|
Personalseminar på Fjelbergøy Dersom de har gode idear for bygdeutvikling, lyt de ta tak i dei sjølv. Det er ingen andre som står klare til å setja dei ut i livet. Dette var bodskapen til Kåre Frøland som leidde personalsamlinga Skånevik skule hadde på Fjelbergøy fredag og laurdag førre veka.
Kultur,
natur og det flotte septemberveret spelte på lag og la den aller beste
ramma rundt det viktige temaet vårt. Om ein ikkje kan kalla Fjelbergøy
”Sunnhordlands perle”, så
er i alle fall øya og den restaurerte prestegarden ei perle i
Sunnhordland. Kåre
Frøland, busett på Bjoa , representant for ”Bjoa Hjernekraft”,
arkitekt og med brei yrkesrøynsle, var leigd inn for å setja oss på
sporet av kva ressursar vi sjølve sat inne med og kva idear vi kunne koma
på for å hjelpa Skånevik ut av den negative situasjonen som har prega
bygda vår i det siste. Inspirerande,
poengtert og med råkande humor og sjølvironi, hadde han ingen problem
med å engasjera forsamlinga. Bodskapen var at ein først og fremst måtte
gje andre eit positivt inntrykk av bygda, utnytta lokale ressursar og føremoner,
og ha tru på eigne krefter. At det let seg gjera vart understreka av
erfaringar han let oss ta del i. Det vart lagt stor vekt på kor viktig
det er å bruka pressa som formidlar av eit positivt bilete. Eit enkelt
prinsipp, men ikkje alltid så lett å koma på. At ein treng attraktive
tomter er dei fleste klar over. At ein sjølv kan gjera ein innsats for å
få ein grunneigar til å leggja ut tomteland, er ikkje like innlysande.
Småprodusentar av ymse varer klarer ofte godt å konkurrera med dei store
dersom dei får til å gje produkta sine særpreg, eller identitet, som
det vart sagt. Det siste vi gjorde var å planleggja gjennomføring av tre konkrete tiltak, der vi heile tida skulle stilla oss spørsmål om korleis.
Skånevik står framfor ein viktig og vanskeleg prosess med å snu nedgang og pessimisme til oppgang og tru på framtida. Vi som arbeider i skulen, kjenner ansvar for å delta i dette, som må bli eit skippertak for heile bygda. Det er ikkje tvil om at Skånevik har mange kvalitetar som er verdt å taka vare på og som kan utviklast vidare. Vi har god tru på at den haldninga som kom fram på Fjelbergøy skal resultera i tiltak som viser igjen. Nokon idear har vi sjølve, og ser gjerne at bygdefolk kontaktar oss dersom dei har tankar om tiltak som skulen kan hjelpa til med.
Takk
til Kåre Frøland, Fjelberg prestegard for eit flott opphald og Etne
kommune og SØK som gjorde samlinga mogeleg. For
personalet ved Skånevik skule Grete
Halleland |