Slutt ved Norway Foods – leve Skånevik!

            Etter 93 år med drift ved sardinfabrikken i Skånevik vert dørene stengt i dag 30. mars 2001.  Avviklinga av sardinproduksjonen i Skånevik er eit resultat av Rieber & Søn sitt krav om mest mogeleg forteneste.  63 personar mister jobben og kommunens sin største arbeidsplass vert lagt ned med dei mange negative verknadane for lokalsamfunnet som dette fører med seg.  Dette skjer samstundes som alle rapportar og prognosar peiker på at produksjon av sjømat er svært viktig for landet i dag og i framtida.  Brisling er eit helsekostprodukt som vert fanga i vestlandsfjordane, men Norway Foods vil truleg helst produsera dette i Polen. For Skånevik blei det ei negativ røynsle å vera ein del av eit internasjonalt konsern.  Svært mykje kan produserast i utlandet til ein billigare penge, med det er berre eigarane av bedrifta som tener på det.  Ikkje våre lokalsamfunn som har vore med på å bygd opp verksemder som Norway Foods. Arbeidarane ved fabrikken, skåneviksamfunnet, sentrale og lokale politikarar og andre har engasjert seg sterkt i kampen for å bevara fabrikken.  Mange konkrete forslag om korleis ein kan betra produksjonen, marknadsføringa og salet har komme på bordet, men leiinga i Norway Foods ville ikkje ein gong prøva noko av dette. Dette har mange venner av skåneviksamfunnet  svært vanskeleg for å svelgja – at eigaren ikkje hadde tid til å prøva noko nytt for å berga fabrikken i bygda vår.  – Dette var mitt siste ord om nedlegginga av Norway Foodsfabrikken i Skånevik.

Skånevik er ei bygd med mange mogelegheiter. – Vi har mange veldrivne verksemder med gode arbeidsplassar, ein god del service- og handelsbedrifter, eit flott hotell, eit aktivt kultur – og kristenliv og ein strålande natur med høve til mange aktivitetar.  I tillegg har vi eit bra offentleg tilbod med omsorgssenter, helsestasjon, ein flott kyrkje, godt utstyrt og delvis ny skule, idrettshall med miniatyrskytebane og stadion med grus – og grasbane og eit godt barnehagetilbod. Det er mange gode grunnar til å bu i Skånevik. Her er nokre tankar som eg har gjort meg om Sunnhordlands Perle.

Skånevik er kjent for å vera ein av dei finaste små tettstadane på vestlandet:  Hovudgata i sentrum er svært vakker med ein vellukka kombinasjon av gamle og nye hus.   Naturen er ein fin kombinasjon av fjord og fjell, der ein har rike høve til båtturar, fiske og fjellturar.  Få bygder i landet kan visa til så mange vakre prospektkort som Skånevik.  Mange turistar kjem her kvart år frå fjern og nær.  Skånevik Fjordhotel, andre overnattingsstader og butikkane kan skriva under på det.  Turismen er viktig for Skånevik og Etne kommune og det betyr mykje at alle som bur her held fram med å visa at dei som kjem på besøk er velkomne.  Vi bør utvikla turismen, satsa meir på marknadsføring og betra tenestetilbodet for dei som er gjester i bygda.  Turistinformasjon med tilsette som snakkar flytande engelsk og tysk, fine brosjyrar, informasjon på Internett og språkkurs for dei som kjem i kontakt med turistane bør vera prioriterte område i denne samanhengen.  Det er også viktig å leggja forholda betre til rette for båtturistar og dei som vil gå på merka stiar i fjellet eller andre stader.  Overnattingsstadene bør samarbeida med Skånevik Idrettshall og Skånevik Idrettslag for utlån av  hallen og stadion til tennis, badminton, fotball og anna rekreasjon.  Galleri Jespersen, Amland sin eksotiske hage og Norsk Motormuseum må marknadsførast i større grad.

Kulturen står sterkt i Skånevik.  Dei fleste i bygda er nært knytta til dei mange laga og organisasjonane ein finn her.  På mange måtar opplever ein at kulturaktivitetane er limet som bind oss saman i eit trygt og godt bygdesamfunn.  Oppveksten blir meir meiningsfull på slike stader.  Vi tar vare på og lærer av kvarandre, føler sosial tilknyting og opplever ting saman. Aktivitetane er til dømes innan idrett/trim, musikk, kristenliv, ungdomsarbeid eller speidaren og alle kan delta utifrå eigne føresetnader.  Dei som har talent og vil satsa mykje får eit godt grunnlag i Skånevik.  Elitedivisjonsspelarane i fotball Ellinor Grønfur, Dag Petter Christophersen og Thormod Ness fikk grunnopplæringa i Skånevik Idrettslag.  Det same fikk eit av dei største skitalenta i landet: Chris Jespersen.  Musikaren Helene Halleland kjem frå bygda vår.  Biletkunstnaren Knut Jespersen bur og lagar sine kunstverk her.  Eg veit at verksemdene i bygda ser på eit rikt kulturliv som ein av føresetnadene for å få tak i fagfolk utanfrå.   

