SKÅNEVIK IDRETTSLAG

Årsmelding frå hovudstyret

Hovedstyret har i 2000 hatt føljande samansetjing:
- Turid Straumsøy, leiar -   Irene Birkenes, kasserar -    Osvald Birkenes, skrivar -         Finn Ove Solberg, styremedlem - Dag Anders Hornenes/Janne Larsen  styremedlem

 Nokre av sakene dette året:

 1 - DRIFTA I LAGET

        Styret er svært fornøgde med aktiviteten i laget. Laget er svært aktivt og det er ikkje plass til meir aktivitet i hallen på vanlege vekedagar. Vi kan takke dei mange ildsjelene i laget for dette. Styret ser likevel mange spanande utfordringar i tida framover då det framleis er grupper som ikkje har fullgodt tilbod

2  - SPONSORAR

Vi har i året som er gått greid å auka sponsorinntektene monaleg, men er likevel   ikkje heilt nøgde med resultatet. Dagleg leiar har utarbeidd eit nytt konsept bygd opp som forskjellige "pakkar" som er selde.

I tillegg har SIL - handball ein 3-års avtale med Skånevik Ølen Kraftlag der SØK sponsar handballen med kr 10.000,- årleg. Dette er framleis eit område som styret vil prioritera.

  3 - DAGLEG LEIAR

 SIL leiger som kjent dagleg leiar/vaktmeister i 30% stilling frå Skånevik Idrettshall. Han har sagt opp stillinga si og sluttar frå 1.feb. 2001. Det betyr at laget no er utan leiar og styret tek dette opp i eiga sak (sjå sak 7)

4 - ÅR 2000 GÅVE FRÅ SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG

I mai mottok Skånevik Idrettslag gladmeldinga frå Skånevik Ølen Kraftlag om at det skulle delast ut år-2000 gåve til frivillege lag og organisasjonar. Dette utgjer for SIL`s del tot ca kr 130.000,-. For gåva har SØK lagt ymse føringar for bruk av pengane. SIL`s styrevedtak for bruk av pengane er lagt ved årsmeldinga for informasjon. SIL vil rette ei stor takk til Skånevik Ølen Kraftlag for denne gåva.

5 - ØKONOMI

Vi greier ikkje å komme på plussida i økonomien for år 2000. Laget har gjort forskjellige tiltak for å auke inntektsida;
-         Sponsorarbeidet er trappa opp (noko som har gjort ein del positivt utslag
-         Medlemslistene er under oppretting og uteståande medlemskontigen er under
  inndriving.
-         Kakelotteri er gjennomført
-         Vakthold ved Skånofestivalen er utført (noko som gav kr 20.000,- i kassa)
-         Gruppene har fått utarbeidd ei budsjettnorm som dei skal setje opp og halde seg
  innanfor.
-         Dagleg leiar vart vurdert permitert frå 1.1.01 (Oppsigelse frå 15.1.01 gjorde i
  midlertid dette uaktuelt)

For å komme på plussida vil styret foreslå ei anna ordning med hensyn til leiing av laget (sjå eiga sak).

Det siste ein ynskjer å gjere er å redusere den sportslege aktiviteten. Etne Kommune har redusert tilskotet til lag og organisasjonar med ca 10% samstundes som dei brukar dei same lag og organisasjonar som argument for det positive miljøet i kommunen tilliks med politiske parti. Idrettsanlegga som er Etne Kommune sin eigedom forfell pga dårleg økonomi i kommunen. Styret har engasjert seg i debatten både under budsjettdebatten i vår og også når kommunebudsjettet og økonomiplanen vart vedteke no i vinter

 6 - HANDBALL GRUPPE

Handballen har tatt seg opp meir og meir. Difor vart det i haust vedteke å skilje handballen ut frå trimgruppa og det vart difor vedteke  å danne eigen handballgruppe. Vi har no ein svært engasjert gjeng som styrer handballen.

7 - GUPPENE/TRENERAR OG TILLITSVALDE.

Dei andre gruppene har også i 2000 gjort ein kjempeinnsats for medlemmene. Saman med trenerar, oppmenn og andre tillitsvalde gjer desse ein flott jobb for å halde aktiviteten oppe for våre medlemmer.

  8 - BASAR, BINGO, SAL, UTLODDING.

Dei som har dreve desse aktivitetane fortener all den ros dei kan få. Dei legg ned eit kjempearbeid som gjer eit stort tilskot i kassen.

9 - FESTAR

Føljande festar er arrangert
-         Hjortafest
-         Fest for aldersbestemte klassar i fotball
-         Fest for handballjentene

10 - YMSE

To av æresmedlemmene våre: Stener Karlse og Leif Eikem står fortsatt på og fortener stor ros for det arbeidet dei legg ned for laget  

Skånevik  15.jan. 2001

             for hovedstyret

             Turid Straumsøy                                                             Osvald Birkenes

                    Leiar                                                                                Skrivar