5593 Skånevik Tlf. 97 76 75 85  

    Skånevik kuItur- og idrettshall er laga av bygdafolk.  1. høgda med idrettshall og garderobar sto ferdig i 1992 og andre etasje blei ferdig to år seinare.  Her finn ein kafeteria med godt utbygd kjøkken, miniatyrskytebane og møterom.  Bygget har kosta ca. 9. mill. kr og skåneviksfolk har utført ca. 20.000 dugnadstimar.  Ca. 350 aksjonærar eig bygget som blei finansiert utan lån.

LEIGE AV BYGGET


Nyhende ( Oppdatert 05.02.10 ) 


Utlån av gamle brudekjoler  (05.03.10)
 
Er det nokon som har gamle brudekjoler å låne vekk til Skånevik kultur- og idrettshall ?
Ta kontakt med Anna Eriksen snarest på tlf 97 767585 eller sk-idret@online.no

Årsmøte i representantskapet (05.03.10)
 
Her er årsmeldinga for 2009 frå styret og referat frå årsmøtet.


Bygdakino onsdag 17. februar (08.02.10)
 
Kl 18:00, Pelle Politibil går i ...Aldersgrense: Alle kan komme inn  Hele Norges favoritt politibil er tilbake! I "Pelle Politibil går i vannet" tar vår kjære venn opp kampen med de sleipe miljøforbryterne brødrene Grevling, sammen med sin lille venninne Oda Oter. 
 Kl 20:00, The Twilight saga - New ... Aldersgrense: 11 år I andre avsnitt av Stephenie Meyers fenomenalt suksessrike Twilight-serie, stiger romansen mellom dødelig og vampyr når Bella Swan (Kristen Stewart) dykker dypere ned i mysteriene knyttet til den overnaturlige verdenen hun lengter etter å bli del av - og befinner seg snart i større fare enn noen gang.


Kino i Skånevik kultur - og idrettshall (08.01.10)   
 
Velkommen til kino i Skånevik kultur- og idrettshall onsdag 20. januar.  Kl. 18.00 - 7 år - Pony på klippen av havet og kl. 20.00 - 15 år - Luftslottet som sprengtes Les meir


Skånevik kultur - og idrettshall opnar tysdag (04.01.10)   
 
Anna Eriksen, dagleg leiar:  Skånevik kultur - og idrettshall er klar til bruk i morgon tysdag 5. januar.
 

Skånevik kultur - og idrettshall er stengt(03.10.10)
 
Tor Inge Knutsen: Idrettshallen er stengt inntil vi får avklart med forsikringsselskapet.  Håper på en avklaring i løpet av mandag 4.1.10.  Les meir i Haugesunds Avis

Stor vatnlekasje i Idrettshallen
 
Haugesunds Avis: Trolig har flere tusen liter vann rent ut i Skånevik idrettshall.  Antageligvis har flere tusen liter vann rent ut i hallen, sier vakthavende befal Tore Tendal i Etne brannvesen avdeling Skånevik til h-avis.no.  Ifølge Tendal har et frossent rør ført til vannlekkasjen, som har påført hallen store skader. Seks personer fra Etne brannvesen avdeling Skånevik og to personer fra Haugesund brannvesen deltok i arbeidet i hallen.

- Vannet har rent ut i kafeteriaen og på toalettet og videre ned i garderobene.
Det vil nok kreve en god del reparasjon, sier Tendal.  Det rant også vann ut på utsiden av hallen.  Les meir i Haugesunds Avis


Grasrotandelen til Skånevik kultur - og idrettshall ( 11.12.09)
  Skånevik kultur - og idrettshall: 
Du kan støtta Skånevik kultur - og idrettshall via Grasrotandelen. Tenk deg at du kan spela favorittspela dine – Lotto, Tipping og Joker og samtidig gi noko til det laget eller den foreningen du sjølv ønske og støtta. Dette er nå mogeleg via Grasrotandelen.

Dei som ønsker å gi sin andel til Skånevik  kultur- og idrettshall må registrere seg på Skånevik Idrettslag Org.nr 990 432805 og på den måten støtte Skånevik kultur - og idrettshall.

Sidan Skånevik kultur - og idrettshall er eit aksjeselskap er det ikkje mogeleg for idrettshallen å bli direkte grasrotmottakar.  Men vi er det altså indirekte gjennom Skånevik Idrettslag. Merk deg at grasrotandelen ikkje på nokon måte går ut over innsatsen eller premien din og du blir ikkje belasta noko for å være grasrotgjevar.

