|

Frå ein øvingskveld i
Musikklaget saman med dirigenten Per Olav Paulsen
Konsert i
Doktorhagen
(
28.04.09 )

Mona Svendsby: Vi i Skånevik
Musikklag inviterer til vårkonsert i Doktorhagen 1. mai kl. 16.00.
Hereide & The Bluesgangsters skal være gjester på konserten, og det
vil bli servert kaffi og kaker. Bill.pris er 75,- (barn gratis).
Ein flott
jubileumskonsert ( Publ. 26.10.08 )
Dei mange
frammøtte i Skånevik Kultur - idrettshall fikk ei fin oppleving då
Skånevik Musikklag arrangerte 100-årsjubilemumskonsert i går.
Programmet var svært innhaldsrikt og variert . Heile 13 nummer
blei framført på ein framifrå måte. Lise Åsheim, Kjetil Børhaug,
Gro Sævereid, Siren Vika og Kari Hansen var dyktige solistar som skapte
stor stemninga i salen. Kari Johansson hadde laga ein flott
biletpresentasjon av laget si historie. Lars Christophersen
og Øyvind Widerøe, begge framifrå musikarar og dirigentar, blei særskild
nemde som store ressurspersonar i Skånevik Musikklag. Det
same har også Ragnvald Larsen vore. Han blei tildelt Noregs
Musikkforbund sin medalje for heile 40 års samanhengande teneste. Wenche
Molnes, Judith Hereide, Hildegunn Larsen og Reidar Leknes fikk medaljar
for 30 år med teneste i laget. Ordførar Sigve Søreim, Reidun
Tungesvik frå Sparebanken Vest og representantar for Etne Musikklag
delte ut gåver til jubilanten. Konferansier Johannes Svendsen batt
programmet saman på ein flott måte og dirigenten Per Olav Paulsen leia
Skånevik Musikklag med stødig hand.
Jubileumsfest
i Skånevik Kultur - og Idrettshall
Skånevik musikklag vert 100 år i år, og inviterer bygdafolk og andre
til stor Jubileumsfest i idrettshallen laurdag 25.oktober.
Korpset
har lagt vekt på at musikkstykka på konserten kan knyttast opp til
personar me har hatt som dirigentar eller
lokale komponistar me har hatt relasjonar til.
Ellers
vert det soloinnslag av bygdas sangstjerne, unge Lise Åsheim.
Korpset
har 20 musikanter til denne konserten, og dirigent for anledningen er
Per Olav Paulsen.
Meir informasjon kjem her etter kvart!
|