt
ting i ei vestlandsbygd. Kvar tysdag i sju veker har deltakarane møtt
trufast fram i gymnastikksalen på skulen og tatt imot kyndig rettleiing
av Julio Andres Nuñes i denne dansen, som hittil hadde vore ukjent for
dei fleste av oss.
Heile 26 barn frå 5. til 9. klasse meldte seg på, omtrent like mange
gutar som jenter. No hadde dei avslutta fyrste dansekurs arrangert av
Trivselgruppa, ei gruppe som blei starta av Skånevikprosjektet ved Leif
Arne Løvereide og som blir drive av Julie Røgelstad og Peggy Molnes
Kristiansen.
Som namnet seier skal dei arbeida for trivsel blant innbyggarane i
bygda. Midlar til arbeidet sitt har dei fått i form av tilskot frå
Fylkesmannen i Hordaland og Sparebanken Vest. Peggy og Julie synest det
er viktig for ungane å læra seg å dansa og dei er veldig imponert
over det store talet på deltakarar, ikkje minst at så mange gutar våga
seg ut på golvet. Dei to damene lovar at dei vil prøva å halda fram
suksessen, så no kan me andre, både små og store, leita fram
danseskoa og begynna å gleda oss.
Med stor takk til arrangøren og ikkje minst til danselærar Julio.
Anita Voster Vannes, Skånevik
17.03.07
Lei
etter 16 års venting på veg
Haugsunds Avis: I 16 år har
Gudbjørg Christophersen gått på den smale vegen mellom Skånevik
sentrum og idrettshallen med hjarta i halsen og venta på gang- og
sykkelveg. Men politikerane har flytta gang- og sykkelvegen ned på
prioriteringslista.
–
Trafikken er minst tredobla på desse 16 åra sidan Svanhild Skogland og
eg tok denne strekninga opp i Etne kommunestyre. Kommune og vegvesen har
flytta eit hus over på andre sida av vegen, ettersom lastebilane tok
borti hushjørnet. Men kva med alle folka som går og syklar her? spør
Gudbjørg Christophersen.
Veteranpolitikaren frå Skånevik, som ikkje lenger er med i styre og
stell, er rasande på fleirtalet i Etne kommunestyre. Dei klarte i
slutten av 2005 å flytta gang- og sykkelveg frå Skånevik sentrum til
idrettshallen ned på prioriteringslista til fordel for gang- og
sykkelveg langs E 134 frå Etne til Håfoss.
– Problemet er at her er ingen planar klare, medan reguleringsplanen
Skånevik sentrum – idrettshallen er så godt som klar. Skal alle
berre sitja og venta utan at noko skjer? undrast Gudbjørg
Christophersen.
Les
meir i Haugesunds Avis
17.03.07 Skal
selja Åkrafjorden
Haugsunds
Avis: Åkrafjorden er ein av få norske fjordar utan
kommersiell aktivitet innan reiseliv. Nå går grunneigarar, kommune,
reiselivsbedrifter og bankar inn som aksjonærar i det nye selskapet.
– Frå aust er Åkrafjorden inngangsporten til Haugalandet og
det første møtet med fjord-Noreg. Me har både fjord, foss, fjell og
fonn, og i dette ein x-faktor som framleis ikkje er utnytta. Det nye
selskapet skal bli eit apparat som kan gripa fatt i alle desse lause trådane,
seier John Karsten Hustveit, ein av eldsjelene bak prosjektet.
Treng båt
Langfoss og den sterkt trafikkerte E 134 er naturgitte element som ligg
i botn for det lokale initiativet. Ikkje alle i grenda har vore like
entusiastiske, men Hustveit håpar å nå målet om ein aksjekapital på
550.000 kroner. Tysdag er det stiftingsmøte og generalforsamling for
aksjeselskapet som skal bli ein motor for kommersiell utnytting og
tilrettelegging av aktivitetar i den karakteristiske fjorden i Etne
kommune.
Les
meir i Haugesunds Avis
12.03.07
God
innsats på Hovden
Grannar: Både
Thomas Vestbø og Chris Jespersen gjekk seg inn til svært gode resultat
i Noregs-cuprenna på Hovden i helga. Bjørnar Larsen slit med virus.
— Eg er veldig godt fornøgd. Eg tok inn ein del på slutten av løpet,
og var veldig sliten når eg kom i mål. Eg kunne ikkje klart å gjera
noko betre. Det er det beste eg har gjort i år. Eg vann eit
Noregscuprenn i fri teknikk i fjor, men i år har formen vore veldig opp
og ned, så eg er godt fornøgd med ein 6. plass, seier Thomas Vestbø.
I 10 kilometer klassisk på laurdag gjekk Vestbø inn til ein 20. plass.
— Eg er eigentleg nøgd med det. Det var veldig tett om plassane,
seier han.
Les
meir i Grannar
11.03.07 Plateinnspeling
for Bluesgangstarane
Hannah
Belsvik
:
I
sommar fekk ”Hereide and The Bluesgangsters” stipend av Skånevik
Bluesfestival og Posten. No har dei spela inn plate for pengane.
Studiotid kostar. Bandet har lagt av litt pengar frå spelejobbar dei
har hatt tidlegare, men det var dei 10.000 kr dei fekk i sommar som
gjorde at dei endeleg hadde råd å byrja opptaka.
Sidan dei fekk stipendet har gutane hatt mange spelejobbar. Dei har
varma opp for artistar som Hungry John og Tommy Kristiansen, og dei har fått
spela på Notodden Bluesfestival. I mars blir det kanskje ein tur
til Wales, for å spela på ein festival der.