Knytt deg til ordninga allerede i dag, kan gjerast på ein av følgande måter:
Hos  kommisjonæren - Sms: GRASROTANDELEN 971493054 til 2020 (tjenesten er gratis) - Internett: www.grasrotandelen.no eller www.norsk-tipping.no  - Norsk Tipping Mobilspill.


Takk for innsatsen ( 10.12.09)
  Skånevik Kultur - og idrettshall:
Kjære sambygding!  Hjarteleg takk for positiv og heiderleg dugnadsinnsats i året som har gått!  Skånevik kultur- og idrettshall har hatt mange vellukka arrangement, me nemner: Mote- og brudeshow, 17. mai, torgdagar, helsemesse og  julemarknad. Vaffelrører, lappesteiking, bering og rigging, rydding og anna innsats! Les meir


Julemarknad med nytt og gammalt den 28. november 2009

Helsemessa den 3. - 4. oktober 2009

Sjå oppdaterte prisar ved utleige.


Ny dagleg leiar
 
S
tyret har tilsett Anna Eriksen som dagleg leiar i Skånevik Kultur - og idrettshall.  Anna begynner i stillinga den 1. mai og har mobiltlf. nr. 977 67 585.  Vi har behov for folk som vil vera med i ei aktivitetsgruppe for hallen.    Det første ein har trong for er personar som kan hjelpa til under middagen den 17. mai, under Torgdagane og ved matsal under bluesfestivalen.  Vi ber også om at interesserte kjem med innspel og ideear til arrangement i Skånevik Kultur - og Idrettshall.  Ta enten kontakt på mail styreleiar, mail idrettshallen, telefon styreleiar - 482 70 151 eller tlf. 977 67 585.

Val ( Lagt ut 13.03.08 )
  Etter årsmøte 4. mars 2009 vart følgande styre valgt:
Formann: Tor Inge Knutsen Nestformann: Eivind Bjerkreim Sekretær: Anita Voster Vannes Kasserar: Marianne Ytrenes Styremedlem: Hege Garvik


Diverse saker  ( Lagt ut 27.02.08 )

  Me har fått kr 40 000 frå SØK, kr 20 000 frå sparebanken Vest og kr 100 000 frå SMV i 2008.
Årsmøtet i Skånevik kultur- og idrettshall vert onsdag 4.mars 2009 klokka 19.30

Arrangement
Jakt, fiske og turdagane har dette året tatt eit pauseår ( 2009) , men håpar på å komme sterkt tilbake neste år. Dersom nokon er interessert i å vere med, er alle velkomne til det. Dagane er ei svært viktig inntektskilde for hallen, då overskotet i fjor vart på kr 159 195,-
 
Torgdagane vil dette året gå av stabelen 12. - 14. juni. dersom du har noko du vil stille ut/selgje, ta kontakt med Skånevik kultur- og idrettshall tlf 53755340 eller mail sk-idret@online.no
Torgdagane er den andre store inntektskjelda vår, og hadde i 2008 eit overskot på kr 119 558,-
 
I 2008 vart det ikkje noko basar, men den vart arrangert 21.februar 2009 i staden. Arrangementet vart vellukka, og gav eit fint overskot til idrettshallen. Tusen takk til alle bedrifter og private som gav flotte gevinstar til basaren vår. Trekkingslista (PDF-fil)

TAKK!
Me vil takka alle bedrifter og private som legg ned ein innsats for at me skal få hjula til å gå i Skånevik kultur- og idrettshall. Uten dykk hadde det vore svært mykje vanskelegare å drive hallen og arrangementa den står bak. 

Stillig som dagleg leiar i Skånevik kultur - og idrettshall 

Då vår noverande leiar ønsker å slutta har me ledig stilling i 40-50%.

Arbeidet består bl.a. av:
Utleige av lokaler - fakturering - markedsføring - diverse administrering pålagt av styret - leiing av arbeidet med Torgdagane - leiing av arbeidet med Jakt- fiske og turdagane - bistå ved andre arrangement i regi av Skånevik kultur- og idrettshall

Den som blir tilsett får:
PC og mobiltelefon til disposisjon - anledning til å vera med og utforma stillinga - dela inn arbeidstida slik det passar best for den enkelte - arbeida i lag med masse kjekke folk på dugnad for storstova i bygda si

For nærmare opplysningar; ta kontakt med noverande leiar: Sarah Marie Ness Haaland, tlf. 45460079 eller styremedlem August Hjelmervik, tlf. 97702043.          

