|
Skånevik Idrettslag
|
|
Etne KommuneV/Rådmannen, Ordføraren Komite Folk Gruppeleierane Skånevik 27.5.00
HØYRINGSUTTALE TIL SAK OM INNSPARING I ETNE KOMMUNE Skånevik Idrettslag (SIL) er på linje med andre lag og organisasjonar ikkje tatt med somhøyringsorgan. Lag og organisasjonar står for ein stor del av dei positive tilboda som innbyggjarane har i deira fritid. Vi finn difor dette noko merkeleg. Då Skånevik Idrettslag er den største frivillige organisasjonen i Skånevik og den nest største i Etne Kommune har vi eit stort ansvar for våre medlemmer og tillet oss difor å uttale oss. Skånevik Idrettslag har i dag ca 265 aktive medlemmer. Størsteparten av desse er born og unge. Vi meiner at det arbeidet som vert nedlagt i desse aktivitetane er så viktig for inn- byggjerane at vi som styret i laget ikkje kan tillate å redusere dette. Beskrivelse av aktivitetane og arbeidet ligg ved i notatet vi har sendt pressa. Vi har dei seinare åra satsa mykje på å auka tilboda til desse gruppene for å konkurera med dei negative tilboda som samfunnet vårt fløymer over av. Dette er ei langsiktig satsing som vi allereie har fått resultat av og som vi vil oppretthalde. Vi kan nevne at SIL no har aktivitet i Skånevik Idrettshall 5 dagar i veka i tillegg til kampar og samlingar i helgane. Vi har aktivitet for born frå 4 år og oppover. Det seier seg sjølv kva dugnadsinnsats som ligg bak. Nå må ein også hugse på at Idrett er i tillegg til være moro gjer ein oppbygging av fysikken (noko som byrjar å verte eit problem i vårt samfunn), gjer sosial trening i det å fungere saman med og forhalde seg til andre menneske (noko som byrjar å verte eit stort problem i vårt samfunn). Vi vågar difor å påstå at dette arbeidet er ei investering i vårt framtidige samfunn som i neste omgong vil gje innsparing på sosialbudsjetta. Skånevik Idrettslag har etter at vi bygde Skånevik Idrettshall utvida tilboda slik at desse nå er meir mangfaldig og også når fleire aldersgrupper. Samstundes er vi meir uavhengig av værtilhøva og kan difor drive aktivitet året rundt. SIL er, for å halde dagens tilbod, heilt avhengig av Skånevik Idrettshall. Utan Idrettshallen vil aktiviteten gå ned til eit minimum som kan drivast i sommarhalvåret. Vi tykkjer difor det er både skremande og korttenkt når ein føreslår å ta vekk all støtte til lag og organisasjonar og vil på det sterkaste gå imot dette. Skånevik Idrettslag har i år eit budsjett på nærare kr 500.000,-. Frå Etne Kommune har vi eit driftstilskot på kr 11.401,- (1999) Å ta vekk dette minimale tilskotet ser vi ingen meining i. Når det gjeld Skånevik Idrettshall og Skånevik Idrettslag`s
avhengighet av denne hallenkan vi sitere frå hallens årsmelding: Tvert imot trur vi at desse aktivitetane er dei som må byggjast ut i
nedgongstider forå gjera bygda vår attraktiv å slå seg ned i.
Dette er grunnlagsaktivitetar som må være på plass dersom dei
inntektsbringande arbeidsplassane skal skapast. Vi oppfordrar difor til å ta dette med born og unges oppvekstvilkår på alvor og sjå framover. Vi godtar (med føregåande argumentasjon) ikkje at Skånevik Idrettshall sitt driftstilskot vert verken redusert eller fjerna. Dersom dette skjer meiner vi det er "strutsepolitikk" på linje med å "pisse i buksa når det er kaldt" Med helsing Styret i Skånevik Idrettslag Vedlegg: Notat sendt pressa |
|
|