|
Bakgrunn: Eg viser til brev dagsett
27.9.2000 som stortingsrepresentant Ingebrigt S. Sørfonn sende Næringsministeren
om Norway Foods AS sitt konkrete framlegg om å leggja ned verksemda ved
sardinfabrikken selskapet driv i Skånevik i Hordaland. Av brevet går
alvorsgraden i situasjonen for lokalsamfunnet Skånevik, Etne kommune og
Sunnhordlandsregionen fram. Det handlar om knapt 70
industriarbeidsplassar, dei fleste besett av kvinner. Alternativet kan
vurdert reint bedriftsøkonomisk på litt sikt vera gradvis flytting av
noko eller alt produksjonsvolum til Polen, der selskapet allereie har
etablert sardinproduksjon. Det offentlege har ytt støtte til denne
verksemda i vanskelege situasjonar tidlegare, og verksemda har etter det
kunna halda fram med gode resultat. Etter mitt syn krev slike handslag
frå samfunnet at eigaren er seg bevisst eit samfunnsansvar. Ein bør no
få tid til å vurdera heile situasjonen, eventuelle offentlege
engasjement, eventuelle nye eigarar og eventuell alternativ produksjon. Dette er ei sak der alle
interesser, på tvers av partipolitiske skiljeliner, bør samlast. Eg
oppmodar derfor Næringsministeren om å ha kontakt med eigaren for i første
omgang å bidra til at eit nedleggingsvedtak ikkje blir fatta i komande
veke. På lengre sikt ber eg Næringministeren sterkt vurdera korleis
det offentlege verkemiddelapparatet kan bidra til å leggja tilhøva til
rette for vidare lønsam produksjon i Skånevik og dei to andre stadene
i Hordaland der Norway Foods AS driv sardinanlegg i dag. På denne bakgrunnen vil eg
stilla følgjande spørsmål til Næringsministeren: Hjørnesteinsbedrifta Norway
Foods AS i Skånevik står i fare for å bli nedlagd. Bedrifta
representerer 70 arbeidsplassar i eit bygdesamfunn med under 1000
innbyggjarar. Det er no viktig å samla krefter på tvers av politiske
parti. Kva for verkemiddel ser Næringsministeren tilgjengeleg m.a. i
det offentlege verkemiddelapparatet for samarbeid med private
eigarinteresser om å bidra til vidare lønsam næringsmiddelproduksjon
i åra framover ved fabrikkanlegget i Skånevik? |