Ein kortfatta søknad kan sendast til: Skånevik kultur- og idrettshall, Postboks 71, 5594 Skånevik innan 2. mars 2009.


Nytt styre i Idrettshallen  ( Lagt ut 06.03.07 )
Etter årsmøtet i Skånevik kultur- og idrettshall mars  - 07 vart følgjande styre vald: Lina Johansen (Leiar), Randi Ness Haaland, Jarle Vik,  Aksel Tvedt og August Hjelmervik. Me takkar Turid Straumsøy, Bente Ness og Lars Rune Langhelle for god innsats.

Jakt, fiske og turdagane  ( Lagt ut 06.03.07 )
Årets jakt, fiske og turdagar hadde ikkje så stor oppslutnad som tidlegare år, men me klarte likevel å få eit overskot på ca 100 000 til drifta av hallen. Me takkar komiteen som har lagt ned eit stort arbeid. Me er allereie i gang med å sjå på korleis neste års dagar skal verta enda betre enn dei tidlegare år. Seriøse innspel mottas med takk.

Torgdagar  ( Lagt ut 06.03.07 )
Torgdagane nærmar seg, og torgnemda arbeider for fullt for å få arrangert tradisjonelle torgdagar. Programmet er no klart. Me treng hjelp til å få gjennomført torgdagane, og vert svært takksame dersom nokon vil arbeide litt dugnad for hallen på torget den 9. juni.

Dans med Kviin ( Lagt ut 06.03.07 )
  Det vert dans med Kviin laurdag 19. mai kl. 21.00.  Aldersgrense 18 år.

Årsmøte ( Lagt ut 06.03.07 )
  Det vert årsmøte i Skånevik kultur- og idrettshall onsdag den 7. mars 2007 klokka 19.00.


Karneval ( Lagt ut 06.03.07 )
  55 born frå barnehagealder til 7. klasse kom på karneval i idrettshallen. Dette freistar til gjentaking neste år!


Torgdagar ( Lagt ut 06.03.07 )
  Arbeidet med torgdagane er i gang, og me ynskjer å samle lokale krefter til å lage underhaldning på fredagskvelden. Dersom du har nokre idear, eller ynskjer å vere med, kom på møte i kafeteriaen i Skånevik kultur- og idrettshall torsdag 8. mars klokka 19.00.
Ynskjer du å selje noko under torgdagane, enten som eigen stand eller på Skånevikstanden, ta kontakt med Sarah M N Haaland på telefon 977 67 585.


Karneval i idrettshallen 
  Fredag den 16. februar er det karneval for barn i idrettshallen klokka 17.30 - 20.00.
Det kostar kr 30 per person, og det vert sal av mat og drikke. Premie for beste kjøpte kostyme, og for beste heimelaga kostyme.


Stort overskot på basaren 4.november 06
 
Skånevik kultur - og idrettshall takkar alle med bidrag til overskotet på kr. 49.000 på basaren!


Basar laurdag 4.november
  Ein flott jentegjeng har arbeidd for å få til ein skikkeleg basar i kafeteriaen i idrettshallen, laurdag den 4.november klokka 15.00.
Loddsalet er i full gang, og me har mange flotte gevinstar. Årets hovudgevinst er ein
hp berbar pc. Det blir tombola og sal av kaffi, kaker og brus.
I år vil alle som kjem før klokka 15.30, vere med i trekninga av eit gåvekort for 2 personar i våtromavdelinga på Residensen.


Julebord den 25.november er avlyst pga. liten påmelding 
  Dei som har kjøpt billettar kan få pengane tilbake ved å visa gyldig billett på Krambua.


Jakt, fiske og turdagane
  Den 4. villmarksmessa vil gå av stabelen 23. – 25. mars 2007.  Arbeidet er i full gang, og me satsar på ei messe som skal vere minst like bra som dei føregåande messene.


Meir om messa finn du på www.jftdagane.no

Torgdagane 8. – 10. juni 2007
  Årets torgdagar vart ein suksess, med strålande sommarver og eit yrande folkeliv.
Tradisjon tro, blir det og torgdagar neste sommar. Desse finn stad 8. – 10. juni, og me håpar å få til eit spennande program for små og store.


