Skånevik Kvinne- og Familielag fyller 75 år

 
I november 2000 rundar Skånevik Kvinne- og Familielag (tidlegare Skånevik Husmorlag) 75 år.

Laget er eit av dei eldste i Sunnhordland.  Laget har i alle år arbeidd for å støtta opp om alt som er til gagn for heim og samfunn - først og fremst i vår eiga bygd,  t.d. folkebad, husmorvikarordning, barnehage, Idrettshallen m.m.m.

Jubileet blir feira med stor fest på
Skånevik Fjordhotell fredag 24.november kl. 19.00.
  Forbundsleiar Elisabeth rusdal kjem og held festtalen.
Det er invitert gjester frå våre naboar Kvinne- og Familielaga i Etne, Ølen og Utåker i tillegg til at mange av bygdas eigne kvinner kjem.