REFERAT FRA UNGDOMSMØTE LANGFREDAG 21.APRIL 00.

Janne Sævareid, Randi Marie Vannes og Evelyn Bøthun leda møtet.

Det møtte 35 ungdomar, i Skånevik Bluesklubb sine lokaler. Møtet inspirerte til 2.5 t. med diskusjonar og idear. Kvelden blei seinare avrunda med livlege bluestonar på den nyopna "Fjordkroa".

Evelyn Bøthun starta møtet med å ønska velkomen, og takka for sist ungdomsmøte i idrettshallen jula 99. Ho fortalde om grunnen til oppstarten av dette tiltaket, og kvifor dei kalla ungdomane inn til møte:

Innlegg i "Grannar", kva for ein ordførar vil Amund Enge bli for Skånevik?

Utviklinga i Skånevik. Vi ungdomar skal overta, vi må seie kva vi meiner.

Spre positive holdningar.

Opparbeide samhold blant ungdomane, for å jobbe mot det vi oppnå i bygda vår.

Patrick Egberg var invitert for å presentere seg sjølv og familien som har busett seg i Skånevik og starta opp "Fjordkroa" pizzeria/restaurant. Patrick fekk fram at dei vart godt mottatt av sambygdingane. Ungdomane på møtet viste og fram kor glade dei var for å ha fått eit nytt tilbod i bygda.

Utanom familiebedrifta treng dei ei ekstrainntekt. Dette har Patrick ordna med å ta med seg den tidlegare arbeidsplassen fra Sverige. Fra heimekontoret i Skånevik, og ved hjelp av ISDN kan han arbeide i det same firmaet "Solid". Han meiner datakommunikasjon er ein av mange muligheter til å skaffe seg ein arbeidsplass i Skånevik. Det er kun fantasien som set begrensingane.

Frå "Skånevik Bluesklubb" var leiar Steinar Nerheim invitert. Bluesklubben starta opp for om lag eit år sidan, og samla då 66 medlemmer. Dette har spreidd interesse i distriktet, så i år stig medlemstalet fra månad til månad. Bluesklubben er eit svært positivt tiltak, med ulike sosiale arrangement i løpet av året, som:

  •  medlemskveld 1 gong i månaden
  •  konsert/dans/pubkveld
  •  blueskarneval
  •  ulike sosiale reiser til bluesarrangement rundt i landet t.d.-Notodden Bluesfestival -Blueshelg i Odda, "Lokst Utøve" på lang sikt er det planar om felles tur til Statene.

Arbeider med å opprette samarbeid med andre bluesklubbar i distriktet.

Bluesklubben er viktig medspelar under Bluesfestivalen, der dei stiller mannsterke til vakthald, teltrigging og servering.

Steinar understrekar at det sosiale miljøet og samhaldet i klubben er svært bra, og det er alltid plass til fleire medlemmer.

Sidan møtet vi hadde i jula, har me jobba med å få svar på spørsmåla som vart stilte:

Kommunikasjon
Det har vore jobba med å utvide reisetilboda via sjøvegen, over lengre tid. Muligheter for å pendle til Ølen vidaregåande skule, og evt. arbeid på Stord hadde vore bra for bygda. Dessverre vil rutetilboda førebels vere som før.

Bolig/tomter
Amund Enge ville stille seg positiv til at det i framtida skulle vera enklare å skaffe seg attraktive tomter i Skånevik. Han fortalde og i eit møte, at det var planar om å arbeide med ein kommuneplan. Her var det snakk om boligtomter (mulig byggjefelt) og evt. industritomter.

I frå publikum kom det innspel om at det burde vore innført buplikt i gamle hus, i første omgang i sentrum.

Arbeid/industri
Me kunne fastslå at Etne Meieri var seld, og kunne by på nye arbeidsplassar. Seinare veit me jo at dette skal bli eit handelssenter med REMA 1000 på hovudplanet. Me hadde og fått vita at det er muligheter for aktivitet på industritomter på Tongane i Etne og Leknestangen.

Gjennom arbeid i grupper viste ungdomane stort engasjement. Me spurde kva som skulle til for at dei ville busetje seg i Skånevik evt. bli buande. Mange av dei same punkta gikk opp igjen:

  • Arbeidsplassar/ tilgang til arbeidsplassar: tunnel, kommunikasjon, muligheter til å pendle.
  • Helsetilbod, fast lege.
  • Sikker skule / barnehagetilbod.
  • Behalde postkontoret
  • Utvida arrangement og turistsesongen, slik at det er litt liv om vinteren og.

Skånevik er ein for liten plass til å drive avrusingssenter.

For mykje misunnelse blant bygdefolket.

Møtet munna ut i diskusjon om bygda vår. Det kom fram at alle ønskjer ei positiv utvikling i framtida, og er einige at me vil jobbe mot det same. For å evt. kunne nå fram må me stå saman. Me stilte spørsmål om det var interesse for å starte ei "ungdomsgruppe", med fleire medlemmer, og fekk god respons. 13 personar førte seg opp på ei liste allereie då.

Me takkar for interessa og støtta og ønskjer vel møtt til neste møte.

Det vil komme nærmare informasjon om dette på Skånevik nett.