Opningstider 2004
  

Laurdagar kl. 14.00 - 17.00   Søndagar kl. 15.00 - 18.00 

Medlemskveldar:  Onsdagar kl. 19.00 - 21.00

Grupper og firma som ønskjer å leiga banen og utstyret utanom opningstidene kan avtale dette på tlf. 41 68 54 32/53 75 54 69.

Vi har 13 gokartar for store og små og ein bane på 300 m.  Banen ligg på Leknestangen industriområde.  Køyr gjennom Skånevik, ta av ved skilt til Leknestangen og følg skilting til banen.  

Velkommen til Skånevik/Etne Gokartklubb og gokartkøyring i Skånevik!

Siste nytt
 

Sesongen 2004 er starta!  Sjå dei nye opningstidene.

Bilete frå opninga den 16. juni 2002:
  Nær 300 personar møtte fram då Skånevik/Etne gokartklubb opna banen sin på Leknestangen sist søndag.  Dir. ved SMV Lars Hovda starta det første løpet som betsto av sponsorane for dei største bilane.  Etter det starta ordførar Amund Enge sponsorane av dei minste bilane.  Mange store og små fikk prøva bilane og særleg fleire av dei vakse var svært ivrige.  Amund  og Hans Olav  var var mellom desse.  Ein haldt på til langt på kvelden slik at alle som ville fikk prøva bilane.  Alt tyder på at gokartbanen vil bli eit stort aktivum for Skånevik, Etne og heile distriktet. 



Gokartbanen blir opna på søndag 16. juni kl. ......... Vel møtt!  Les artikkel i Hgs. Avis.
  

   
Lyst på litt moro ?

Kva er Skånevik/Etne Go-kart Klubb ?
Det er klubben for jentar og gutar mellom 7 og 100 år som likar litt fart og spenning i kvardagen. Klubben vart skipa 07.03.02 i idrettshallen av ca. 50 frammøtte. Me sette som mål å ha opning av bane første helga i juli.

Kva er målet med klubben ?
Å få flest mogleg medlemmar frå heile Etne kommune. Å skapa eit miljø for alle som likar motor og mekking, og litt meir spenning og utfordring enn kva ein får framfor datamaskinen og TV.  Å få med oss dei av ungdommane (i alle aldrar) som ikkje er aktive i organisert arbeid i dag.  Å la ungdommane sjølve væra med å ta ansvar for driften av banen/klubben, slik at me får inntektar til klubben.


Full fart!

Kor langt er me komne ?
Me har fått lånt område av SMV der me held på å byggja bane med bildekk som me har kjørt heim frå heile distriktet. Me har fått 14 firma i Etne kommune til å kjøpa kvar sin go-kart som klubben får leiga for kr. 0,-. Dei er på plass i Skånevik første veka i juni.

Me har fått pengar og masse anna som me treng for å komma i gang. Ein stor takk til alle (ingen nemnt og ingen gløymt). Planen er å opna banen i midten av juni.

Er dette fantastisk ?
Ja !

Kva gjer du og kva kostar det ?
Få tak i ein bankgiroblankett og bli medlem i dag. Fyll ut eit innmeldingsskjema og lever dette til ein i styret. Når det er gjort får du medlemskort.

 
Klar til start

Aktiv medlem   7 –   12 år           kr. 150,- pr. år

                    12 – 100 år           kr. 290,- pr. år

Støttemedlem (dei som synes dette er eit positivt tiltak) betaler det dei vil.

Alle aktive medlemmar får rabatt på kjøring på medlemsdagar/kveldar

Ønskjar du meir informasjon, ta kontakt med oss i styret eller banenemda.

Styret:            Tore Flydal                       41 68 54 32 / (53 75 54 62)

Ole Funderud                   95 87 14 16

Rolf Knutsen                    95 73 50 40

Jostein Grindheim            53 75 60 65

Kjetil Grindegjerde            53 75 69 31  

Sigurd Eikemo                  53 75 54 69

 

Banenemd:    Tore Flydal                         41 68 54 32 / (53 75 54 62)

            Haldor Ebne                        97 59 75 55

                       Johannes Røgelstad            95 77 78 33

Grupper og firma som ønskjer å leiga banen og utstyret utanom opningstidene kan avtale dette på tlf. 41 68 54 32/53 75 54 69.