|
Styreformann Leif Nergaard
Rieber & Søn ASA
Postboks 987
5808 BERGEN
VEDR. NEDLEGGING AV NORWAY
FOODS SI AVDELING I SKÅNEVIK
Eg viser til diverse artiklar
og intervju i Haugesunds Avis og lokalavisa Grannar, der det går fram
at Rieber & Søn har konkrete planar om å legge ned
sardinproduksjonen i Skånevik.
Bakgrunn
Bakgrunnen for nedlegginga er sviktande
sal. Etter det eg forstår er Norway Foods organisert slik at produksjon
og sal er skilt i ulike selskap. Dette vil sjølvsagt innebere at dersom
salet sviktar må umiddelbart produksjonen bera tapet.
Det er nokså påfallande at eit produkt som brisling i olivenolje, som
til dei grader er godt for helsa med tanke på hjerte og karsjukdomar,
ikkje skal la seg selje betre på verdsbasis enn det tilfelle er. Spørsmålet
som må stillast er om marknadsapparatet gjer eit godt nok arbeid ?
Arbeidarane i Skånevik har etter det eg kjenner til for første gong i
Norway Foods si historie gått utradisjonelt til verks og reist rundt og
informert om sitt produkt. At dette har positiv effekt er det ingen tvil
om.
Eg vil hevde at Norway Foods
sitt marknadsapparat gjennom åra på ingen måte har vert i førarsete
når det gjeld marknadsføring av produktet.
Kvifor satse på Norway
Foods i Skånevik
Fabrikken i Skånevik er Etne kommune sin største private
arbeidsplass. Ein hjørnesteinsbedrift i Skånevik. Fabrikken har lange
tradisjonar. Arbeidsmiljøet er godt, god moral og lågt sjukefråvær.
Faktisk er fabrikken i Skånevik referansebedrift for andre
fiskeribedrifter (sjukefråværprosjekt). Arbeidskrafta er stabil med
ein relativ låg gjennomsnittsalder. Desse nøkkelfaktorane som etter
det eg forstår ligg over tilsvarande faktorar for dei andre to
produksjonslokala, bør vege tungt når prioritering av nedlegging skal
gjennomførast.
Produksjonen i Skånevik er
lett omstillbar og kan produsere alt. Med den rekruttering på
arbeidskraft fabrikken har, vil det vere enkelt å produsere skift.
Sardiner er ”inn”. De tilsette har med stor entusiasme og godt
samarbeid med Rieber & Søn gitt produktet ein god reklame gjennom
den årlege bluesfestivalen i Skånevik. Fortener ikkje arbeidarar som
yter så mykje og til dei grader er full av idear ein ny sjanse for å
bevise at me i Skånevik er den beste i klassen ?
Det har kommet fram at geografiske forhold er eit problem. Dette er
berre tull. Sardinproduksjon er ein ressurskrevjande produksjon. Mange
tilsette pr. kilo produkt. Eg vil hevde at ein effektiv drift med stabil
arbeidskraft vil vege opp for dei eventuelle meirkostnader ei frakt frå
Skånevik vil innebere. Det å vere etablert ute i distriktet kan også
ha andre store fordeler. Skånevik sine innbyggjarar eig vannverket i
bygda. Skåneviksbuen er opptatt av at fabrikken skal utviklast vidare.
Kanskje er me villige å vere eit spleiselag ved å gi fabrikken
”gratis vannavgift” dersom det kan hjelpe ?
Mi vurdering er at fabrikken i Skånevik er ein fabrikk som går godt.
Den viktigaste faktoren som er arbeidskrafta plasser oss blant dei
beste. Dei tilsette er glad i arbeidsplassen og er villige til å gjere
alt for at produksjonen framleis skal oppretthaldast. Vidare framstår
fabrikken som eit godt anlegg og bør kunne nyttast i den vidare drift.
Eg håpar at Rieber & Søn
lar fabrikken leve vidare.
Skånevik, 10.10.00
Kristoffer Vannes
|