Åtte låtar blei spela inn på Manger
Folkehøgskule. Både coverlåtar og eige materiale. Dei blir lagt ut på
bluesbandet sine
heimesider i mars, for dei som er interesserte i å høyra.
05.03.07
Historien bak SMV i Skånevik 1968
Paul
Hovda: Etter ca. 25 års ansettelse ved
Wichmann Motorfabrikk a.s avsluttet Anders Hovda sitt arbeidsforhold i
1954 og flyttet til Omvikdalen i Kvinnherad. Han skulle drive verksted
sammen med sin svoger Birger Hannisdal. (B.Hannisdal & Co) I 1952
ervervet Hovda et småbruk i Omvikdalen som familien hadde flyttet til.
Våren 1958 kjøpte han det gamle meieri-eiendomen på Seimsfoss og
startet Seimsfoss mek.Verkstad. Det gamle meieriet hadde stått ledig en
tid etter at Bergensmeieriet bygget nytt på nedsiden av riksvegen på
Seimsfoss.
I 1966 fikk han avtale med en nabo på Seimsfoss om tomt for nybygg
(Der Schat Harding ligger i dag). Vegkontoret i Hordaland gav ikke avkjøringsløyve.
Han fikk på samme tid tilbud om å kjøpe det nedlagte skipsverftet på
Tittelsnes. På sine turer til Tittelsnes for å møte lensmann Fjærtoft
gikk turene over Utåker -Skånevik. Sverre Jespersen var D/S ekspeditør
i Skånevik og han drev med påvirkning hver gang Anders Hovda passerte
fergeleie. Mulighetene i Skånevik var mange !!!.Dette passet bra inn på
grunn av avslaget fra vegkontoret, men det å selge alt på Seim og i
Omvikdalen og flytte hele greien til Skånevik var ganske drastisk.
På samme tid hadde det startet et arbeid internt i Skånevik. Hva med
skolens fremtid?? Alternative arbeidsplasser??
Nyttårsaften 1966 satt Johannes Winterthun og Bernhard Vannes på Skånevik
Kraftlags kontor og diskuterte «hva gjør vi nu?» Det ble produsert
plakat som kom opp på veggen til «Kikken» for å få start på noe.
Etterpå gikk turen til Henry Taralsøy og Sverre Jespersen. Dette ble
den harde kjerne i tiltaksarbeidet videre.
Gruppen besøkte flere alternative bedrifter og etter hvert ble det
kontakt med 2 personer fra Halsnøy som hadde etablert seg i Vindafjord
(Tofte/Særstein) Dette var personer Johannes Winterthun var kjente med
fra sin tid på Halsnøy. Dette utviklet seg til Delta Plast a.s med
Tofte/Særstein/Winterthun som eiere. Ragnar Knudsen Trevare flytte i
1967 til nytt industribygg . Det gamle anlegget ved sjøen kjøpte
Winterthun og planene var å starte plastproduksjon ved anlegget.
I mellomtiden hadde Winterthan/Taralsøy/Jespersen vært på 2 turer til
Anders Hovda i Omvikdalen/Seimsfoss for å påvirke Hovda til å flytte
til Skånevik. Han var særdeles mottagelig for påvirkningen etter
avslaget fra vegkontoret. Synfaring til Skånevik kom raskt. I
mellomtiden hadde det vært avholdt bygdemøte på hotellet der
flertallet på møtet gikk inn for å etablere Industribygg a.s med den
fremtidige Delta Plast a.s som leietaker. Winterthun solgte den gamle
trevarefabrikken videre til Hovda og etter hvert datt brikkene på
plass.
Ved flyttingen fra Seimsfoss til Skånevik måtte vi ha en plass å bo
(nov.1968). Løsninger ble loftsleilighet i gamleskolen og på Åsheim.
Byggmester Hans Vannes ordnet ombygging av lokaler i fabrikken til
leilighet.
Peder Åsheim, medlem av bygningsrådet, fikk på plass mulighet for
bygsling på prestegarden og etter hvert fikk familiemedlemmene bygget
egne hjem.
Hele prosessen var et «privat tiltak» der vi som innflyttere med
familier møtte en særdeles positiv holdning. Kommuneingeniør Midttun
gjorde også en fantastisk jobb. Her var ikke mye byråkrati. Dengang Skånevik
Sparebank med Rolf Ness som banksjef var også en viktig medspiller i
alle år.
Fra 1958 til 1968 da vi flyttet til Skånevik, drev vi under navnet
Seimsfoss Mekaniske Verkstad med Anders Hovda som eier.
Etter etableringen i Skånevik ble navnet Sunnhordland Mek.Verksted og
fra 1976 som a.s med Gudvin og Paul Hovda som medeiere.
Ved Anders Hovda’s bortgang i 1980 ble Gudvin og Paul eneeiere
(50/50%) I 1982 kom vår utmerkede tekniske leder Otto Alfarnes med på
eiersiden(8%).
Status pr. 2006 er at SMV har ca. 60 medarbeidere i Skånevik og er en
stor kunde hos andre selskap i distriktet. En stor del av våre produkt
eksporteres over hele verden. Hovedeierne av SMV er Paul Hovda med sønnene
Anders og Lars Hovda. Dette er et godt eksempel på hvordan «noen
snakket samen» og var enig om å gjøre noe felles. Vi takker aktørene.
Paul Hovda
Skånevik
04.03.07
Sandvolleyballbane i Skånevik?
