Velkommen til kino i Skånevik Kultur - og idrettshall tysdag 7. februar kl. 18.00 Løvenes konge 3D og kl. 20.00 Mission: Impossible - Ghost Protocol!


Steinulf og Hans Olav har begge vore leiarar i Noregs Mållag
Mållaget får massiv sympati 
(03.02.12)
 
Grannar:  Noregs Mållag har fått over 700 ny medlemmar etter provokasjon frå Undervisningsdirektoratet. Kristin Halvorsen (SV) meiner at sidemålet må vike for hovudmålet og eit forsterka norskfag. Det nektar nynorskfolket å finne seg i.  Les meir

Har du historiske bilete frå Skånevik? (30.01.12)
 
Nils Lavik:  Er det nokon som har gamle, historiske bilete frå Skåneviksområdet liggjande i kjeller eller på loft? Alt ifrå perioden ca. 1850 til ca. 1960 kan vere av interesse. Dei skal brukast i samband med ljosbileteføredrag om Skåneviks industrielle/næringshistoriske utvikling, retta mot besøkande gjester i Galleri Brønnen i den gamle Toflefabrikken. Les meir

Bronse til Chris i NM (29.01.12)
  Chris Jespersen gikk ein sterk 3. etappe og fikk bronsemedalje på 3x10 km stafett i NM for Byåsen sitt 2. lag.  Byåsen 1. lag vant 15 sek. føre Leksvik som var 0,8 sek. føre Chris sitt lag.  Gratulerer Chris! Les meir i Grannar

Fin 8. - plass til Chris Jespersen (28.01.12)
 
Chris Jespersen gikk inn til ein flott 8. plass på 30 km Skiathlon under NM på ski på Voss.  I morgon går han for Byåsen IL - eit av favorittlaga på stafetten.  Resultatlista
Les meir i Haugesunds Avis og Grannar.
  
Møter miljøvernministeren om Fjæra
(24.01.12)
 
Grannar:  Onsdag dreg ordføraren, varaordføraren og tiltakshavar Marine Harvest til Oslo for å møte miljøvernminister Erik Solheim. Her vil delegasjonen argumentere for at departemnetet seier ja til eit stort setjefiskanlegg i Fjæra.  Med til hovudstaden blir også representantar frå administrasjonen. Hjå statsråden vil dei leggje vekt på næringspolitikken og kva anlegget vil bety for fjorden. Det blir òg fokus på miljø og det lokale engasjementet rundt saka. Les meir
 
Beth Hart klar for Skånevik Bluesfestival
(20.01.12)
 
Grannar:  For tredje gong på fire år, er Beth Hart og bandet hennar klare for Bluesfestival i Skånevik. Bluesgeneral Alf Warloe Christophersen, slapp nyhenda torsdag og responsen på at den populære artisten er på veg tilbake til Skånevik er svært positiv.  Beth Hart er ei dame som trekkjer fleire og fleire til konsertane sine i Noreg for kvart år som går. Les meir
 
Satsar på snøggbåttilbudet (19.01.12)
 
Siri Klokkerstuen:  Sunnhordland er rysta over fylkesrådmannen sitt framlegg om å leggje ned snøggbåten Stord - Bergen.  Nedlegging av båtruta Sunnhordland – Bergen er eit framlegg med store konsekvensar for dei som har lengst reisetid til Bergen i vårt fylke. Det er i dag og lagt opp til overgang til Kystbuss/Flaggrute på nokre avgangar. Alle overgangar fører til lengre reisetid for dei som frå før har lengst veg. Er det slik det skal utvikla seg vidare? Les meir

Vil oppretthalda Sunnhordlandsruta (18.01.12)
 
Grannar: 
Onsdag konkluderte Samferdselsutvalet i Hordaland samrøystest at ruta må oppretthaldast.  Forslaget til fylkesrådmannen om gjere Sunnhordlanansruta om til ei lokalrute og ikkje lenger køyre til Bergen frå Stord frå 2014, har satt sinna i kok i Sunnhordland..... Saka blir endeleg handsama i Fylkesutvalet 26. januar. Les meir

Skal Sunnhordland jagast til Rogaland? (18.01.12)
 
Hans Olav Tungesvik:  Mange av oss er forskrekka over framlegget frå fylkesrådmann Paul M. Nilsen om å leggja ned snøggbåtruta mellom Stord og Flesland/Bergen.  Me spør oss:  Kva er det han tenkjer på?   Skal me sunnhordlendingar jagast over til Rogaland?  Er ikkje fylkesrådmannen klar over at denne snøggbåtruta er sjølve livsnerven mellom  våre bygder og  fylkeshovudstaden vår og har vore det i langt meir enn 100 år?  Les meir

Vil leggja ned snøggbåtruta til Bergen (14.01.12)
 
Kvinnheringen: 
Fylkesrådmannen rår til at snøggbåtruta mellom Sunnhordland og Bergen blir lagt ned og erstatta med buss. – Heilt uakseptabelt, seier ordførar Synnøve Solbakken.  Fylkesmannen meiner at denne båtruta bør gjerast om til ei rein lokalrute i Sunnhordland, og at reisande bør velja buss mellom Stord og Bergen. Bakgrunnen er eit ynskje omn å spara pengar. Les meir og sjå opprop
 
Frivilligpris til Liv Tungesvik (11.01.12)
 
Eli Garvik:  Liv Tungesvik fekk Sunnhordland Prosti sin Frivilligpris i Nysæther kyrkje på Stord søndag 8.januar. Ho fekk han for trufast teneste i frivillig arbeid på så mange område. Speidararbeidet har på ein særleg måte stått hennar hjarte nær, og  i 55 år har ho vore leiar der, noko som er heilt unikt. Ho har også vore  medlem og leiar av Skånevik sokneråd gjennom 30 år, og har lagt ned eit utruleg stort arbeid for Skånevik kyrkjelyd, også som kyrkjetenar og klokkar.   Les meir

 
 Nokre av dei siste nyhenda

(04.01.12)   

Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordl.

(03.01.12)   

Vinterprogrammet til House of Blues

(29.12.11)   

Tryggare med ny gangveg i Skånevik

(22.12.11)   

Utbetring billegare enn tunnel

(19.12.11)   

Film om Skånevik Bluesfestival 2011

(12.12.11)   

Brev til Etne kommune frå Skåneviksspeidarane

(12.12.11)   

Leikeplassen i Doktorhagen

(11.12.11)   

Blei sjuk

Sida blei oppretta den 1. mars 2000 og oppdatert den 03.02.2012.

Besøk sidan 1. august 2010:
Hit Counter

Bruk Skånevik nett til å profilera din bedrift!
Ta kontakt for tilbod på presentasjonssider og annonser.
  
    
© Skånevik nett   

 

 

 

  


Siste gratisannonse:
Er det nokon som har gamle,
historiske bilete frå Skåneviksområdet liggjande i kjeller eller på loft?

Les meir
..............................

Velkommen til Skånevik nett - informasjonskanalen om Skånevik i Etne kommune!