Velkommen til Skånevik

 Bygda ved Skåneviksfjorden er omkransa av flott natur og har ca. 1000 innbyggjarar. Skånevik har eit variert næringsliv der industri og service står i sentrum.  Kulturen har også ein viktig plass med tre store, årlege arrangement - Jakt- fiske - og turdagane, Torgdagane og Skånevik Bluesfestival, som dei mest kjende. Vi har omsorgssenter, helsesenter, Idrettshall, stadion med gras - og grusbane, ein godt utstyrt b/u-skule i delvis nye lokaler, godt barnehagetilbod, nyoppussa kyrkje og eit flott hotell ( biletet ). 

  Vi ønskjer at Skånevik nett skal bli nytta av folk frå nær og fjern.  Her kan ein m.a. finna informasjon om overnatting, næringsliv, kultur og reise.  Vi har også lagt ut kart og samband til sider som har med Skånevik å gjera.  Verksemder og lag kan profilera seg etter nærare avtale.  Ta gjerne kontakt om dette.

  
Alle som ønskjer det kan skriva lesarinnlegg eller senda oss e-post.  Lesarinnlegga kan lesast av alle og dei kan vera til inspirasjon for vidare utvikling av bygda. Du kan sjølv bestemma kva som kjem med under nyhende ved å senda oss e-post.

  Bruk arrangementkalendaren aktivt.  Den skal hjelpa deg å finna ut kva som skjer i bygda og kommunen og vera ein hjelp ved planlegjing av arrangement.  Hugs å senda e-mail til Skånevik nett eller ring med ein gong når du veit om eit arrangement som ikkje står i kalendaren.  Gi opplysningar om type arrangement, arrangør, dato (og klokkeslett om det er bestemt ) og stad.  Bruk av kalendaren kan hindra at fleire arrangement som mange er interesserte i går føre seg samstundes. Hugs at internett kjenner ingen grenser, ved hjelp av Skånevik nett kan du fortelja alle som er tilkopla nettet om ditt arrangement.  Det er gratis å leggja inn opplysningar i kalendaren.  
Ein meir oppfattande presentasjon av arrangementet kan leggjast gratis inn under nyhende.

  Ved å registrera ditt navn og di e-postadresse kan du m. a. kanskje få ny kontakt med personar som det er lenge siden du har hatt kontakt med.  Bruk menyvalet E-postadresser aktivt.

  
Skånevik nett  står bak produksjonen av denne internettportalen.   Målet er å utvikla den kontinuerleg og etter kvart gi ein omfattande presentasjon av bygda på fleire språk.  Send e-post, eller ta kontakt med webansvarleg på annan måte, om du har forslag til informasjon som bør takast med, eller noko du ønskjer å diskutera.

Velkommen som brukar av Skånevik nett!

Ansvarleg for drift, layout og design: Skånevik nett Alf Ove Nilsen 
Skånevik nett er berre ansvarleg for innhaldet i eigenprodusert stoff.  Bedrifter, lag og organisasjonar og privatpersonar er ansvarleg for innhaldet i artiklar o.l. som dei har laga.  Nettstaden www.skaanevik.no kan bli lagt ned utan føregåande varsel.
 

Velkommen til Skånevik nett - informasjonskanalen om Skånevik i Etne kommune!