Kari Johansson: Det har lenge vore snakka om å laga ein sandvolleyballbane i Skånevik,
og det har og tidlegare vore jobba litt i det små med saken, utan at
ein kan sjå noko resultat…
Eit
av dei viktigaste spørsmåla i dette arbeidet er kor ein slik bane skal
plasserast. Me vil nå oppfordra lesarar på Skånevik Nett til å koma
med innspel til den beste plasseringa av banen. Her kjem ei liste over
plasser som tidlegare har vore diskutert:
Hotellbakken opp mot gymsalen
-
I den eine halvsirkelen på idrettsbanen
-
Ved gamleskulen
-
På ein av flatene nedanfor barnehagen.
Kanskje
er det andre gode plasseringar som me ikkje har kome på. Kom med
innspel, og begrunn valet ditt av plassering.
Frå tidlegare har Kvinnherad Sparebank gitt kr 5000,- i støtte.
Og i går kom ei gledeleg nyheit: Volleyballgruppa i Skånevik
Idrettslag får kr 10.000,- i støtte frå Gildefondet! Blant 4000 søknadar
blei 170 uttrekt til å få støtte, og me var blant dei. Her er eit
utdrag frå søknaden som gjekk gjennom:
Tiltak for å øke og beholde medl:
I Skånevik er antal elevar i skuleklassane dessverre synkande, og
dermed vert antal medlemmer i gruppa vår også synkande. Me klarer
likevel å få med over halvparten av dei ungdommane som er i
ungdommsskulealder på volleyball. Me har tilbod om U16 lag for gutar og
jenter. I tillegg legg me til rette for at ungdom i denne aldersgruppa
og eldre kan spela utandørs i sommarhalvåret.
Pengene skal brukes til: Me ønskjer å byggje ein
sandvolleyballbane i Skånevik. Det er svært populært å spele
volleyball utandørs, men sidan me ikkje har bane vert det på bakke. Håpar
me kan få støtte frå Gildefondet til å byggje sandvolleyballbane.
Den skal i så fall stå klar sommaren-07. På denne måten vil me gje
eit enda betre tilbod til ungdom, og vera med å gjera bygda vår med
rundt 900 innbyggjarar meir attraktiv å flytte til.
Med denne positive nyheiten og den positive tendensen som er i bygda
for tida, må arbeidet med sandvolleyballbane igjen tas opp. Kunne du
tenkja deg å vera med i ei gruppe som arbeida med dette prosjektet? Ta
i så fall kontakt med underteikna.
Svar på undersøking.
Helsing Volleyballgruppa v/Kari Johansson
03.03.07 Rocke-ikon
klar for Skånevik Bluesfestival
Dei tøffe og verdskjende blues-rockarane i
Texas-gruppa ZZ
Top går på scenen i Noregs største bluestelt under årets
bluesfestival. Du vil få ei stor
oppleving som du seint vil gløyma.
Festivalen har jobba lenge og hardt for å få tak i denne gruppa
som har millionar av fans over heile verda.
Gruppa har ry som eit formidabelt live blues – rock band og dei
har seld millionar av plater. Den
blei danna i 1969 og består av Bill Gibbons, Dusty Hill og Frank Beard.
Gruppa har framleis same besetningen som i starten.
I 2004 blei dei vald inn i Rock’n’Roll Hall of Fame.
ZZ Top ga ut si første LP i 1970 og starta med ein omfattande
turnevirksomhet i USA der dei etter kvart blei svært populære.
Dei turnerte mellom anna saman med BB King og Muddy Waters og på
deira ”Worldwide Texas Tour”
i 1976 blei det seld langt over 1 million billettar.
I starten av 80 åra begynte gruppa også å turnera i Europa.
Dei blei meir og meir populære og deira niande LP Eliminator
førte til at dei fikk sitt store gjennombrot på verdsbasis.
Karakteristisk i denne perioden var bruk av orginale
og morosame musikkvideoar med vakre kvinner og raske bilar.
Typisk var det også at kledde seg med store hattar, solbriller
og langt fullskjegg. Musikken
deira på 80-talet meir og meir prega av synthesizere og modere rytmer
og dei fjerna seg frå sitt blues-rock opphav.
Utover i 90 – åra gikk dei meir og meir tilbake til røtene som
bluesmusikarar og i 1996 kom CD-en Rhythmeen som markerer at dei er tilbake i blues-rocken si verd.
ZZ Top vert framleis rekna som svært store blues – og
rokemusikarar og deira CD – Mescalero
frå 2003 har fått svært gode kritikkar.
Bill Gibbons er rekna som ein av USA sine beste bluesgitaristar med påverknad
frå mange stilar, mellom anna av Peter Green.
( Som har gjesta Skånevik Bluesfestival to gonger.)
Dusty Hill og Frank Beard ( den einaste utan skjegg ) utgjer den
ultimate rytmeseksjon. ZZ
Top sin musikk er karakteristisk, kraftfull, djup og fylt med sjel og
100 % amerikansk i sitt opphav.
Les
meir på festivalen si webside
28.02.07 Jubel
for Jans pengebinge
Haugesunds Avis: I
går kveld fekk politikerane i Etne kommunestyre høyra noko dei aldri
har høyrt før: Me har pengar på bok, kommunen gjekk med 6,7 millionar
i overskot i fjor!ETNE:Mannen som berga kvelden og halve valkampen for
politikarane i Etne, var stabskonsulent (tidlegare heradskasserar) Jan
Vinje. Han minna kommunestyret om at medan dei hadde vedteke eit
budsjett for 2006 som viste eit underskot på 1,1 million, blei netto
driftsresultat pluss 7,8 millionar kroner!
– Eg er "målbedotten", fekk varaordførar Siri Klokkerstuen
(Ap) fram i ein kommentar frå talarstolen. Partifellen Kristoffer
Vannes helte kaldt vatn i blodet på medrepresentantane då han minna om
at 90 prosent av meirinntektene kom frå kjelder som lokalpolitikarane
ikkje styrer: Stor auke i folks løner og skattar og mindre enn rekna
til pensjon for dei kommunalt tilsette.
