Representantar for kyrkja, alle lag og organisasjonar                
og dei politiske partia i Skånevik                                                              Skånevik 27.03.00

                           

Informasjonsmøte om Skånevik nett

Internettpresentasjonen av kultur/kyrkje, overnatting og næringsliv generelt i Skånevik finn du på Skånevik nett med webadressa www.skaanevik.no.

Portalen blei lagt ut den 1. mars, har hatt mange besøk og den har fått svært positiv omtale frå mange hald. Den kan bety ein god del for marknadsføringa av Skånevik. For kulturarbeidet og kyrkja kan den også vera til stor hjelp i informasjonsarbeidet internt i bygda.

Det ville vore svært fint om minst ein representant for dykkar lag/organisasjon kan komma på eit orienteringsmøte om portalen på biblioteket på Skånevik skule onsdag den 5. april kl. 19.00. Møtet vil vara ca. 1 time. De er med dette invitert til møtet.

Hugs at:

  • Svært mange har tilgang på internett heim og/eller på jobben
  • Ved hjelp av Skånevik nett kan du informera gratis om alle typar arrangement: Konsertar, alle typar møte, idrettsarrangement, basarar, gudstenester, resultatlister osb.. Ta kontakt med meg og eg legg gratis ut dei opplysningane du ønskjer.
  • For kr. 1000,- pr. år kan ditt lag/organisasjon legga ut ein større presentasjon av laget eller organisasjonen.
  • Skånevik nett er berre i startfasen – du og ditt lag/organisasjon kan vera med på bestemma vegen vidare.

 

Velkommen på møtet onsdag den 5. april kl. 19.00 på biblioteket på skulen. Om ingen frå ditt lag/organisasjon kan møte, ta kontakt med meg slik at eg kan informera dykk om Skånevik nett.

Helsing
Skånevik nett

Alf Ove Nilsen