|
Etne Kr.F. sitt syn på kultur- og idrettspolitikk Skånevik Nett sitt innspel av 28.02.01 om kultur- og idrettspolitikk vil me gjerne svara på. Me er heilt samde i at dette er eit svært viktig område i kommunalpolitikken, og me viser til at i Etne Kr.F. sitt program står det fylgjande: "Me vil styrkja det lokale kyrkje- og kulturlivet gjennom økonomiske tilskot og positiv tilretteleggjing." Dette vil vera vår retningslinje når det gjeld arbeidet med kultur- og idrettspolitiske spørsmål i tida framover. Og me synest det er meiningslaust at leiinga i Etne kommune ikkje har svara på 2 brev som Skånevik IL har sendt til kommunen. Me er kjende med at Idrettslaget og Idrettshallen har måtta avvikla ordninga med fast tilsett leiar, og det tykkjer me er svært leit. Me lovar at me gjennom vår kommunestyregruppe vil ha eit vake auga for kultur- og idrettspolitikken og ta opp relevante spørsmål som gjeld dette feltet. Me skal og gjennom Komite Folk be om at den politiske og adminstrative leiinga svarar på dei 2 brev som er sende frå Skånevik IL. Med vennleg helsing for Etne Kr.F. Hans Olav Tungesvik |