Les
meir i Haugesunds Avis
23.02.07
Villmarksweekend på Fjordhotellet
Skånevik
Fjordhotel: Dette
pakketilbudet retter seg spesielt mot alle dem som vil oppleve en av
Vestlandets mest spennende og mangfoldige villmarksmesser,
men som bor litt for langt unna til at kjøring tur/ retur Skånevik både
lørdag og søndag frister noe spesielt. Dessuten er årets messe så
spekket med aktiviteter og arrangementer at det godt skal gjøres å
rekke over alt.
For messebesøkende på dagstur eller folk som er innlosjert andre
steder i Skånevik, så ønsker fjordhotellet selvfølgelig også
velkommen til vilt- og musikkopplevelser lørdag 24. mars.
Les
meir
23.02.07
Skånevik Fjordsafari
Nils Lavik: Skånevik
har til nå manglet et tilbud rettet mot turister, hyttefolk,
hotellgjester og andre som utnytter de fantastiske fjordområdene som
omkranser bygda. Nå er endelig dette sårt savnede tilbudet her!
Sentralt i Skånevik Fjordsafari sitt produktspekter står en såkalt
R.I.B (rigid- inflatable boat). Dette er en åpen, hurtiggående båttype
som blant annet brukes som livbåt, redningsfartøy, i Kystvakten og av
Forsvaret. Båten har en kapasitet på tolv personer, motor på 250 HK
som gir en maksfart på ca. 50 knop.
Les
meir
19.02.07
Snart klart for Jakt-,fiske- og
turdagane
Skånevik
Kultur- og Idrettshall: Det er snart klart for 4. år med Jakt,
fiske og turdagane i Skånevik. Messa startar fredagskvelden med god
musikk og jakthistorier frå Finnskogen Jakt & Strengelag. Dei kjem
langvegsfrå for å skapa liv og røre i kafeteriaen i idrettshallen.
Her blir det sal av mat og servering.
Laurdagen opnar me portane kl 10.00 og kan by på mange utstillarar
innan jakt, fiske og friluftsliv. Ein kan her gjera gode kjøp, slå av
ein prat med kjende og ukjende eller setja seg ned og ta seg ein matbete
i ei fredeleg stemning.
Men det er ikkje berre handel som gjer at ein bør ta turen til messa.
Her er det aktivitetar for store og små: riding, skyting, klatring,
natursti og sjørøvarleir for dei minste for å nemna noko. I
temagarasjen kan ein sjå bilete frå Kilimanjaro-tur og Sør-Norge
rundt med kajakk, sykkel og ski. Stig Tronvold frå Odda viser flotte
naturbilete og Alf Inge Steindal held foredrag om djupvassfiske i
fjordane.
Nytt av året er villmarkslunsj i Skånevik Naturoppleving sin
villmarksleir med utsikt over heile Sunnhordland. Det er ordna med
transport tur/retur messeområdet og i leiren vil ein få servert
velsmakande mat frå eigen kokk. Det skal også vera andre kokkar i
aksjon. Søndag vert det kokkekamp mellom to lag, der maten vert tillaga
på bål. Spanande å sjå kva dei kan trylla fram av vilt og fisk.
Laurdagskvelden er det viltaften med musikk på Skånevik Fjordhotell.
Messekomiteen legg nå inn det ekstra giret for å gjera Jakt, fiske og
Turdagane 2007 til ei god oppleving for deg!
Arrangør: Skånevik Kultur- og Idrettshall
15.02.07 Badar
året rundt
Grannar: Sjølv
om gradestokken viser fire minus, og vinden er så kald at folk flest
sit inne og fyrer i omnen, kler tre tøffe jenter av seg og spring uti
den kalde sjøen på Peparen i Skånevik.
— Det var ein dag i september at me var her for å bade. Då kom me på
at dette hadde det vore kjekt å gjort ein gong i månaden heile året,
og slik vart det, seier Johanne P. Tvedt.
— Mamma har ikkje hatt noko mot badinga vår, men i dag sa ho at eg
ikkje fekk dukke hovudet, seier venninna Charlotte Aastvedt.
— Det går eigentleg veldig bra. Me har ikkje blitt sjuke eller noko,
berre litt frostige, legg Marthe Rise Bøthun til. Ho og Johanne
P. Tvedt går begge siste året på Skånevik skule medan Charlotte
Aastvedt har eitt år att.
Les
meir i Grannar
13.02.07
Utdanningsstipend frå SMV
SMV: I framtida kjem det til å vera stor spurnad
etter arbeidskraft innan vår bransje. SMV har bruk for ivrig og
talentfull arbeidskraft. I dag har vi eit godt arbeidsmiljø med
mange svært flinke folk. Men me vil alltid vera interessert i å
knyte oss til unge, engasjerte og iderike medarbeidarar med lokal
tilknyting. Ved å dele ut stipend vil vi hjelpe lokal
ungdom til å utdanne seg innan fagområde som SMV satsar på.
Les meir
om stipendet.
11.02.07
Shemekia Copeland til
festivalen
Arbeidet
med programmet til Skånevik
Bluesfestival 2007 er godt i gong. Siste artisten som blei
klar er Shemekia Copeland, ein framstormane blues - soulartist
frå USA, som alt vert omtala som bluesdiva- berre 28 år
gammal.
Andre artistar som er klare er Coco
Montoya, Deitra Farr, Jody Williams og Billy Arnold. Alle frå
USA. I tilleg kjem Thorbjørn Risager Blue 7 frå Danmark.
