I
mars
2000 gjekk startskotet for ein ny tradisjon i Skånevik Mållag: Kveldsete
på Gjestgjevargarden. I vår var det Knut Molnes
som fortalde om Olav Vik sitt liv og si dikting og Ragnvald Vannes
fortalde om deo dramatiske handingane i samband med nattruteskipet
"Austri" sitt forlis vinteren 1942. Torsdag
7. desember kl. 19.00 kjem ekteparet Johanne og Arne Grimstad
på vitjing. Dei er gamle kjenningar for alle i Skånevik som er
noko over 50 år. Dei som er yngre vil hugsa han som
barnetimeonkel og programleiar i NRK. Mange
minnest med glede dei 4 åra familien Grimstad budde i Skånevik frå
1949 - 1953. Han var styrar på Skånevik Realskule og dei fikk
fleire av borna sine medan dei var her. Arne Grimstad er kjend som
ein utifrå dugande kåsør, og i kåseriet sitt vil han i poesi og
prosa vandra gjennom landet og kanskje dvela ved Sunnhordland og
Skånevik. Ekteparet er og gode songarar med fru Johanne ved
pianoet. Dei vil saman stå for det meste av programmet denne
kvelden. Me vil mellom anna få høyra eit par melodiar der Arne
Grimstad har stått for teksten og Lars Christophersen for melodien. Me
vil eta kveldsmat saman, og det sosiale fellesskapet vil bli ein viktig
del av programmet. Det blir allsong og høve til å kjøpa bøker
av Arne Grimstad og av Hans Olav Tungesvik og fleire. No
vil kanskje somme tru at det ikkje er plass til så mange i stova på
Gjestgjevargarden. Men me var mellom 40 og 50 i vår, og like
mange vil me kunna husa denne gongen. Og ein treng ikkje vera
medlem for å møta fram. Alle er
velkomne. Skånevik
Mållag
|