Frå
gamalt vart posten langs Vestlandskysten send med båt. Det var gamle
jekter som var avhengige av ver og vind, og postgangen kunne derfor bli
svært ujamn.
Etter kvart vart det eit folkekrav å få meir faste,
regelmessige postruter. Skulle ein oppnå det, måtte
mesteparten av postføringa leggjast på land. Difor tok ein til å
byggja dei første postvegane og ein kan seia at Postverket var dei
første vegbyggjarane i Noreg. Dette vegarbeidet vart gjort
som plikt-arbeid.
Ein av desse vegane "Den
Stavangerske Hovedvei" frå Bergen til Stavanger - vart opna i
1785. Ein gong i veka gjekk det post kvar veg. Ein fast postførar
følgde posten heile vegen, og så var det postskyss langs ruta som
sytte for at posten vart transportert til neste stasjon. Postvegen over
Varleitet - mellom Skånevik og Etne er ein del av denne ruta, og det
lengste strekkja som ikkje er omarbeidd seinare
Poststasjonane låg på Flåto i Etne og
på Leknes i Skånevik. Bønder var utskrivne til skyssteneste
(postbønder). Dei hadde ikkje løn, men slapp militærteneste. Dersom
det var nødvendig skulle dei svara med livet for at posten skulle komma
fram!
Desse har vore postbønder i Etne:
Jon Olsson Gjerde (1764 - 1830), Bård Jakobsson Flåto (1751 - 1821),
Knut Helgesson Gjerde (1755 - 1821) Lars Sjursson Flåto (1781 -1867) og
Bård Larsson Flåto (1812 - 1902).
Bård Larsson Flåto var den siste
postbonden i Etne, og den første postopnaren då postopneriet i Etne
vart oppretta i 1845. Det var vanleg at postbøndene reid over
fjellet med posten saman med postføraren.
Postruta over fjellet vart nedlagt då vi
fekk faste dampbåtruter i 1866. I 1932 kom dei første postførande
bilrutene frå /til Haugesund.
|

Postvegen
er stipla på kartet

Robåtruta
frå Leknes til Ølfarnes

Parti
frå postvegen
|
|
Ein framifrå turveg
Postvegen er ein svært fin
tursti. Vegen er fast og fin. Nokre kneikar er det, dei er
ikkje særleg bratte. Frå Skånevik og Skånevik kan ein rekna at
det tar ca. 1,5 time å gå til det høgaste punktet Varleitet.
Herfrå kan ein gå innover mot Stødlehetta ( 776 m.o.h.) ellet utover
til Veten ( 634 m.o.h.): Frå desse hødene har ein eit framifrå
utsyn over Skånevik, Etne og heile Sunnhordland.
Kvart år vert Postvegmarsjen
arrangert i begynnelsen av juni.
|