|
Har idretten fått lågstatus hos
Etne – politikarane ? |
|
Skånevik Idrettslag (SIL) vart stifta i 1935, er organisert som ein
frivillig organisasjonog har som formål å driva organisert idrettsarbeid.
Det har laget også gjort dei siste 65 åra og i dag er aktiviteten større
enn nokon gong.
SIL er den største organisasjonen i Skånevik og den nest største i Etne Kommune. Laget driv i dag:
For å organisere dette arbeidet har SIL 41 tillitsvalde + 1 dagleg leiar/vaktmeisteri 30% stilling. I tillegg kjem alle trenarar, oppmenn og instruktørar som utførerdet direkte arbeidet mot utøverane. Bak desse igjen kjem foreldre, frivillige, støtte-medlemmer som også er med å gjere dugnadsinnsats for å kunne drive laget. Vi har i dag ca 265 aktive medlemmer og ca 400 medlemmer i alt. I konkuranse medandre tilbod til barn og unge, (video, fjernsyn, internett, dataspel, speleautomatar,kioskar og serveringstader) som har hatt ein eksplosiv auke, har SIL greidd å auke aktiviteten i laget kraftig dei siste åra. Dette har fleire årsaker
Å drive laget i dag utan Skånevik Idrettshall er heilt utenkjeleg. SIL er i dag den største legetakaren i Idrettshallen og har faste aktivitetar 5 dagar i veka i tilegg til kampar og samlingar i helgane. Økonomien i laga For å vedlikehalda idrettsanlegget (som er Etne Kommune sin eigendom) og Inkludert 2 banar har vi kr 15.000,- pr år. Dvs at storparten av vedlikehaldsarbeidet vert gjort på dugnad. Skånevik Idrettshall hadde eit driftstilskot på kr 48.000,- Alt dette var for 1999. Til samanlikning kan vi nevne at Etne Kulteurskule i 1999 hadde eit rekneskap på Kr 860.000,- (overskridelse innkludert) Budsjetert for år 2000 er kr 932.000,-. Desse summane er fordelt på 225 elevar. Skånevik Idrettslag ser det ikkje som ei kommunal oppgåve å oppdra/fylle fritida til born og ungdommar. Dessverre er det svært mange negative kasus som ynskjer å ta del i og fylle denne fritida. Når desse får utfalde seg fritt vert det veldig snart ei kommunal oppgåve av heilt andre kostnadsdimensjonar å ivareta. Å støtta idrettens arbeid må difor være "utgift til inntekts erhvervelse". Etne Kommune har tidligare i vår signalisert ein reduksjon i tilskot til lag og organisasjonar på 10% for i år. Når vi så les rådmannen sitt forslag ( Grannar 22.5.00): "Tilskot til lag og organisasjonar er ikkje tatt med til neste år" må vi spørje om dette også gjeld Etne Kulturskule (som vitterlig er foreslått auka frå kr 740.000,- i 1999 til 932.000,- for år 2000) I same artikkel seier ordføraren: "Det beste som kan skje for å kome opp av den hola er havna i er å få fleire folk til kommunen". "Men ein ting kan eg love, og det er at når me er komne opp av denne hola, skal Etne Kommune bli ein mykje betre plass å bu i". Desse folka som skulle flytte til Skånevik kan i så fall ikkje ha behov for så svært gode oppvekstvilkår. Vi kan også sitere uttalelsar frå det lokale næringslivet om at utan organisasjonsliv og spesielt positive tilbod til born og unga så vil ikkje ta arbeid og busetje seg i bygda. Vi vil også sitere frå Skånevik Idrettshall si årsmelding dei to siste åra: "Eit minitilskot på i underkant av kr 50.000,- til eit bygg som husar så mange kulturaktivitetar, må være eineståande i heile landet. Vi oppfordrar politikarar i kommunen og administratorar i kommunen til å drøfta dette i eit vidare perspektiv og ikkje berre i ein oppheta budsjettdebatt. Undersøkjingar viser at eit godt kulturtilbod er avgjerande for svært mange når dei skal busetja seg i distriktet. I same andedrag vil vi nemna at nabokommunen Kvinnherad bruker meir enn 6 gonger så mykje til årleg driftstilskot pr kulturhus som vår kommune gjer" Så politikarar, tenk dykk godt om før det byrjar å leggje ned idretten. Den er viktigare enn nokon gong og går direkte på born og unges livskvalitet. Dette har med dykkar eigne ungar`s og deira ungar igjen sine oppvekstvilkår å gjere. Tenk også på kva for enorm dugnadsinnsats som ligg bak og at dei som utfører denne dugnaden er dykkar eigne veljerar som har hatt tillit til dykkar vurderingsevne. Skånevik 29.05.00 Styret i Styret i Skånevik Idrettslag Skånevik Idrettshall
|
|
|