REFERAT FRÅ

ÅRSMØTE SKÅNEVIK IDRETTSHALL

 

TID:            26.02.2001, kl 19:00 – 22:30

STAD:         Skånevik Idrettshall, kafeterian

Merknader til innkalling og sakliste:  Ingen.

 

1.         Alf W. Christophersen opna og leia møtet.

2.          Navneopprop over A- og B-andelar vart gjort av Alice K. Tjelflaat   Det møtte 
             10 A-andelar og 8 B-andelar.

3.         Valde til å skrive under årsmøteprotokollen: Turid Straumsøy og Marit Åsheim.       
            Årsmelding og rekneskap for 2000 og budsjett for 2001 vart delte ut.

  4.        Årsmelding for 2000:
             Årsmeldinga blei lest opp av Hildegunn Larsen.

  5.         Rekneskapen for 2000:   Rekneskapen vart lagt fram og Jan H. Jespersen leste 
             opp ein revisorrapport som   var lagt ved revisjonen av rekneskapen.

Representantskapet bad om at styret tar opp revisjonsrapporten med revisor, serleg m.o.t. avskriving av bygget/innventaret.  Rekneskapen for 2000 var samrøystes godkjent.

6.         Budsjett 2001:
            Budsjett for 2001 vart lagt fram av Jan H. Jespersen.

Merkande til budsjettet: Tala i budsjettet må vera så realistiske som mogleg, t.d. må storleiken på tilskotet frå Etne kommune samsvare med tala i kommunene sitt budsjett.

Budsjett for 2001 vart samrøystes godkjent.

 

7.          Innkomne forslag: 2 innkomne forslag:

Styret la fram følgjande forslag:

” 1. Etter at Asle Dahl slutta i stillinga som vaktmeister 50% og dagleg leiar 20%, frå 01.02.01, har me førebels denne løysinga:

·        Jan Ulrik er gått inn i timebasert vaktmeisterstilling etter avtala rutinar innan styret.

·        Hildegunn Larsen er gått inn i dagleg leiar stillinga (20%).

 

Me vil foreslå at  dette fungerer slik fram til 01.06.01 og at det etter den tid vert utlysing av begge stillingane for tiltredelse då.  

Vårt forslag går ut på at me innan den tid får prøvd ut stillingsbehovet. Etter vurderingar med tidlegare tilsatt, Asle Dahl, var hans konklusjon at vaktmeister- stillingsprosenten var for stor og daglegleiarprosenten for liten.

Me vil på det sterkaste fraråde at daglegleiarstillinga vert slått saman med styre-formannsvervet, då ein av erfaring ser at det er viktig at dagleg leiar har ein ansvarleg kontaktperson å forholde seg til for å kunne gjere ein jobb som tilfredstiller aller interesser.

  2. Styret vil foreslå at aktivitetsgruppa vert valgt på årsmøtet kvart år – kvar person for 2 år. Her vil me vidare forslå at halvparten av gruppa går ut neste år (5 personar), desse må då velgast nye. Aktivitetsgruppa må sjølv bestemme kven som skal gå ut.”

 

Valnemnda v/Kristoffer Vannes la fram følgjande forslag:

”Valnemnda er gjort kjend med at Hildegunn Larsen ikkje ynskjer gjenval som leiar i styret. Leiar i styret blir valt for eit år om gongen. Me er og kjend med at det i dag ikkje er tilsett dagleg leiar. Valnemnda har diskutert saka og har kome fram til at i eit slikt lite føretak bør styreleiar kunne kombinerast med rolla som styreleiar/dagleg leiar i 20% stilling (ein dag pr. veke). I ein slik situasjon som Skånevik Idrettshall no er bør dette vere ein tilstrekkeleg organisering av føretaket. Skånevik Idrettslag har gått inn på same form for organsiering.

Valnemnda legg hermed fram forslaget til vurdering. I fall representantskapet/årsmøtet samtykkjer, bør stillinga lysast ut i lokal pressa.

I tillegg la valnemnda v/Kristoffer Vannes fram eit munnleg forslag om at vakt- meisterstillinga bør vera på timebasis.

RØYSTING:

Pkt. vedk. vaktmeisterstillinga: Samrøystes vedtatt: Vaktmeistertilling på time- basis, skal i første omgang fungera slik til 01.06.01. Etter 01.06.01 blir stillinga lyst ut, framleis på timebasis.

Pkt. vedk. honorert styreformann/dagleg leiar og dagleg leiar i 20%  stilling fram til 01.06.01: 10 røyster for honorert styreformann/dagleg leiar i 20% stilling. (valnemnda sitt forslag)

8 røyster for dagleg leiar i 20 % stilling fram til 01.06.01. (styret sitt forslag)

Resultat av røysting: Honorert styreformann/dagleg leiar i 20% stilling.

Pkt. vedr. aktivitetsgruppa: Samrøystes vedtatt: Aktivitetsgruppa blir lagt under valnemda sitt ansvar frå årsmøte 2002. Styret får i oppdarg å leggje fram instruks for arbeidet i aktivitetsgruppa. 

8. Val:

Valnemda v/Kristoffer Vannes la fram følgjande forslag til styremedlemer m/varamedlemer: Alle vala vart samrøystes vedtatt.

           1. Styremedlem Jan H. Jespesen går ut: Nytt medlem Anne Marie Johansen
           inn (2 år) Dette forslaget vart trekt.

2. Styremedlem: Jan Ulrik Langhelle: Gjenval (2 år)

3. Varamedlem: Aud Kristen Larsen: Gjenval ( 2 år)

Kontrollmenda:

Lars Christophersen:            Gjenval

Leif Eikemo:                        Gjenval

Styret i representantskapet:            Ordførar Alv W. Christophersen (1 år)

                                                Varaordforar: Reidun Tungesvik (1 år)

                                                Skrivar: Alice K. Tjelflaat (1 år)

Valnemd:

Valde:

Tove Christphersen ( 1 år igjen)

Kristoffer Vannes ( 1 år igjen)

Linda Bøthun ( 1 år igjen)

Ole Harry Sandvoll (ny 2 år)

På grunn av den situasjonen som oppstod, at Hildegunn Larsen fortsetter i styret i eit år som styremedlem, men ikkje som styreleiar,  vart pkt.1 i forslaget frå valnemnda trekt.

  Det må kallast inn til eit ekstraordinært årsmøte, dato for dette møtet vart ikkje fastsett.

 Valnemnda må til dette ekstraordinære årsmøte leggja fram forslag til ny honorert styreleiar og  forslag til eit medlem til valnemda.

Skånevik 28.02.2001

Alice K. Tjelflaat                                    Marit Åsheim             Turid Straumsøy

Skrivar