Les om dette
Årsmelding for soknerådet 2005
Jubileumsskriftet for Skånevik kyrkje
Bjarte Leithaug i Skånevik
4-åringane
Tripp Trapp Treff 
Søndagsskulen i Skånevik og på Molnes
Speidaren
Føremiddagstreff
Tilbod om skyss til Nettkaféen i Etne
Besøksteneste
Mandagskaffi
Alpha
Kyrkjeskyss
Nyttige adresser

Årsmelding 2006 for Soknerådet
  Les årsmeldinga for 2006.

Årsmelding 2005 for Soknerådet
  Les årsmeldinga for 2005.

Jubileumsskriftet for Skånevik kyrkje

  I år 2000 var det stor 100-års feiring for kyrkja i Skånevik. Det vart då laga eit flott jubileumsskrift der ein kan lesa både om den gamle og den nye kyrkja, om inventar og om kyrkjegarden. Eit kapittel tek for seg kyrkja under okkupasjonen, og me får greie på korleis kyrkjevegen arta seg for folk for 100 år sidan. Litt kan og lesast om prestane som har vore i Skånevik. Her er og mange bilete, eldre og nyare.
Prisen på Jubileumsskriftet er no sett ned frå 100 til 50 kr og kan kjøpast hos Baardsen i Skånevik, i kyrkja, på kyrkjekontoret i Etne og på Gjestgjevargarden i Skånevik.

Bjarte Leithaug til Skånevik
  12. februar blir det konsert med Bjarte Leithaug i kyrkja i Skånevik. Alle barn, små og store er velkomne til å vera med i koret som skal syngja saman med Bjarte Leithaug og barna hans.

Me samlast i kyrkja til øving kl. 14.30 og øver fram til konserten som tek til kl. 17.00. Ein pause med litt å styrkja seg på blir det og før konserten.

4-åringane
  1. søndag i advent får 4-åringane Barnas kyrkjebok. Då er det stor familiegudsteneste der også speidarane er med.  Før utdelinga vert barna inviterte til kyrkja ein lørdag til ”Bli kjent-dag”. Då får dei sjå seg om i kyrkja, studera utsikten frå preikestolen, prøvesitja orgelkrakken og tenna lys. Ei lita samling med bibelfortelling og nokre songar og ei kosestund med boller og brus høyrer også med.

Dei får innbyding til søndagsskulen og får høyra litt om korleis det er å gå der. Dette varer ca. ein time, og foreldra er velkomne til å vera med.

Tripp Trapp Treff
  Tripp  Trapp Treff er ein del av dåpsopplæringa i kyrkjelyden, og er eit tilbod til alle som er heime med små eller større barn om onsdagane.

Me samlast på Skånevik bedehus annakvar onsdag frå kl. 10.30 til kl. 12.00. Her syng me, får høyra ei forteljing frå Bibelen, et i lag og lagar noko fint.  Tripp  Trapp Treff  er ein fin stad  å komma saman med andre som er heime med barna på dagtid, og barna får treffa kvarandre og har det kjekt i lag.  Vanlegvis kjem det 25-35 barn og nesten like mange vaksne, men her er plass til fleire.  Ta med niste og kopp og bli med.

Det er og Tripp Trapp Treff på skulen i Fjæra og på skulen på Sævareid. Dag og klokkeslett er som i Skånevik.

Har du spørsmål som gjeld Tripp Trapp kan du kontakta Siri Eikemo lf. 53 75 55 27.
  

Søndagsskulen i Skånevik
  På søndagsmorgonane kan me observerast, strøymande mot Bedehuset. Der er så kjekt å vera at stadig fleire vil vera med. No vert bedehusloftet fullt og me må kanskje flytta ned.

Ca. kvar tredje søndag kl. halv elleve startar me med å syngja ”God morgon” sangen vår. Me syng i det heile mykje på søndagsskulen, gjerne med heile kroppen vår.

Så får me høyra spennande forteljingar frå Bibelen, og ofte høyra om kor glad Jesus er i barna. -Det er trygt for oss å vita.- Den vaksne som fortel viser oss forteljingane med flanellografbilete. Då er det lettare å følgja med og så hugsar me betre. Etterpå får me farga bilete, løysa kryssord, tippa 12 rette eller liknande. Kvar gong me er på søndagsskulen får me eit merke til å lima i frammøtekortet vårt. Så får me Barnas søndagsblad, og er me mange får me ei lita overrasking. Dei som vil, får ha ein vaksen med seg, så det er ganske mange vaksne på søndagsskulen.

