A-laget til Skånevik IL sesongen 2009


Bak frå venstre:  Steinar Ness, Torgeir Tungesvik, Leif Arne Flåte, Øyvind Eljervik, Frode Sævareid, John Helge Arefjord, Ronny Jensen, Ole Tonning Matre, Heine Andre Løhaugen, Kjell Larsen, Rune Johansson
Framme frå venstre: Leif Bjørnar Larsen, Geir Kenneth Tungesvik, Arve Ribesen, Martin Løhaugen, Stig Knudsen, Leo Andre Markhus,  Tommy Hus Johansson, Erling Åsheim Keeper:  Tom P. Bjørnsson                        FOTOGRAFI: Liv Astrid Hesjedal

 I fjor starta A-laget opp igjen etter fleire år utan seinorfotball i Skånevik.  Dei vant på ein imponerande måte 7-divisjon og rykka difor opp i 6. divisjon.  Vi vil også i år prøva å laga korte reportasjer frå kampane.

Vi vil prøva å laga referat frå dei fleste kampane:
 

Knut Ness: (07.09.09):  Slo Kopervik 2 3-1:  A-laget slo på heimebane Kopervik 2 med  3-1. Føre siste seriekampen, som går torsdag 17.september i Skånevik mot Vard 3, er laget på 4.plass i 6.divisjon, kun eit poeng bak 3.plassen. Det var ein underhaldande kamp med mange sjansar til Skånevik, og det var ein heller klar siger.

På laurdag var det og Old Boys- turnering i Etne og Ølen. Skånevik tapte 0-1 for Etne og spelte 2-2 mot Vindafjord.  I begge kampane var Skånevik det førande laget i lange periodar, men det vart ikkje skapt tilstrekkeleg med sjansar. Turneringa vart eit flott tiltak, og det var positivt at Skånevik klarte å stilla med eit så godt lag. Denne turneringa bør bli fast kvar haust og vår, og då er det  nok ein del som vil skaffa seg litt meir trening føre dysten med fire omgangar. Vindafjord vann turneringa ved å slå Etne 4-1 i siste kampen.

Knut Ness ( 27.08.09) Bra fotballkveld for Skånevik IL. I to bortekampar spelte A-laget uavgjort 1-1 mot Haugar 2, og gutelaget slo Torvastad 4-3. A-laget opna godt mot Haugar, og lagspelet var noko av det betre denne sesongen. Kampen var jamn, men Skånevik hadde dei største sjansane. Etter kvart minka kreftene, og det vart meir enkeltprestasjonar enn lagspel. Haugar laga 1-0 på straffe rett før pause, men Frode Sævareid utlikna midtvegs i andre omgang på eit skot frå 17-18m. Totalt hadde Skånevik dei flest og farlegste sjansane, medan skåneviksforsvaret med ein suveren Martin Ojeda i spissen rydda opp i det meste bakover.

Knut Ness (05.06.09) Skånevik vant 4-2. Det var forventa full pott mot Vard 3, og slik vart det.  Men sigeren satt langt inne, og etter at Vard 3 hadde laga første målet, stod det 2-2 til pause. I andre omgang hadde Skånevik klart flest sjansar, og det vart til slutt 2-4. Denne gongen var forsvaret med Svein Helge Ytrenes og Øyvind Eljarvik i spissen den beste lagdelen. Framover vart det jobba godt, men lagspelet var ikkje så godt som me har sett det før. På topp fann Arve Riebesen gamle takter mot slutten av kampen, og det gjorde susen.

Knut Ness (18.05.09) Skånevik tapte for eit godt lag.  Kopervik har A-lag i 2.divisjon. og dette merkast på B-laget som Skånevik møtte mandag kvald. Skånevik kjempa godt i første omgong., Eit lite overtak til Kopervik, men sjansemessig var det jamnt, og Kopervik fekk eit mål etter 37 min. I andre omgong minka kreftene hos Skånevik, og heimelaget sitt overtak gav til slutt 6-0. Ein del positivt av Skånevik, særleg av venstre back Tommy Johanson og målmann Svein Helge Ytrenes. Men skal Skånevik hevda seg mot gode lag, må bevegelsen og tempoet i lagspelet eit hakk opp. Det har vore eit  par dryge bortetap i det siste, men det er ingen grunn til å deppa.

Aon ( 25.04.09 ) Klar siger i første kampen.  Skånevik møtte det andre laget som rykka opp frå 7. divisjon i fjor, Fitjar 2, til sin første kamp i 6. divisjon denne sesongen.  Første omgang var relativt jamnspelt og det sto 0-0 ved pause.  Etter kvilen tok Skånevik fullstendig over og då kampen var over hadde Heine Andre Løhaugen, Erling Åsheim og Arve Ribesen scora kvart sitt mål.  3 - 0 til Skånevik var eit rettferdig resultat for kampen sett under eitt.  Stener og Randi var på plass i salsbua og publikum koste seg i det fine veret.  Enno fleire tilskodarar bør møta opp for å heia fram laget vårt på neste heimakamp.

Websida til Skånevik IL A-laget   

Velkommen til Skånevik nett - informasjonskanalen om Skånevik i Etne kommune!