|
Pressemelding
frå dei Norway Foods-tilsette i Skånevik:
UTVIKLING/OMSTILLING SOM
ALTERNATIV TIL NEDLEGGING
Det var med forventning me var vitne til at Rieber-konsernet tok over
Norway Foods for nokre år sidan, fordi dette konsernet har god økonomi
og strenge krav til kvalitet, kostnads-effektivitet og inntening. Me
visste at Rieber-konsernet var gode på nasjonal og internasjonal
marknadsføring. Som tilsette var me glad for at Rieber-konsernet kom
inn på eigarsida og for at det skulle satsast også på Skånevik.
Det er difor med sorg og fortvilelse me er varsla om at Rieber/Norway
Foods-leiinga når vurderar nedlegging av fabrikken i Skånevik. Men me
orkar ikkje tanken på å gje opp, når me tenkjer på alle dei negative
konsekvensane dette fører med seg for både tilsette og lokalsamfunn.
Me er ein god arbeidsstokk som har vilje til å stå på vidare for ein
bransje me har tru på.
Før styret i Norway Foods tek si endeleg vurdering av nedlegging av
fabrikken i Skånevik, vil me som tilsette difor be om at det i perioden
fram
til 31.12.01 vert gjennomført eit prosjekt som har som formål å
fremja
kostnadseffektivitet, utvikling og omstilling. Resultatet av eit slikt
prosjekt bør danna grunnlaget for eit eventuelt nedleggingsvedtak.
Eit slikt prosjekt, som bør ha leiinga, tilsette, staten,
fylkeskommunen,
regionen og kommunen som samspelarar, bør ta utgangspunkt i nye krav
til
teknologi og produksjonsmetodar. Ein bør sjå korleis det let seg gjera
å
produsera billigare til ein stadig meir kravstor og kostnadsmedviten
marknad. Gjennom prosjektet bør det også lagast ein strategi for
korleis
Rieber, Norway Foods og ikkje minst dei tilsette i endå sterkare grad
kan
marknadsføra norske sardinar nasjonalt og internasjonalt.
Ved hjelp av statlege, fylkeskommunale og selskapsinterne midlar kan ein
gjerne, t.d. i samspel mellom Rieber/Norway Foods, maskinindustrien og
norske FoU institusjonar/teknologimiljø utvikle ein
produksjonsteknologi som set norskhermetikkindustri i førarsetet att,
og som gjer den norske hermetikken lønsam att i den internasjonale
marknaden. I tillegg bør det altså også lagast ein strategi der det
vert set større marknadsfokus på norske sardinar.
Gjennom prosjektet bør ein også vurdere om andre produkttypar kan
vurderast som supplement til sardinproduksjonen. Få land i verda har større
mogelegheiter enn Noreg når det gjeld handtering/foredling av sjømat,
og det kan bli fleire «King Oscar»-produkt.
Skånevikssamfunnet vil kunna ta på seg å vera ein sentral aktør i
marknadsføringa av hermetikk og andre Norway Foods-produkt. Dei
tilsette og bygdefolket er meir enn gjerne innstilt til å stå til
teneste, også på eigen
kostnad, i samband med nasjonale og internasjonale marknadskampanjar,
gjerne knytt opp til kulturtilskipingar. m.v. Målet må vera å auka
salet vesentleg dei næraste åra.
Eit prosjekt bør køyrast målretta og effektivivt. Det bør setjast
saman ei
styringsgruppe med representantar frå Rieber, Norway Foods, andre
ressursmiljø, tilsette og frå det
offentlege. Det kan kjøpast eksterne fagtenester av dei beste miljøa
som finst i inn- og utland.
Eit slikt prosjekt vil kunna koma heile norsk hermetikkindustri, og dei
tre
Norway Foodsfabrikkane i Askøy, Fusa og Etne til gode. Etter eit
prosjektperiode på godt og vel eit år kan Norway Foods konkludera me
om det bør leggjast ned fabrikkar - eller ikkje.
For dei tilsette ved Norway
Foodsfabrikken i Skånevik
Anna Emmerhoff Nilsen
|