Skånevik Idrettslag
Skånevik Idrettslag vart etablert 27. November, 1935, og er eit lag i stadig utvikling.
Laget tel i dag ca. 400 medlemmer, og ca. 300 av desse er aktive i eit eller
fleire av dei tilboda som Skånevik Idrettslag har.
Skånevik Idrettslag har i dag eit tilbod som aktiviserer medlemmer frå 4 år og
oppover, og laget arbeider aktivt
for å skapa
eit tilbod som gjer det mogeleg og attraktivt for flest mogleg å driva med fysisk aktivitet og å
halda seg i form.
Laget er tilknytta Norges Idrettsforbund og Hordaland Idrettskrets.
Det sportslege tilbodet er mangfaldig og består av:
- A-lag som spelar i 6.div, avd. 4
- Guttelag
- Småguttelag
- Lilleguttelag
- Trening for 10-åringar
- Oldboys-trening
- Trimgruppa er ein av våre mest populære grupper og har blant anna:
Dametrim, aeorbic, step-trening og
barnetrim og arrangerer også ulike marsjar, trimløp og turar, blant anna
Sykkeltrim, Postvegmarsjen,
Minitoppane og Fem på Topp.
- Idrettslaget har eit damelag i serien, som spelar i 4. divisjon.
- Laget har trening for Jenter 10 til 12 år og to lag, Jenter 13 år og Jenter 15 år,
som er med i seriespel.
- Klatregruppa har klatrevegger både innandørs og utandørs og har klatretrening
for store og små.
- Skigruppa preparer løyper og held enkelte skirenn når været tillet det.
For meir informasjon kan ein kontakta Asle Dahl som er dagleg leiar for idrettslaget på:
Fast kontortid er Onsdag frå 8.00 til 15.30 og Torsdag frå 8.00 til 11.30, men ein kan også
ta kontakt dei andre vekedagane (frå 8.00 til 15.30)