Velkommen
til
House of Blues
Vi har den
einaste permanente livescenen for musikk og andre
kulturopplevingar i Skånevik, Sunnhordlands perle. Det
einaste House of Blues i Noreg. Her blir det konsertar
året rundt, med mange tøffe artistar. Ikkje berre innafor blues - dei fleste sjangre vil bli representert.
I tillegg satsar vi på andre arrangementer som treng ein
scene. Det kan vera teater, foredrag, eller revyar.

Knut Reiersrud på HOB under
Skånevik Bluesfestival 2010!
Dørene våre er
sjølvsagt opne for privatpersonar, men også bedrifter, lag og
organisasjonar vil vi retta oss mot, gjerne i samarbeid med
andre aktørar i Skånevik. Det blir matservering og vi har
alle skjenkerettar. Velkommen til uteservering på brygga
som vi ønskjer skal bli brukt ofte på solskinnsdagar. Sjå
fotballkampar
på vår flotte storskjerm!
Velkommen som
vår gjest ved
House of Blues!
Vi
samarbeider med Skånevik
Fjordhotel, Skånevik
Naturoppleving, Skånevik
Fjordresidens, Skånevik
Fjordsafari og fleire andre aktørar.
|
Vinterprogrammet er
klart
Fyrverkeriet Twang Gang varmar oss opp laurdag
11. februar.
Les
meir
Spelemannsprisvinnar og Blueskongen Reidar Larsen
kjem 10. mars.
Les
meir

Vestlandsfanden kjem onsdag før påske den 4. april
Les
meir

Du er vekommen til Påskejam påskeafta den 7.
april.

|