|
Seriesesongen er over og i år kan damelaget i volleyball sjå tilbake på ein god sesong resultatmessig. Det vart 10 sigrar og berre 2 tap mot serievinnaren Egersund. Dermed vart det sølvplass i 4. div. og dette kan føra til opprykk til 3. div. Seriesystemet er under endring og derfor er ikkje neste sesong klarlagt enno. Kanskje er det mogleg å få til ein lokal serie som sikrar oss kortare og billegare reiser. Dette hadde i så fall vore svært positivt. Damelaget har omlag 12 spelarar som har vore med på kampar denne sesongen, i tillegg låner me unge Matrespelarar som ikkje har noko anna seniortilbod. Forutan dette har me ein heil del med folk som er innom treningane meir eller mindre fast, både gutar, jenter, damer og herrar. Dette er veldig positivt og me håpar å få enda fleire med! Det er berre til å stilla opp. Sesongen vil bli avslutta med ei turnering i Skånevik Idrettshall der me har invitert lokale damelag. Denne er sett opp palmesøndag, 16. april kl 12.00 og utover. Håpar på mykje publikum då. Etter påske har me tenkt å ha ein liten pause i treningane slik at alle kan lada opp batteria til ny innsats. Sommarsesongen startar i slutten av mai. Då vil me ha trening kvar onsdag og denne vil vera ute så sant det er fint vær, og inne i hallen elles. Volleyballgruppa syslar med tanken om å gje eit tilbod i volleyball til gutar opp til 15 år. Hordaland har ei fin serieavvikling for aldersbestemte lag. Dei arrangerer seriehelger der laga får spela mange kampar og samtidig vera med på ei sosial helg med diskotek og andre arrangement. Dersom det er interesse for det kan me kanskje ha eit gutelag som får moglegheit til å reise på ei eller fleire slike seriehelger neste sesong. Me har ei prosjektgruppe som jobbar for å få til ei sandvolleyballbane i Skånevik. I denne gruppa sitt folk frå Handelsstanden, Idrettslaget og Skånevik skule. I tillegg får me god oppfølging av Etne Kommune. For tida er problemet plassering av banen, men me har god tru på at me skal få dette til med hjelp og støtte frå folk i bygda. Kanskje kan banen verta klar til sommarsesongen? Sandvolleyballbanar er etter kvart blitt svært populære. Ikkje minst fordi volleyball er ein idrett som passar for folk i alle aldrar og på alle nivå.
|