Du er velkommen du også!  Helsing Skånevik søndagsskule v/ Aud Karin Leknes

Speidaren
 
Skånevikspeidarane held til på loftet på "Gamleskulen". Me har tilbod for småspeidarar (3.-4. klasse) og for storspeidarar (5.-10. klasse). Småspeidarane har møte annakvar onsdag frå 17.30-19.00, og storspeidarane dei andre onsdagane kl 17.30-19.15. For tida er me 18 småspeidarar, 8 storspeidarar og 5 leiarar.

På speidaren prøver me å vera mykje ute i naturen, og læra om den. Dessutan lærer me å samarbeida, hjelpa kvarandre, ta ansvar og klara oss i alle situasjonar. Valspråket vårt "Alltid beredt" seier litt om det. Me lærer dessutan om førstehjelp, lagar byggverk av trestokkar, padlar kano og mykje anna. Det er kjekt å vera speidar, berre kom å prøv!                                                       Frå speidarane sitt karneval onsdag 26. februar

Spørsmål? Ta kontakt med Kari Johansson, Tlf 97578186

Søndagsskulen på Molnes
  Om lag ein gong kvar månad er det søndagsskule på Molnes. Dei fleste barna i den aktuelle alderen møter opp og me har det kjekt saman. Me høyrer bibelforteljingar, syng, teiknar, gjer oppgåver, leikar og går på tur.

Me samlar inn pengar til Normisjon sitt arbeid i Mali der Gunn Marit og Gjermund Lygre (som har gått på søndagsskulen på Molnes) er misjonærar. Me får brev frå dei og har hatt dei på besøk når dei har vore heime i Norge.

Helsing Molnes søndagsskule v/ Annlaug Sævareid 
På Molnes er det og Yngres for dei som går i 5.klasse og oppover.

Føremiddagstreff
  Tre gonger vår og haust inviterer Skånevik Indremisjon og Skånevik sokneråd sitt diakoniutval til føremiddagstreff på bedehuset.

Her er det god mat, song, musikk, andakt og høve til å slå av ein prat. Tanken bak desse treffa er at me som er blitt godt vaksne, og kanskje kvir oss for å gå ut om kvelden skal få høva til å komma saman på dagtid. Frammøte syner at dette er eit populært tiltak, mellom 35 og 45 samlast kvar gong, men her plass til fleire.

Treng du skyss ring til Dagny Ness  tlf. 53 75 55 25   eller Else Berit Ness   tlf. 41 55 64 06.

Besøksteneste
  Dette er eit tilbod til deg som er mykje åleine.
Dersom du ynskjer besøk, kan du ta kontakt med ein av desse
Gunvor Langhelle tlf. 53 65 52 19  Bodil W. Skumsnes tlf. 53 75 53 23  Ingebjørg Rullestad tlf. 53 75 41 20

Mandagskaffi
  Kvar mandag mellom 11 og 13 er det ”ope hus” på Gjestgjevargarden. Dette samværet er ope for alle som ynskjer å komma saman til sosialt samvær, ein kopp kaffi og litt å”bita i”.  Vi håpar at du som elles kan synast det er vanskeleg å gå ut på noko, kan ta turen innom.

Dette tilbodet er eit samarbeid mellom soknerådet sitt diakoniutval og psykiatritenesta i kommunen  Har du spørsmål kan du ta kontakt med ein av dei står under Besøkstenesta.
  

Kyrkjeskyss
  Treng du skyss  for å komma deg til gudsteneste i Skånevik? Då kan du ta kontakt med Lars Ebne 53 75 59 58. Han har teke på seg å vera ”sentral”, og kan skaffa bil til dei som har bruk for det.

" Alle dei som tok imot Han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet Hans"

Nyttige telefon-nummer og adresser
  Prestekontoret i Skånevik : 902 07 421, kapellan Geirulf Grødem 
Kyrkjekont.  i Etne : 53 77 11 70, Fax: 53 77 11 73, Kyrkjeverje Harald Sirnes e-post
Sokneprest Jens Olav Mæland e-post.

Den norske kyrkja på Internett

Velkommen til Skånevik nett - informasjonskanalen om Skånevik i Etne kommune!