Volleyballhelg på Husnes

Helga 10.-11. februar var det seriehelg på Husnes og 67 lag spela over 190 kampar frå tidleg om morgonen til seint på kveld. For første gang nokon sinne stilte Skånevik IL med yngre lag i seriespel.

Skånevik har sidan i haust hatt treningar for ungdom i 8.-10 klasse. Målet har heile tida vore å delta på Husnes denne helga. Laurdag morgon reiste 18 spelarar fordelt på laga gutar-15, gutar-13 og jenter-13. I tillegg til å spela volleyball var det moglegheit for å bli kjend med andre ungdom og om kvelden var det diskotek. Overnattinga fann stad på flatseng på Husnes ungdomsskule.

Gutar-15 stilte med følgjande lag: Sølve Funderud, Jonny Funderud, Jarle Hus, Siv Helen Hus, Leif Arne Flåte, Eirik Lygre og Haldor Tungesvik. Dei spela fem kampar i 2. divisjon og vann ein av desse. Fleire av dei andre kampane var svært jamne og det var berre små marginar som skilde siger i frå tap.

Jenter-13 stilte med dette laget: Margit P. Tvedt, Margunn Lygre, Erika Leknes, Hilde Johnsen, Malin Haukland, Marit Birkenes og Kjerstin Eriksen. Dei spela seks kampar i si pulje og vann to av desse. I nesten alle sett hadde Skånevik over 20 poeng når motstandaren nådde 25, og dette vitnar om mange jamne kampar også her.

Gutar-13  hadde følgjande lag: Arve Ribesen, Bård Henrik Hereide, Frode Johansen
og Roberto Ojeda. Dette laget vann alle sine kampar i innleiande gruppespel. I sluttspelet 
der dei to beste laga frå kva pulje spela mot kvarandre vann dei to kampar og tapte den 
siste og avgjerande mot vinnaren Halsnøy. Dermed vart det sølv til Skånevik og stor jubel!

  

Laga var flinke til å heia på kvarandre, særleg jentene. Det var ikkje mange på Husnes 
som ikkje kan ha lagt merke til dei flotte heiaropa dei hadde laga for anledningen. 
Det er heller ingen tvil om at helga på Husnes gav meirsmak, for allereie på heimvegen 
vart det spørsmål om me ikkje kunne reisa på neste seriehelg….

Volleyballgr. i Skånevik IL

Tabellar og resultat frå Hordaland Volleyballkrets yngre serierunde nr.3 på 
Husnes 10-11. februar:

  2.div. gutar 15:

Skånevik sitt lag: Sølve Funderud, Jonny Funderud, Jarle Hus, Siv Helen Hus, Leif Arne Flåte, Eirik Lygre og Haldor Tungesvik.

                        Skånevik                      2-0   25-20 25-21
Skånevik            Marik./Nyborg 2         2-0   25-18 25-23
Gneist            -      Skånevik                       2-1   23-25 25-15 15-12
Skånevik       -      Marikol./Nyborg          0-2   19-25 16-25
Skånevik       -       Søre Neset                    1-2   14-25 25-23 12-15

                                                      K   V   T 

1 Marikol./Nyborg     5    5    0      10-0   250-166  10


2 Rå                               5    4    1       8-4    260-230   8


3 Gneist                         5    3    2       7-6    251-248   6


4 Søre Neset                 5    2    3       4-8    244-258   4


5 Skånevik                    5    1    4       4-8    229-267   2


 6 Marik./Nyborg 2      5    0    5       3-10   221-286  0



Jenter 13 avd.B:
Skånevik sitt lag: Margit P. Tvedt, Margunn Lygre, Erika Leknes, 
Hilde Johnsen, Malin Haukland, Marit Birkenes og Kjerstin Eriksen.

Strand/Ulv    -             Skånevik         2-1   25-20  9-25 15- 9
Sveio 2         -             Skånevik           0-2   12-25  7-25
Skånevik      -             Matre                 1-2   14-25 25-15  6-25
Skånevik      -             Halsnøy             0-2   21-25 26-28
Bømlo          -             Skånevik              0-2   21-25 24-26 
Skånevik      -           Trio 2                     1-2   23-25 25-23 13-15

                                       
                                                  K   V   T 

1 Halsnøy                      6    6    0     12-0    303-186  12


2 Matre                        6    5    1     10-5    318-223  10


3 Bømlo                         6    3    3      7-6    286-237    6


4 Trio 2                        6    3    3      7-8    269-305    6


5 Skånevik                      6    2    4      7-8    308-294    4


6 Strand/Ulv                    6    2    4      5-9    265-267    4


 7 Sveio 2                       6    0    6     0-12    63-300     0



Gutar 13 avd.B:


Skånevik sitt lag: Arve Ribesen, Bård Henrik Hereide, Frode Johansen 
og Roberto Ojeda.

Skånevik        -                       Matre                      2-0   25-10 25- 9


Skånevik        -                       Lyderhorn              2-0   25-12 25-18


Sveio              -                       Skånevik                0-2   19-25 22-25


KFUM/Ølen   -    Skånevik     0-29-25 17-25


 

                                                      K   V   T 

1 Skånevik                          4    4    0     8-0    200-116  8


2 Lyderhorn                        4    3    1     6-3    190-171  6


 3 KFUM/Ølen                     4    2    2     4-6    190-211  4


 4 Sveio                                 4    1    3     3-7    195-210  2


 5 Matre                                 4    0    4     3-8    170-237  0

 

Sluttspel:




Strand/Ulv      - Skånevik                 0-2   20-25 18-25


Skånevik        - Lyderhorn                2-1   25-22 23-25 15- 9


Skånevik- Halsnøy0-2   15-25 13-25



                                                      K   V   T 


 1 Halsnøy                           3    3    0     6-0    151-98   6                


2 Skånevik                          3    2    1     4-3    141-144  4      Sølv!


 3 Strand/Ulv                       3    1    2     2-4    121-145  2


 4 Lyderhorn                       3    0    3        1-6    139-165