Skånevik Idrettslag

             Referat frå årsmøtet for 2002

Årsmøtet var innkalla i samsvar med vedtektenes §9 ved oppslag

og lysing i pressa.

19 stemmeberettige medlemmer møtte på møtet som ble satt 3. februar 

kl. 19.00 på Skånevik Skule.

Formann i Idrettslaget, Turid Straumsøy, ynskte velkomen .

Innkalling og sakliste vart godkjent utan merknader.

 

SAK 1:  VAL AV ORDSTYRAR OG SEKRETÆR

             Forslag: - ordstyrar Finn Ove Solberg

                                               Turid Straumsøy

-       sekretær  Janne Sævareid

                            Vedtak:  - ordstyrar Turid Straumsøy

-       sekretær Janne Sævareid

 

 

               SAK 2: ÅRSMELDINGAR

                           2.1 –Raimund Sæle las årsmeldinga for hovudstyret

                     Det var ingen  merknader til denne.

            2.2 – Marit Åsheim las årsmeldinga frå handballgruppa.

                    Det var ingen merknader til denne.  

                           2.3 – Anita Voster Vannes las årsmeldinga frå trimgruppa. 

                                    Det var ingen merknader til denne.

                           2.4 – Kari Johansson las årsmeldinga frå volleyballgruppa.

                                    Det var ingen merknader til denne.

                           2.5 – Arvid Svendsen las årsmeldinga frå fotballgruppa.

                                    Det var ingen merknader til denne.

                           2.6 – Banenemnda møtte ikkje og har heller ikkje skrevet årsmelding.

                           2.7 – Skigruppa møtte ikkje og har heller ikkje skrevet årsmelding.

2.8-     Klatregruppa møtte ikkje og har heller ikkje skrevet årsmelding.

SAK 3: REKNESKAP OG BUDSJETT

Anne Jorunn informerte litt kring regnskapet og opna for spørsmål angåande dette.

Irene Birkenes informerte om SØK midlane som står på ein konto for seg i Kvinnherad sparebank.   Nokre av gruppene har enda ikkje nytta sin del av midlane.

Turid informerte om at styret  har planar om å få til ein ny kalender i 2004, dette gir ei fin inntekt til laget.

           Elles var det ingen merknader, rekneskap og budsjett vart godkjent.

 

SAK 4: VAL

Berthilde Stengele innleia med å sei at det var kjekt  å sitja i valmenda dette året, dette fordi  alle som vart oppringde var svært positive og stilte opp.

4.1 – 3 medlemmer for hovudstyret

         forslag frå valnemda: Raimund Sæle, Janne Sævareid og Bjørn Håland

         Vedtak: Raimund Sæle, Janne Sævareid og Bjørn Håland  valt

4.2 – 1 2.vararepresentant til hovudstyret

         Forslag frå valnemda: Berthilde Stengele

         Vedtak: Berthilde Stengele valt

4.3 – 2 medlemmer til fotballgruppa

Forslag frå valnemda: Evy Hus og Frode Molnes

Vedtak:  Evy Hus og Frode Molnes  valt.

4.4 – 2 medlem til volleyballgruppa

Forslag frå valnemda: Kari Johansson og Anne Elisabeth Eide     Børresen

Vedtak: Kari Johansson og Anne Elisabeth Eide Børresen

            valt.

4.5 – 4 medlemmer til trimgruppa

         Forslag frå valnemda: Ingrid Sævareid 1 år, Kari Svendsen 1 år, Gerd Tungesvik og Anita Voster Vannes

 Vedtak: Ingrid Sævareid 1 år, Kari Svendsen 1 år, Gerd Tungesvik og     Anita Voster Vannes valt.

4.6 – 1 medlemmer til skigruppa

         Forslag frå valnemda: Hans Olav Tungesvik

         Vedtak:  Hans Olav Tungesvik valt.

4.7 – 1 medlemmer til banenemda

         Forslag frå valnemda: Bjarne Haukland

Vedtak: Bjarne Haukland valt.

4.8 – 2 medlemmer til klatregruppa

Forslag frå valnemda: Helge Hus og Tommy Knudsen (Jon Skålheim   om Tommy reiser i militæret)

Vedtak: Helge Hus og Tommy Knudsen (Jon Skålheim om Tommy reiser i militæret)

4.9 – 2 medlemmer til handballgruppa

         Forslag frå valnemda: Marit Åsheim og Wenshe Molnes

         Vedtak:  Marit Åsheim og Wenche Molnes valt.

SAK 5:  SERVERING

             Det vart servert smurde rundstykke og tebrød frå Larsen`s Bakeri

SAK 6:  INNKOMNE SAKER

6.1    KONTINGENTEN

Forslag frå hovudstyret om å auke kontingenten til 400kr. for enkeltmedlem og 700kr. for familie.

Årsmøtet godtok dette.

6.2    – IDRETTSSKULEN

Turid las opp innkomen sak frå Berthilde Stengele, koordinator i Idrettsskulen.

Ettersom det nå er kun i Skånevik Idrettsskulen fungerar, er det eit spørsmål angåande kontingent og innbetaling.  Slik det har vore er det gått inn ein sum pengar til konto i Etne som blir disponert av alle idrettsskulane i kommunen.  Dette følast ikkje heilt rett ettersom det kun er Skånevik som betalar i potten.

Forslag frå Berthilde: Barn som har betalt medlemskap til Idrettslaget treng ikkje betale, andre betaler 100 kr. Desse pengane blir øyremerka idrettsskulen og ligg under Skånevik Idrettslag. I tillegg til dette vil Skånevik Idrettsskule få midlar frå potten i Etne pr. barn.

Det vart ein god del diskusjon rundt forslaget for å få oppklaring i  kva dette eigentleg innebar. 

Forslag om å avvikle kontoen i Etne, Berthilde svara:  det er vedtatt i kommunen at det skal drivast Idrettsskule. Muligheita skal ligge der derfor må kontoen formelt bestå.

Etter ein del om og men vedtok  Årsmøtet å  gå inn for forslaget til Berthilde Stengele.

 

6.3      FORSLAG FRÅ BLUESKLUBBEN

Turid las opp innkomen sak frå leiar i Bluesklubben Finn Ove Solberg.

Forslag om å leige garderobebygget i eit samarbeid med Hundeklubben, ynskjer også å bygge på huset på eigen rekning. 

Det vart påpeika at den nye bussen må i garasje, alle moglegheiter ein har med bygget til dette må sjås på før ein eventuell avtale med bluesklubben.

Det vart ein del diskusjon rundt dette med garasje til bussen, styret skal ta alle forslag og idear til etterretning. Forslag: hovudstyret får fullmakt til å vurdere forslaget frå   bluesklubben, og    ta stilling til dette.

        Vedtak: Hovudstyret fikk fullmakt til å avgjerde saka.

                           YMSE:

            Turid Straumsøy takka Arvid Svendsen for den flotte innsatsen han har lagt ned for fotballgruppa.  Han gir seg nå som leiar av gruppa, men er villig til å hjelpe til om styret skulle trenge det i ein overgangsfase…

            Raimund Sæle las opp eit skriv om flott innsats av Marit Åsheim som mottok årets Vanderpokal.

Skånevik 5. februar 2003

Janne Sævareid

Skrivar