|
|
|
|
Laga
av Åse Hjelmervik i des. 2000
Handballaget
j -15 Skånevik består no av Carina Hornenes,
Kathrine Tungesvik, Ingrid A. Johnsen, Silje B. Sævereid, Helene Åsheim,
June Marie Hornenes, Åse Hjelmervik, Liv Karen Leknes, Marita Johansen,
Siv Helen Hus og Randi Aga. Alle fødd frå 84-86. Me
byrja med handballtrening hausten 1996. Då var berre jentene som var fødd
84/85 med, som då gjekk i 5. og 6. klasse. Trenaren vår var då Paul
Tungesvik. Han var trenaren vår året etter, og då vart jentene som var
fødd 1986 med. Me
byrja å spele kampar i 1998 med 14 jenter i alderen 13- 16 år, og
trenarane Svein Sævereid og Finn Ove Solberg. Det var ikkje så lett, for
mange av oss hadde berre spelt i 2 år. Ganske mange gonger var
motstandarane for sterke for oss. Men me klaga ikkje så mykje over
den grunn. Den
neste sesongen gjekk betre. Me hadde fått meir trening som lag, og alle
hadde blitt mykje flinkare. Sigeren kom kanskje ikkje så ofte som me
hadde likt, men når han kom, jubla me stort. Denne sesongen er me blitt skikkeleg flinke, og har vunne ganske mange av kampane våre. Det blir berre kjekkare å spela handball når me vinn. Vonar at alle kjem på heimekampane våre, der me sel vaflar, kaffi og nokon gonger pølse i brød. Ingenting er som eit godt publikum. På
bortekampane våre, køyrer me i minibussen til Skånevik idrettslag.
Bussturen er veldig sosial og alle er gode venner. Me har med oss eigen
musikk, og syng ofte med. Noko som trenaren vår, Finn Ove Solberg,
kanskje ikkje liker så godt. Hadde det vore for han, skulle me nok
sikkert høyrt på blues heile vegen. Desember
1999 var me så heldige å få reisa til Stavanger for å sjå på
Handball-VM, der me såg at Noreg sikra seg plass vidare. Me jubla og
heia, og stemninga var på topp. Dette gjorde at me fekk nye idear til
treningsopplegget vårt. Resultata vart mykje betre. Me trenar to gonger i veka, måndag og onsdag. Det er kjempe kjekt, og det er alltid kjekt å læra noko nytt. Me likar kjempegodt å spela handball!! Kampreferat Skånevik
Idrettshall 26.11.2000. Motstandar; Kopervik 2 Saudahallen
10.12.2000. Motstandar; Sauda 2 Skånevik
idrettshall Skånevik tok føringa og leia med tre mål før Skjold fekk sitt første, og til pause var det 6 – 2 i Skånevik sin favør. Skånevik sine spelarar fekk klare meldingar om temposkifte i pausen, og det var eit ”nytt” lag på bana i andre omgong. Skånevik auka tempoet, og la eit høgare press på Skjold. Utover i omgangen klarte ikkje Skjold å henge med. Dei gjorde fleire og fleire feil, og dette utnytta Skånevik godt. Skånevik vant tilslutt
ein overlegen seier 21 – 4. Toppscorar
for Skånevik vart Helene Åsheim med 9 mål. Skånevik sitt jente 15 lag, vil nytte høvet til å ynskja tilskodarar og sponsorar, ei riktig god jul og eit godt nyttår. Me ynskjer dykk velkomne tilbake til Skånevik idrettshall, sundag 14.01. 2001, kl. 13.00 til vår første heimekamp i det nye året mot Åkra 2. Ref. FOS
|