Skånevik Bluesfestival vil også i år gjera alt for at publikum og
artistar skal få ei strålande oppleving som dei seint vil gløyma.
Les meir på
websida til festivalen.
10.02.07
Samla 1500 lokale segner på nett
sunnhordland.no: I tolv år
har Bjørn Bjørlykke og Nils Tore Økland ved Høgskolen
Stord/Haugesund samla forteljingar og stubbar frå heile regionen. No
kan du lesa
dei via internett.
Dei fleste segnene har tidlegare vore
tilgjengelege på ein tredelt og statisk nettstad kalla Segner i
Sunnhordland, Segner i Nord-Rogaland og Segner i Hardanger. No er
segnene samla under eitt, i ein søkbar database. Frisøk i heile
databasen kan gje spennande funn. Berre prøv å søk på sjøorm!
Ei segn skil seg frå eventyret. Det lokale og nære er typisk
for segnene. Dei forklarer kvifor ting er slik dei er, om sosiale tilhøve,
landskapet og plassen.
Les
meir
09.02.07
Inspirasjonsseminar
om arbeidsglede
Leif Arne Løvereide:
Ei av Norges mest
populære kurshalderar kjem til Etne Kulturhus 8. mars!
For
enkeltpersonar og lokale bedrifter kan ein her spara kostnader i forhold
til å delta på liknande seminar i Bergen eller Stavanger. Me hentar
heller kurshaldaren heim og gir mulighet for at fleire kan oppleva dette
nyttige seminaret.
Gjer og
merksam på at det er 2 like seminar same dagen, 12.00 – 15.00 og
18.00 til 21.oo. for at det skal være tilgjengeleg også for
skiftarbeiderar, omsorgsarbeiderar, bønder osv.
Til
nå er det fleire barnehagar og vidaregåande skular som har meldt seg på,
men og private og mindre bedrifter. 160 medarbeiderar i Etne kommune
deltek og nokre frå Haugesund kommune.
Les
meir
09.02.07 Sykkel - og
gangvei langs FV34 i Skånevik:
Sentrum - Skålnes
Victor
Carlsen jr.: Etne
kommune sitt arbeid med planarbeidet for Skånevik sentrum er det m.a.
prosjektert en sykkel- og gangvei fra sentrum, retning Leknestangen og
idrettshallen. Dette trafikksikringstiltaket er lagt inn på prioritert
plass på kommunens vedtatte trafikk-sikringsplan.
I ”Katinkasvingen” blei huset, som sto som en sperrebom i veien,
vesentlig av trafikale årsaker, flyttet over veien mot sjøsida. I
kommunens Ttrafikksikringsplan er det også vist til at hekken på
Endresen-eiendommen, som stenger en del av over sikten for kjørende
langs Fv34, bør beskjæres/fjernes.
Sommeren
2006 blei det utført en beskjeden beskjæring av denne hekken, og den
store grana mellom hekken og Katinkahusets tidligere plassering, blei
felt.
De tre vesentlige fysiske endringene i dette området av fylkesveien har
beklageligvis ført til større fart på kjørende trafikk, uten at
oversikten og sikkerheten for myke trafikanter er bedret.
05.02.07
Styre i Tunnelselskapet er valgt
Pressemelding:
Generalforsamlingen
i Tunnelselskapet Skånevik – Etne AS ( Skånevik Vannverk, Etne
kommune og Sparebanken Vest) har i møte 5. februar valgt følgende
sammensetning av styret for Tunnellselskapet:
Styreleder:
Inger Karin Larsen - Skånevik Vannverk
Styremedlemmer:
Arnt Sortland - Sparebanken Vest, Ole Strømø - Næringslivet
i Etnesjøen
, Turid Straumsøy - Næringslivet i Skånevik/Interimsstyret
og 1
repr. fra Etne kommune
Vararepr.
til styret:
August
Hjelmervik - Skånevik Vannverk, Reidun Tungesvik - Sparebanken
Vest
, Geir
Grindheim - Næringslivet i Etnesjøen, Roar Knudsen - Næringslivet
i Skånevik/Interimsstyret
og 1
repr. fra Etne kommune - Etne kommune
På styremøtet i mars vil styret velge nestleder og engasjere daglig
leder.
Dette til orientering.
Med hilsen
For TUNNELSELSKAPET SKÅNEVIK – ETNE AS
Victor Carlsen jr.
Pb 77
5594
Skånevik
- Tlf.
53 75 55 59
- Mob.
41 27 39 53
- Fax:
53 75 56 50
- tunnelselskapet@tele2.no
05.02.07
Tungt for Chris Jespersen
Haugesunds Avis:
25.
plass i helgens norgescuprenn til tross: Chris Jespersen har hatt langt
bedre dager i langrennssporet.
Fredag
ble Korlevoll-løperen anbefalt av legen å droppe helgens løp.
Jespersen trosset anbefalingen, og gikk tremilen i mål på 1.10,04, to
minutter og 34 sekunder bak Stig Rune Kveen fra Strindheim IL.
– Det var et tungt løp. Startet med å deise i bakken like etter
start. Hadde vel rundt 44 mann foran meg allerede da vi kom ut av
Stadion, forteller han.
Rusk
i lungene
Jespersen sliter med rusk i lungene om dagen. Likevel mener han det
var for forsvarlig å gå. –
Legen mener jeg burde holdt meg i ro i to uker. Men jeg følte meg klar
til å starte, sier han. For
selv om starten var tung, avanserte han kraftig på resultatlista
underveis.
– Skøytingen gikk veldig bra. Det er jeg godt fornøyd med,
oppsummerer han.
