|
Skånevik Mållag |
Torsdag 7. desember kl. 19.00 kjem ekteparet Johanne og Arne Grimstad på vitjing. Dei er gamle kjenningar for alle i Skånevik som er noko over 50 år. Dei som er yngre vil hugsa han som barnetimeonkel og programleiar i NRK. Mange minnest med glede dei 4 åra familien Grimstad budde i Skånevik frå 1949 - 1953. Han var styrar på Skånevik Realskule og dei fikk fleire av borna sine medan dei var her. Arne Grimstad er kjend som ein utifrå dugande kåsør, og i kåseriet sitt vil han i poesi og prosa vandra gjennom landet og kanskje dvela ved Sunnhordland og Skånevik. Ekteparet er og gode songarar med fru Johanne ved pianoet. Dei vil saman stå for det meste av programmet denne kvelden. Me vil mellom anna få høyra eit par melodiar der Arne Grimstad har stått for teksten og Lars Christophersen for melodien. Me vil eta kveldsmat saman, og det sosiale fellesskapet vil bli ein viktig del av programmet. Det blir allsong og høve til å kjøpa bøker av Arne Grimstad og av Hans Olav Tungesvik og fleire. No vil kanskje somme tru at det ikkje er plass til så mange i stova på Gjestgjevargarden. Men me var mellom 40 og 50 i vår, og like mange vil me kunna husa denne gongen. Og ein treng ikkje vera medlem for å møta fram. Alle er velkomne. Skånevik
Mållag
|
|
|