Jakt, Fiske og    
 Turdagane i Skånevik

   8. - 10. april – 05

- Villmarksmesse med mangfald -

Arbeidet med denne einaste Villmarksmessa mellom Bergen og Kristiansand er inne i ein aktiv periode. Komiteen på 8 har tidt møteaktivitet og mailen er til tider ganske heit.

Noko vert som i fjor inne, men me har i tillegg fått nye og spennade utstillarar.   Uteområdet vert litt større og synligare, det har me god plass til.

Nytt og spennande vert det ute når Alf Lea frå Haugesund vil komma inn med eit mobilt basseng med muligheten til prøvedykking og informasjonstand.

Noko av det mest populæra i fjor var Temagarasjen. Her har me i tillegg til nokon av dei som var med, fått nye og svært interresante foredragsholdarar.

I tillegg kan ein få muligheten til eit lokkekurs. Dette fordi John S. Opdahl frå Steinkjær vil komma til messa vår. Han er og mannen bak foreningen 

Jeger og Fangstmann som har medlemmer over heile landet. Han har skrive mange bøker, og er ein viden kjent foredragsholder både  i Norge og Sverige.

Når alt er i boks blir det lagt ut på sida her www.skaanevik.no  og vår eigen sida www.jftdagane.no

Med litt fleire aktivitetar  for heile familien, og ikkje minst eigen messeavis med opplag på rundt 20.000, ser dette ut til å verta ei Villmarksmesse med kvalitet også i år!

Interessert i stand eller andre opplysingar?

Skånevik Idrettshall, pb 71, 5594 Skånevik,
Info på tlf: 48 10 85 33 eller e-post sk-idret@online.no

Velkommen til messe 8. - 10. april 2005 !!

        

Arr. Skånevik Idrettshall AL