Les
meir i Haugesunds Avis
02.02.07
Held Haugalandet reint
Haugesunds Avis: Først
vaskar ho Kiwibutikken i Skjold før opning klokka åtte. Så skal rom
stellast i stand på Fugl Fønix hotell i Etne. Om kvelden er det snøggbåten
i Skånevik som skal reingjerast.
Når Malgorzta
Lukiewska (28) frå Torun i Polen gifter seg med sin polske ven i april,
vil ho slo seg ned i Skånevik eller Etne. Ho er ei av 25 polske kvinner
og menn som har fått jobb og norsk tariffløn i vekstfirma nummer ein i
Skånevik, Industrivask Haugaland A/S. Babyen er venta i august, og då
trur ho at paret har eige husvære. Den polske kjærasten hennar har også
arbeid i Noreg – på ein bilverkstad i Sandeid.
Les
meir i Haugesunds Avis
02.02.07
Kan velja og vraka i skule og jobb
Sunnhordland.no: Onsdag
opna Utdanningsmessa. 67 bedrifter og skular kjempar om framtida til
over 3000 ungdommar.
–
Problemet til alle som stiller ut her er at me alle treng folk og me
slit med å få nok, seier personalansvarleg ved Aker Kværner Elektro,
Jan Lamo. Det er trong for både lærlingar og ingeniørar.
– Eg tenkjer å bli sivilingeniør. Eg har lyst til å gå i
Trondheim, seier 2. klassingen Anders Kårøy Almås ved Stord vidaregåande
skule. Han reklamerte i går for realfag ved skulen, saman med Lars
Tufteland Engelsen og Morten Fylkesnes. Førstnemnde er enno usikker på
utdanningsveg, medan sistnemnde vurderer ingeniør- eller økonomiutdanning
i Bergen.
23.01.07 Mer
om Bluesbygda Skånevik
Bluesbygda
Skånevik v/Nils Lavik: Bluesbygdprosjektet - mye mer
enn bare blues! Her følger en oppsummering av alle
prosjektgruppene som er involvert. I går var vi ti grupper, i dag fikk
vi følge av en ellevte.
Hvem jobber så
dedikert med bluesbygdprosjektet at han eller hun fortjener den
nyopprettede innsatsprisen?
23.01.07
Boliggruppen kartlegger
Bluesbygda
Skånevik v/Nils Lavik: Boliggruppen
sender i disse dager ut informasjonsskjemaer til alle husstander i Skånevik,
for slik å kartlegge interessen for både seniorboliger og
ungdomsboliger. Utflyttet Skåneviksbu med hjemlengsel eller interessert
i å bosette deg i landlig idyll? Last
ned skjemaet på nett og meld din interesse!
Mer informasjon om dette
kartlegginsprosjektet får du ved å kontakte Ole Funderud enten på e-post eller
på telefon 958 71 416. Du kan også melde din interesse ved å
laste ned, fylle ut og returnere word- skjemaet under til Oles
mailaddresse direkte.
17.01.07
Forfatteraften i Blonder &
Blues
Nils Lavik: Hver
første fredag i måneden i hele 2007 skal det i forbindelse med
bluesbygdprosjektet avholdes en eller annen form for kulturell
happening i fjordhotellkaféen Blonder & Blues. Først ut fredag 2.
februar er forfatter og kulturjournalist Truls Horvei. 17.01.07
Til reiselivsmessen i Bergen
Nils Lavik: 18.
og 19. januar arrangeres konferansen Mange bekkar små gjer ei stor å:
Småskala reiseliv - ei næring i utvikling, på Bergen Kongressenter.
Skånevik er representert ved daglig leder Inger Karin Larsen fra Skånevik
Fjordhotel og Lars Rune Langhelle fra Skånevik Naturoppleving. Som overfor
de mange konferansedeltakerne skal synliggjøre mulighetene for lønnsomme
synergieffekter ved at ulike reiselivsaktører i en liten fjordbygd
samarbeider tett fremfor å knive og konkurrere. 12.01.07
Inspirasjonsmøte på
Sævareid
Kappelanen i
Etne: Sævareid
skule er nok ein gong klar til å ta imot folk som ønskjer å la seg
inspirara. Laurdag 20. januar arrangerer Skånevik- og Etne sokneråd
sitt årlige Sævareidmøte der temaet varierer frå år til år, og der
målet er det same, nemleg å gi folket litt oppmuntring til å vandra
vidare no i mørketida.
Prost
Svein Arne Teodorsen kjem i år og snakkar over temaet Saman
i kyrkja. Møtet skal dreia seg om fellesskap, tilhøyring
og medarbeidarskap, og det blir ulike innslag som støttar dette temaet.
Vår
nye organist Kris Ulita og Musikkgruppa blir med å spelar. Etne
barnekor blir og med og syng. Det blir og opplegg for barna under delar
av samlinga. Det er konfirmantanes Barnepass-gruppe med Anita Jordal og
Anne Jorunn Lindevik, som tek seg av barneopplegget.
Sævareidmøtet
startar som det har gjort dei siste åra med morgonsong på Frette
kapell kl 1000. Deretter samlast me på Sævareid skule kl 1100. Det
vert servering av betasuppe slik det er tradisjon for. Pris er for
vaksne kr 100,- for barn kr 50,- og familie kr 200,-.
Alle
generasjonar er velkomne.
10.01.07
Nytt frå Bluesbygda
Bluesbygda
Skånevik: Les
om Minietablererkurs,
etablererskole og ny samling samt budsjettfrister for gruppene
. Les også om Skånevik Blueskor.
