|
Årsmøtet var
innkalla i samsvar med vedtektenes §9 ved oppslag og lysing i
pressa.15 stemmeberettige medlemmer møtte på møtet som ble satt
4.
februar kl. 19.00 i Skånevik
Idrettshall.
Formann i
Idrettslaget, Turid Straumsøy, ynskte velkomen .
Innkalling
og sakliste vart godkjent utan merknader.
SAK 1:
VAL AV ORDSTYRAR OG SEKRETÆR
Forslag: - ordstyrar Finn Ove Solberg
-
sekretær Janne
Sævareid
Vedtak: - ordstyrar Finn Ove Solberg
-
sekretær Janne Sævareid
SAK 2: ÅRSMELDINGAR
2.1 –Turid Straumsøy las årsmeldinga for hovydstyret
Merknad: Årsmøtet
sa seg einige i at leiar i styret skulle fortsetja å utføra dei administrative oppgåvene.
Elles var det ingen
merknader til denne.
2.2
- Ingrid Sævareid las årsmeldinga frå trimgruppa.
Det var ingen merknader til denne.
2.3 – Marit Åsheim las årsmeldinga frå handballgruppa
Det var ingen merknader til denne.
2.4 – Kari Johannson las årsmeldinga frå
volleyballgruppa.
Det var ingen merknader til denne.
2.5 – Arvid Svendsen las årsmeldinga frå fotballgruppa.
Det var ingen merknader til denne.
2.6 – Banenemnda møtte ikkje og har heller ikkje skrevet
årsmelding.
2.7 – Skigruppa møtte ikkje og har heller ikkje skrevet årsmelding.
SAK 3: REKNESKAP
OG BUDSJETT
Kvar enkelt fekk lesa gjennom rekneskapet for seg.
Det vart opna for spørjemål
etterpå.
Det
vart spurd om kvifor det står så mykje som ca. 40.000 i kostnader
på A-laget i 2001. Dette
forsvarte styret med att dette gjeld heile fotballgruppa og ikkje
berre A-laget.
Elles var det ingen
merknader, rekneskap og budsjett vart godkjent.
SAK 4: VAL
4.1 – 2 medlemmer
for hovudstyret
forslag frå
valnemda: Turid Straumsøy og Irene Birkenes
Vedtak: Turid
Straumsæy og Irene Birkenes valt
4.2 – 1 varamedlem
til hovudstyret
Forslag frå
valnemda: Iren Ness
Vedtak: Iren Ness
valt
4.3 – 5 medlemmer
til fotballgruppa
Forslag frå
valnemda: Peggy Molnes, Einar Arefjord, Rune Johannson, Lone og
Arvid Svendsen
Vedtak:
Peggy Molnes, Einar Arefjord, Rune Johannson, Lone og Arvid
Svendsen valt.
4.4
– 1 medlem til volleyballgruppa
Forslag frå valnemda: Iren Ness
Vedtak: Iren
Ness valt.
4.5
– 2 medlemmer til trimgruppa
Forslag frå valnemda: Olaug Berge Sævereid og Tove Johansen
Vedtak: Olaug Berge Sævereid og Tove Johansen valt.
4.6
– 2 medlemmer til skigruppa
Forslag frå valnemda: Knut Jespersen og Sverre Udstuen
Vedtak: Knut
Jespersen og Sverre Udstuen valt.
4.7
– 4 medlemmer til banenemda
Forslag frå valnemda: Jarle Madsen, Pær Zakariassen, Arne
Leknes og Erling Arne Vika.
Vedtak: Jarle Madsen, Pær Zakariassen, Arne Leknes og Erling Arne
Vika valt.
4.8
– 2 medlemmer til klatregruppa
Forslag frå valnemda: Claudio Trovanelli og Edna Trovanelli.
Vedtak: Claudio Trovanelli og Edna Trovanelli valt.
4.9
– 3 medlemmer til handballgruppa
Forslag frå valnemda: Heidi Wannberg, Laila Ytrenes og
Anette Knutsen.
Vedtak: Heidi
Wannberg, Laila Ytrenes og Anette Knutsen valt.
SAK
5: SERVERING
Det vart servert smurde rundstykker og tebrød frå Larsen`s
Bakeri
SAK
6: INNKOMNE SAKER
6.1
BUSSEN
Turid
Straumsøy las opp eit innkome brev frå Osvald Birkenes.
Han
kjem med forslag til styret om korleis finansiere ny buss.
Det
vart lagt fram i kva stand den nåværande bussen til Skånevik
Idrettslag er. Finn Ove
Solberg meiner bussen er i så dårleg stand at det er uforsvarleg
å frakte born med den.
Årsmøtet
tek dette alvorleg og meiner at sikkerheita må komme fyrst.
Årsmøtet gir med dette styret fullmakt til å gå til innkjøp
av ny buss på rimelegast måte.
Om så ein må ta opp lån.
6.2 - DRAKTER
Turid
Straumsøy las opp eit innkome brev frå Leif Eikemo. Han ville høyre
Årsmøtet si meining angåande fargane på draktane til dei ulike
laga. Han vil ha ein
diskusjon på om alle laga skal ha felles draktar med hensyn til
fargar.
Det
kom fram frå gruppene at det har vore svært vanskeleg å få tak i
drakter i desse fargane (raud/gul).
Dermed er det kjøpt inn blå og kvite drakter til handball
og volleyball.
Det
var einighet om å avvente eit vedtak om innkjøp av drakter til
resultatet av Knut Nes si jobbing med å få tak i ein prøvedrakt
er klart.
Elles
var det full einighet om å strekje seg så langt som mogleg for å
halde på Skåneviksfargane når det gjeld innkjøp av drakter i
framtida.
6.2
– DUGNAD
Hovudstyret
ynskte ein diskusjon angåande dugnad på den kommunale eigedommen.
-
Det vart stilt spørjemål ang. skade ved plenkløpparen.
Styre redgjorde for dette.
Saka er ikkje komme noken veg, verken Etne Kommune eller Skånevik
Idrettslag vil stå som arbeidsgivar.
-
Styre opna for diskusjon korleis idrettslaget skal stille seg ang.
forsikring på dugnadsarbeid.
-
Det kom opp mange ting som burde blitt gjort på anlegget.
Forslag
frå årsmøte: at eit styremedlem tek kontakt med kommunen om å komme på
synfaring for å sjå korleis det ligg ann.
Forslag
frå årsmøte: ein må undersøkje med eit forsikringsselskap og få
forslag om løysing på ei ”dugnadsforsikring”.
Forslag
frå årsmøte: - ta kontakt med andre idrettslag og høyre korleis
dei har ordna dette.
Vedtak:
Styret
jobbar vidare med å sjekke op i dette med forsikring på anlegget.
Styret forhøyrer seg med andre idrettslag og ulike
forsikringsselskap.
Styret
skal melde frå til banenemda at dei må ta kontakt med kommunen
ang. kva som trengs midlar til på anlegget deira.
YMSE:
-Vandrepokalen vart overrekt til Paul Tungesvik.
Turid Straumsøy las opp eit brev frå trimgruppa der dei
begrunna
kvifor akkurat Paul fortente
denne pokalen i år.
Skånevik 5. februar 2002
Janne Sævareid
Skrivar
|