|
Til Rieber & Søn A/S, Boks 987, Sentrum5808 BERGEN Dette
blir for lettvint, Rieber & Søn. I
1908 etablerte Chr. Bjelland & Co sin sardinfabrikk i Skånevik.
Fabrikken gjennomlevde oppgangs- og nedgangstider fram gjennom det meste
av århundret. Omkring
1980 vart fabrikken i Skånevik – saman med dei andre overlevande
fabrikkane – overteken av konsernet Norway Foods A/S, som dreiv
fabrikken fram til 1996. Det var minst 2 tunge periodar i den tida
Norway Foods A/S eigde fabrikken. Noverande leiar i Etne Kr.F. – som
den tida var stortingsrepresentant – hadde tett kontakt med dåverande
konsern-eigar i Norway Foods, og kunne konstatera at konsern-leiinga
fann vegar ut av krisene og vidare livsgrunnlag for fabrikken i Skånevik,
jamvel om nokre andre og mindre anlegg laut nedleggjast. I
1996 overtok Rieber & Søn heile Norway Foods-konsernet, og Skånevikfabrikken
sitt 90-års jubileum vart feira med stor festivitas i 1998. Det vart då
frå konsernleiinga si side gjeve uttrykk for stor optimisme med tanke på
framtida. Fleire marknadsframstøytar var gjennomførte, og nye var på
trappene. Den plagsame forurensinga av hamnebassenget i Skånevik vart
fjerna gjennom ny metodikk, og ingen tvila på at investeringane på
fleire plan lova godt for framtida til fabrikken. Så
kjem då meldinga om det heilt utrulege i september 2000: Rieber & Søn
vurderer å leggja ned produksjonen i Skånevik! Marknaden gjev ikkje
rom for den produksjonen konsernet har på fabrikkane i Davanger,
Eikelandsosen og Skånevik. Skånevikanlegget må ofrast. Etter
den stemninga som rådde for berre 2 år sidan, er dette nærast uforståeleg. Fabrikken
i Skånevik har eksistert i over 92 år. Eigarane gjennom dei første 88
åra kjempa i med- og motgang, men dei gav ikkje opp trass i fleire
vanskelege periodar. Så
kjem altså nye eigarar inn i biletet, og etter å ha eigd anlegget i
1/23 - ein tjuetredjepart - av fabrikken si levetid, finn ein tida moden
til å konkludera med at anlegget ikkje er liv laga. Går
slikt an? Det
dreiar seg om eit konsern som har til føremål å satsa på næringsmiddelproduksjon
og som har omsetnad i hundremillionars-klassen. Kor blir det av
samfunnsansvaret for eit sårbart lokalsamfunn som har anlegget som si
hjørnesteinsbedrift? Etne
Kr.F. sin eintydige konklusjon er at her må det takast meir tid før
endelege konklusjonar blir dregne. Det er trass alt berre 2 år sidan
optimismen var på topp! Kva
vil skje om nye 2 år? Kanskje det då er grunnlag for ny optimisme. Me
veit at sardiner er eit særs helsesamt produkt. Kva om samfunnet kom
inn med tiltak som kan auka bruken, og då ut frå reint helsepolitiske
grunnar. Det er ingen utenkeleg tanke, og det skulle ikkje undra oss om
nettopp noko slikt vil kunna skje, med den sterke fokusering på
kosthald og helse som i dag skjer. Rieber
& Søn har etter vår meining vist eit hastverk som ikkje er i
samsvar med forventa samfunnsansvar. Vårt
råd er at konsernet no gjev seg sjølv nye 2 år utan å gjera
uopprettelege nedleggingsvedtak. Prøv heller å leva med ein svak
marknad og ein laber produksjon desse to åra. La heile samfunnet no bli
klår over korleis stoda er, og sjå om ikkje mangt kan endra seg innan
år 2002. Dette
er Etne Kr.F. sitt konkrete råd til konsernet. Det vil vera ein handlemåte
i samsvar med samfunnsøkonomiske vurderingar i tillegg til dei bedriftsøkonomiske.
Også Rieber & Søn er forplikta til å føreta begge typar
vurderingar. Skånevik,09.10.2000.
For
Etne Kristeleg Folkeparti Hans
Olav Tungesvik |