Pengegåver
  Skånevik kultur og idrettshall har motteke 40 000 kroner frå SØK, og 20 000 kroner frå Sparebanken Vest. Dette er me særs takksame for.


Elles vil me retta ei stor takk til alle som har vore med oss og hjelpt til med dugnad. Utan dykk hadde me ikkje fått til dei flotte arrangementa våre.

Me håpar det er mange ildsjeler att i bygda, som i framtida vil hjelpe oss med å få arrangementa trygt i havn. 


Idrettshallen
- Normalhall med golvflate på 44x22m.
  Handballbane med heisbare mål.
- Tennisbane med nett
- 3 volleyballbaner med nett og dommarstolar
- 6 badmintonbanar med nett
- 1 basketballbane og 2 små banar med korgsett
- Heisbar vegg som kan dela hallen i 1/3 og 2/3
- Stor moduloppbygd scene og fleire hundre   
  stolar. Mange bord.
- Dansegolv, piano, høgtalaranlegg m. forsterkar og
  mikrofonar  - Diverse idrettsutstyr
 

Skånevik Idrettshall ligg like ved stadion
Kafeteria
- Småbord med sitteplass til 150 personar
- Fullt service for servering av middag til 
  150 pers
- Godt utbygd storkjøkken med serveringsdisk
- Gode garderobar
- Piano

Miniatyrskytebane
- 15 m. miniatyrskytebane med godt
  ventilasjonsanlegg

Tilsette
- Anna Eriksen, Dagleg leiar 
  mob.
977 67 585 
- Dagfinn Ytrenes, Vaktmeister
- Anna E. Nilsen, Reinhaldar

Styre
Etter årsmøte 4. mars 2009 vart følgande styre valgt: Formann: Tor Inge Knutsen
Nestformann: Eivind Bjerkreim
Sekretær: Anita Voster Vannes
Kasserar: Marianne Ytrenes
Styremedlem: Hege Garvik

  
Bygget ligg like ved Skånevik stadion.  Dette området har stor grasbane med 6 løpebanar og grusbane.  Vi kan ordna utleige av heile området som passar godt til treningsleirar, turneringar ol..

Utleigeprisar
 Leigetakar skal alltid rydda etter seg.  Utstyr 
 som blir skada må erstattast.

 Hallen med garderobar
 - Hallen ved idrettsarr. og trening   kr 150 pr. time
 - Hallen ved arr. som ikkje er idrett kr 250 pr. time
 - Dans o.l. m/alle garderobane       kr  10.000,-
 - Bruk av delar av hallen  kr  7.000, -  4.000,- 

 Kafeteria
 
- Arr. med full bruk av kjøkken t.d. bryllaup, 
  konfirmasjonar/lukka lag                        kr 3.000,-
- Bryllaup                                               kr 3.500,-
- Møter, foredrag inkl. bruk av kaffitraktar   kr. 200,-                   
Arr. med inntekt til seg sjølv/eige firma    kr. 3.000,-

 Kafeteria ved arr. som gir inntekter til  
 leigetakar

 - Basarar, messer ol. utan bruk av kjøkken 
                                                          kr 1.000,-
 - Tillegg for bruk av kjøkken                  kr 1.000,-
  (kvantumsrabatt)

Ta kontakt for leige av kjøkken utstyr, dukar, stolar, bord mm..

  Alt utstyr som blir øydelagt må erstattast.

 Andre som vil leiga hallen meir impulsivt og i eige regi må kontakta Idrettshallen på tlf. 97 76 75 85 på førehand. Gjerne same dag, men nokon må ha ei oversikt over aktiviteten i hallen.( Dersom ein ikkje brukar garderobar vil ein få redusert pris.)

 

 

 

 

 


Frå arkivet
Referat frå årsmøtet i representanskapet den 8. mars 2004
Referat frå årsmøtet i rep.skapet den 06. mars 2002
Referat frå årsmøtet i rep.skapet den 26. februar 2001
Referat frå årsmøtet i representanskapet den 28. februar 2000
Uttale til saka om innsparing i Etne kommune
Årsmeldinga for 2009 frå styret og referat frå årsmøtet.
 

Velkommen til Skånevik nett - informasjonskanalen om Skånevik i Etne kommune!