| Det
er svært bra at Skånevik IL igjen har fått eit A-lag i
fotball. Første heimekampen mot Karmsund den 15.
mai enda med eit svært ufortent 1-2 tap, men likevel
kunne ein denne fine maikvelden føla den gode stemninga
på Skånevik stadion. Folk i bygda er glade for at
A-laget er klar til dyst og at Stener er tilbake i salsbua.
Vi gler oss til neste heimekamp og oppfordrar det lokale
næringslivet til å inngå ein sponsoravtale med A-laget.
Vi vil prøva å laga
referat frå dei fleste kampane:
Knut
Ness ( 11.10.08
)
Uavgjort 5-5 i siste seriekampen.Det
var Trott 3 som starta best på grusbanen i Skånevik. Dei
spelte godt i lag, og leia 3-1 til pause. I andre omgang
styrka Skånevik laget, og etter kvart var det dei som stod
for det beste spelet. Kjel Larsen og Erling Åsheim er gode
teknisk på små flater, og Skånevik gjekk etter kvart opp til
5-3. Kampen såg ut til å vera avgjort, men Trott var
effektive på sjansane dei fekk, og kampen enda 5-5. Det mest
gledelege var at Skånevik i andre omgang spelte godt på
motstandaren sin banehalvdel, god kampånd, junioren Martin
Løhaugen sine to fine mål, og den bitte litt eldre Svein
Helge Ytrenes sitt tigersprang på eit Trott skot. Han var og
god og sikker i feltet. Nå avsluttast sesongen med kampar
om KM i 7.divisjon mot dei to andre puljevinnarane,
Midtbygene 2 og Sandnes-Ulf 4.
Knut
Ness ( 05.10.08
)
Etter tre
år utan A-lag, vann Skånevik 7. divisjon i oppstartsesongen.
Opprykket vart klart etter den fine 7-0 sigeren over den
hardaste konkurrenten, Fitjar 2. I første omgang fekk me
kanskje årsbeste av heimelaget. Det var godt tempo,
samspelet fungerte, og det vart skapt mange sjansar. Det tok
litt tid før måla kom, men det vart 3-0 til pause. I andre
omgang vart motstanden dårlegare, og Skånevik plussa på med
fire mål til, sjølv om tempoet i spelet var dårlegare. Arve
Riebesen har laga mange mål i år, men det mest spektakulære
kom i denne kampen med eit brassespark som gjekk over
målmannen og inn i det bakre hjørna. Herleg var og målet
der Kjell Larsen dribla seg heilt til kortlinja og la ballen
presist på hovudet til Arve.

Skånevik framstod i første omgang som eit komplett lag.
Forsvaret er raskt, teknisk godt, og det les spelet
bra. Midtbanen er ei fin blanding av teknikkarar og folk
med innsatsvilje. Framme er det spissar som er raske og
sterke avsluttarar. I tillegg har laget fleire gode
innbyttarar, og gode gutelagsspelarar er på gang. Dette
lover godt. Laget spelte og betre i lag på motatandarane sin
halvdel enn tidlegare. Når motstsanden vert noko hardare til
neste år, er det nettopp det kollektive trøkket som må
løftast enno eit hakk. Då blir det ikkje så lett å dribla
4-5 motspelarar. Men laget har løfta seg i løpet av året, og
me gler oss til neste år. Men først skal siste kampen mot
Trott 3 spelast. Ei stor takk til Øyvind Eljervik og dei
andre som har drive fram eit A-lag i bygda.
A-laget til Skånevik IL vant svært fortent heile 7-0 på
heimebane mot Fitjar 2. Sjølv om det er enno ein kamp som
står igjen, er Skånevik no klar for opprykk til 6. divisjon.
Gratulerar! ( Meir stoff om kampen kjem seinare )
Tidlegare på dagen vant gutelaget heile 7 -1 over Halsnøy.
Gratulerar også til trenaren Julio og dei ivrige spelarane
på gutelaget.
Knut
Ness ( 06.09.08 )
Karmsund IL - Skånevik 2
-4.
Skånevik
fekk ein herleg revansj for poengrøveriet til Karmsund BK
i
Skånevik
i vår. Etter å ha lege under 2-1 til pause, fekk Skånevik
endeleg
uteljing i 2.omgang og vant 4-2. Første omgang var
jamspelt, men
Skånevik
var berre nære på ved fleire store sjansar. Forsvaret
spelte
godt,
og Svein Helge Ytrenes hindra med nokre gode beinparadar
at
gjestene
gjekk i frå. I andre omgang fekk Skånevik eit betre tak
på
midtbanen,
og spisssane fekk betre utteljing. Med dette har Karmsund
sakka
bak, og det er Fitjar
2 som er hardaste motstandaren i
toppstriden.
Knut
Ness ( 22.06.08 ) Trott
3 - Skånevik 3-7.
Sjølv
om Skånevik fekk det første målet, var det Trott som
hadde det beste taket på spelet, og dei leia 3-2 til
pause. Skånevikslaget
hang ikkje så godt saman, og det var berre dei to gode
spissane som
gjorde at laget hang med.
Andre
omgang vart mykje betre. Lagdelane arbeidde betre saman,
og det vart skapt mange sjansar. Tom i mål plukka fint
ned innlegga til Trott, og forsvaret klarerte resten.
Framover gjekk
pasningsspelet betre, og Trott vart til tider utspelte.
Arve Riebesen og Jon Helge Arefjord herja stygt med
heimelaget sitt forsvar. Det vart mange sjansar, og nokre
av måla var flotte. Finaste målet kom då venstreback
Tommy Johansson mottok ein stikkar ut på venstresida,
skar inn og suste inn eit bananskot i motsett vinkel. Skånevik
viste i andre omgang vilje til hardt arbeid i alle
lagdelar, og laget vann omgangen med 5-0. Kjempemoro å sjå
denne kampen.
Knut
Ness (24.05.08): Skånevik
vant greitt ove Ølen 2 på fredag etter å ha leia 4-1
ved pause. Ølen hadde problem med å stansa dei
beste spelarane til Skånevik, og det var ikkje tilfeldig
at Arve Riebesen laga fire mål og Kjell Larsen to.
Innimellom viste og laget fine kombinasjonar. Dei beste
periodane var i første omgang. Men lettbeinte ølensbuar
gav ikkje opp, og spelet floka seg litt til for Skånevik
midtvegs i andre omgang. Likevel produserte laget mange
sjansar. Dersom Skånevik får fram meir av det spelet som
laget glimtvis viste, så lovar det godt for mange kjekke
fotballkampar framover. Det var og moro med eit
lokaloppgjer igjen.
Knut
Ness (12.05.08): Etter
tre sesongar pause har Skånevik eit A-lag med i serien att. Laget
spelar i 7.divisjon, og det slo laurdag Ferkingstad 2 heile 10-1 borte.
Kampen gav ikkje noko klart svar på kvar laget står, til det var
motstanden for svak. Ferkingstad tape forige kamp 12-0 for Karmsund
Ballklubb som toppar tabellen. Nettopp dette laget blir Skånevik sin
motstandar i neste runde, torsdag 15.mai i Skånevik. Det blir
ein interessant kamp som gir eit betre svar på kva nivå laget held.
Kanskje viser det seg at dette blir eitt toppoppgjer i divisjonen?
Websida
til Skånevik IL A-laget
|