Kampreferat frå handball, Skånevik- j. 15

20.01.01, KOPERVIK – SKÅNEVIK, 10-9

Dette var ein kamp som ingen av laga ville tapa.

Kopervik gjekk ut i 100 frå start av, og kant og strekspelarane til Kopervik herja ei stund med forsvaret til Skånevik. Dei var på skuddhald gong på gong, men klarte ikkje å omsetta moglegheitene til  scoringar. Dei skota som ikkje gjekk i stolpen, redda Skånevik sin keeper Åse Hjelmervik meisterleg. Kampen var prega av at dette var eit prestisjeoppgjer og det vart etterkvart mykje ”tøft” spel frå begge laga. Dei to unge, urutinerte dommarane klarte ikkje å styra kampen, noko som førte til at det vart tillete mykje ”grisespel” som normalt hadde ført til både utvisningar og raude kort. Til pause sto det 4 – 4.

2 omgang starta i same dur som første og det gjekk heile 11 minutt før den første scoringa kom. Laga fylde kvarandre heile vegen, men tilslutt trekte Kopervik det lengste strået og vann kampen 10-9.

Toppscorar for Skånevik vart Helene Åsheim med 4 mål

 
21.01.01, SKJOLD – SKÅNEVIK,  7-19

Kampen på Tysværtunet starta jamt og laga følde kvarandre i ein omgang som ikkje var prega av det store tempoet. Til pause leda Skånevik 8 -, noko dei ikkje var nøgde med. I 2. omgang økte dei tempoet betrakteleg og Skjold fekk etterkvart problemer med å henga med. Skånevik fekk skikkeleg sving på strekspelet sitt og avstanden auka. Skånevik vann tilslutt 19-7.

Banens beste og toppscorar for Skånevik vart Kathrine Tungesvik.

 
04.02.01, SKÅNEVIK – RIVAL 2,  12-10

Det vart ein jamn og tett kamp mellom Skånevik og Rival2 i Skånevik idrettshall, sundag 04.02.01.

Laga fulgte kvarandre heile tida og til pause sto det 5-5.

I andre omgang auka tempoet til begge laga, noko som førte til eindel feilpasningar og rot frå begge laga i starten. Skånevik leia ei kort stund med to mål, men Rival tok dei att og det vart ein spanande slutt for dei vel 60 tilskodarane. Skånevik halte tilslutt i land ein 12-10 siger.

Carina Hornenes og Helene Åsheim vart toppscorarar med 4 mål kvar for Skånevik.

 

04.02.01, SKÅNEVIK – SAUDA 2,  26-8

Sauda 2 gjekk rett i angrep og tok føringa 1-0. Dette var i grunnen det me såg frå eit Sauda lag som var forhaldsvis svakare enn Skånevik.

Til pause var stillinga 10 – 4 i Skånevik sin favør.

2. omgong starta slik som 1. omgong slutta. Saudajentene vart til tider statistar på banen, og Skånevik vann tilslutt kampen heile 26-8.

Toppscorar for Skånevik vart Helene Åsheim med 8 mål.

Ref: Finn Ove Solberg