| Bygda
ved Skåneviksfjorden er omkransa av flott natur og har ca. 1000
innbyggjarar. Tettstaden er den nest største i Etne kommune. Skånevik har eit variert næringsliv der industri og
service står i sentrum. Kulturen har også ein viktig plass
med tre store, årlege arrangement: Skånevik
Bluesfestival, Torgdagane
og Jakt-, Fiske - og
Turdagane , som dei mest kjende. Vi har omsorgssenter,
helsesenter, Idrettshall, stadion med gras - og grusbane, ein godt
utstyrt b/u-skule i delvis nye lokaler, godt barnehagetilbod, kyrkje og eit flott hotell.

Utsikt frå Nes -
Skånevik, den vakre bygda ved fjord og fjell
Websida
Skånevik nett
gir inngåande kjennskap til bygda. I meir enn fem år er sida
blitt oppdatert med nyheiter og informasjon om næringsliv, kultur,
overnatting, reisemåtar og mykje anna. Her finn du også ein Turistinformasjon
på norsk, engelsk og tysk

I Skånevik
får du mange positive opplevingar - velkommen skal du vera!
|