Skånevik Ungdom

 Skånevik Ungdom er nå blitt eit lag/ei gruppe. Vi har valgt et styre som består av:  Formann, Nestformann, Skrivar, Kasserar, Styremedl. og 2 varamedl.   Til nå er vi 22 ungdommar som er interesserte i å vera med.

  Vi er fortsatt usikre på kva retning denne gruppa skal ta. Først og fremst er vi berre einige om at vi skal samlast til møter for å vere sosiale, diskutere tema som opptar oss og selvfølgelig spre positiv holdning om Skånevik.

  Vi startar mjukt og håpar folk i Skånevik kjem til oss om det er noko vi kan bidra med. Med dette meiner vi for eksempel dugnadsarbeid til ei god sak, som er med å gjere Skånevik meir attraktiv for busette og turistar: gjestebrygge, leikepark i doktorhagen osv. Vi satsar og på å holde ungdomane meir samla med dette.

  Vi er opptatt av at vi treng attraktive bustadtomter, og selvfølgelig tilgong til arbeidsplassar. Dette er noko vi ønsker å holde oss oppdaterte om og spre vidare til aktuelle. Andre aktivitetar eller tema som angår Skånevik er sjølvsagt og interessante.

  Vi er mange ungdomar i Skånevik, men vi må vise oss samla, slik at vi blir sett og høyrt. Med dette håpar vi, at vi skal ha litt innflytelse på avgjersler som blir tatt om bygda vår. Det er sjølvsagt plass til fleire i Skånevik ungdom, så er du ein/(føler deg som ein), då er du hjarteleg velkommen, enten du bur her eller om du ynskjer å flytta tilbake.

Helsing styret i Skånevik ungdom:

Formann:      Evelyn Bøthun  tlf.53754709
Nest Form.:    Ørjan Tveiten
Skrivar:         Janne Sævareid
Kasserar:       Randi Marie Vannes
Styremedl:     Per Jarle Sævareid
1.Varamedl: 
  Elisabeth Bøthun
2.Varamedl:    Petter Taraldsøy

Sendt til: Ordførar Amund Enge, Skånevik Nett, Skv. Handelstand og Skv. Vekst.