Klubben ved Norsk Lærarlag
Skånevik skule
5593 Skånevik
 

Rieber & Søn ASA
V/ Styreleiar Nergaard
Nøstegt. 58 Sentrum
5808 Bergen                                                                                Skånevik 28.09.00

 

 

Norway Foodsfabrikken i Skånevik må få leva

Vi som arbeider ved Skånevik skule er svært bekymra for konsekvensane av at Norway Foodsfabrikken i Skånevik vert nedlagd.  Skulen ser det som svært negativt for bygda om den største arbeidsplassen i kommunen forsvinn.  Fabrikken representerer ein stor ressurs i bygda og kommunen og vi meiner  Rieber & Søn i staden for nedlegging, bør finna ut korleis dei på ein positiv måte kan utnytta dette.  Dei tilsette ved fabrikken er dyktige og motiverte, brislingen finst i fjordane og King Oscar sardinar er eit sunt kvalitetsprodukt med eit svært godt rykte i Noreg og i utlandet.  Verda treng sardinar som er produsert i Noreg.

  Mange av elevane er nært knytte til Norway Foodsfabrikken ved at mor, far eller begge arbeider der.  For desse vil ei nedlegging vera ekstra vond.  Dei negative verknadene for Skånevik- og Etne samfunnet er openbare og vi vil appellera til Rieber & Søn sitt samfunnsansvar og be om at fabrikken i Skånevik får leva.  

I Skånevik har folk pågangsmot og visjonar.  Saman med Rieber & Søn kan vi arbeida for ei betre framtid for fabrikken og bygda vår. 

Helsing

Klubben ved Skånevik skule

Olaug B. Sævereid                                                               Reidar Leknes