10.01.07
Gjer klar for solfest
Nils Lavik:
At
Skånevik er Sunnhordlands perle og Noregs sumarparadis er ikkje
noko nyhende for alle dei som vitjar oss i den lyse årstida. Men
sola er likevel ingen sjølvskriven gjest her. Fredag 26.
januar har vi all grunn til å feste, og DU er sjølvsagt
invitert!
10.01.07
Dugnad for femdobling av Skånevik
Haugesunds Avis: Alle
frivillige som jobbar med prosjektet "Bluesbygda Skånevik"
vil at fleire skal slå seg ned i bygda. Difor høgg bustadgruppa lauvtrær
og "tryllar" fram billige, byggeklare tomter på dugnad.
For dei som
vil gjera eit tomtevarp, ligg fem byggeklare tomter som nesten alle
hadde gløymt, klare til å byggja på. Prisen? 70–85.000 kroner. Halv
pris av det dei ein gong var prissette til og over to hundre tusen
kroner billegare enn nye tomter høgt oppe i Ligrendslia i Skånevik.
– Dette er kommunale tomter. Men med åra har dei grodd heilt til av
lauvtrær og buskar. Me bestemte oss for å rydda på dugnad for å visa
folk at tomtene er fullt brukande, fortel leiar av bustadgruppa i Skåneviksprosjektet,
Ole Funderud.
Les
meir i Haugesunds Avis
10.01.07
Her kjem House of Blues
Haugesunds Avis: Det
gamle sjøhuset er reve og grunnarbeidet er i gang: Til bluesfestivalen
i sommar skal Alf Warloe Christophersen og broren Dag Petter med
partnarar ynskja velkomen til landets einaste "House of
Blues". –
Eg kjenner det slik at me tar bluesfestivalen eit steg vidare. Med dette
huset blir det konsertar og småarrangement heile året. I første
etasje, på kaiplan, får me sjølve bluesklubben med ein scene,
forklarer Alf Warloe Christophersen.
"House of Blues" blir på "Gamlekaien" i Skånevik
sentrum. Bygget får tre etasjar. Dei to øvste høgdene skal innehalda
fem husvære.
Les
meir i Haugesunds Avis
03.01.07
Fotoutstilling
på Skånevik Fjordhotel
Kari
B. Bengtson frå Oslo og Elisabeth N. Emmerhoff frå Skånevik har
fotografiutstilling i Blonder & Blues på Skånevik Fjordhotel. Begge er mastegradstudenter i fotografi ved
Kunsthøgskulen i Bergen og dei har si bachelorutdanning frå
universitet i Brighton og London. Opning er fredag 05.01.07 Kl 20.00.
Les
meir om utstillinga
14.12.06
Heider, ære og kulturpris
Grannar: Skånevik
Bluesfestival set ikkje berre Skånevik på kartet, men også Hordaland.
I går fekk dei tildelt Hordaland fylkeskommune sin kulturpris under
fylkestinget i Bergen.
— Det er kjempekjekt og svært inspirerande å få ein slik pris. Sjølv
fekk eg beskjed om at me skulle få denne prisen for to dagar sidan,
slik at eg kunne vera til stades i dag, seier ein strålande nøgd Alf
Warloe Christophersen.
Ti tusen og plakett
Med seg heim fekk bluesgeneralen ein sjekk på 10.000 kroner og ein
plakett som synleg bevis på kulturprisen.
— Me set stor pris på dette. Det er ekstra kjekt at folk utanfor
lokalsamfunnet også legg merke til det me jobbar med. Det gjer oss
ekstra lyst til å bygga vidare på Skånevik Bluesfestival, seier Alf
Warloe Christophersen.
Leiar i kultur- og ressursutvalet, Georg Indrevik, delte ut prisen til
Alf Warloe Christophersen, og han var ekstra imponert over at Skånevik
Bluesfestival har fått eit ry også utover Noregs grenser.
— Festivalen har vorte eit kraftfullt innslag i «Bluesbygda Skånevik»,
og regionen omkring, og medverka til å skapa stor aktivitet og
knoppskyting i lokalsamfunnet, sa han.
Les
meir i Grannar
14.12.06 Testa sykkelruta i
Sunnhordland
Innsida.no: Sykkelruta
i Sunnhordland går frå Leirvik til Sunde, via Rosendal, Matre, Skånevik,
Utåker og tilbake til Stord. Fem testpersonar frå andre stader i
landet har på tre ulike tidspunkt i sommar teke sykkelen fatt, for å
vurdera opplevingsverdien av ruta. Dei har no sett sine inntrykk og
tankar om ruta ned på papiret. Ruta får totalkarakteren 4, 5 er det
beste.
Opplevingsverdien er upåklageleg, i følgje
personane som har testa ruta.
– Må vera eit av dei flottaste områda i landet. Har alt - både bre,
fjell og fjord. Natur og kulturlandskapsopplevinga på denne ruta er
stor. Lengre strekkjer vert sykla langs sjøen, men mange flotte
synsinntrykk, til dømes båtar, bukter, naust, sjøboder, fulgeliv og
lukt av sjø. Elles går turen forbi store jordbruksområde med store
flokkar av kuer. På fjellet over Matre kom vi forbi ein flokk geiter
som gjekk like ved vegen, heiter det i rapporten.
Les
meirpå Innsida.no eller ta utskrift av rapporten i word-format.
12.12.06
Samlivskurset PREP
Helsestasjonen
i Skånevik
og soknerådet v/kapellanen: Ingen
går gjennom livet utan problem. Stressfaktorar som arbeidsdeling heime,
økonomiske vanskar, oppseding av born, framtidsplanar osb. påverkar
eit kvart par. For mange blir problema så slitsame at dei vel å gå frå
kvarandre.
