Feltet
ligg på
Skånevikstranda berre 3 km frå Skånevik sentrum. Skånevik
vert av mange kalla Sunnhordlands Perle og området er omkransa av
fjord og høge fjell. Ekte naturopplevingar i utmark og fjell
og fiske og rekreasjon på fjorden, er noko av det du får høve til
ved å byggja hytte på Skoga hyttefelt. I området finn ein
både korte og lange, merka turløyper i variert terreng.
Alle tomtene ligg eit par hundre meter frå fjorden og har panoramautsikt
over Skåneviksfjorden mot Halsnøy. Skoga hyttefelt
består av attraktive sjølveigartomter som ligg i lett
skrånande terreng med svært gode solforhold og med med veg, vatn, sanitæranlegg fram til
tomtegrensene. Tomtekjøparane står fritt til å nytta dei entreprenørane
og leverandørane dei ønskjer ved oppføring av hytte. Det er no
kun to tomter igjen i 1. byggetrinn. ( Ei
av dei er reservert. )

Utsikt mot Skåneviksfjorden frå dei
fleste tomtene
Alle
tomtene har båtplass i nytt moloanlegg like ved Skoga hyttefelt. Ved moloen er det opparbeid parkeringsplass. Det
vil bli bygd naust med boder og opptrekk for båtar. Ein får
også høve til vinterlagring av båten.
Avstander
med bil frå Skånevik
Til Haugesund er det ca. 1t 30 min - til Stavanger ca. 3 timar - til
Odda ca. 1t 15 min - til Stord 1t 30 min
- til Bergen ca. 3 t. Det er eit svært godt hurtigbåtsamband
med Stord, Flesland, Bergen og Stavanger.
Avstanden til skianlegga på Seljestad er 1 time med bil og til alpinløypene
i Hordadalen/Røldal er det 1 time og 15 min. med bil.

Heilt nytt båtanlegg for
hytteeigarane
Ei av hyttene på det fine hyttefeltet Besøk Nr.
|