Verd eit besøk
Gjestgjevargarden
 
Restaurert trehus i Sørlandsstil frå byrjinga av 1800-talet.  Ope fredagar og laurdagar kl. 11.00 – 14.00.  Kafe med enkel servering.  Laurdagar i sommarferien gratis minikonsertar.  Huset inneheld elles eit lite museum.  


Norsk Motormuseum
 Blei stifta i 1986 og er eit dokumentarmuseum for norsk småbåtmotor-produksjon.  Ein del større motorer, som har spesiell verdi for Sunnhordlandsregionen, er også å finna i utstillinga til museet.
 I sesongen, midt juni – midt august er opningstiden: Tysdag – fredag kl. 11.00 – 16.00.  Laurdag 10.00 – 14.00 og søndag kl. 13.00 – 17.00.  

  Det tradisjonsrike Pedersens Motorverksted, som produserte Solid-motoren fram til 50-åra, vert montert komplett med maskiner og utstyr i utstillingshallene.  Pris vaksne kr. 25,-.


Galleri Jespersen
 Skiftande utstillingar med maleri, skulptur og grafikk av Knut Jespersen.
  
- Galleriet ligg like ved hovudvegen (Rv 48) mot Etne ca. 500m frå ferjekaien i Skånevik.

- Opningstider: Mandag til fredag: kl.10.00 - kl.13.00  Lørdag: kl.10.00 - kl.15.00  Søndag: stengt   Ein kan også avtala besøk i galleriet til andre tider.  Tlf. 53 75 55 29 eller 97 10 56 14  


House of Blues
 Vi har den einaste permanente livescenen for musikk og andre kulturopplevingar i Skånevik, Sunnhordlands perle.  Det einaste Houes of Blues i Noreg.  Her blir det konsertar året rundt, med mange tøffe artistar.  Ikkje berre innanfor blues - dei fleste sjangre vil bli representert.  I tillegg satsar vi på andre arrangementer som treng ein scene.  Det kan vera teater, foredrag, eller revyar.  Telefon 91 71 68 89.


Milje gard og Miljeseter 
  I samarbeid med Skånevik Fjordhotel vert det arrangert selskap i Hovudhuset med påfølgjande transport til Miljesæter.  Der er det høve til servering av middag med drikke.  Andre arrangement på Milje gård etter avtale på tlf. 53 75 53 44 eller Skånevik Fjordhotel  tlf. 53 77 07 00. Vi har laga ein film om Milje gard og gardsturisme i Skånevik.


Minnesmerke
 
Markerer eit minne om skipsforliset med "Folgefonden" i Skånevikfjorden den 22. august 1908 der 26 menneske omkom.  Ligg i kaiparken ved ferjeleiet i sentrum.  
  

Musikkpaviljongen i Doktorhagen
 
Musikkpaviljongen i Doktorhagen i Skånevik er reist av midlar frå bygdafolk og Lions Club, finansiert med midlar frå lotteri, innsamlingar og diverse arrangement.  Den blei innvia og levert over til Etne kommune som formell eigar den 3. juni 2000.  
Skåneviksamfunnet ønskjer seg mest mogeleg aktivitet i paviljongen og då dette er ein musikkpaviljong blir alle musikkrefter i nærområdet til Skånevik invitert til å dela si musikkglede med oss.  Vi ønskjer også at dei som kan bidra med anna underhaldning som kan passa for paviljongen tar kontakt.   Tlf. 53 75 54 34.

Smalhuset på Tjelflaat
  Opplev Smalhuset på ættegarden Tjelflaat frå 1650.  Gamal bondekultur.  Høve til overnatting.  Ligg ved inngongen til Vannes.  Engelsk og tysk tale.  Olav og Alice Tjelflaat 5593 Skånevik.  
Tlf. 53 75 51 43/41 30 56 40.


Gravfelt på Ebne, Skånevikstrand
 
Stort gravfelt nede ved sjøen, hauggraver og ei grav med 4 steinstøtter. Tlf  53 75 59 50 Informasjonstavle.  Bubilcamping.