Kven skal betala prisen for skule-politikken i Etne kommune?

Undervisningspersonalet ved Skånevik skule har følgjande merknader til Etne formannskap sitt vedtak i samband med innsparingar i kommunen:

Det har lege lenge i korta at skulesektoren i Etne blir hardt ramma når kommunen skal redusera drifta med dei summane som ein opererer med. Ved å slå saman små klassar til større kan ein spara pengar utan at det går utover kvaliteten på undervisninga. Dette vil, i ytste konsekvens, medføra nedlegging av skular.

Formannskapet si innstilling ,som går ut på å spara 2% av løns-budsjettet, får som konsekvens at det generelle tilbodet i skulen blir dårlegare. Det vil gå verst utover dei store skulane, sidan det er der det er noko å henta.

Eit vedtak i tråd med denne innstillinga vil gje elevane i heile kommunen eit dårlegare tilbod, og truleg vil det ramma dei svakaste hardast. Dette vil vi advara sterkt mot.

Skånevik skule er nyleg bygd ut for omlag 10 millionar. Her er god plass, gode spesialrom, mellom anna idrettshall, stabilt personale og godt miljø. Vi kan ta imot fleire elevar utan at det vil kosta kommunen noko anna enn skyssen. Til dømes er det korkje frå Fjæra eller Sævareid lengre veg til Skånevik enn til Enge.

Til slutt vil vi nemna at ungdomsskuletrinnet er svært viktig både for skulen her og for industribygda Skånevik. Ungdomsskulen har lærarar med spesialkompetanse som dei andre trinna nyt godt av, og ungdomsskule er ofte eit minstekrav for familiar som slår seg ned i bygda. Dersom kommunestyret vel å spara pengar med å redusera klassetalet på dette trinnet, har vi plass til å ta imot elevar her og. Det er ikkje lengre frå Etne til Skånevik enn omvendt.

Undervisningspersonalet

ved Skånevik skule