|
Sjukeheimsplasser i Skånevik!
Me er nok mange i Skånevik som fekk
"hakeslepp" etter å ha lese Grannar 290101, om
at sjukeheimsplassene ikkje lenger ville verte prioritert. Dette
er det fleire skriftlege og muntlege vedtak på i kommunen dei
siste 12 åra. Sjukeheimsplassene er
viktige for alle. For familiar med sterkt handicappa born, som kan
komme til å trenge avlastning og hjelp. Og i heimar der alvorleg
sjukdom, gjer at pasienten treng så mykje hjelp, at dei kkje
kan stellast heime.
Viktig er og plassane for pasientar
som vert utskrevne frå sjukehuset, men er for svake, og treng hjelp ei
tid før dei kan komme heim. Dette trur eg me vil erfare vil verte
meir vanleg i framtida, då sjukehusa snarare skriv ut pasientar no.
For eldre, som har budd i Skånevik i all si tid, og
ønsker å leve her til dei døyr, er det trist å måtte flytte ifrå
bygda, pga Skånevik Omsorgsenter (Aldersheimen) ikkje har
sjukeheimsplasser. For ikkje å snakke
om pårørande til dei eldre, som skal måtte reise for å vitje sine.
Og dess eldre ein vert, dess større vert suta
med det.
Det er mange som argumenterer med det
at det ikkje er langt til Etne, men me har nå "heimen" vår,
og ønsker å bruke den fullt ut. Skånervik
aldersheim vart bygd på dugnad i si tid, som idrettshallen vår. Difor
har folk i Skånevik sterke band til bygget.
Skånevik er på mange måtar eit "lukka"
samfunn i vinterhalvåret, på godt og vondt. Mykje kan me vere
uenige i, men at "heimen" skal byggjast ut med
sjukeheimsplasser, ja, det er ikkje mange uenige i!
Me har difor ein underskrifts-kampanje
i bygda, som viser "litt" om kor viktig det er for
folket i Skånevik, at politikerane stemmer Rådmannen
sitt forslag ned : I høve det å byggje ut 6 sjukeheimsplasser
v. Etne sjukeheim, før ein byggjer sjukeheimsplasser
i Skånevik.
Godt valg!.
Margaret Bull-Tornøe |