|
Opp-pussinga i kyrkja Tekst og foto Reidar Leknes |
|
|
Dugnadsarbeidet i kyrkja går så det
susar! Svært mykje viktig arbeid er gjort så langt. Vegger og tak er
vaska og skrapte, pussa og fuga. 100 år gamle golvplankar er slipte
reine for måling. Benkene er klargjorde for måling i nye, spennande
fargar.
Mange spør etter meir dugnad, og fortvil
ikkje! Enno er det ein god del oppgåver som kan gjerast av oss
amatørar.
|
Proffane, målarane våre, er også komne langt i veg med arbeidet sitt. Vakre, smakfulle grå-tonar dekkar no dei store flatene i kyrkje-skipet, og interiør som talarstol, altartavle, dørar og galleri er også i ferd med å få nye, varme nyansar i raudt og grønt. Endåtil gullet har så smått teke til å lysa opp detaljer. |
|
|
|