Skåneviksamfunnet bør utvikla kulturlivet enno meir.  Skånevik Bluesfestival har etter berre 4 år begynt å bli ganske kjent og arrangementet har truleg eit stort utviklingspotensial.   Skånevik Idrettshall rommar handballbane med 4 garderobar, klatrevegg, vektrom, miniatyrskytebane og kafeteria med stort kjøkken.  Rett ved sidan av ligg Skånevik stadion med gras - og grusbane.  Lag og organisasjonar har her høve til, gjerne i samarbeid med næringslivet, å arrangera  kurs, konsertar, festivalar, turneringar og treningsleirar.  Sjølv om dette til ein viss grad blir gjort i dag bør ein utvikla idear og auka omfanget monaleg. 

Næringslivet er med sine arbeidsplassar og si tenesteyting grunnpilarane i samfunnet vårt.  Bedriftene i Skånevik er prega av dyktige fagfolk og framsynte leiarar som stort sett forstår kor viktig det er å nytta informasjons- og kommunikasjonsteknologi som hjelpemiddel i produksjonen, i kommunikasjonen med kundar og andre bedrifter, i marknadsføringa og i salsprosessen.  Dei veit at det i den harde konkurransen innan næringslivet ikkje nyttar å bruka «verkty frå i går».   På same måte som mange verksemder i Ølen bør også bedriftene i vår kommune danna eit selskap som skal fremja bruken av IKT i lokalsamfunnet.  Stiftinga   E 134 har som mål å auka kompetansen i IKT og gi grunnlag for vekst i lokalmiljøet.  Namnet inviterer til samarbeid med nabokommunane – ein hanske som Etne kommune og Skånevik snarast må plukka opp.

 Det må arbeidast hardare for at fleire unge blir buande i Skånevik.  I dag tar vel 90% av dei som går ut av ungdomsskulen eit fagbrev eller høgskule–/universitetsutdanning.  Mange bygder, mellom dei Skånevik, har altfor få arbeidsplassar til desse ungdommane. Særleg dei med høgare utdanning har få jobbar å velja mellom.  Dei eksisterande verksemdene må saman med kommunen leggja tilhøva til rette for at dei unge slår seg ned og etablerer seg i bygda.  Alle som ønskjer å starta si eiga bedrift må takast imot, hjelpast og inspirerast på beste måte.  Nesten alle verksemder har starta i det små og det er småbedriftene som er grunnstammen i næringslivet i landet vårt.  Ein kan ikkje vedta at ei verksemd skal gå godt – det er hardt arbeid og god innsikt i korleis ein bedrift skal drivast som fører til suksess.  Det er også viktig med lokal kapital og engasjement når ein skal etablera ei verksemd. Uttrykk for lita tru nye prosjekt og misunning når det går bra, er berre øydeleggjande for eit lite bygdesamfunn.  Skånevik og Etne kommune bør også utnytta dei mogelegheitene som Statsråd Grete Knudsen skisserer i sitt svar til John Dale då han tok opp nedlegginga av fabrikken i Skånevik i spørjetimen i Stortinget den 6. oktober i fjor.  Nærings- og handelsministeren uttaler m.a. at kommunen bør søkja om omstillingsmidlar i samarbeid med Stord og Fitjar.

Dei svake signala om at kommunen bør vurdera om ein har råd til å bruka Skånevik Idrettshall og om ein skal leggja ned u-trinnet ved Skånevik skule, trur eg ein kan ta heilt med ro.  Eg er ganske sikker på at dei øvste administrative leiarane i Etne kommune og alle politikarar etter kvart har forstått at det vil bli altfor dyrt for kommunen å gjera alvor av dette.  Eit enkelt reknestykke vil visa at det vil bli dyrare for kommunen å bruka den gamle gymnastikksalen ved skulen i staden for idrettshallen og at det vil vera altfor dyrt og ressursøydane å leggja ned den flotte ungdomstrinnavdelinga ved skulen vår.  Skånevik skule skal ha ungdomstrinn og bruka idrettshallen til kroppsøvingsundervisning også i framtida. 

Skånevik har mykje å tilby både dei fastbuande og dei som kjem på besøk. Vi har eit stort engasjement og er innstilt på å stå på for å halda oppe ei lys levande bygd.  Gi dine born ein trygg oppvekst – bu på ein triveleg plass med mange mogelegheiter - slå deg ned i Skånevik.  

Alf Ove Nilsen