PREP blei til ut frå eit ønske om å hjelpe par til å til å unngå
at desse problema skal øydelegge forholdet. Det ønskjer også å gi
par hjelp til å få større glede av forholdet sitt, eller å finne
tilbake til spenninga og gleda dei hadde då dei først blei saman.
Kurset blei laga for å gi par eit verktøy til å betre kommunikasjonen
i forholdet, og setje søkelyset på kva som kan styrke forholdet.
Les brosjyren om kurset PREP i
Word-format
eller i
PDF-format.
09.12.06
Fekk kreft og ein
rikare sommar
Haugesunds
Avis: Hans
Olav Tungesvik har hatt ein god vår og sommar. Mykje på grunn av
kreften, som gav han ny kraft. Halvåret med kreftdiagnose er blitt bok.
– Eg gjekk i den vidunderlege sommaren og hadde det utruleg bra. Utan
symptomar og ingen biverknader av behandlinga som eg fekk. Eg hadde
flott fellesskap med familien, seier den kjende psykiateren og tidlegare
rikspolitikar.
30. mars klokka 10.40 fekk han diagnosen prostatakreft, midt i ein
psykoterapitime. Sekretæren banka på døra, fortalde at ein lege var på
telefonen frå Haugesund.
– Eg hadde mange pasientar utover dagen. Det var viktig for meg at
dette skulle ikkje forstyrre. I lang tid informerte eg berre min næraste
familie. Det var einaste rette. Annleis hadde det stilt seg viss det var
snakk om sykehusinnlegging.
Les
meir i Haugesunds Avis
05.12.06
Utlysing
av tomter på Skålnes
Etne kommune har
klargjort for sal 5 nye tomter på Skålnes bustadfelt (ved Skånevik
barnehage)Interesserte kjøparar kan ta kontakt med Tenestetorget på
tlf. 53758000 for å få tilsendt søknadsskjema og informasjon.
Sjå
kart, prisar og søknadsskjema på kommunen si webside.
04.12.06 Har
legane all makt?
Gudbjørg Christophersen: Gjennom
Grannar tok eg opp dagens legesituasjon i Skånevik. Eg fekk det svaret
eg forventa.
Gjennom Grannar tok eg opp dagens legesituasjon i Skånevik. Eg
fekk det svaret eg forventa. I sist formannskap vart legesituasjonen drøfta.
Etter det har rådmann Hetland stadfesta at hans utsegn var referert
korrekt, og at det var ein eingongssituasjon. Gledeleg å høyra, men
det samsvarar ikkje med plakaten som heng på venterommet ved
Helsesenteret i dag måndag 27. november.
«Ingen lege i Skånevik denne veka v/48, men ein dag i neste veke v/49,
vert det lege ved kontoret.»
Alle som har behov blir vist til lege i Etne. Dette er ikkje nytt. Heilt
utruleg. Etne kommune har fem legar. To skal nå avvikle to vekers
ferie. Meiner helseleiar at dette er ei god og rettferdig fordeling av
tenesta til brukarane? Nå har mange onsdagar vore utan lege, kva blir
det neste?
Med så ustabile situasjonar som det blir lagt opp til, har ikkje
brukarane noko val, dei må reise til Etne. Samfunnsøkonomisk er dette
uhøyrt. Helseleiaren har i samråd med legane prioritert slik, vert det
sagt. Politikarar, nå må de vakne. Ja, alle bygdefolk. Kommunen bygde
helsesenter i Skånevik i 1992. Kvifor blir dei politiske vedtaka gjort?
Jo, me skulle sikre bygda å ha gode kontortilhøve for lege og dei
andre helsefunksjonane. Og folk skulle ha eit godt tilbod. Med over fire
hundre arbeidsplassar i bygda, derav fleire bedrifter med farefullt
arbeid, må me ha lov å krevja lege i nærleiken. For oss som har fått
levd ei stund og følgd med utviklinga, syner det seg at enkelte
arbeider målretta med legetilhøva. Skal me godta dette? Tenk på
konsekvensane. Er dette god service frå legane?
Fordel legane rettferdig, då vil brukarane få ein stabil situasjon.
Til den legen i Etne helsesenter som har mange fastlegepasientar frå Skånevik,
kunne det vore ein tanke å ta ein dag i veka i Skånevik, i staden å
tilrå pasientane å reise. Tenk litt økonomi, ikkje berre på dykk sjølve.
Eg er godt nøgd med min fastlege i Skånevik. Sambygding prøv du det
same.
Gudbjørg Christophersen
04.12.06
Pengegåve til
trivselprosjekt
Grannar: Då
Sparebanken Vest opna det nye kontoret i Etne kunne administrerande
direktør Stein Klagegg overrekkje 75.000 kroner til Trivselsprosjektet
i Etne. Dei tre trivselsgrendene Skånevik, Sævareid og Sørstranda får
25.000 kroner kvar.
Då Sparebanken Vest opna det nye kontoret i Etne kunne
administrerande direktør Stein Klagegg overrekkje 75.000 kroner til
Trivselsprosjektet i Etne. Dei tre trivselsgrendene Skånevik, Sævareid
og Sørstranda får 25.000 kroner kvar.
Miljøarbeidar i Etne kommune, Leif Arne Løvereide, mottok gåva. han
meiner dette inspirerar til vidare arbeid.
— Det er veldig kjekt med pengane, men det er òg svært inspirerande.
Dei tre gruppene har halde på sidan 2003, og kanskje me har vore litt
usynlege for mange. Men me har fleire idear til tiltak framover, seier
han.
Les
meir i Grannar
|